-
Treningsstatistikken (28.09.07)
VIL har for lengst hatt sin siste trening for sesongen, og det er på tide å ta ein liten oppsummering. Me har som dei fleste nok har fått med seg førd statistikk for kvar trening, der kvar spelar har fått 1 poeng pr oppmøte og 1 poeng for kvar gong dei har vore på det vinnande laget på treninga. Med jamne mellomrom har me lagt resultata ut på nettet, og me er ikkje i tvil om at dette har hatt ein positiv effekt på treningsfeltet. Det er mykje prestisje i ein slik statistikk, og vinnarinstiktet har gjennom heile sesongen vore på topp på treningane. Dette har førd til at treningskvaliteten har vore upåklageleg denne sesongen.
Det var lenge jamt om kven som skulle stikka av som vinnar, men til slutt fekk Bjørn Molland ei lita luke og vann til slutt med 57 poeng. Dette var 2 poeng føre Gøran Fimreite og Even Kvam som begge enda med 55 poeng. Me gratulerer Bjørn som årets beste på treningsfeltet til VIL-fotball!
Til saman har me gjennomført 43 treningar sidan me starta i januar. Det er 43 ulike sjeler som har registrert oppmøte på treningane våre, og av desse har 24 spelt obligatorisk kamp. I snitt har me hatt ca 15,7 mann pr trening. Med tanke på at oppmøtet som vanleg fall litt på slutten av sesongen er dette eit gjennomsnitt som er meget bra, og på mange måtar er klubben avhenging av eit slikt oppmøt om den skal fungera sportsleg. Samanliknar me med fjorårets sesong var det vel knapt ein einaste trening me var oppe i 15-16 mann, så den biten har me sjerpa inn i år.
Richard Nes er den som har registrert flest oppmøtte med 39 treningar, han er tett fulgt av Bjørn Molland og Gøran Fimreite med 38. Når det gjeld vinnaruttelinga er det fyrst og fremst Helge Skjælaaen som skil seg ut med ein vinnar % på 66,67 på 30 treningar. Ellers bør ein så absolutt legga merke til Arne Nes som har ein vinnar % på heile 80 på 10 oppmøtte treninar.
I motsatt ende ligg Vidar Vadseth dårleg til med berre 27,78% vinnar på 18 treningar, også Richard Nes er langt nede på denne lista med sine 35,90%. Går ein litt lenger ned på lista skil og veteranen Frank Heggestad seg ut då han ikkje makta å få seg ein einaste siger på dei 6 treningane han var på.
Den komplette treningsstatistikken for 2007 finn du HER
Har no laga til litt statistikk som syner kva spelarar som har vore i aksjon for VIL i sesongen 2007, og korleis dei ulike ha prestert.
Du finn statistikken HER
Som dei fleste nok har fått med seg så rykka Veitastrond denne sesongen opp ifrå 6.divisjon til 5.divisjon. Hovudgrunnen til at me får sjansen til å prøva oss på eit høgare nivå er at kretsen legg om ein del på divisjonssystemet. Dette inneber blant anna at 5.divisjon vert utvida frå 10 til 16 lag, og det er via denne omlegginga at me snik oss med i 5.divisjonssirkuset 2008.
No er det endå ikkje heilt bestemt korleis lag som vil vera å finna i divisjon vår til neste år, men me har likevel gjort eit forsøk på å resonera oss fram til eit mogleg oppsett.
For å finna ut kva me har synsa oss fram til tastar du deg inn HER
-
Vinnar av tabellkonkurransen (25.09.07)
Sesongen er no overstått, og med det kan me endeleg kåra ein vinnar i tabellkonkurransen vår. Her oppmoda me brukarane om å senda inn korleis dei trudde tabellen i 6.div avd 1 ville enda, samt at de skulle tippa på toppscorar, assistkonge og raotass. Me fekk i alt inn 12 svar og av desse var det 3 stk som skilde seg ut. 2 av desse var Hildegunn Heggestad og Ivar Melby som oppnådde klart dårlegaste resultat med henoldsvis -6 og -8 poeng.
Den siste som skilde seg ut var den einaste som oppnådde + poeng, og havna heile 3 poeng føre nestemann. Vinnaren var ingen ringare enn Frank Heggestad!!!! Franken har vore ein av dei ivrigaste å svara på konkurransane våre, og det er soleis fullt fortent at han endeleg stikk av som vinnar. Ei knalltøff t-skjurte er snart på veg i posten til deg Frank.
For å sjå fullstendig resultatliste så sjekk ut konkurranse 4 HER
I tida som kjem vil me her på Veitastrond.com gje dykk statistikka og oppsummeringar av sesongen 2007. Me tek det litt etter litt, så det er altså berre å stikka innom sida år jamnleg for å sjå unike facts & statistics for opprykksesongen 07!
-
Veitastrond avslutta sesongen med tap (24.09.07)
Eit skadeskutt VIL lag spelte i dag sin siste kamp i 6.divisjon for denne omgang, og avslutta med tap 4-7 borte mot Balestrand. Med dette har me avslutta sesongen med 1-9, 11-2 og 4-7 - kanskje ikkje den stabiliteten som trengs no når me skal opp eit nivå?
Les alt om kampen HER
Andre resultat frå avdelinga vår; Hafslo - SIL3 4-1 og Norane - Aurland/Lærdal2 5-4 (gratulerar Norane med årets fyrste siger)
-
Før kampen; Balestrand - Veitastrond (23.09.07)
I morgon er det klart for årets siste seriekamp. Veitastrond tek då turen til Kreklingen Stadion for å spela mot Balestrand. Ingen av laga har noko som helst å spela for då Veitastrond er sikra 2.plassen medan Balestrand står fast på 5.plass.
For vår del er Even framleis suspendert, medan Helge, Petter, Arne, Frank, Arvid og Pelle har meldt avbud.
Dei 11 som startar er sannsynlegvis; Gøran - Ole Kristian, Øivind, Jon Arne - Ivar, Geir, Erlend, Kim Andre - Bjørn - Richard, Vidar. På benken; Emil, Øyvind, Jan Erik og Øystein.
Tidlegare i år har me speld 3 gonger mot Balestrand (2 serie- og 1 trenigskamp) der me har vunne alle 3. Balestrand er eit lag me tradisjonelt sett har hatt eit godt tak på, og særleg på kunstgraset i Balestrand har me til tider spelt glimrande fotball.
Kampen i morgon byrjar kl 18:00.
-
Aksjonerar for Frank Heggestad comeback (20.09.07)
Ein motivert Frank Heggestad som satsar 100% for VIL i 2008. Det er målet for supportarane som i dag stod utanfor Matkroken og sanka underskrifter.
Les meir om aksjonen HER
Veitastrond vann i dag 11-2 heime mot Norane. Les referat frå kampen HER
Har vore i kontakt med Emil Heggestad som har bestemt seg for følgande startoppstilling;
Gøran - Ole Kristian, Ivar, Øivind - Arne, Emil, Erlend, Helge - Bjørn - Richard, Vidar
På benken; Jon Arne, Øystien, Frank og Arvid.
-
Før kampen; Veitastrond - Norane (17.09.07)
Etter ein framifrå haustsesong så fekk Veitastrond seg ein solid nedtur då me tapte 9-1 heima mot Hafslo på fredag. Med dette tapet har me i praksis ikkje noko å spela for i dei siste to kampane, då me er 6 poeng før A/L2, men med 30 fleire pluss mål skal det meir enn eit under til om me skulle rota bort 2.plassen. Framfor oss er Hafslo no 7 poeng føre og utan rekkevidde. Det vert då spanande å sjå om det er eit motivert Veitastrond lag som entrar Leikvoll i morgon, eller om spelarane gir blanke mot tabelljumbo Norane...
Even og Geir er begge suspenderte til denne kampen, og førstnevnte er truleg ute i begge dei to siste kampane. Ellers har Petter brote tåa, og er ute for resten av sesongen, og det samme rekna me med at Pelle er.Kim Andre jobbar annankvar veke, og me tvilar på om han tek turen til Strondi i morgon. Frank vert etter det me veit heller ikkje med, medan dette kanskje vert siste sjanse for Arvid i år til å få seg ein kamp og dermed slå sin eigen klubbrekord som eldste spelar med eit år. Dei 11 som startar har me diverre ikkje oversikt over.
Vår motstandar Norane står framleis bokført med 0 poeng til trass for at dei vart betydeleg styrka i sommar. Nærast poeng var dei då dei tapte knepet 2-3 mot Balestrand. Veitastrond.com har likevel grunn til å tru at det er sterke krefter innad i Norane som har utruleg lyst til å ta skalpen på strendingane, og kanskje kan eit lita og gjørmete Leikvoll vera staden der absolutt alt kan skje i morgon. Ei kjelde frå Norane som me har vore i kontakt med legg i allefall ikkje skjul på at dei i morgon går for minst eit poeng.
Det var lenge usikkert om denne kampen kunne spelast på Strondi då Leikvoll mest såg ut som ein potetåker etter kampen mot Hafslo. Dette er ikkje noko problem no, då var alltid like fantastiske banemann Johannes Nes har fiksa, pleia og kosa med Leikvoll heilt sidan fredgaskvelden. Banemannen er ikkje i tvil om at bana held mål til morgondagenskamp, men etter Hafslo-kampen er han meir i tvil om han vil seie det samme om VIL-spelarane.
Møt opp til årets siste heimekamp. Kampstart er kl 18:00. Vel møtt!
Dagen derpå etter det skuffande braktapet mot Hafslo i dag. Det har i dag pågått heftig møtevirksomhet innad i VIL-fotball der det det går rykter om at trenar Emil Heggestad har stilt plassen sin til disoposisjon. "Eg føler det heilt naturleg at stillinga mi vert evaluert på lik linje med andre ting i klubben. Etter eit slikt tap mot erkefiende må me sjølvsagt gjera nokre grep" uttalde trenaren før det bar inn i møtelokala. Det er endå ikkje klart kva utfallet i denne saka vart.
Andre ting som vart diskutert på møtet var om me skulle stenga bommen på Soget for ei tid framover slik at me slapp å sjå sigersrike haflsobøgdinar inn i augene, men me fann ut at me får svelja vår eigen stolhet og heller leva med skammen ei stund framover...
Har ellers trekt ut vinnaren av konkurranse 8. Me fekk inn i alt 15 svar der 7 stk visste at rett svar var Bjørn Molland. Fekk elles inn forslag på både Frank Heggestad, Emil Heggestad og Even Kvam, men desse var alle feil.
Vinnaren av konkurransen er ingen ringare enn sjefen sjøl (enn so lenge?); Emil Heggestad!
Me gratuelerar!!!
-
Øystein Heggestad stal showet frå Hafslo (14.09.07)
Veitastrond dreit på draget i dag, og tapte med ufattelege 1-9 i lokaloppgjeret mot Hafslo. Etter 0-1 og jamnspelt 1.omgang, vart VIL redusert til 10 mann tidleg i 2. og derifrå og ut vart det einvegskøyring.
Midt i skuffelsen over tapet tek me likevel med oss eit utruleg stort lyspunkt frå denne kampen. På stillinga 0-7 reiste nemleg Øystein Heggestad fram og satte eit straffespark inn i nota til 1-7 redusering. Dette var verkeleg eit magisk augneblink og på mange måtar gjer det opp for ein ellers skuffande kveld.
Les meir om kampen HER
-
Før kampen; Veitastrond - Hafslo (13.09.07)
I morgon er det klart for tredje og siste lokaloppgjer mellom naborivalane Veitastrond og Hafslo. For VIL sin del er det så greitt som det at denne kampen må vinnast om me framleis skal ha håp om å vinna avdelinga. Uansett om me ikkje skulle vinna avdelinga vil ein siger i denne kampen vera utruleg prestisjefylt, og ein vil då vera best i innbyrdes oppgjer - berre det skulle nok me leva lenge på.
Tidlegare i år har me spela to tøffe og jevne kampar som har enda 0-0 og 1-1, og det meste talar for at kampen i morgong vil bli like tett. Kanskje får publikum sjå litt fleire scoringar mellom dei to laga i morgon?
For vår vel er det berre Erlend, Frank og Pelle som ikkje vert med, medan Arne og Øivind er usikre, men mest truleg er dei tilgjengeleg for trenarduoen. Sannsynlegvis så startar me med dette laget (har ikkje snakka med trenaren så dette er det som veitastrond.com trur); Gøran - Øivind, Even, Geir - Helge, Emil, Petter, Øyvind - Bjørn - Richard, Vidar. På benken; Jon Arne, Kim Andre, Jan Erik, Ivar, Ole Kristian, Arvid, Arne og Øystein.
Hafslo har vore suverene så langt i sesongen, og har endå ikkje tapt i årets sesong. Dei ryktast å ha nærast fullt mannskap klar til kamp i morgon, noko som blant anna inkluderar Sogn sin nye kjendis; Idol Marius...
Kampen startar kl 18;00, og me håpar at det vert stinn brakke på Leikvoll Stadion i morgon.
Veitastrond vann i dag 4-3 borte mot Aurland/Lærdal2. Sigeren var fullt fortent, og den burde så absolutt ha vore større. Diverre sleit VIL med å omsetta sjansane sine, og dei måtte slita for å ta med seg alle poenga. Les referat frå kampen HER
Andre resultat frå avdelinga vår; Hafslo - Balestrand 6-2, Norane - SIL3 1-5
Den utsette kampen mot Hafslo vil bli spelt på fyrstkommande fredag på Leikvoll Stadion. Kampstart er kl 18:00. Me kjem tilbake med meir info om denne kampen om ikkje lenge....
Då Bjørn Molland satte inn VIL sitt 4. mål i kampen mot SIL3 på tysdag, satta han samstundes inn Veitastrond sitt 200. offisielle mål. Sidan Gaute Olstad satte inn VIL sitt første mål borte mol Balestrand i 2004, har me altså hatt nettsus heile 199 gonger etter det.
Dette er ein milepæl for VIL-fotball, og det er berre å kryssa fingrane for at det vert mange fleire mål i framtida.
I morgon tek Veitastrond ut på årets lengste bortetur når me reiser over fjorden til Fodnes, og vidare gjennom eit par tunnellar til me endar opp i Aurland. Her ventar Aurland/Lærdal2 som ligg på 3.plass, 3 poeng bak oss. Denne kampen vert soleis heilt avgjerande for kven som kjem på dei 3 første plassane i avdelinga. Vinn Veitastrond er me 6 poeng føre Aurland, og gjer dermed 2.plassen til vår eigen og har framleis håp om å ta att Hafslo. Skulle Aurland vinna vil dei komma opp på samme poengsum som oss, og Hafslo vil sannsynelgvis vera så godt som klare som avdelingsvinnar.
Me har møttest to gonger før denne sesongen. Første gongen vann me 6-1 borte mot dei i ein kamp som gjekk på kunstgraset i Lærdal, medan aurlendingane tok revansje og slo oss 3-2 i vår eiga leikegrind rett før sommarferien.
For VIL sin del har Arne, Erlend, Geir, Frank og Pelle meldt avbud til denne kampen. Dette vil seia at me mest truleg startar med fylgjande 11 i morgon; Gøran - Øivind, Even, Ivar - Helge, Petter, Emil, Øyvind - Bjørn - Richard, Vidar. På benken har me då; Jon Arne, Ole Kristian, Arvid, Kim Andre, Øystein og Jan Erik.
Kampen startar kl 18:00, og me oppfordar alle VIL-fans om å ta turen til fagre Aurland for å heia fram dei for anledningen svartkledde!
-
Treningsstatistikken spissar seg til (07.09.07)
Det gjenstår no i underkant av ei håndfull treningar igjen denne sesongen. Det vil seia at me snart kan kåra ein vinnar av treningsstatistikken, som me har hatt gåande sidan treningane byrja i januar. Til no har me hatt 42 treningar, og slik det ser ut no er det 3 mann som kjem til å kjempa om denne tittelen. Dette er Bjørn Molland som leiar med 55 poeng, og Gøran Fimreite og Even Kvam som begge fylgjer tett bak med 54 poeng. Næraste utfordrarar bak desse er Richard Nes og Helge Skjælaaen med 52 og 50 poeng, men mest truleg vert desse for langt bak.
Ein kan altså venta seg at det vert eit skikkeleg race på slutten, og tenning på treningsfeltet burde ikkje vera noko mangelvare no når det nærmar seg sesongslutt.
Oppdatert treningsstatistikk funn du HER
Minner elles om at det framleis er ei veke att til å levera svar på konkurransen. Me har fått inn ein del svar, men her er framleis plass til fleire....
Veitastrond.com ynskjer brukarane ei god helg!
Veitastrond sitt siste tilskot til spelarstallen, Kim Andre Navarsete, har fylt ut spelarprofilen sein.
Du finn profilen til Kim Andre HER
Veitastrond overbeviste stort då dei i dag vann 4-0 over Sogndal 3 i Storhallen. VIL styrte det meste av kampen frå start til mål, og sigeren var så fortent som den får blitt. Referat frå kampen finn du HER (anbefalar ellers å lesa gjennom gjesteboka, då Hildegunn Heggestad oppdaterte denne live under kampen)
Trass i 3 poeng hjalp det ikkje stort mot Hafslo som vann 7-1 mot Norane. I ein annan kamp i avdelinga vann Balestrand 3-2 mot Aurland/Lærdal2.
-
Før kampen; Sogndal 3 - Veitastrond (03.09.07)
Veitastrond tek i morgon turen til Sognahallen for å spela mot Sogndal 3. Det bør vera eit revansjelystent VIL-lag som i morgon entrar bana med det pinlege 4-10 frå vårsesongen friskt i minne.
Dei som mest truleg ikkje vert med til kampen i morgon er Arne Nes (skada), Per Helge Hågvar (skada) og Kim Andre Navarsete (jobbing). Dette vil seia at me kjem til å gjera ei endring frå laget som starta mot Hafslo ved at Vidar Vadseth kjem inn på topp i staden for Arne. Dette gjer oss følgjande startellevar (3-4-1-2);
Gøran - Øivind, Even, Geir - Helge, Emil, Petter, Erlend - Bjørn - Richard, Vidar
På benken sit då; Jon Arne, Arvid, Ivar, Ole Kristian, Frank, Øyvind, Øystein og Jan Erik.
Veitastrond har hatt ein god start på haustsesongen med sigerar mot Norane, Balestrand og poengdeling mot Hafslo. Morgondagens motstandar er nok det laget som me tykkjer har vore det aller beste av motstandarane våre i 6.div, og me tykkjer det er underleg at dei ligg sopass dårleg an på tabellen som dei gjer. I fyrste møtet så vann me knepent 4-3 i Sognahallen, medan me fekk rundjuling og tapte 4-10 heime på Leikvoll i noko som må kallast ein parodi av ein fotballkamp.
Likevel må me finna oss i å vera favorittar til kampen i morgon. Mykje av grunnen til dette er at SIL3 har mista mange av sine beste spelarar sidan vårt forrige møte. Både Stian Solberg, Torstein Yttri og Tore Madsen har forlete kvittrøyene, Daniel Fylling er skada og Jon Erik Myhre starta for SIL2 i kvelden kamp mot Årdal og er heller ikkje tilgjengeleg. Desse forfalla kjem utvilsamt SIL3 til å merka, men me er likevel sikre på at dei unge spelarane deira kjem til å kjempa godt ifrå seg likevel.
Kampstart er 19:30.
Har laga ein statistikk for august. Du finn den HER
-
Ny konkurranse (01.09.07)
Det er fyrste dagen i september og hausten nærmar seg faretruande. For å gje brukarane våre eit lite lysglimt i regntunge dagar serverer me dykk difor Konkurranse 8. Det er ei stund sidan me har vore ute med konkurranse no, og etterspørselen har mildt sagt vore plagsom.
Trykk på logoen ovanfor, og ver med i trekning av ei knalltøff VIL t-skjurte, lik den som Richard Nes har på bildet til høgre.
I ein kamp i 6.divisjon i går vann SIL3 3-1 over Balestrand. Med denne sigeren tok dei på ny over 4.plassen i avdelinga i staden for Balestrand. Med siger mot VIL på fyrstkommande tysdag vil dei vera med å kjempa om dei tre øverste plassane. Har oppdatert tabellen under Årets Sesong...