- Veitastrond sine dommarar held framleis standen (30.10.08)

Medan fotballaget til Veitastrond i år har gått sin sigersgang igjennom 5.divisjon og profilert seg høgt både på nett og media, har me og to stk i klubben som gjer ein framifrå innsats på bana utan å få den samme oppmerksomheten. Dette er Frank- og Emil Heggestad som også i år har vore Veitastrond sine representantar i svart. I fjor var som kjendt Frank dommar for fullt, men etter at han valgte å gjera comeback som spelar har det naturlegvis vorte litt mindre dømming. Likevel har dei begge gjort ein kjempe innsats for klubben denne sesongen.
Les meir HER
- Even Kvam soleklar vinnar av treningsstatistikken (24.10.08)

Forrige torsdag hadde Veitastrond siste treningsøkt for sesongen, og me avslutta dermed og vår treningsstatistikk. Medan det i fjor var 3 mann som låg heilt likt framfor siste trening har i år vår kaptein Even Kvam leia denne statistikken omtrent i frå start til slutt, og at han skulle bli vinnar har vore klart lenge. Me nyttar no anledninga til å sjå tilbake på årets treningssesong.
Les meir HER
Sjå treningsstatistikken HER
- Oppdatering av klubbrekordane (22.10.08)
Me held fram med å oppdatera statistikk delen av Veitastrond.com, og i dag er turen kommen til klubbrekordane våre.
Klubbrekordane våre kan du finna HER
Følgande rekordar er nye etter haustsesongen (i tillegg har me lagt til to nye kategoriar, som er merka med blått);
Merittar |
|
|
Opprykk frå 6.div (2007), Opprykk frå 5.div (2008) |
|
|
|
KM-mestar i 5.div (2008) |
Høgaste plassering i serien |
nr 1 i 5.div (2008) |
Flest kampar på rad utan tap |
10 (2008) |
Flest kampar |
|
Richard Nes, 72 kampar |
Flest mål |
|
|
Richard Nes, 67 mål |
Flest mål i ein sesong |
|
Frode Kvam, 25 mål (2008) |
Flest gule kort |
|
Frank Heggestad, 17 gule kort |
Flest raude kort |
|
Even Kvam, 4 raude kort |
I tillegg har me endra på kategorien Historiske Mål, og denne tel no berre kvart 100. mål Veitastrond scorar, og ikkje kvart 50. som tidlegare!
Som vanleg vil me gjerne ha tilbakemeldingar på eventuelle feil i våre tabellar og statistikkar!
- Spelarstatistikk for sesongen 2008 (21.10.08)
I dag er me komne fram til spelarstatistikken for årets sesong, og det er vel kanskje den mest interssante av våre statistikkar. I tillegg har me og lagt ut ein oppdatert maratontabell.
Sjå spelarstatistikken HER
Sjå maratontabellen HER
(gje oss tilbakemelding dersom du finn faktafeil i nokon av statistikkane våre, eller har andre innvendingar mot desse)
- Innlegg nummer 1000 i gjesteboka (21.10.08)

Nokon likar å stikka seg meir ut enn andre her i verda, og ein av desse er Veitastrond sin forsvarsspelar Frank Heggestad. I går var han i fokus i samband med sin kamp nummer 50 for klubben, og i dag er han her igjen når han får den store æra av å ha skreve innlegg nummer 1000 i gjesteboka. Som ein liten oppmerksomhet sender me deg difor ikkje ein stor og fin blomsterbukett!
Me i redaksjonen er glade for å ha passert 1000 innlegg i gjesteboka, og me tykkjer dette viser at det er bra interesse for denne. Gjesteboka vart oppretta 22.mai i 2007 då den overtok for det forholdsvis hjelpeslause diskusjonforumet som me prøvde oss på, og det oss tok dermed 1 år og 5 månadar før me fekk 1000 innlegg. Det har dermed vore slik cirkus 2 innlegg pr dag sidan me starta opp.
Veitastrond.com takkar alle brukarane som har skreve innlegg i gjesteboka på denne tida. Sjølv om me er bra nøgde gjer me dykk og oppmerksomme på at her er plass til endå fleire innlegg. Gjesteboka vår er open for det meste anten det er ris/ros til heimesida, ein god diskusjon eller det som me likar aller best - nemleg godt gammalt vaseprat.
Så kjære brukarar ikkje nøl med å skriva i gjeteboka vår!
- Oppdatert trenarstatistikk (20.10.08)

No når sesongen er over for VIL-fotball kjem tida då me i Veitastrond.com oppsummerar sesongen i ord og tal. Me har mykje me skal igjennom og byrjar difor i dag med ein mjuk start når me gjer dykk ein oppdatert trenarstatistikk.
Denne viser oversikt over dei 3 trenarane me har hatt og korleis resultat dei har å visa til.
Etter haustsesongen har lite endra seg på denne, og dagens trenar Emil Heggestad står framleis med eit snitt på 1,59 poeng - det samme som han hadde etter vårsesongen. Han har no leia laget i 44 seriekampar, og står bokført med 21 sigrar, 7 uavgjorte og 15 tap. Han har ein målskilnad på 184-144, noko som gjer eit snittresultat på 4,2-3,2, eller i overkant av 7 mål pr kamp.
Leiv Inge Fimreite toppar framleis tabellen med eit snitt på 1,89 poeng pr kamp, Frank Heggestad er framleis på botn med 1,21 poeng pr kamp og dagens trenar Emil er forsyne meg framleis på 2.plass mellom dei to hine karane med 1,59 poeng pr kamp.
Heile tabellen kan du sjå HER
Frank i 50
Kan og ta med at Frank Heggestad i går spelte sin kamp nummer 50 for Veitastrond. Han vart dermed den 5. spelaren som braut denne barriera. Frå før av har Richard Nes, Bjørn Molland, Emil Heggestad og Geir Aardal òg spelt over 50 kampar for blåtrøyene. Dei neste som ligg an til å nå denne grensa er Arne Nes og Even Kvam med henholdvis 49 og 47 kampar.
Spelarar som passerer slike grenser får ofte litt heider og ære frå klubben, men i Frank sitt tilfellet så gjekk det heile føre seg i stillhet og han måtte i tillegg finna seg i å bli bytta ut i pausa i sin jubileumskamp - ja, slik kan det også gå du...
- Høgdepunkta frå gårsdagens kamp (20.10.08)

Då er me så heldige at vår eminente kameramann Ørjan Aardal alllereie har fått redigert opptaket sitt frå i går, og lagt ut ein videosnutt på youtube.
Her er no berre bilder frå måla til Veitastrond, men Ørjan sit på opptak frå nesten heile kampen og me skal prøva å få til eit større klipp til avslutningsfesten
Sjå dei levande bildene frå kampen HER
Me seier tusen takk til Ørjan Aardal og hass filmcrew!
- Bilder frå dagens kamp (19.10.08)
Då har me pynta opp dagens kampreferat med nokre bilder, og lagt ut eit større bildegalleri som du kan finna HER
Her er ca 200 bilder, og me håpar det er nokon der ute som ikkje meir å gjera enn at dei giddar å bla seg igjennom alle. Til neste år får me prøva å bli flinkare til å luka ut enkelte bilder, og laga litt mindre galleri.
Me nyttar anledninga til å takka alle dei som har hjelpt oss i redaksjonen med å ta bilder og skriva referat undervegs i kampane. Håpar de er med til neste åg og =)
- Veitastrond - Førde3 5-3 - VIL-fotball er kretsmeistar i 5.divisjon 2008!!! (19.10.08)

Det vart ein ny jubeldag for Veitastrond Fotball då dei i dag nedsabla Førde 3 med 5-3. Allereie etter eit kvarter spel av kampen så leia VIL 3-0, og særleg spanande vart det aldri på kunstgraset på Skei i dag. Dermed kunne vår trufaste kaptein Even Kvam ta i mot pokalen som det synlege beviset på at me er kretsmeistar i 2008. Dette er seniorlaget sitt fyrste sølvtøy i samlinga, og forberedingane til neste sesong startar allerie til veka då laging av premieskåp står på agendaen. Det er betryggande å sjå at pokalen no endeleg er framatte kommen!
Me seier berre; "e da nåke løge av Strondi e tøste - Strondi ska opp i 3. me da føsta, åå HEY ålelåle HEY ålelåle osv..."
Les alt om kampen HER
Bilder frå kampen kjem seinare i kveld.
I tillegg kan me og ta med at vår gode støttespelar Ørjan Aardal filma heile kampen i dag, og eit redigert klipp frå kampen kjem før me anar det.
- Før kampen; Veitastrond - Førde 3 (18.10.08)

Bygd står mot by når Veitastrond Fotball i morgon reiser av stad til Skei i Jølster for å spela KM-finale mot Førde 3. Dette vert fyrste gong VIL spelar mot eit bylag, og det er og fyrste gongen at klubben spelar ein finale i noko som helst og lysta til å ta med seg pokalen heim er sjølvsagt stor. Sjølve kampen betyr ikkje så mykje meir enn heider og ære for nokon av laga, og her skulle det vera mogleg å senka skuldrane og spela festfotball.
Les meir HER
NB!
I logoen ovanfor er det no lagt ut link til filmen frå opprykksfesten, og link til klippet frå Vestlandsrevyen tidlegare i haust.
Dersom du ikkje har noko anna å ta deg til på ein laurdagskveld så er i allefall dette klipp som ein kan sjå om att, og om att og om att...og om att...utan å verta leie.
- Ny dato for avslutningsfest (16.10.08)
Me fekk ein del tilbakemeldingar om at 15.november ikkje var noko god dato for avslutningsfest.
Ny dato vert difor helga etterpå, dvs LAURDAG 22.NOVEMBER!
Dette vert truleg endeleg dato, og sidan det er såpass lenge til reknar me med at folk klarar å planlegga og setta av denne datoen til spelarfest med VIL-fotball!
Det er ennå ikkje heilt avgjort kva lokalet me kjem til å nytta oss av.
- Kven er mest underhaldande i Sogn og Fjordane (13.10.08)
Det har vore ein spesiell haustsesong for VIL-fotball der måla har hagla inn i begge endar hjå oss, og kampane har som regel enda med ishockeyresultat. Så mange mål har det vore at me i Veitastrond.com har laga til ein tabell over alle laga i Sogn og Fjordane for å sjå om det er nokon lag i fylket som kan visa til ein høgare scoringsrate pr kamp enn oss sjølve. Denne tabellen lagar me i det alle divisjonane er ferdigspelte og berre Sogndal sitt A-lag har fleire kampar igjen denne sesongen.
Sjå kor VIL enda på denne tabellen HER
- Jølster sikra opprykk til 3.divisjon (12.10.08)

Det vart meget spanande i dag når 4.divisjonen i fylket gjennomførte den siste runden. Før dei siste kampane var det allereie klart at Vik rykka opp til 3.divisjon, medan Dale og Jølster låg med likt poeng i kampen om den andre opprykksplassen. Dersom begge laga vann ville Dale ha rykka opp på betre målskilnad. I dagens runde gjekk det imidlertid Jølster sin veg då dei vann 5-4 borte mot Årdal 2 og Dale tapte 1-3 borte mot Saga.
Veitastrond Fotball nyttar anledninga til å gratulera vår tidlegare trenar Leiv Inge Fimreite og Jølster med opprykket til 3.divisjon.
For vår del har det eigentleg ikkje så mykje å seia om me hadde møtt Jølster eller Dale til neste år. Sjølvsagt ville me helst hatt Jølster då dette ville vorte kortare reisetid, og det hadde vore kjekt å fått prøva seg mot Leiv Inge sitt mannskap. Samstundes ser me og fram til eit heilt nytt bekjentskap i Dale, og ikkje minst gler me oss til å spela mot Stian Neset sine disiplar og me vonar at han gler seg til å ta turen til Veitastrond og. Stian er oppvaksen i Sogndal, men begge foreldra hass er frå Veitastrond og opp igjennom åra har han vore mykje å sett framme i Neset på garden deira.
- Avslutningsfest 2008 (11.10.08)

Det er no berre ei god veke igjen av sesongen og tida for å byrja planlegginga av årets avslutningfest er komen. Ingenting er bestemt rundt denne festen ennå, men me har ein dato me gjerne vil lufta med spelarane;
Laurdag 15.november
Dette er samme helg som den årlege Kjempenes Liga turneringen går av stabelen, og me reknar difor med at dei fleste er heime akkurat denne datoen. Vonar og at Ivar, Petter og Sindre som reiste etter vårsesongen les dette og merkar av datoen sin kalendar.
Me oppmodar spelarane om å komma med tilbakemedlingar på denne datoen. Gje beskjed dersom det passar dårleg!
Det er heller ikkje bestemt kor me skal vera, og dersom nokon har tips om gode lokale med muligheter for matservering så sei ifrå til leiinga i klubben.
Her er det berre å gjera seg klar til fest!

Det er ein sesong med mykje dramatikk me no snart legg bak oss i VIL-fotball. Det har vore mange jamne og spanande kampar med til tider mange mål, og som vanleg har det vorte delt ut ein del kort. I tillegg til alt dette har det i år og vore uvanleg mange straffespark i kampane til VIL. På våre 14 seriekampar har det komme i alt 18 straffespark, noko som gjer eit snitt på 1,3 straffar pr kamp. Me har sett tilbake på alle straffane som har vore i år, og gjer deg all den infoen du treng å veta om desse.
Les meir HER
- Oppdatering av Motstandartabell (06.10.08)

Sidan sesongen ennå ikkje er heilt over er det stort sett for tidleg å byrja å oppdatera dei ulike tabellane og statistikkane under Historikken vår - med eit unnatak, og det er Motstandartabellen. Denne tek kun for seg seriekampar, og me freistar oss difor til å legga ut denne nå.
Motstandartabellen ligg under Historikk i menyen ovanfor, eller du kan ta snarvegen HER
Denne tabellen syner korleis me har gjort det mot dei ulike laga me har møtt i seriesamanheng. Tabellen viser at det framleis er Sogndal 3 me har teke mest poeng mot opp igjennom åra, med Hafslo like etterpå. I andre enden av tabellen var det godt å karra med seg det eine poenget mot Breimsbygda slik at dei ikkje vart liggande igjen i botn av tabellen med ein smultring. Dei einaste laga me aldri har teke poeng mot er dermed framleis Fjøra 2 og Lærdal, der Lærdal nok har vore vår verste motstandar nokon gong då me på 5 forsøk har gått på like mange tap.
Neste år vert denne tabellen betydeleg utvida då me møter 10 lag som me aldri har spelt mot i seriesamanheng før. Einaste laget me møter som me kjenner til frå tidlegare er nettopp Lærdal, og me får dermed ein gyllen sjanse til å ta nokre etterlengtande poeng mot lærdølene.
- Statistikk for september (04.10.08)
Ein ny månad er overstått, og me ser tilbake med fakta og turre tal.
Les meir HER
Har og oppdatert treningsstatisitkken. Har gjennomført 6 treningar sidan forrige oppdatering, og på denne tida har Even Kvam auka si leiing frå 4 til 7 poeng. Ennå er ikkje Veitastrond ferdige med treningane sine, men me tør påstå at det skal eit aldri så lite mirakel til dersom Even ikkje skulle vinna årets treningsstatistikk.
Sjå treningsstatistikken HER
- Film og bilder frå opprykksfesten (03.10.08)

Då har me på Veitastrond.com omsider fått hand om eit bildegalleri frå den elleville opprykksfesten me hadde forrige søndag. Mange av desse bilda er allereie å sjå på andre nettstadar så det er kanskje ikkje så mykje nytt her for alle, men me vel å tru at desse herlege bildene går an å sjå igjen.
I tillegg kan me brifa med å vera fyrste nettstad som publiserar ein liten videosnutt frå denne festen. Denne filmen syner utvilsamt litt av den stemninga som var på Lægreidspuben denne kvelden. Nokon vil kanskje hevda at forsangaren ikkje syng klokkereint, men nokon måtte no dra i gang resten av gjengen.
Sjå bildegalleriet frå opprykksfesten HER
Sjå det unike filmklippet HER (ekstern link til den fasjonable nettstaden youtube)
NB!
Få med deg intervjuet med VIL-trenar Emil Heggestad på den lokale nettradioen Hallo Sogn i kveld frå kl 20:00 til 22:00.
Du finn nettradioen til Hallo Sogn HER
I følge ansvarleg redaktør Kent Fimreite så kjem klippet med Emil ca mellom 20:30 og 21:00, men me anbefalar sjølvsagt brukarane om å få med seg heile sendinga til Hallo Sogn!
- Endeleg KM-dato (03.10.08)
Då er det bestemt at KM-finalen mot Førde vert spelt over ein kamp på Skei i Jølster, søndag 19.oktober.
Dette opplyser Veitastrond sin kampkoordinator Frank Heggestad til Veitastrond.com.
- Nye datoar for KM (02.10.08)
Det er no klart at det ikkje vert noko av KM kampane mot Førde 3 til den kommande veka. Opprinneleg skulle me ha spelt fyrste kamp mot dei på fyrstkommnde søndag heime, og deretter returkamp i Førde på torsdag.
På grunn av haustferie ønskte Førde å spela kampane på eit seiare tidspunkt. Det er ikkje endeleg bestemt kva datoar kampane vert spelt på, og det er heller ikkje bestemt om det vert to kampar eller om me skal avgjera det heile i ein rein finalekamp.
Alternativa no er å spela ein rein finale på nøytral bane på Skei i Jølster den 19.oktober, eller eventuelt spela to kampar der me spelar borte den 14.oktober og heime den 19.oktober. Sidan den 19. er på ein søndag kjem nok me uansett til å prøva å flytta kampen til laurdag 18., slik at det muligens vert anledning til å ta seg eit lite glas utpå kvelden...
Ingen av desse datoane er 100% bestemte, og her kan det framleis komma endringar!
Men altså - INGEN KAMP PÅ FYRSTKOMMANDE SØNDAG!
- Trenarduoen reflekterar over opprykket (01.10.08)

Veitastrond Fotball har no hatt nokre dagar på seg til å suga på opprykkskaramella, og endå sit nok dei gode kjenslene godt i oss. Me i Veitastrond.com har no fått trenarduoen Emil Heggestad og Richard Nes til å uttrykka sine meiningar og kjenslar over den store prestasjonen av den vesle klubben. På kvar sin måte gjer dei brukarane av Veitastrond.com ein liten peikepinn på korleis dei ser på opprykket til klubben.
Les kva Richard tykkjer om opprykket HER
Les korleis poeten Emil ser på opprykker HER