Det var som vanleg god stemning og stormande jubel då VIL-fotball feira seg sjølv i går kveld. Festkledde gjester fekk servert god mat og drikke, og me vart servert eit flott program leia av visevert Frank Heggestad. Og sjølvsagt vart det utdeling av prisar, det årets spelar raga høgast.
Les meir HER

I morgon, laurdag 19 november, er det klart for Veitastrond sin fotballfest 2011.
I år som i fjor møtes me på Joars`s Pub, der det vert servert julebuffet.
Som vanleg er Frank Heggestad kveldens konferansier, og han skal geleida folket igjennom kvelden med gode historiar og humoristiske kommentarar.
Det vert premiere på VIL-filmen 2011, og utdeling av prisar det kveldens høgdepunkt kjem i form av årets spelar.
Dei fleste spelarane har meldt sin ankomst, og me tel no rundt ca 25 mann. Det er ikkje for seint å melda seg på, og til fleire me blir til betre er det.
Dørene opnar kl 18:00, og middagen bli servert kl 19:00.
Det er sjølvsagt ikkje adgang for publikum, men kanskje vert det mogleg å få seg ein autograf og eit bilete med eit av idola sine for dei som er på plass ved inngangen i god tid.
Me kjem attende med bilder og referat frå festen....
Då har me nytta morgonkvisten til å forfatta historien om VIL-fotball, sesongen 2011. Kanskje ikkje så spanande lesing no, men kanskje om nokre år kan det verta interesant å setja seg ned å lesa dette å mimra om det som ein gong var. Då kan me seia som han Øystein brukar å seia; "ja da va tide du, ja da va gyllne tider ;)"
Les meir HER
Gje oss gjerne ein lyd om du finn faktafeil, viktige hendingar me har gløymt eller eventuelle skriveleifar.
Kåringa av årets heimesider er no (for lengst) forbi, og Veitastrond.com enda på plass nr 70.
Les meir HER
Det har vore skralt med oppdateringar her i det siste. Me skal prøva å vera litt flinkare i tida framover, men det seier seg sjølv at det ikkje er alt for mykje å melda om dagen. Sesongen er over og klubben ligg meir eller mindre i dvale og kviler seg i form til nye eventyr i 2012.
Me skal uansett få på plass ein historiebit frå sesongen som var ganske så snart, samt at me skal halda dykk oppdatert på det som måtte komma av nyhende om klubben.

For tredje året på rad er Veitastrond sine heimesider inne på topp 100 over norges beste heimesider. I fjor enda sidene våre på ein 74.plass, medan me var nr 68 i 2009.
Me veit ennå ikkje korleis plassering me får i år, men nedtellinga byrjar på måndag. Det blir då presentert 10 sider kvar dag, der dei byrjar på plass nummer 100 og går nedover.
Me har vel ikkje så veldig store forhåpningar om å komma noko høgare enn tidlegare år. Likevel er me veldig godt nøgde med berre å vera med i finaleheatet på topp 100. Med tanke på at me går inn i dette med få ressursar og lite kunnskap tykkjer me det er ein god prestasjon å vera med i dette selskapet.
Det kan henda me har oversett nokon, men så vidt me kan sjå er det i år berre 4 klubbar frå Sogn og Fjordane som er representert på topp 100. Dette er Fjøra, Sogndal, Stryn og Veitastrond. Det seier vel sitt over at det er ein bra prestasjon av oss å vera med.
Kåringa vert utført at nettstaden Fotballen.eu, og du kan lesa meir om årets kåring HER
Veitastrond har så definitivt hatt si siste trening for sesongen 2011, og me tek ei lita oppsummering av årets treningssesong.
Les meir HER
Då har me oppdatert våre statistikkar etter sesongen 2011.
Les meir HER
I løpet av helga tikka omsider dei to siste treningsavgiftene inn på kontoen til VIL-fotball. Dermed har me etter lang tid og endelaus masing klart å fått alle spelarane til å betala også i år. Me håpar det blir hakket lettar å få inn desse pengane til neste år.
Likevel er det ikkje slutt på innsamlinga av pengar. Kvar spelar skal betala kr 500,- for dei nye treningsdressane. Dei som ikkje har gjort dette (det vil seia dei fleste) blir oppmoda om å gjera dette sporenstreks!!

Veitastrond avslutta i dag årets sesong med heiderleg innsats borte mot Kaupanger. VIL tok leiinga 1-0, men Kaupanger utliknga diverre rett før pause. I 2.omgang rakna det litt for VIL, og dermed enda det 4-1. Med dette så er det slutt for i år, og det trur me at alle er glade for no.
Les meir HER
Me har òg oppdatert alle våre statistikkar og tabellar, og lagt ut bilder som du kan sjå HER
4.divisjon 2011 er no ferdig, og det er verdt å merka seg at ingen lag skifta plass på tabellen etter den siste runden. Alle dei 6 laga på øvre halvdel tok 3 poeng mot dei 6 laga på nedre halvdel.
Me har ikkje lagt ut endeleg treningsstatistikk endå, men me skal ta ein oppsummering av denne snarast.

Veitastrond spelar i morgon årets siste seriekamp når me tek turen til Kaupanger.
Me har ikkje noko informasjon om kva lag me stiller.
Ingen av laga har noko som helst å spela for. Kaupanger kjem seg hverken opp eller ned, medan Veitastrond kan klatra til 8.plass med siger. Heimelaget har muligens som motivasjon å hevna 0-2 tapet på Leikvoll i vår. For VIL er det vanskeleg å finna noko anna motivasjon enn at når dei 90 minutta i morgon er overstått så er sesongen slutt. Nå gjeld det berre å bli ferdige me da.
Kampen byrjar kl 15:00, og me oppfordrar våre fans om å komma å støtta laget for siste gong i år.

Då har me lagt ut bilder og oppdatert statistikkane våre etter søndagens kamp mot Eid 2.
Bildene kan du sjå HER
Veitastrond gjekk på sesongens andre klare tap mot så godt som nedrykksklare Eid 2, då me i dag tapte 0-3 heime på eige gras. Bortelaget kom med 11 mann med ein snittalder på truleg godt under 20 år, men dette var meir enn nok i møte mot eit tungt, treigt og fantasilaust Veitastrondlag. Så mykje dårlegare undehaldning enn det me leverte i dag er ikkje mange gongene me har klart å fått til. Dette var ein flau førestilling av Veitastrond, og denne sesongen kan no ikkje bli ferdig fort nok.
Les meir HER
Oppdaterte statistikkar og bilder frå kampen kjem seinare. No har me brukt nok tid på denne møkkakampen i dag...

Me har ingen info om kva spelarar som er tilgjengeleg til kampen mot Eid 2 i morgon. Det blir difor heller ingen utfyllande før kampen.
Det viktigaste er at kampen byrjar kl 15:00, og det vert sal av grillmat på stadion.
Dette er altså den typen fotballkampar du ikkje går glipp av, med mindre du er ein saupskalle.
Reint sportsleg så har ikkje Veitastrond så mykje anna enn æra å spela for. Høyang tapte i dag 3-4 mot Kaupanger, og kan ikkje lenger ta oss att på tabellen. Me har likevel planar om å mobilisera inn mot serieinnspurten og avslutta med stil.
Me ynskjer deg vel møtt til årets siste heimekamp på Leikvoll Stadion.