Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; Oktober 2009

  • Kurt Heggestad -Årets VIL-stjerna, ... (29.10.09)

...toppscorar og assistkonge på Veitastrond Fotball. Betegnelsen one-man-team vert gjerne nytta om spelarar som er i ein klasse for seg og som dreg lasset åleine når lagkameratane ikkje når opp. No skal ikkje me seia at dei andre spearane på VIL ikkje held mål, men me trur ingen vert fornærma dersom me seier at Kurt Heggestad har spelt i ein annan divisjon enn dei andre spelarane på Veitastrond i år. 22 kampar, 26 mål, 14 assist og 38 VIL-stjerner er fasiten som Kurt sit att med etter årets sesong, og dette er det berre å ta av seg hatten for. Me tør påstå, eller me er faktisk sikre på at Veitastrond hadde fått ein langt tøffare kamp om å unngå nedrykk dersom Kurt ikkje hadde vore VIL spelar i sesongen 2009. Me gjer dykk her ein presentasjon av årets VIL-stjerna, samt eit eksklusivt intervju med Indre Sogn sin mest kjendte geitabonde.

Les meir HER

 

  • Veitastrond.com nr 68 (26.10.09)

Spaninga vart i dag forløyst i kåringa av beste fotballweb i Norge. Fotballen.eu som er ansvarleg for kåringa ga i dag Veitastrond ein meget respektabel 68.plass.

Sidan me i utgangspunktet ikkje var blant dei 100 finalistane, men kom me etter at me leverte klage, så lyt me seia at me hadde vore gode nøgde uansett kva plass me kom på til slutt. Det var kjekt å komma med i finaleheatet og dette gjer oss inspirasjon til å driva denne sida vidare.

I vurderinga så får me som venta trekk for eit noko amatørmessigt design, men skryt for oppdateringar og innhald.

Sjå kva Fotballen.eu som skriv om Veitastrond.com, og følg resten av kåringa HER

 

  • Krev meir jogging i 2010 (25.10.09)

Etter årets siste Veitastrondstrening kunne Bjørn Molland ta i mot prisen som vinnar av årets treningsstatistikk. Mykje av grunnen for at han trona åleine på toppen var at han i tillegg til godt oppmøte og god innsats på fotballtreningane, òg var med på dei fleste av joggeøktene som VIL-fotball hadde i vår. I ettertid ser me at oppmøte på joggeøktene var mykje lågare enn på vanlege fotballtreningar, og no går kaptein Even Kvam ut og tek eit oppgjer med både seg sjølv og dei andre spelarane på dette. Krølltoppen oppe på Leite er skuffa over det dårlege oppmøte og uttalar blant anna til Veitastrond.com; "Dersom me skal bita litt bedre frå oss i 4.divisjon til neste år så er det eit minste krav at me har eit respektabelt kondisjonsnivå. Desse joggeøktene er eit framifrå tilbod til spelarane til å få bedre løpskapasitet, og neste år må dette forbetrast - basta bom"

Les meir HER

 

  • Gratulerar Førde (24.10.09)

Førde vann i dag 2-1 heime mot Birkebeineren, og med 5-3 samanlagt er dei no klare for spel i 2.divisjon. Dette er viktig og oppløftande for fotballen i heile Sogn og Fjordane, og forhåpentlegvis vil førdianarane no etablera seg på dette nivået ein gong for alle.

Spesielt viktig var dette for heile Førdefotballen då det ikkje berre inneber opprykk for 1.laget, men det gjer og at 2.laget unngår nedrykk frå 4.divisjon og 3.laget unngår nedrykk frå 5.divisjon.

For Veitastrond sin del vil dette seia at me møter Førde 2 til neste sesong i staden for Vik som med dagens Førderesultat unngår nedrykk frå 3.divisjon.

Veitastrond gratulerar Førde med velfortent og viktig opprykk!

I ettertid kan me sjå at alt maset vårt om å unngå den viktige 11.plassen berre var tull, og me kunne eigentleg berre gitt F... siste del av sesongen og tapt alle kampane med vilje utan at dette ville fått noko konsekvensar. I staden så mobilisete me fela, arrangerte live-oppdateringar frå både her og der og pika deg så hadde me oss ein liten fest etter at 10.plassen vart sikra...men alt dette styret kunne me jaggu ha spart oss for!

 

  • Nytt seriesystem? (24.10.09)

Det har komme forslag frå Forbundsstyret i NFF om å legga om seriesystemet nedover i divisjonane. Hovudessensen i dette går ut på at antall 3.divisjonar skal ned, og dei som vinn 3.divisjonane skal rykka rett opp til 2.div utan kvalik. Dette kan føra til at 3.div i Sogn og Fjordane kan slåast i saman med nokon av nabofylka.

Desse endringane kan tre i kraft i 2011 og dette kan få konsekvensar for opprykk/nedrykk allereie til neste sesong.

Veitastrond.com kunne no ha komme med ein djupgåande analyse av dette, men me har farta litt rundt på dei lokale fotballwebane og her er alt nokre gode analysar uta. Sidan me ikkje er i humør til å finna opp krutte på nytt så henviser me heller til desse sidene:

Fjøra FK; Her kan du lesa ein djuptgåande analyse om kva konsekvensar dette vil få for 3.divisjonane.

Les meir HER

Hyen Fotball; Her kan du lesa kva konsekvensar dette kan få nedover i divisjonane neste sesong. Interessant å lesa at me neste sesong kan risikera at berre 1 lag rykker opp, medan heile 6 rykker ned frå 4.divisjon.

Les meir HER

 

  • Nedtelling av NM i fotballweb (23.10.09)

Nedtellinga av topp 100 heimesider i Norge er no i gang. Kvar dag blir det presentert 10 sider, der dei byrja med dei som havna på plass 100-91. I går kom 90-81, og framleis har ikkje Veitastrond.com vorte presentert. Det vil seia at me minst er sikra ein plass blant topp 80, og uansett er me gødt nøgde med den plasseringa me til slutt får.

Til no har 3 av dei 9 bidraga frå fylket fått si plassering.

Me anbefalar å følga nedtellinga på fotballen.eu sine sider. Dagens presentasjon for  dei som kjem på plasseringane 80-71 kjem iflg deira sider ca kl 12:00.

Les meir HER

 

  • Statistikk for 2009 (19.10.09)

Me har då oppdatert alle våre statistikkar under Historikk etter at 11 nye kampar er spelt i haust.

Les meir HER

Du finn òg alle desse statistikkane i Historikk i menyen ovanfor.

Sei ifrå til vevansvarleg dersom du skulle oppdaga noko feil i våre statistikkar...

 

  • Hausteventyr frå Leikvoll (17.10.09)

Les meir HER

 

  • Oppsumering av årets 4.divisjon (15.10.09)

Det har vore ein lang sesong for Veitastrond Fotball i årets 4.divisjon. 22 kampar er unnagjort og med dei følgjer sjølvsagt mange opplevingar og inntrykk. Me i Veitastrond.com har satt oss ned og sett litt på årets sesong og vil no formidla ein del unyttige fakta og subjektive ytringar som me sit att med... 

Les meir HER

 

  • Trenaren har ordet (13.10.09)

Sesongen 2009 er over og den fyrste til oppsumera er VIL-høvdingen sjølv, Emil Heggestad. Det er berre å setta seg godt til rette framfor godstolen og lesa kva vår spelande trenar har å seia om året som som gjekk. God fornøyelse...

Les meir HER

 

  • Askvoll/Holmedal - Veitastrond 3-4 (12.10.09)

Med kniven på strupen framfor årets siste seriekamp så holdt Veitastrond Fotball hovudet kaldt og avgjorde kampen om å unngå nedrykk på eiga hand. Etter ein dårleg start der VIL tidleg kom under med 0-2 så kom me etterkvart sterkt tilbake og det var fullt fortent at me til slutt vann kampen 4-3. Samstundes med denne kampen så braka Lærdal og Førde 2 i saman, og her var me avhengige av at lærdølene fekk eit bra resultat og dette gjekk òg vår veg då dei vann denne med 3-2. Dermed kunne Veitastrond omsider pusta letta ut etter ein lang og tøff sesong og me kan no ta oss ein lang og velfortent ferie med vissheta om at det òg til neste år vil bli spelt 4.divisjonsfotball på Leikvoll.

Les meir HER

Me har og oppdatert tabellar, statistikkar og lagt ut bilder frå gårsdagens kamp.

I tida framover vil me oppdatera historikk delen her på sida, samt oppsumera sesongen i det vide og det breide. Så følg med oss...

 

  • Veitastrond sikra plassen - YEEEEEEEEEEEEEEEEEZ(11.10.09)

Veitastrond vann i dag 4-3 borte mot Askvoll/Holmedal og dette var nok til at me klarde å halda plassen i årets 4.divisjon. Førde 2 tapte sin kamp med 2-3 borte mot Lærdal og slik sett var det ingen tvil om korleis dette til slutt gjekk i dag.

Det byrja likevel tungt for VIL, og etter eit kvarter så låg me under 0-2 samstundes som rapportane i Lærdal sa at Førde 2 leia 1-0. Etter denne kalddusjen så kom Veitastrond tilbake i kampen og me gjekk til pause på stillinga 2-2 og i den andre kampen hadde lærdølene snudd til 2-1.

I 2.omgang var Veitastrond det klart beste laget og det var fullt fortent at me til slutt vann 4-3. Dermed avsluttar me ein lang og tøff sesong på best mogleg vis og no kan me pusta letta ut og feira fornya kontrakt i 4.divisjon. Dette er ein flott dag i Veitastrond Fotball si soge!

For Veitastrond scora; Kurt Heggestad x2, Emil Heggestad og Frode Kvåle.

Referat frå kampen kjem diverre ikkje før i morgon...

 

  • Før kampen; Askvoll/Holmedal - Veitastrond (10.10.09)

Endeleg er dagen snart kommen der nedrykksdramaet i årets 4.divisjon skal avgjerast ein gong for alle. Det er på tide at me får dette unnagjort no slik at me slepp å gå rundt kvar einaste dag med neglebiting og sveittatokter. Veitastrond har kjempa ein knallhard kamp heile hausten og ikkje ein einaste kamp har me kunne tillata oss å sleppa oss nedpå, og det me kan me så absolutt ikkje gjera i morgon heller. Då reiser Veitastrond for å spela borte mot Askvoll/Holmedal og truleg er berre siger godt og kanskje må me vinna med fleire mål. Årets sesong har bygd seg opp til eit klimaks som vil få sitt endelege brak i morgon. Me kryssar det me har for at dette går vår veg.

Les meir HER

 

  • Årets treningsfantom - Bjørn Molland (09.10.09)

Veitastrond hadde i går sin siste trening for sesongen og etter søndagens kamp mot Askvoll/Holmedal luktar det no ein lengre vinterferie lang veg for våre staute spelarar. Sidan det ikkje vert fleire treningar kan me no ta ei oppsummering av årets treningsstatistikk, og ikkje minst annonsera årets vinnar; Bjørn Molland. Han har vore i tet stort sett heile sesongen igjennom og det er utvilsamt fortent at han på siste trening til slutt drog i land sigeren. Av oss i Veitastrond.com får berre Bjørn nokre rosande ord, medan det vankar premiering på avslutningsfesten seinare i haust.

Les meir HER

Sjå ein endeleg oppdatert treningsstatistikk HER

 

  • Sesongens siste trening (08.10.09)

Me minnar våre spelarar om kveldens trening, som etter alt å dømme vert sesongens siste.

Oppfordrar alle om å prioritera denne då me treng å vera mes mogleg skjerpa fram mot søndagens kamp vs Askvoll/Holmedal.

Treninga i kveld tek til kl 19:30, og finn stad i Sognahallen.

 

  • Veitastrond Fotball på nåler (07.10.09)

Etter at både Veitastrond og Førde 2 vann sine kampar på søndag så ligg alt no til rette for eit klimaks av ei avslutning i botn av årets 4.divisjon. Ein stakkars kamp gjenstår for kvar av dei to laga og dei står no på lik poengsum og målsklinadar på henholdsvis -22 og -23 i VIL sin favør. På fyrstkommande søndag tek VIL turen for å spela borte mot Askvoll/Holmedal, medan førdianarane skal stad å måla krefter mot Lærdal. Utgangspunktet er ganske likt for dei to laga der begge har bortekampar mot lag på nedre halvdel av tabellen. Det er no eller aldri for Veitastrond dersom det skal bli 4.divisjonsspel på Leikvoll til neste år òg...

Les meir HER

Det er tydeleg at sesongen er på hell og det såg me i går då kampen mellom Dale og Eid 2 vart avlyst. Eiderane klarde ikkje å stilla lag slik at resultatet vart satt til 3-0 siger til Dale.

 

  • Ingen bilder (04.10.09)

Det vart knipsa ein del bilder frå dagens kamp, men diverre var dei fleste av dårleg kvalitet. Me finn det difor ikkje bryet verdt å legga ut dei fåe som var OK, så me i Veitastrond.com seier oss no ferdige med denne kampen...

 

  • Veitastrond - Skavøypoll 4-3 (04.10.09)

Det vart eit nervedrama av dei sjeldne då Veitastrond i dag drog i land 3 særs viktige poeng mot Skavøypoll. Alt etter 32 minutt var stillinga 4-3 til VIL og mange såg føre seg eit skikkeleg målkalas, men siste timen klarde ingen av dei to laga å scora slik at stillinga til slutt vart 4-3. For Veitastrond scora Kim Andre, Kurt x2 og Helge. Skavøypoll var med på notane igjennom heile kampen til tross for at dei etter rapportane hadde mange spelarar ute. På slutten fekk Polljen ein mann utvist, og måtte då spela resten av kampen med 10 mann.

Les meir HER

Dagens resultat frå dagens kampar i 4.divisjon; Årdal 2 - Saga 2-3, Syril - Dale 2-2, Eid 2 - Sandane 0-6, Selje - Lærdal 4-0 og Førde 2 - Askvoll/Holmedal 3-0.

Med desse resultata ligg me framleis likt med Førde 2 i det 1 kamp gjenstår. Me har betre målsklinad, men me er no berre 1 mål betre (i praksis 2 grunna fleire scora mål). I toppen leiar Sandane med 1 poeng mot Selje og her vil det òg bli avgjort i siste serierunde. Det går altså mot ei avslutning av dei sjeldne i årets 4.divisjon.

Bilder frå dagens kamp mot Skavøypoll kjem etterkvart...

 

  • Før kampen; Veitastrond - Skavøypoll (03.10.09)

Grunna dårlege vær- og baneforhold vert altså den viktige kampen mellom Veitastrond og Skavøypoll i morgon spelt under tak i Sognahallen. Dermed blir dette vår 3. heimekamp for sesongen som blir spelt på "bortebane" - ikkje så veldig gunstig for oss sjølve dette. VIL kjempar som kjendt ein innbitt kamp for å unngå nedrykk og ligg a poeng med Førde 2 før denne kampen. Polljen på si side sikra plassen i forrige runde og har ikkje noko anna enn æra å kjempa for i dette oppgjeret. Uansett er det berre å førebu seg på eit nytt nervedrama når dei blåkledde entrar bana i morgon.

Les meir HER

 

  • Veitastrond - Skavøypoll er flytta til Sognahallen (03.10.09)

Grunna dårleg vær og snø på Leikvoll Stadion er det no bestemt at morgondagens kamp mellom Veitastrond og Skavøypoll vert flytta til Sognahallen i Sogndal.

Sjå bilder og les meir HER

Før kampen reportasje kjem ut på kvelden ein gong...

 

  • Det snør, det snør... (03.10.09)

Ein dag før Veitastrond tek i mot Skavøypoll til årets siste heimekamp så innbyr ikkje Leikvoll Stadion noko særleg til fotballkamp. Slik den ligg no så er det meir duka for vinterlege aktivtetar som snøballkrig, basing i `snøadn` og cuprenn med ein heit saft og ein sukkelademåle til premie...

Sjå bilde frå Veitastrond i dag og les meir om saka HER

 

  • Statistikk for september + treningsstatistikk (02.10.09)

Me gjer dykk ei oppsummering av tal og statistikkar frå september månad...

Les meir HER

Har og lagt ut oppdatert treningsstatistikk. Truleg blir det berre ei trening til denne sesongen, og sidan Bjørn Molland leiar med 2 poeng har han berre å møta opp her for å bli årets vinnar av treningsstatistikken.

Sjå statistikken HER

 

  • Skryt til trenarane frå anonym spelar (01.10.09)

Veitastrond sin hovudtrenar Emil Heggestad fekk på pukkelen av Øivind Kristiansen etter det raude kortet mot Sandane forrige helg. Derfor smakar det nok ekstra godt at samme mann i dag får skryt (=røvasleiking?) av ein av dei andre spelarane. Det er litt uklårt for oss kor handfaste dei opplysningane som kjem fram i denne saka er, men mer har fått dei tilsendt og ser ingen grunn til å ikkje tru det som står å lesa.

Les meir HER

 

  • Ny rekord for Veitastrond.com (01.10.09)

Det går godt for heimesidene våre om dagen. I går kunne me feira at me var blant finalistane i NM i fotballweb, og i dag kan me annonsera at september månad var tidenes best besøkte på Veitastrond.com. Me hadde denne månaden 8021 treff, noko som er nesten 400 treff betre enn forrige rekord som var heilt tilbake til juli 2008.

Vanlegvis legg me ikkje ut antall treff pr månad før i den månadlege statistikken vår, men me følte at dette var verdig eit unnatak.

Me takkar alle våre brukarar som tek seg tid til å vitja sidene våre, og me vonar at de held fram med dette.

Kan òg ta med at me har pynta opp litt på Underhaldningsida våre i menyen ovanfor. Har lagt til ein del nye lenker her, og dersom det er andre artiklar de meinar bør vera med så gje oss ein lyd (blir sikkert fela te respons kjenne me våre brukara rett...)

Me har og planar om å gje dykk ein ny konkurranse etterkvart, så her er det berre å følga med i svingane!

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com