Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

   ARKIV; Oktober 2007          

  • Høyr Frank på nettradio i kveld (26.10.07)

I kveld anbefalar me at kvar og ein går inn på den lokale nettradioen Hallo Sogn, og høyrer eit intervju med den heimkomne sonen Frank Heggestad.

Ansvarleg redaktør Kent Fimreite kan opplysa om at kveldens sending startar kl 22:00, men det vil og bli mogleg å høyra intervjuet i reprise heile helga.

Klikk deg inn på Hallo Sogn HER

 

  • Pelle legg skoa på hylla (25.10.07)

Etter å ha vore med heilt ifrå VIL-fotball starta opp i 2004 vel no Per Helge Hågvar å legga skoa på hylla. Først og fremst skuldast dette dei store skadeplagane han har vore igjennom, og han ser no ingen annan utveg enn å la si eiga helse få det som den vil og dermed takka for seg.

For å lesa meir om avgangen til "the magic number 8" klikkar du deg inn HER

Me oppmodar fansen om å senda ei "siste" helsing til Pelle i gjesteboka...

 

  • Frank Heggestad i Sogn Avis (23.10.07)

Det var berre eit spørsmål om tid, og no har omsider media fått snusen på at Frank Heggestad gjer comeback til neste år.

Sogn Avis hadde ei side om saka i dag, samt at dei og hadde klistra Franken på framsida. Me i VIL-fotball tykkjer denne type medieomtale er heilt framifrå (eigentleg tykkjer me at all mediaomtale om klubben er framifrå), og det er fullt fortent for Frank sjølv at han får den blesten som han fortener.

For å lesa om Frank i Sogn Avis klikkar du deg inn HER

 

  • EKSKLUSIVT - heime hjå trenar Emil Heggestad (22.10.07)

I helga tok Veitastrond.com seg ein tur for å vitja vår kjære trenar Emil Heggestad. Han tok i mot oss med opne armar, og begge partar hadde sett føre seg ein hyggeleg kveld der Emil visste oss alle knirkar og krokar av heimen sin.

Det heile byrja og svært så oppskriftskmessigt, men etter ei stund visste det seg at noko var riv ruskande gale heime hjå Emil. Etterkvart utvikla det heile seg til å bli noko som mest liknar ein god gammal påskekrim med einaste forskjell at dette faktisk var rein og skjær verkelegheit.

Alle detaljar om det nervepirrande besøket finn du HER

 

  • Vinnar av konkurranse 9 (20.10.07)

Då har me trekt ut vinnar ifrå konkurranse 9.

Denne gongen var nok oppgåve vrien, noko som gjorde at me berre fekk inn 9 svar, der 8 hadde svart korrekt - at bildet av Emil som stod og sila løken var knipsa i garderoben til Aurland IL.

Den heldige vinnaren denne gongen vart Jan Tore Slinde. Han får dermed ei av 100 VIL t-skjurtene som er trykt opp.

Me gratulerar!

 

  • Årets toppscorar - ein fortent vinnar? (16.10.07)

Då Richard Nes i år vart toppscorar for 4. år på rad tykkte nok dei fleste at denne prestasjonen var imponerande nok. Likevel vart nok ein del av dei oppmøtte på avslutningsfesten på laurdag litt mindre sikre i si sak etter at ein av Richard sine argaste konkurrentar om toppscorartittelen, Vidar Vadseth hadde holdt sin tale.

Han meinte nemleg at han hadde prov på at det var han sjølv og ikkje Richard som var årets målkonge for VIL-fotball.

For å finna ut kva Vidar hadde på hjartet klikkar du deg inn HER

 

  • BREAKING NEWS!!! FRANK HEGGESTAD GJER COMEBACK!!! (15.10.07)

I ein pressemelding her på Veitastrond.com gjer Frank Heggestad det i dag offentleg at han gjer comeback i VIL-trøya til sesongen 2008. Det er ikkje nokon hemmeleghet at klubben har vore særs lysten på å få Frank til å igjen satsa for fullt på fotballen, og hovudpersonen sjølv har vel heller ikkje å klart å skjula kor lysten han er på comeback.

På laurdag fekk han utdelt underskriftslista frå kampanjen me har køyrt, og kanskje var det dette som skulle til. I dag ga i allefall Frank sitt ja, og det er ein stor dag for VIL-fotball. Det betyr mykje å få inn ein slik klassespelar med lokal tilhøyrighet. Frank vil utvilsamt bli utruleg viktig både for det som skjer på og utanfor bana.

Les meir HER

 

  • Årets VIL-fest (14.10.07)

Årets VIL-fest vart i går arrangert med fullt hus og stormande jubel. Festen var ein stor suksess, og både maten og programet fall i smak hjå alle gjestene. Her var det god mat, nokre talar og plenty av prisar.

For å sjå bilder, og lesa meir om festen klikkar du deg inn HER

Skal ellers takast med at Tornado/Måløy 2 i dag vart kretsmeistar i 6.divisjon, då dei slo vår argaste konkurrent Hafslo med 3-1 i KM-finalen. Me gratulerar vinnaren!

 

 

  • Veitastrondsfesten 2007 (13.10.07)

I kveld er det klart for årets avslutningsfest for VIL-fotball. Omlag 35 personar, som består av spelarane, fotballfruer og andre prominente gjester, har meldt sin ankomst. Her vil det bli anledning til å grafla innpå av det beste innanfor mat og drikke, og det vil naturlegvis bli utdeling av prisar i ulike sjangerar, der Årets Spelar er den som heng høgaste. I tillegg får me håpa at me får nokre ord om sesongen ifrå sjefen sjøl Emil Heggestad.

Festen vert arrangert på ein hemmeleg stad i nærområdet.

Me kjem sjølvsagt tilbake med info og bilder ifrå festen ein gong i løpet av morgondagen.

 

 

  • Sjokkerande oppførsel av VIL-spelar (12.10.07)

Det er med sjokk og vantru me no melder om ein stygg episode med ein VIL-spelar i hovudrolla.

Alle som spelar på VIL har utvilsamt eit stort ansvar for våre omgjevnader, og det er viktig å hugsa på at me skal vera førebilder for alle våre fans - unge som gamle. Difor er det særdeles sjokkerande at det no dukker opp bilder av VIL-spelar Øyvind Lien i ein tilstand som Veitastrond Fotball ikkje vil verta samanlikna med, og det på ein nettstad som så absolutt ikkje har noko med oss å gjera.

Bildene stammer frå nettsidene til utestaden Meieriet, og stammer frå deira arrangement; Bierstube 28.08.07.

Me har fått hand om dei graverande bildene, og du kan sjå dei HER (men me advarer mot stygge scener)

 

  • Kjempenes Liga (10.10.07)

Det nærmar seg haustens høgdepunkt for fotballgale sogningar når Kjempenes Liga sparkast i gang 16.-17.november.

For tredje året på rad kjem Veitastrond sin representant Jarvamyri til å stilla til start. Lagleiaren har i dag tatt ut ein slagkraftig tropp, som forhåpentlegvis kan vera med å spisa kirsebær med dei store.

Les meir om Jarvamyri og Kjempenes Liga HER 

 

 

  • Kva kan du om VIL-fotball? (08.10.07)

I desse Facebook tider der ein kan ta quizar om alt mellom himmel og jord på start.no, er det no endeleg på tide å testa dine kunnskapar om VIL-fotball.

Har difor laga til ein quiz på 20 spørsmål. Her har me prøvd å ta med hendingar frå heile historien til VIL, og skal du scora full pott krev det at du har stor inngåande kjennskap til klubben. Me anbefalar at du prøver deg på denne testen utan å nytte deg av hjelpemidler (veitastrond.com) og deretter legg inn resultatet ditt i gjesteboka eller publiserer på Facebook, saman med eventuelle kommentarar til quizen. Så kan me samanlikna kven som verkeleg sit inne med store kunnskapar om VIL-fotball.

DEN STORE VIL-TESTEN

 

  • VIL-stjerner sentrale i sponsorturnering (07.10.07)

Trass i at sesongen er ferdig for VIL sin del så vil ikkje det seia at spelarane ligg på latsida av den grunn. I helga arrangerte Sogndal Fotball sponsorturerning for store og små bedrfiter som er med å støtter dei, og til saman 16 lag var påmelde. Eit av desse laga var Idrettssenteret, og her fann me ikkje mindre enn 4 VIL-stjerner i Gøran Fimreite, Ivar Melby, Emil Heggestad og Arne Nes. I tilegg var Edvard ?, Terje Kvam og Dag Andre Moe med på laget deira.

Laga var fyrst inndelt i innleiande gruppespel. Idretssenteret byrja med å spela 3-3 mot Ani Bil, deretter slo dei HSF med Rolf Salveson og Einar Ylvisåker i spissen med 2-1 i ein kamp der Emil scora begge måla. I siste kamp i gruppespelet spelte dei 3-3 mot Sogn og Fjordan Sparebank noko som gjorde at dei vart nummer 2 i gruppa bak HSF.

I kvarten venta SIL adm med kaptein Geir Inge Heggestad i spissen. Desse fekk verkeleg kjenna korleis det er å møta VIL spelarar i storform og tapte 3-0 etter 2 goalar av Ivar Melby og 1 av Arne Nes.

I semifinale venta målarfirmaet Holme, men også desse vart for lette i broki når det sto VIL-stjerner på andre sida av bana. 3-1 siger vart det denne gongen, og nok ein gong putta Ivar Melby 2 medan Emil Heggestad satte inn 1 mål.

Dermed var det duka for finale mot storfavoritt HSF. Dei feia igjennom kvartn og semien med 9-0 og 6-1 og hadde nok stor tru på liknande resultat i finalen. Det vart ein nervepirrande kamp som til slutt enda 2-2 etter at Dag Andre Moe og Arne Nes putta. Siste målet til HSF skulle riktignok aldri vore godkjent då ballen hadde vore over sidelinja i situasjonene før. Med uavgjort resultat så gjorde dommar Tommy SKjerven klart til straffesparkkonkurranse. Etter 3 forsøk sto det 3-3, men HSF bomma på deira 4. og Arne Nes haldt hovudet kaldt og banka inn Idrettssenteret sitt 4.mål, og dermed var det ingen tvil om kven som var vinnar av sponsorturneringa.

VIL-spelarane som var med var utvilsamt særs sentrale. Kjelder me har vore i kontakt med seier at publikumsinteressa for turneringa vart berre større og større utover dagen etterkvart som rykta gjekk i sogndalsfjøra om at det var VIL-stjerner til stades.

Me gratuelerer Idrettssenteret og VIL-spelarane spesielt med sigeren, og vonar dei tek med seg vinnarkjensla inn i Sesongen 2008.

 

 

  • KonkuRRRRRRRRANSE (06.10.07)

Det er helg, og kva passar vel bedre enn ein ny konkurranse på Veitastrond.com ein kan bryna seg på.

Denne gongen er det ei bildeoppgåve brukarane skal få prøva seg på. Kilikk deg inn i "hugs konkurranse" logoen ovanfor og bli med på leiken du og.

 

  • Statistikk for september (03.10.07)

Statistikk for september månad kan du finna HER

 

  • 'Klubb-info (02.10.07)

Under Historikk i menyen ovanfor har me no lagt ut ei side som me har kalla klubb-info.

Me ser gjerne at de sjekkar ut denne sida, og gjer tilbakemeldingar på om det er noko vesentleg me har gløymt.

 

  • Nes på veg ut? (01.10.07)

Sesongen er no over, og det er då naturleg at det vert ein del rykter og spekulasjonar rundt VIL-fotball. Me veit at leiinga jobbar kontinuerleg med å henta inn forsterkningar som kan løfta laget opp til 5.divisjonsnivå, og samstundes er det naturleg at nokre spelarar kjem til å forlata klubben.

Noko overraskande ryktast det no at VIL sin toppscorar igjennom 4 år; Richard Nes kan vera på veg ut dørane. Richard vart i dag observert på treningsfeltet til Kaupanger 2, og det spekulerast i dag heftigt om spissen kan vera på veg til ein av konkurrentane i neste års 5.divisjon. Denne sesongen har han i tillegg til spelar vore assistent trenar, og det skal vera snakk om at ein uoverstemmelse med hovudtrenar Emil Heggestad har gjort til ar Richard no vurderer andre alternativ.

Kjelder frå KIL2 seier at dei skal vera særs interessert i å knytta seg til ein spelartype som Nes, og at dei lokkar med både Syltetøy frå Lerum og gratismiddagar på Hjorten for å henta han inn.

Trenar i VIL, Emil Heggestad var noko atterhalden med kommentarar til denne saka, men uttalde at han tvilte på om Nes kom til å svikta moderklubben, men la likevel noko håneleg til at; "om guten verkeleg vil seg sjølv så ilt så velbekomme" 

Hovudpersonen sjølv var ikkje villig til å kommentera ryktene som i dag svirra rundt han...

 

NYHENDEARKIV

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com