Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; Oktober 2010

  • Åsmund Øgar spelte samtlege 22 kampar (31.10.10)

Det har vorte oppdaga ein feil i statistikkane me publiserte tidlegare i dag. I kampreferatet frå Veitastrond - Førde (02.10.10) så stod Andreas Bjelde oppført både som høgreback og venstreback, medan Åsmund Øgar ikkje var med. Dette gjorde til at når me skulle gjera oppteljing i hurten og sturten så fekk Andreas 2 kampar, medan Åsmund fekk ingen frå dette oppgjøret.

Heldigvis har ein av våre oppegåande brukarar oppdaga dette, og gitt oss beskjed. Me har endra artikkelen nedanfor, kampreferatet mot Førde 2 og sjølvsagt Maratontabellen.

Det er og på sin plass og gje heider og ære til Åsmund Øgar, som med denne ekstra oppføringa står bokført med samtlege 22 kampar denne sesongen. Det er ein fenomenal prestasjon av den fenomenale venstrevingen vår.

 

  • Statistikkar for sesongen 2010 (31.10.10)

Det er den store statistikkdagen her på Veitastrond.com, der me oppsummerar årets sesong i tal og ikkje minst der me oppdaterar historikk delen vår.

Les meir HER

Me ber dei som eventuelt finn feil i våre statistikkar om å gje oss beskjed slik at me får retta dette...

 

  • Basar på Veitastrond i kveld (29.10.10

I kveld kl 19:30 inviterar Veitastrond IL til basar i Samfunnssalen på Veitastrond. Her vert det åresal, utlodding og kiosksal.

Me oppfordrar store og små om å turen for ein hyggeleg kveld, og ein flott anledning til å støtta opp om VIL

Nedtellinga på topp 100 er i gang

Som tidlegare kjendt er Veitastrond.com blant topp 100 på NM i fotball web. I dag byrja nedtellinga av desse 100, og me fekk vita plassane mellom 100 og 81. Veitastrond.com var ikkje blant desse, og me kan dermed smykka oss med ein topp 80 plassering.

Følg nedtellinga HER

 

  • Kinkig sak for Veitastrond Fotball (21.10.10)

Sesongen er for lengst over og ein skulle kanskje tru at det ikkje var noko aktivitet i klubben vår. Diverre er nok ikkje dette tilfellet, for VIL-fotball er nemleg inne i ei spanande tid. Det har dukka opp ei meget kinkig sak, som kan få alvorlege konsekvensar for heile klubben vår. Den unike samhandlinga me er vande til å sjå i VIL-fotball står i fare for å gå i oppløysing, og det er ganske enkelt dramatiske tider. Så gale er det faktisk at heile bygda vår kan bli ramma av dette.

Det var i slike stunder me skulle hatt vår eigen supermann, som kunne komma å rydda opp der andre har rota det til...

Les meir HER

 

  • NM i fotballweb (18.10.10)

Nettstaden fotballen.eu arrangerar som vanleg norgesmeisterskap i fotballweb, der dei kårer dei beste heimesidene til samtlege fotballag i Norge. I dag vart den offisielle lista over dei 100 finalistane publisert, og i år som i fjor er Veitastrond.com med i finaleheatet. Heimesidene våre vart for fyrste gong med i dette gode selskapet i fjor, og me debuterte då på ein finfin 68.plass. I år var me fyrst ute av den uoffisielle finalelista som vart publisert i forrige veke, men me nytta oss av ein klageperiode på 3 dagar og som vanleg var det til vår fordel at me sutra og bar oss.

Frå og med neste måndag byrjar nedtellinga der me får vita kva plassering me til slutt endar på. Plassane 100-91 blir fyrst kjende, og det går så slag i slag fram til fredag 12.november når TOPP 10 vert kåra.

Redaksjon i Veitastrond.com er stolte over å vera med blant topp 100, og me gler oss til å sjå korleis plassering me til slutt får i år.

Les alt om NM i fotballweb HER

 

  • Emil Heggestad er 30 år (16.10.10)

Me har ikkje for vane å legga ut bursdagshelsingar her på Veitastrond.com, men så er det heller ikkje kvar dag at VIL-guru Emil Heggestad har rund dag.

Emil som er VIL-fotball sin grunnleggar, styreformann, trenar, spelar og i tillegg alt mogleg mann feirar altså 30 år i dag. Det vil seia at på papiret er ungdomstiden i dag over for Emil, men dersom me ser på guten så er han framleis ung og sprek.

På vegne av heile Veitastrond Fotball ynskjer me Emil til lukke med den store dagen, og må han lenge lenge lenge leve må! =)

 

  • Treningsstatistikken 2010 (16.10.10)

Sesongen 2010 er over og Veitastrond har for lengst arrangert si siste trening for året. Det er difor på tide å oppsummera årets treningssesong og dette gjer me sjølvsagt på grunnlag av vår treningsstatistikk. Årets vinnar av treningsstatistikken vår var Bjørn Molland som vann med 2 poengs forsprang på 4 spelarar. Det var med andre ord jevnt, men aldri særleg spanande då Bjørn stort sett kontrollerte inn sigeren.

Les meir HER

Ein oppdatert treningsstatistikk kan du sjå HER

Når me snakkar om trening og treningsstatistikk så tillet me oss nok ein gong å nevna treningsavgifta. 3 spelarar har ennå ikkje betalt alt dei skuldar, og dersom dette ikkje vert betalt inn snarast så kjem det snart folk på døra og krev inn dei siste slantane.

 

  • Oppdaterte statistikkar (14.10.10)

Då har me omsider fått oppdatert tabellane og spelarstatistikkane etter kampen mot Askvoll/Holmedal.

I tida framover vil me og legga ut oppdatert treningsstatistikk, maratontabell, rekordar etc...

 

  • Askvoll/Holmedal - Veitastrond 0-5 (11.10.10)

Det har etterkvart vorte ein tradisjon at sesongens siste kamp er avgjerande for opprykk eller nedrykk for Veitastrond Fotball. Likeeins har det vorte ein tradisjon at VIL har løyst dette på best mogleg vis og me har etterkvart vist oss å vera best når det gjeld. Slik vart det i år igjen, og denne gongen gjorde me det svært så overbevisande då me slo Askvoll/Holmedal 5-0 på bortebane. Ein imponerande siger av VIL, og me kan no smykka oss med bronsemedalje i 4.divisjon, og plass i det som til neste år vert Sogn og Fjordane sitt øverste nivå. Ein fantastisk bragd av eit fantastisk fotballag.

Les meir HER

Oppdaterte statistikkar og tabellar kjem etterkvart...

 

  • BRONSELAGET 2010 (10.10.10)

Datoen 10.10.10 kan skrivast inn med gullskrift i historiebøkene til Veitastrond Fotball. Dette er nemleg dagen då me sikra oss plass i fylket sin øverste divisjon 2011, og berre for å fullbyrda verket så klatra me to plassar på tabellen og sikra oss dermed ein imponerande og smakfull bronsemedalje.

Veitastrond vann dagens kamp med komfortable 5-0 borte mot Askvoll/Holmedal. Dette var ein maktdemonstrasjon av eit VIL-lag med kniven på strupen, og i dag synte me styrke. Til pause leia me 3-0, og det var 5 ulik målscorarar. Åsmund, Kurt, Frode, Kenneth og Bjørn satte inn måla til VIL.

Dermed rundar me av ein framifrå sesong på best mogleg vis. No dreg med inn årene ei stund og samlar krefter fram mot neste sesong - noko som er vel fortent spør du oss.

Eit lengre referat frå dagens kamp kjem anten seint i kveld, eller i morgon... i mellomtiden kan du setta deg ned å nynna på VIL-hymna "e da nåke løge at Strondi e tøste, Strondi ha tainkt seg te 3. me da føsta..."

 

  • Før kampen; Askvoll/Holmedal - Veitastrond (09.10.10)

Då er det klart for årets siste seriekamp for Veitastrond, og spaningen som har bygd seg opp kamp for kamp skal no utløysast ein gong for alle. Det har tidlegare vore mykje snakk om at at Veitastrond har spelt mange viktige kampar i haust, men me trur me trygt kan fastslå at kampen i morgon er den viktigaste kampen me nokon gong har spelt. Med siger mot Askvoll/Holmedal i morgon vil me ikkje berre unngå nedrykk til 5.divisjon, men me vil i praksis og rykka opp til fylket sitt øverste nivå. Det vil seia at me kan unngå nedrykk og rykka opp på ein og samme dag, og då burde premissane ligga klare for eit Veitastrondlag som bør og skal gje alt dei har att av krefter i sesongen 2010.

Les meir HER

Du kan følga heile den siste serierunden direkte på Firda.no.

Gå inn på denne linken; http://www.firda.no/fotball/live/?kamp_id=583925

 

  • HUGS TRENINGSAVGIFTA (08.10.10)

Dei spelarane som ennå ikkje har betalt treningsavgifta og lisensen fekk ei ny påminning om dette i går. Me ber dei som ennå ikkje har fått ut fingern om å raska på...

 

  • Syril tok 3 viktige poeng (05.10.10)

Som sikkert dei fleste har fått med seg så vann i går Syril 5-4 heime mot Årdal 2. Dermed er Syril oppe på 3.plass, og dei tok utvilsamt eit langt steg i kampen om å unngår nedrykk.

Har oppdatert tabellen i det ein serierunde gjenstår...

 

  • Oppdaterte statistikkar (04.10.10)

Me har no oppdatert våre tabellar og statistikkar etter gårsdagens kamp.

Minner ellers om at den siste kampen i den 21.serierunden går av stabelen i dag. Syril tek i mot Årdal 2 i det som er ein meget interessant kamp sett med Veitastrond sine auger. Me håpar på B, men trur på H...

 

  • Referat frå Førde 2 (03.10.10)

Me anbefalar at våre brukarar tek seg tid til å lesa Førde 2 sitt referat frå dagens kamp.

Referatet finn du HER

 

  • Veitastrond - Førde2 3-2 (03.10.10)

Veitastrond tok 3 uhyre viktige poeng då me i dag slo Førde 2 3-2 heime på Leikvoll. Kampen var eit nervedrama me sjeldan har sett makan til på Strondi, og engasjementet var stort både på og utanfor bana. Til pause var stillinga 0-0 etter at VIL brende eit hav av store sjansar. I 2.omgang gjekk bortelaget i leiinga, men heimelaget viste moral, snudde kampen og vann til slutt 3-2. Diverre så var ikkje værgudane på vår side i dag, og sjølv om det var imponerande mange som prioriterte å følga kampen frå tribuneplass så hadde det nok komme mange fleire om det var sol og pent vær. Det vil seia at me blant anna løyvde nokre kilo meir med fårikål enn me kanskje hadde håpa på...

Les meir HER

Andre resultat i dagens 4.divisjon;

Lærdak - Eikefjord 2-1

Gaular - Selje 3-5

Kaupanger - Skavøypoll 7-1

Sidan Lærdal vann sin kamp er ingenting avgjort for vår del, og me lyt gå for 3 poeng i siste kamp for å vera sikra plass i neste års 4.divisjon...

 

  • Dårleg vær = mat på skulen etter kampen (03.10.10)

Klokka er no 11:00, og det er 3 timar til kampstart og servering av fårikål på Leikvoll.

Diverre lyt me konstantera at regnet plaskar ned frå oven, og me har vel ikkje heilt trua på at dette vil gje seg med det fyrste. Me kan framleis lova dei som møter opp til kamp at det er mogleg å få kjøpt seg fårikål som me tidlegare har annonsert. For dei som ikkje tykkjer det er så fristande å stå ute i regnet å eta, så kjem det til å bli servert fårikål på skulen etter kampen.

Dvs at anten møter du opp på kamp kl 14:00, eller så ventar du til kl 16:00 og reiser til skulen. Sjølvsagt er det lov å få med seg begge deler.

Me ynskjer vel møtt uansett kor du møter opp ;) 

 

  • Før kampen; Veitastrond - Førde 2 (02.10.10)

Så er det klart for årets siste heimekamp for Veitastrond, og for ein kamp me står i møte med. Spaninga i 4.divisjon er i ferd med å nå klimaks og 6 lag kjempar om å kapra 4 ledige plassar i det som til neste år vil bli fylket sitt øverste nivå. Midt i dette racet står altså Veitastrond, og det gjer me i likhet med blant anna morgondagens motstandar Førde 2. Det vil seia at denne kampen er så viktig for begge lag som ein kamp i 4.divisjon får blitt. I tillegg til spaningsmomentet så vert det ein ekstra attraksjon i VIL-bua i morgon, der kokkane våre slår på stortromma og serverer fårikål. Dersom det er berre ein fotballkamp du har tenkt å sjå i 2010, ja så kan ikkje me skjønna noko anna enn at det må vera Veitastrond vs Førde 2 på Leikvoll Stadion i morgon.

Les meir HER

 

  • Kampprogram på nett (01.10.10)

For kvar heimekamp Veitastrond spelar så brukar me å dela ut kampprogram i forkant. Desse programma vert delt ut i posten til innbyggarane på Veitastrond, og dei vert ellers annonsert heftigt på butikken her inne. Framfor årets viktigaste heimekamp mot Førde 2 på søndag så ynskjer me at fleire skal få sjå korleis programma våre ser ut, og me prøver oss difor med å legga desse ut på nett. Kampprogramma er laga eigenhendigt av hovudtrenar Emil Heggestad, og han har og stort sett ide og manus bak det meste som er å lesa her. Desse programma er laga på enklast mogleg vis, er informative og interessant lesning føre kampane våre. Me gjer merksam på at hverken papir- eller nettutgåva tek sikte på å gjera noko teknologiske openbarringar med dette formatet...

Les meir HER

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com