Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; SEPTEMBER 2008

  • Gåva til Katrin Lerum sitt Minnefond (29.09.08)

Mykje nyhende på ein sådan dag, men dette får så vera.

Tykkjer det i aller høgaste grad er verdt å nemna at det under kampen i går vart samla inn til saman kr 19 073,- til Katrin Lerum sitt Minnefond. Pengane kom frå billettinntektene, loddsalg og gåve frå våre sponsorar.

VIL-fotball er glade for at me kan bruka lokalfotbalen til å samla inn pengar til ei så god sak, og me vonar at Minnefondet får god nytte for pengane.

Me ser ikkje bort ifrå at me kjem til å gjera noko liknande igjen i framtida!

 

  • Bilder frå Bjørn kampen (29.09.08)

Då har me endeleg fått bildene frå gårsdagens kamp klare. Me har dermed pynta opp kampreferatet, og lagt ut eit større bildegalleri.

Du kan sjå alle bildene HER

Oppdaterte statistikkar

Har og oppdatert alle tabellar og spelarstatistikkar.

No får me 2 offisielle kampar til for sesongen slik at dei spelarstatistikkane som ligg ute no ikkje er endeleg. Ennå er det altså for tidleg å seia kven som vert toppscorar, assistkongen, raotasen og VIL-stjerna.

Det som imidlertid er avgjort no er LUSTRASERIEN, og dersom det skulle vera nokon som var i det minste tvil så vant Veitastrond og denne tabellen med til saman 8 poeng, føre Bjørn med 5 p og Hafslo nederst med 2 poeng.

Veitastrond vann ein gong mot kvar og spelte og ein uavgjort mot kvar. Desse tala berre bekreftar då ein gong for alle kven som er best i Luster Kommune.

 

  • KM-finale mot Førde 3 (29.09.08)

Det er dagen derpå for Veitastrond Fotball, og medan rusmidlene frå sigersnatta er i ferd med å forlata kropp og sjel så sit framleis opprykksrusen godt i oss endå og det kjem den nok til å gjera leeeenge.

Med sigeren mot Bjørn i går vil det og seia at sesongen ikkje er heilt over ennå. No ventar 2x opprykkskamp mot Førde 3, som vann 5.divisjon avd.2. Me møter dei fyrst "heime" på treningsfeltet på Hafslo på fyrstkommande søndag (5.oktober) kl 15:00. Returoppgjer i Førde på torsdag 9.oktober. Vinnaren av denne kampen vil då motta pokalen som syner at dei er kretsvinnar i 5.divisjon.

Etter ein haustsesong som har vore meir spanande enn ein vanleg mann strengt tatt kan tåla så skal det bli godt å avslutta med desse to kampane no. Dette vert to viktige kampar som eigentleg ikkje betyr så mykje, så her bør det verkeleg vera rom for å senka skuldrane og kosa seg ute på bana. Me gler oss stort til å vera med å kjempa om KM tittelen, og forhåpentlegvis kan me ta med oss pokalen framatte på Veitastrond.

Kan og ta med at Førde 3 ikkje rykker opp til 4.div då Førde 2 allereie befinn seg i denne divisjonen. I staden rykker Eid 2 opp saman med oss frå 5.divisjon!

Me vurderte og å arrangera ein kamp på nøytral bane i staden for 2 kampar, men sidan avstandane ikkje er så avskrekkande så tek me heller to kampar. Dette vil då sei at Geir Aardal får sona ferdig sin 3 kampars karantene, og er klar til seriestart 2009.

 

  • Veitastrond - Bjørn 5-3 - 4.divisjon HERE WE COME!!! (28.09.08)

Gaupne, Bjørn, Kommunesenteret, Pyramiden, NTP, Frode Kvalsøren, Joar Fossøy, Erling Bjørnetun - me har slått dykk alle saman. Me er Veitastrond Fotball og me er best i Luster Kommune, ja, eigentleg føles det i dag som at me er best i heile verda. VIL stod for ein prestasjon av dei sjeldne i dag då me tok steget opp til 4.divisjon etter å ha nedsabla Bjørn 5-3 i seriefinalen på Hafslo Stadion i dag. Kampen vart prega av at Bjørn sin midtstoggar Stig Rune Kjos vart utvist etter 15 min, og Veitastrond hadde stort sett god kontroll gjennom heile kampen.

Les meir om kampen HER (bilder frå kampen kjem anten i kveld, eller i morgon)

Hafslo rykka ned

Midt i vår eiga gledesrus så tek me oss og tid til å senda nokre trøystande ord til vår nabo Hafslo. Dei tapte i dag 3-2 borte mot Vadheim/Høyang2, og må dermed ta den tunge vegen ned i 6.divisjon. Dette er nok eit hardt slag for hafslobøgdinane, og det skal bli spanande å sjå kva konsekvensar dette får for dei gul-kledde.

Dei andre resultat i avdelinga i dag;

Jølster2 - Breimsbygda 3-3

Kaupanger2 - Gaular 0-2

 

  • Før kampen; Veitastrond - Bjørn (27.09.08)

Det nærmar seg no for alvor søndag og seriefinale i 5.divisjon avd.1. Me tykkjer ikkje me kan seia at me tek i mot Bjørn på vår heimebane, men seier heller at begge lag i morgon reiser til Moane og Hafslo Stadion for å gjera opp seg i mellom. Det har vore ein spanande sesong for VIL-fotball som har innehaldt mykje dramatikk, men alt i alt vore ein stor opptur. Me vonar at me avsluttar sesongen med ei positiv oppleving i morgon og tek opprykkstoget til 4.divisjon. Uansett kjem dette til å bli ein gysare av dei sjeldne, og me trur på ein folkefest i Moane i morgon.

Les meir HER

 

  • Billettinntektene (26.09.08)

Ei lita presisering angåande billettinntektene til Bjørn kampen.

Tanken her er at me gjer halvparten av inntektene til Katrin Lerums Minnefond, medan me gjer den andre halvparten til Hafslo for leige av stadion. Me oppfordrar då Hafslo til å gje sin halvpart til samme formål, og dette gjer dei då sjølsagt. Ikkje det at det betyr så mykje, men dette er då for å presisera at det er eit samarbeid mellom Veitastrond og Hafslo som gjer at alle billettinntekter går til ei god sak.

Vidare vonar me då at sponsorane får dei to klubbane, samt sponsorane til Bjørn vil vera med å bidra til at me kan overrekka ei endå støtte gåve.

Me kjem og muligens til å ha eit loddsalg under kampen der desse inntektene og går til minnefondet. Dette er ikkje 100% i boks ennå, men for sikkerhetsskuld så oppfordrar me publikuen om å ta med rikeleg med grunkar til kampen!

 

  • Billettinntektene frå Bjørn kampen går til ei god sak (25.09.08)

I samband med den avgjerande toppkampen mot Bjørn har me bestemt oss for å gje billettinntektene frå kampen til Katrin Lerums Minnefond. Hafslo har synt seg som gode naboar og gjorde ein fin gest mot oss når me får låna heile stadionanlegget deira gratis. Me tykkjer difor det vert feil at me skal sitta igjen med alt overskotet frå denne kampen, og me tykkjer det er ein fin anledning til å støtta ei god sak.

Les meir HER

Spanande både i topp og botn

Det er ikkje berre på Moane det vert spanande på søndag. I Høyanger møtest Vadheim/Høyang 2 og Hafslo, og taparen av denne kampen går rett ned i 6.divisjon. VIL-fotball ynskjer begge lag lukke til i denne kampen, men me legg ikkje skjul på at me aller helst ser at Hafslo klarar å unngå nedrykk. Dersom VIL tapar kampen mot Bjørn vil det verta ein nedtur å ta fatt på neste års 5.divisjon utan eit einaste Lustraderby å sjå fra til.

Kan og ta med at Kaupanger 2 og Gaular møtest i det som vert kampen om 3.plassen. Dersom VIL tapar mot Bjørn vil vinnaren av denne kampen gå forbi oss og kapra 2.plassen.

Det går mot ein utruleg spanande siste runde i 5.divisjon avd.1, og me gler oss!!!!

 

  • Helge Skjælaaen legg seg pannekakeflat (22.09.08)

Det er no godt over ei veke sidan VIL-spelar Helge Skjælaaen kom med sine uheldige uttalelsar der han undra på kva ein rundball er. Uttalelsane sende sjokkbølger gjennom heile VIL-fotball og skapte store overskrifter. Hovudpersonen sjølv har sidan den gong valgt å halda ein låg profil og har ikkje svart på nokon av hendvendelsane frå pressa. I dag letta imidlertid endeleg Helge på sløret, eller skal me seia rundballeplasten, og det var ein audmjuk bergensar som møtte Veitastrond.com og kom med ein appell til VIL-fansen.

Les meir HER

 

  • Kaupanger 2 gjorde jobben for Veitastrond (21.09.08)

Det vart ulideleg spanande for alle i og rundt Veitastrond Fotball i dag, då Kaupanger 2 i dag gjorde jobben for oss og spelte uavgjort 2-2 borte mot Bjørn. Med siger til Bjørn i dag ville dei allereie vore klare for 4.divisjon, men med uavgjort vert det heile no avgjort i innbyrdes oppgjer mellom Veitastrond og Bjørn neste søndag. Alt er no duka for årets fotballkamp, og me håpar på eit fyrverkeri både på og utanfor bana.

Les meir HER

 

  • Spanande dag (21.09.08)

Me som er involverte i årets 5.divisjon avd.1 står framfor ein meget spanande dag. Dette er nemleg dagen då Bjørn har sjansen til å avgjera avdelinga på eigahand, og gjera til at den spanande siste kampen mellom Veitastrond og Bjørn vil fortona seg som ein ubetydeleg søndagstur i parken.

Veitastrond har hatt ein dårleg haustsesong i forhold til vårsesongen, og på 6 kampar står me bokført med 2 sigrar - 2 uavgjorte - 2 tap. Me lyt vel seia at me har øydelagt mykje for oss sjølve, og spesielt dei so siste kampane som har enda med tap mot henholdsvis Gaular og Jølster 2 kan no sjå ut til å bli meget avgjerande.

Me vonar likevel at me skal få ein ekstra sjansen i dag ved at Kaupanger 2 tek rotta på Bjørn inne i Gaupne. Dei burde i allefall vera topp motiverte til denne kampen, då dei framleis har ein fair sjanse til å stjela opprykket frå både Bjørn og Veitastrond på slutten. Vinn KIL2 i dag og mot Gaular i siste kamp, samt at VIL og Bjørn deler poeng i siste kamp så er det duka for 4.divisjonsspel på Kaupangerskogen til neste år.

Veitastrond kler seg i dag i grønt og krysser alle fingrar for at Kaupanger 2 skal gjera jobben inne i Gaupne!

HEIA KAUPANGER 2!!!!

 

  • Jølster 2 - Veitastrond 6-5 (19.09.08)

Det var ikkje godt å sjå at det var Jølster 2 som var botnlaget og Veitastrond som var topplaget i denne topp mot botn kampen i dag. I det som vart eit nytt målkalas vann til slutt Jølster 2 kampen 6-5, og opprykksdraumen til Veitastrond heng dermed i ein syltynn tråd. For fyrste gong denne sesongen er me avhengige av å få hjelp frå andre lag, og dersom Bjørn gjer jobben mot Kaupanger 2 kan gopninane feira opprykk allereie søndag. Eit ekstra skår i gleden i dag var at Even Kvam og Geir Aardal begge vart utviste, og er dermed uaktuelle til siste kampen.

Les meir om kampen HER

I ein annan kamp i avdelinga vann Hafslo i dag 5-2 mot Breimsbygda.

 

  • Veitastrond - Hafslo på Sport Jukeboks (19.09.08)

Det er no ikkje berre på internett ein kan sjå klippet til NRK frå kampen Veitastrond - Hafslo opp igjen. No har og klippet kommet på NRK sitt program Sport Jukeboks. Dette programmet går stort sett anten på natta eller midt på dagen på både NRK1, 2 og 3. Her har NRK samla alle dei viktigaste og beste klippa frå sitt arkiv, og ein kan her sjå klipp frå OL, Fotball EM/VM, historiske tippekampar og no sjølvsagt og klippet frå Veitastrond - Hafslo.

Det er sjåarane sjølve som bestemmer kva som skal visast, og dette gjer ein ved å stemma på SMS. Klippet vårt har navnet 7686 Opprykkskamp i 5.divisjon på Leikvoll, og for å stemma skriv du klipp 7686 og sender til 1987.

Redaksjonen i Veitastrond.com prøvde ut dette på sendinga i dag tidleg, og me måtte senda 6 sms`ar for å komma på TV. Dette kostar noko slikt som 5 kr pr melding, men er etter vår meingin vel anvendte pengar!

Vil tru at NRK etterkvart fjernar klippa som aldri får stemmer så me oppfordrar difor alle våre fans til å stemma seg i hjel - det er dykk vel undt!

 

  • Før kampen; Jølster 2 - Veitastrond (18.09.08)

Etter over 14 dagars pause er det i morgon endeleg tid for ny kamp for Veitastrond Fotball. Denne gongen tek me turen til Skei for å spela mot Jølster 2, i det som vert vår viktigaste kamp sålangt i år. I kampen om opprykk vert dette truleg ein vinn eller forsvinn kamp for vår del, og samstundes er kampen vel så viktigt for heimelaget som nok bør vinna minst ein av sine to siste kampar dersom dei skal unngå nedrykk. Altså så ligg alt til rette for ein nervepirrande duell mellom desse to laga!

Les meir HER

 

  • Gamle Leikvoll Stadion - eit tilbakeblikk (15.09.08)

Som kjendt så er utbygginga av Leikvoll Stadion så og seia ferdig utbygd og ferdigsådd, og me kan no berre venta på at naturen gjer sitt så Nye Leikvoll Stadion er klar for spel til neste sesong. Bak oss legg me no 5 år med seriefotball på gamle Leikvoll Stadion, og me nyttar anledningen her til å ta eit lite tilbakeblikk på historia til bana vår. Dette er mykje det samme som John Molland las opp i pausen mellom Veitastrond og Hafslo 1.september.

Les meir HER

 

  • Bjørn sigra mot Jølster 2 (14.09.08)

Iflg Bjørn-spelar i gjesteboka vår så vann Bjørn i dag 5-0 borte mot Jølster 2. Dermed overtek dei tabelltoppen frå oss for fyrste gong sidan den 5. serierunden. Dei ligg no 1 poeng føre oss.

For oss får dette ikkje så veldig mykje å seia, då me framleis vil klara opprykk dersom me vinn dei to siste kampane våre. Einaste er at det no er umogleg for oss å avgjera det heile før skjebenkampen mot Bjørn i siste serieomgang. I staden får me kniven på strupen når me møter Jølster 2 på fyrstkommane fredag - tapar me her er det stor fare for at opprykksdraumen går i grus...

 

  • VIL-stjerner på fisketur (14.09.08)

Spelarane på Veitastrond sitt stjernegalleri får av og til tid til å sysla med andre ting enn fotballsparking. Når dei ein sjeldan gong har fri så er dei faktisk akkurat som den vanlege mannen i gata, og dei har heilt vanlege interesser. For trioen Emil Heggestad, Richard Nes og Kurt Heggestad er det som regel fisking som står på programmet når dei har tid til overs, og på forrige onsdag fekk dei verkeleg prøva ut fiskelykka då dei nytta heile dagen til ein kombinert fiske- og fjelltur i Tuftebotn framme på Veitastrond. Me i veitastrond.com har vore så heldige å fått Richard Nes til å skriva eit lite turreferat til oss...

Les meir HER

 

  • Nye Leikvoll tek form (13.09.08)

I går kveld vart førebels siste hand på verket lagt til utbygginga av Nye Leikvoll Stadion. Johan Hilleren har dei siste vekene gjort ein imponerande jobb med gravemaskina, og i går kveld var det dugnad på bana der me plukka stein og torv og til slutt så fekk me sådd bana. Alt ligg no til rette for at 2009 sesongen vert eit kjempeår heime på Leikvoll.

Les meir HER

Gaular tapte

Breimsbygda vann i går 3-1 heime mot Gaular, og dermed er truleg Gaular ute av opprykksdansen. Dei ligg no 5 poeng bak i det 2 serierunar gjenstår, og det skal meir enn eit mirakel til om dei skal klara å vinna avdelinga no.

Tidlegare i veka vann Kaupanger2 3-2 mot Vadheim/Høyang2, medan Jølster2 slo Hafslo 3-0 borte. Hafslo ligg dermed sist i avdelinga, og dei må snart vakna opp nede på Hafslo dersom dei skal spela 5.divisjon neste år og.

Jølster2 og Bjørn avsluttar den 12.serierunden på søndag.

 

  • Kva er ein rundballe? (11.09.08)

Veitastrond Fotball har lyst og framstå som ein inkluderande klubb der me ikkje set noko krav til hverken det eine eller det andre for å vera med oss å spela. Heller ikkje kunnskapsnivå er noko me har lagt særleg vekt på - i allefall ikkje før no. Tidlegare denne veka glimra nemleg VIL-spelar Helge Skjælaaen med sin utrulege uvitenhet om noko av det ein som spelar på Veitastrond kanskje bør veta mest om, og me snakkar sjølvsagt om bondeyrket. På veg til trening frå Sogndal til Hafslo på måndag holdt trenar Emil Heggestad på å køyra av vegen då Helge med sin bergensdialekt spurte; "hva er egentlig disse hvite greiene som ligger på jordene rundt omkring?"

Les meir HER

 

  • PRESSEMELDING; ang trenarduoen (08.09.08)

I løpet av helga har det versert mange rykter rundt trenarduoen til Veitastrond Fotball. Etter ein haustsesong der resultata ikkje har vore heilt som forventa, og spesielt baklengsmåla har vore mange bak eit rufsete VIL-forsvar har me i Veitastrond Fotball registrert at mange no stiller spørsmålstegn til trenarane våre. I helga tok dette ei ny vending då sentrale personar innad i VIL-styret tok dette opp på dagsorden, og krevde eit ekstraordinært styremøte for å diskutera saka. Me føler det er rett å informera spelarar, fans og støttespelarar om utfallet av dette møtet med ei offisiell pressemelding.

Les meir HER

 

  • Valgte Veitastrond Fotball framfor R.E.M. (07.09.08)

Veitastrond spelte som kjendt viktig bortekamp mot Gaular i veka som var. Til denne kampen hadde Veitastrond ein del forfall, då blant anna det var ein gjeng som hadde billettar til den amerikanske rockegruppa R.E.M. sin konsert i Bergen.

Ein av dei som hadde billett til denne konserten var VIL-guru og hovudtrenar Emil Heggestad. Det er ein kjendt sak at han er stor fan av bandet, og han har tidlegare vore på flerie konsertar med dei. Han var difor sjølvskreven når dei tok turen til vestlandet for å spela. Diverre så fekk Emil eit lite dilemma då det viste seg at me skulde spela seriekamp borte mot Gaular samme dag, eller dilemma og dilemma fru blom. For ein som har eit hjarta like blått som himmelen er blå på ein klarværsdag i midten av juli var det eigentlig ikkje noko vanskeleg valg. Veitastrond Fotball går føre det meste der i gården, og no altså og føre favorittbandet R.E.M.

Sidan Veitastrond gjekk på eit lite 6-9 tap mot Gaular, og konserten til R.E.M. etter rapportane var god skulle ein tru at Emil angra bittert på valget sitt, men dersom han skulle komme opp i samme situasjon igjen er me sikre på at han hadde valgt på same viset igjen. Me applauderer Emil sin innsats for Veitastrond Fotball som utvilsamt er eit eksempel til etterfølge!

(NB! vil legga til at dette er skreve då me er imponert over måten Emil ofrar seg for klubben, men me forventar at han er unnataket og ikkje regelen. Me meinar sjølvsagt at spelarar som har lyst å få med seg slike begivenhetar som det ein R.E.M.-konsert er skal få med seg det. Me vonar at dei spelarane som var avgarde fekk seg eit minne for livet - i likhet med dei som var med å tapa 6-9 =)

Kven skyt hardast på Veitastrond Fotball??

Dette spørsmålet har me i redaksjon fått inn på pulten vår i dag. Me har diverre ikkje gjort nokon vitenskapleg undersøking på dette, men me tvilar på at det er så mange i klubben som skyt så hardt at det ryk av ballen etterpå. Følg linken nedanfor så ser du at dette får i allefall Kim Andre Navarsete til - han kjem til å halda kurs i korleis skyta hardast mogleg på neste trening.

KIMMY SKYT SÅ BALLEN TEK FYR!

 

  • Statistikk for august (06.09.08)

Mykje som har skjedd rundt Veitastrond Fotball i det siste så det er knapt me får tid til å oppsummera forrige månad. No har det roa seg litt etter ein hektisk start på september, og me ser tilbake på tal og statistikkar frå august.

Les meir HER

Har og oppdatert treningsstatistikken som du kan finna HER

 

  • Veitastrond Fotball på Vestlandsrevyen (05.09.08)

Det var ein alldeles strålande reportasje om VIL-fotball på Vestlandsrevyen i kveld. For dei som ikkje fekk med seg dette på TV`n i kveld så anbefalar me linken nedanfor på det varmaste. Dette er den type klipp ein kan sjå om att og om att og om att....

VEITASTROND - HAFSLO på VESTLANDSREVYEN

 

  • Kampreferat; Gaular - Veitastrond 9-6 (05.09.08)

Veitastrond tapte i går kveld med utrulege 6-9 borte mot Gaular. Som resultatet tilseier så inneheldt kampen mykje godt angrepsspel, men ditto dårleg forsvasspel. Veitastrond kom dårleg ut i denne kampen, og til pause låg me under med 2-6. Til trass for dette så ga ikkje VIL seg og me var utruleg nær å innhenta Gaular si leiing, men på slutten så rakna det diverre litt for oss.

Les meir HER

Med dette resultatet så har no Gaular for alvor blanda seg inn i toppen. Dei er no berre 5 poeng bak oss med ein kamp mindre spelt. Bjørn er 2 poeng bak oss, men har og ein kamp mindre spelt enn oss. Det bygger seg opp til ein thriller utan like dette, og ein skal ikkje sjå bort ifrå at siste kampen mellom Veitastrond og Bjørn vert ein rein seriefinale.

Framleis så kan me ta med at det er heilt opp til oss sjølve. Vinn me våre to siste kampar så spelar me 4.divisjon i 2009!

 

  • Gaular - Veitastrond 9-6 (04.09.08)

Det vart nok eit forrykande målkalas for Veitastrond i dag. Diverre gjekk det ikkje vegen vår i dag, og me tapte med smått utruleg 6-9. Veitastrond fekk ein forferdeleg start på kampen og til pause var stillinga 6-2 til Gaular. Etter pause heva VIL seg og ca 20 min ut i omgangen så var stillinga 7-6, men diverre holdt me ikkje heilt inn og Gaular putta eit par mål til på slutten.

For Veitastrond scora Frode x3, Richard (str), Bjørn og Vidar.

Sidan klokka snart er midtnatt så må me denne gongen skuffa brukarane med at referatet ikkje kjem i kveld. Me lovar å komma sterkt tilbake med fyldig kamprapport ut på ettermiddagen i morgon....

 

  • Bjørn vann (03.09.08)

Bjørn gjorde jobben då dei i dag vann 3-2 heime mot Vadheim/Høyang 2.

Dermed ligg Veitastrond 2 poeng føre Bjørn i det begge lag har 3 kampar igjen å spela.

Veitastrond spelar som kjendt mot Gaular i morgon, medan me ser at den tidlegare annoserte kampen mellom Jølster 2 og Bjørn er flytta frå fyrstkommande fredag til søndag 14.september.

Tabellen på sida her vert til opplysning ikkje oppdatert før etter kampen vår i morgon...

 

  • Før kampen; Gaular - Veitastrond (03.09.08)

Veitastrond har knapt komme seg etter lokalderbyet mot Hafslo på måndag før det allereie i morgon ventar oss ein ny tøff kamp. Denne gongen ventar ein lang bortetur til Osen Stadion i Sande der Gaular står klare til å ta i mot oss. Denne kampen vert uhyrige viktig for oss i kampen om opprykk, og kanskje vert dette nøkkelkampen når det gjeld opprykk eller ei. Det er ein forholdsvis liten tropp som dreg avgarde i morgon, og i tillegg har trenarduoen leika seg litt med formasjonar - så dette vert utvilsamt spanande...

Les meir om kampen HER

 

  • Bilder og oppdateringar (02.09.08)

Då har me pynta opp gårsdagens kampreferat med bilder, og sjølvsagt lagt ut eit større bildegalleri. Fotograf Gaute Olstad gjekk totalt bananas med kamera og her ligg over 200 bilder frå gårsdagens arrangement. Vonar at det finnes nokon der ute som har så lite å gjera på at dei tek seg tid til å sjå igjennom samtlege. Kan senda ein tanka til oss som sat å skreiv kommentar til kvar bilde - forholdsvis keisamt.

Du kan sjå heile bildegalleriet HER

Tabellar og statstikkar

Har og oppdatert alt av tabellar og spelarstatistikkar.

På tabellen ligg me no 5 poeng før Bjørn med ein kamp meir spelt. Det ligg an til å bli ei meget spanande veka då Bjørn alt i morgon spelar heime mot Vadheim/Høyang2, Veitastrond spelar torsdag borte mot Gaular medan Bjørn igjen har kamp på fredag borte mot Jølster 2. Dette kan dermed fort bli skjebneveka i 5.div avd.1.

Har og oppdatert den berømmelege Lustraserien etter gårsdagens kamp. Her er Hafslo fastgrodd i botn medan Veitastrond og Bjørn ligg heilt likt der det einaste som skil laga er at Veitastrond har scora 1 mål meir. Siste kamp mot Bjørn vert utvilsamt av dene spanande sorten...

 

  • Veitastrond - Hafslo 4-4 (01.09.08)

Det vart ein ny thriller mellom Veitastrond og Hafslo på Leikvoll i kveld. I det som kanskje var det beste og mest intense lokaloppgjeret desse to laga imellom nokon gong så enda det til slutt 4-4. Hafslo scora kampens siste mål 2 minutt før slutt, og soleis må me seia at Hafslo i dag vinn 1 poeng medan me tapar 2 særdeles viktige poeng i kampen om opprykk. Ramma rundt dagens kamp var heilt fenomenal, og me er sikre på at dei nesten 200 tilskodarane storkosa seg på Strondi i kveld.

Les meir HER

Har ein heil haug med bilder frå kampen, men me giddar ikkje legga desse ut før imorgon. Så har brukarane våre noko å gleda seg til...

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com