Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; September 2009

  • NM i fotballweb 2009 - Veitastrond.com er blant finalistane (30.09.09)

Kvart år så arrangerar nettsida fotballen.eu NM i fotballweb. Av 664 registrerte heimesider i Norge så vert det fyrst plukka ut eit finaleheat på 100, som så vert rangert nedover til landet si beste heimeside til slutt vert kåra. Veitastrond.com var opprinneleg ikkje med på den fyrste lista over topp 100, men det var satt ein klageperiode på ca ei veke og denne benytta sjølvsagt me oss av. Denne gongen viser det seg at syting og klaging faktisk kan føra fram og me er utruleg stolte og glade over å sjå at Veitastrond.com no er kommen inn i det gode selskap over topp 100 heimesider i Norge.

Les meir HER

 

  • Thrilleravslutning i årets 4.divisjon (29.09.09)

Det gjenstår no berre to rundar i årets 4.divisjon, og både i topp og botn går det mot ein meget spanande avslutning. I praksis så har 8 lag ikkje noko å anna enn æra å spela for, medan 2 lag i toppen og 2 lag i botn kjempar for å klara opprykk og unngå nedrykk. Veitastrond er ein av dei laga som framleis har ein meget spanande sesongavslutning å sjå fram til, og for dei som måtte lura så kjempar me diverre på nederste del av tabellen. Me tek her ein liten gjennomgang av det som gjenstår av årets sesong.

Les meir HER

 

  • Dagens resultat (27.09.09)

Viktige kampar i 4.divisjon i dag sett med Veitastrond auge;

Skavøypoll - Førde2 3-1

Dette passar VIL som fot i hose og me blir dermed verande på 10.plass og over streken. Me leiar no med ein målskilnad som er 3 mål betre (i praksis 4 då Veitastrond har fleire scora mål) over Førde 2. Skavøypoll på side sikra med denne sigeren fornya kontrakt i 4.divisjon og dei føyer seg dermed inn i rekka over klubbar som berre har æra å spela for mot slutten av sesongn.

Selje - Årdal2 3-2

Selje er framleis med i kampen om opprykk og kjempar med Sandane om siste billett til Firdaligaen. Berre 1 poeng skil dei to laga.

Askvoll/Holmedal - Lærdal 0-2

Viktig siger for Lærdal som i likhet med Skavøypoll i dag sikra seg fornya kontrakt i 4.divisjon.

Dette vil då seia at kampen om nedrykk no er korta ned frå 4 til 2 lag og det Veitastrond og Førde 2 som kjempar om å unngå 11.plassen. Laga ligg altså med samme poengsum og jevn målskilnad, slik at dette uansett ikkje vil bli avgjort før siste serierunde.

For ein dramatikk...

 

  • Skuffa over eigen trenar (26.09.09)

Ingen vart særleg overraska over at det vart 0 poeng med heim i sekken frå Sandane, så slik sett var ikkje skuffelsen så alt for stor i VIL-leiren etter kampen. Kanskje endå verre var det då for Veitastrond at spelande trenar Emil Heggestad pådrog seg raudt kort og dermed må stå over den viktige kampen mot Skavøypoll neste helg. Raude kort er sjølvsagt slikt ein må rekna med i løpet av ein lang sesong, men likevel så går i dag ein av spelarane på Veitastrond hardt ut og meinar at klubben har vorte svikta av sin eigen trenar. Øivind Kristiansen seier i dag til Veitastrond.com at han er skuffa over oppførselen til trenaren både under og ikkje minst etter kampen.

Les meir HER

 

  • Oppdaterte statistikkar (26.09.09)

Me har då oppdatert spelarstatistikkane våre. Her kan ein legga merke til at Emil Heggestad overtar leiinga som årets Raotass etter det raude kortet han pådrog seg i går. Ellers var det eigentleg ikkje så fela mykje å endra på...

Tabellen blir fyrst oppdatert etter at alle laga har spelt sin kamp denne runden.

Det vert ingen bilder frå denne kampen diverre. I staden henviser me til Sandane sine heimesider som har knipsa nokre blinkskot frå kampen. 

 

  • Sandane - Veitastrond 7-1...audmjuka (25.09.09)

Etter sigeren mot Dale forrige helg sat me att med kjensla over at me faktisk kunne handla opp med samtlege lag i denne divisjon, og me hadde eit seriøst håp om poeng i bortekampen mot Sandane. Diverre så viste det seg at me ikkje hadde noko særleg mulighet i dag, og me lyt diverre innrømma at me mot Sandane vart til tider avkledd, utspelt og audmjuka. I løpet av to kampar i årets sesong så framstår sandensarane for oss som divisjonens suverent beste lag og me tykkjer det er synd og skam dersom dette laget ikkje rykker opp til Firdaligaen. Stillinga til pause var 2-0, men VIL reduserte til 2-1 tidleg i omgangen og i 47 sekund var det eit snev av spaning i kampen. Diverre så scora Sandan umidelbart etter vår scoring og særleg betre vart det ikkje når spelande trenar Emil Heggestad vart utvist av dagens dommar....

Les meir HER

* me kjem attende med oppdaterte statistikkar i morgon (laurdag), og muligens bilder. Eventuelle skrivefeil vil og bli vurdert retta då...go natt!

 

  • To forfall + liveoppdatering (25.09.09)

Det blir to ledige plassar på benken i dag då Frank Heggestad og Ole Christian Løvik begge har meldt forfall grunna skade og sjukdom. Frank slit med ein prolaps i ryggen medan Ole Christian har fått omgangssjuka.

Dette vil då seia at me har 5 mann på benken i staden for 7.

Sidan Frank ikkje vert med så kjem han til å oppdatera kampen live i gjesteboka her på Veitastrond sine heimesider. Sist gong han gjorde dette var når me tapte 1-5 mot Saga for nokre veker sidan, så denne gongen får me håpa at han klarar å oppdatera litt betre resultat i Veitastrond sin favør.

Me anbefalar difor å følga med undervegs i gjesteboka frå kl 19:00.

(på bildet ser me VIL-veteran Frank Heggestad i festleg lag saman med ein av sine mange fans...)

 

  • Før kampen; Sandane - Veitastrond (24.09.09)

Dersom nokon framleis er i lykkerus etter dei 3 poenga me sanka inn forrige fredag mot Dale, så anbefalar me at de rister av dykk dette umiddelbart. I morgon er det nemleg på ny klart for viktig kamp for Veitastrond når me tek turen til Sandane for ein av årets aller vanskelegaste testar. Etter sigeren mot Dale ligg VIL som kjendt over streken for fyrste gong på lenge og på mange måtar er me komne i den situasjonen at me no kan tola eit tap i serieavslutninga. No har me ikkje ambisjonar om å tapa denne kampen, men med tanke på at morgondagens motstandar kjempar ein innbitt kamp om å klara opprykk reknar me med at me får det tøft her. Veitastrond er noko redusert sidan forrige helg, men me stiller likevel mannsterke til dette oppgjeret.

Les meir HER

* I 4.divisjon i går vann Saga 4-1 heime mot Syril. Dermed er Saga framleis med å kjempar om opprykk, medan Syril no truleg berre har æra å spela for.

 

  • "Det er for mange dårlege lag i 4.divisjon" (21.09.09)

I forkant av kampen mot Førde 2 09.08.09 gjekk VIL-spelar Arne Nes hardt ut og sa at ingen lag kom til å slå Veitastrond i dei resterande kampane denne sesongen. Til trass for ein god haustsesong har det vist seg at desse spådommane ikkje har slått til 100% og allereie i kampen mot Førde 2 gjekk me på ein smell. No er det slik at den storvokste snauskolten heime på Øyna ikkje er av typen som fornektar seg, og sanneleg min hatt så vart ikkje me i Veitastrond.com innbedt på nytt kaffislabedas. Denne gongen hadde Arne nye friske uttalelsar på menyen, og etter å ha analysert årets sesong så konkluderar han Veitastrond sine variable prestasjonar med at det rett og slett er for mange dårlege lag i årets 4.divisjon.

Les meir HER

 

  • Det går mot thrilleravslutning (20.09.09)

Dagens resultat i 4.divisjon; Lærdal - Skavøypoll 2-1, Førde 2 - Sandane 1-5, Askvoll/Holmedal - Selje 1-5.

Med desse resultata så forblir Veitastrond på 10.plass og dermed trygg grunn i det alle laga i 4.divisjon har spelt 19 kampar. Førde 2 tapte 1-5 heime mot Sandane og dei er dermed på den utsatte 11.plassen med dårlegare målskilnad enn Veitastrond. Lærdal fekk seg eit lite pusterom med sin siger mot Skavøypoll og dei er no 4 poeng føre Veitastrond og Førde 2.

3 kampar gjenstår av årets sesong og både i toppen og botten av tabellen går det mot eit rotterace av dei sjeldne...

 

  • Veitastrond - Dale 3-0 (19.09.09) 

Akkurat då det gjaldt som aller mest klarte Veitastrond å løfta seg opp på eit nivå me knapt visste at me hadde inne og tok dei nødvendige 3 poenga. Serieleiar og KM-mestar Dale var sendt heim med 0-3 i sekken og me trur at dei framleis ikkje skjønar kvifor Veitastrond no kjempar ein hard kamp for å unngå nedrykk i motsatt ende av tabellen for dei. Etter at det stod 0-0 til pause så vart gjestene nedkjempa etter kvilen og Veitastrond vann til slutt fullt fortent 3-0. Dermed fekk Dale den tvilsomme æra av å bli det fyrste laget i løpet av dei 6 åra me har hatt seniorlag til å spela 90 minutt på Leikvoll utan å scora mål. Dette var ein fantastisk herleg siger for VIL-fotball og for fyrste gong på lenge er me no på trygg grunn i 4.divisjon - das geschmaken sehr gut!

Les meir HER

Har og oppdatert tabellar og statistikkar. Me anbefalar å ta ein titt på tabellen der Veitastrond no har komme seg over streken.

 

  • WEEEEEEEEEEEEEEEEE-HE-HEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEEY (18.09.09)

Det vart ein av dei verkeleg store kveldane i Veitastrond Fotball si historie då Dale kom på besøk i dag. Gjestene som allereie er KM meister og berre hadde 1 tap før denne kampen kom til kort på Fort Leikvoll Stadion. Eit solid VIL lag imponerte i alle spelets fasar og vann til slutt fullt fortent 3-0 etter at det stod 0-0 til pause.. (Dale skreiv seg forøvrig inn i historiebøkene som det fyrste laget som nokon gong har entra Leikvoll utan å scora mål...)

For Veitastrond scora Helge Skjælaaen, Kurt Heggestad og Arne Nes. I tillegg redda Even Kvam eit livsviktig straffespark på stillinga 2-0. Jossn som sat bak målet til Even var etter rapportane ein meter opp ifrå bakken både med seg sjølv og stolen han sat på - fantastisk.

Me må diverre skuffa dei som no sit å ventar på referat frå kampen, då dette ikkje kjem før i morgon. Grunnen til at det ikkje kjem i kveld er at referenten har planar om å feira dagens siger betrakteleg. For som dei seier nede i Danmakr; "lille dreng, du har fortjent en kringle"

For ein herleg fotballklubb me har !!!

 

  • Før kampen; Veitastrond - Dale (17.09.09)

Vinn eller forsvinn, 3 poeng eller ein omgang med deng, ta sigeren heim eller stikk borti fjøsen å heng deg i ei reim...vel, ordspela er mange, men i den situasjon Veitastrond er i om dagen byrjar dette å nærma seg sanninga. I morgon kjem Dale på besøk til Leikvoll og med tanke på at me framleis er 3 poeng bak sikker plass byrjar det no verkeleg å bli alvor Halvor. Då er det kanskje ikkje det beste utgangspunktet at det er årets suverene lag i 4.divisjon som kjem på besøk, og Dale har alt sikra seg KM-tittelen sjølv om det er 12 poeng igjen å kjempa om. Me får berre kryssa fingrane for at Stian Neset sine elevar er trøytte av suksess og ikkje har gassen i botn til denne kampen.

Les meir HER

 

  • Ny flytting av kamp (16.09.09)

I går annonserte me at kampen mot Dale er flytta frå søndag til fredag og i dag kan me opplysa om at det samme er tilfellet til neste helg mot Sandane.

Bortekampen mot Sandane skulle egentleg ha gått kl 15:00 på søndag 27.09.2009, men er no flytta til fredag 25.09.2009 kl 19:00.

Dei to siste seriekampane våre får me ikkje fytta då alle laga i divisjon skal spela desse rundane samtidig, dvs søndag kl 15:00. Dei 4 siste kampane våre går dermed på fredag, fredag, søndag og søndag.

 

  • Dale kampen er flytta til fredag (15.09.09)

Kampen mot Dale som egentleg skulle vorte spelt på søndag er no flytta fram 2 dagar, slik at den vert spelt på fyrstkommande fredag. Kampstart vert allereie kl 17:00.

Me oppmodar difor våre fans om å merka av dette tidspunktet i kalendaren og me håpar at flest mogleg startar helga med fotballkamp på Leikvoll. Me treng no all den støtte me kan få i den viktige sesongavslutninga.

Oppdatert treningsstatistikk

Ein oppdatert treningsstatistikk finn du HER

Her ser me at Bjørn Molland framleis leiar komfortabelt og med ca 3-5 treningar igjen denne sesongen skal det mykje til om ikkje han dreg i land denne i år...

 

  • Elvebakken Gardsysteri betalar bota (15.09.09)

Du trudde kanskje at bota som Veitastrond fekk i den etterkvart så mykje omtala kortsaka skulle gå hardt utover klubbakassa vår?...vel, det gjer den nok ikkje. Elvebakken Gardsysteri med Jens Heggestad, som er ein av våre beste støttespelarar og fans, har engasjert seg i denne saka og har tilbydt seg å betala heile bota på kr 2.000,-

Les meir HER

 

  • Kampar i 4.divisjon i dag (13.09.09)

Skavøypoll - Askvoll/Holmedal 4-1, Syril - Selje 4-3, Årdal 2 - Eid 2 7-1, Sandane - Lærdal 3-0.

For Veitastrond sin del er det mest intressante her at Lærdal tapar og me framleis er 4 poeng bak dei. Med 3 poeng til Skavøypoll i dag så ser det ut som at dei no har komme seg ut av nedrykkskampen for godt...

 

  • Bilder (11.09.09)

Me har då lagt ut nokre bilder frå kampane mot Årdal 2 og Saga.

Dei to kampreferata er pynta opp og du kan sjå alle bilda HER

 

  • Link (11.09.09)

Under Lenker i menyen ovanfor har me no lagt inn ein link til Saga sine nettsider. Her kan du blant anna lesa om kampen som me spelte mot dei i går.

Me trudde ikkje Saga hadde eigne heimesider, men kom over denne i dag og linken er altså nå lagt ut.

I tillegg har me og fixa linken til Gaular sine heimesider ;)

 

  • Saga - Veitastrond 5-1 - Sjanselaust (10.09.09)

Veitastrond gjekk i dag på eit usedvanleg fortent 1-5 tap borte mot Saga på Førde Stadion. Me visste på førehand at dette var eit av dei vanskelegaste kampane for sesongen, men likevel reiste me oppover i god tru på å henta med oss heim poeng. Dette håpet forsvann imidlertid rimeleg kjapt etter ein 1.omgang der me ikkje fekk ta del i kampen og gjekk til pause med 0-3 i sekken. Etter kvilen opna kampen seg og me kom meir med i spelet, men me var aldri særleg nær å truga Saga i dag. Dermed må me innfinna oss i å bli verande under streken og me går no inn i ein nervepirrande avslutning på sesongen.

Les meir HER

Me har oppdatert tabellar og statisikkar. Bilder frå denne og kampen mot Årdal 2 kjem truleg i morgon...

 

  • Liveoppdatering frå Saga - Veitastrond (10.09.09)

Me kan i dag tilby våre brukarar ei form for liveoppdatering frå den viktige kampen mot Saga. VIL-spelar, Frank Heggestad, som ikkje fekk plass i troppen som dreg til Førde i dag, har lova at han skal halda våre fans og brukarar oppdatert via gjesteboka. Kor omfattande denne oppdateringa blir kjem eigentleg eine åleine an på Frank sjølv og den som han har kontakt med oppe i Førde. Me vonar at våre brukarar finn vegen innom heimesidene under kveldens kamp.

Kampen byrjar kl 18:30.

Siste nytt før kampen

Me kan bekrefta at Kurt Heggestad blir med til dagens kamp mot Førde. Me veit ikkje om han har skaffa seg avløysar, eller om han har fulgt Bjørn Molland sitt råd om å ta med seg geitene til Førde og la dei beite på grasbana på Førde Stadion. I tilfelle det siste alternativet må alle spelarane vera klare til å hjelpa Kurt og mjelka geitene i pausen.

Diverre har Frode Kvåle i dag meldt forfall til kampen grunna sjukdom.

 

  • Før kampen; Saga - Veitastrond (09.09.09)

Det går fort i svingane for tida, og ikkje før har me fått ut champagnesmaken frå kjeften etter sigeren mot Årdal 2 så brakar det i morgon laust på ny. Denne gongen tek me turen til Førde for å spela ein av årets tøffaste bortekampar mot Saga. For Veitastrond sin del får det vera så tøft det vil, for her i gården er det framleis berre 3 poeng som gjeld. Dersom resultata går med oss denne runden kan me faktisk komma oss over streken for fyrste gong på år og dag, men dette forutset sjølvsagt at VIL gjer sin del av jobben. Me tek med oss den positive opplevinga me fekk mot Årdal 2 og reiser til Førde med friskt mot!

Les meir HER

* den observange brukar har sikkert lagt merke til at det ikkje har komme noko bilder frå kampen mot Årdal 2 ennå. Me håpar framleis på å legga ut dette, men i tilfellet vil dei komma i eit felles bildegalleri saman med kampen mot Saga...

 

  • Veitastrond - Årdal 2 6-4 - det er håp i hengande snøre (07.09.09)

Veitastrond tok i dag 3 livsviktige poeng i kampen om å unngå nedrykk, då me vann 6-4 heime mot Årdal 2. Sigeren kan me fyrst og fremst takka ein mann for, og medan dei 21 andre spelarane på bana framstod som det dei faktisk er - relativt anonyme 4.divisjonsspelarar, så var i dag (igjen) Kurt Heggestad i ein heilt eigen klasse. Kurtn scora 4 og la opp til dei 2 andre måla til Veitastrond og hass betydning for laget er uvurderleg. I dag såg det lenge ut som at me hadde kontroll på kampen og me leia 5-2 til langt ut i 2.omgang. Mot slutten klarte me likevel på vanleg Veitastrondvis å gjera det spanande, men heldigvis klarte me til slutt å ri det heile inn. Med siger i dag har me på ny kontakt med laga over oss på tabellen og trua om fornya kontrakt i 4.divisjon er tilbake.

Les meir HER

oppdaterte statistikkar og bilder kjem etterkvart...

 

  • Før kampen; Veitastrond - Årdal 2 (06.09.09)

Det vert noko så sjeldan som ein måndagskamp på Leikvoll Stadion i morgon når Årdal 2 kjem på besøk til Veitastrond. Dette vert ein av mange viktige kampar på slutten av årets sesongen og VIL har no for alvor kniven på strupen.Før denne kampen er Veitastrond 6 poeng bak sikker plass på tabellen med ein kamp mindre spelt. Det er ny kamp igjen på torsdag og dersom alt klaffar så kan me vera oppe på samme poengsum som Førde 2 til helga. No skal me kanskje ikkje telja alt for mange poeng som me endå ikkje har fått og me får fyrst og fremst konsentrera oss om årdølene og morgondagens kamp. Vårkampen tapte me med heile 5 mål - noko som er årsverste, så det er ei stor utfordring som står for tur for Veitastrond her.

Les meir HER

 

  • Statistikk for august (06.09.09)

Her fylgjer statistikk for ein hektisk og til tider turbulent august månad.

Les meir HER

* kampen mot Saga er flytta ein dag fram ifrå onsdag 09.09 til torsdag 10.09.

 

  • Veitastrond fekk ikkje medhald i anken (04.09.09)

VIL-fotball fekk i dag svar på anken, og kanskje ikkje så veldig overraskande fekk me ikkje medhald. Det vil seia at me lyt ta straffa på kr.3000,- i bot samt at resultatet frå Selje kampen vert gjort om frå 3-2 til 0-3 og alle poenga går til Selje.

Me i Veitastrond Fotball har sagt det me meinar i denne saka tidlegare og me tykkjer ikkje me treng å utdjupa dette noko meir. Det er no på tide å legga denne saka død og heller sjå framover.

Anten me vil det eller ei må me akseptera straffa og ta lærdom av det som har komme fram i denne prosessen. Me gratulerar igjen Selje med dei 3 poenga som dei no får, og understreker at me ikkje har noko vondt å seia om dei i denne saka.

Neste kapitell i sagaen om Veitastrond Fotball startar på måndag når Årdal 2 kjem på besøk til Leikvoll Stadion, og me satsar på at me får att dei 3 poenga då.

 

  • Ole Christian Løvik er klar (04.09.09)

På siste dagen av overgangsvindauge fekk Veitastrond i boks overgangspapira på Ole Christian Løvik, og det meste tyder no på at han er klar for spel til kampen mot Årdal 2 på måndag. Dermed har VIL-fotball nok ein gong slått kloa i ein profilert fotballspelar her i distriktet og me har store forventningar på kva Ole Christian vil utretta som Veitastrondspelar. Spelarstallen er allereie stor i frå før og med endå ein mann inn så tetnar det seg no verkeleg til i kampen om å komma med på laget. Så spørst det om det er Ole Christian Løvik som skal redda Veitastrond sin plass i årets 4.divisjon?

Les meir HER

Kan ellers opplysa om at det som skulle bli ei viktig og ikkje minst god treningsveke ikkje blei fullt så god likevel. Grunna dårleg vær og mykje vatn på banene så vart det lite med trening. Me gjennomførte ei økt torsdag på Leikvoll, men her var oppmøtet skuffande med berre 8 stk. I ein kort kommentar til Veitastrond.com uttalar ass.trenar Richard Nes at han er i harnisk over det dårlege oppmøtet.

Me får satsa på at spelarane har kvilt seg i form fram mot måndagens kamp mot Årdal 2...

 

  • Trening i dag (02.09.09)

Sidan gårsdagens trening vart avlyst grunna regn, lyn og torden så prøver me på nytt i dag.

Treninga byrjar kl 18:30, og me møter ved Lægreid kl 18:00.

 

  • Viktig treningsveke (01.09.09)

Sjølv om Veitastrond ikkje har kamp før måndag mot Årdal, så står me likevel ovanfor ei viktig veke.

Det er no på tide at me legg alt av protestar og ankar til sides for ei stund og heller fokuserar på det sportslege som skal komma. Me byrjar alt i kveld når laget samlast til trening på Hafslo, og me tek oss òg ei økt på torsdagen.

Omtrent heile spelarstallen er tilgjengeleg om dagen og me håpar på to gode treningsøkter denne veka med oppmøte på 15-20 mann pr trening. Kampen om plassane på laget er stor og treningsoppmøte kan få ei avgjerande effekt på kven som får starta mot Årdal 2.

Me oppfordrar difor alle våre spelarar om å trossa regnværet og prioritera treningane denne veka.

Så snakkast me i Moane kl 18:30 i kveld.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com