Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; September 2010

  • Scoringsklubben 2010 (30.09.10)

Sidan tidleg i vår har det vore mogleg å melda seg inn i VIL-fotball sin eksklusive scoringsklubb. Så langt har ein kunne skrive seg på ei liste på butikken på Strondi, men me vil no gje dei som ikkje har meldt seg inn ein siste sjanse til å gjera dette.

Me vil ta med oss lista på siste heimekamp mot Førde 2 på sønsdag, og me vonar at flest mogleg vil skriva seg på her. Du kan og melda deg inn ved å senda oss ein mail på admin@veitastrond.com, eller berre ta kontakt med nokon i klubben så fiksar me eit medlemsskap.

For dei som lurer på kva dette inneber så kan me forklara kva scoringsklubben er. For kvart mål Veitastrond scorar heime på Leikvoll så betalar medlemmane i scoringsklubben kr 10,- Dvs at dersom me vinn 5-0, så kostar det deg kr 50,- Medlemmane vil motta ein samla faktura etter sesongen.

Kan ta med at mål me scorer heime, men ikkje på Leikvoll tel ikkje med. Dvs at kampen mot Syril tidleg i vår som var heime, men vart spelt på Hafslo ikkje tel med. Den kampen vann me 6-0, og medlemmane sparte seg for kr 60,- her. Som kjendt så er spart det samme som tjent, og dersom du har lyst å tjena deg 60 enkle kroner... ja så melder du deg berre inn i scoringsklubben til VIL-fotball.

Scoringsklubben er ein framifrå måte for ein supportar å støtta klubben sin på...

 

  • Leikvoll blir duka til fest (28.09.10)

Fyrstkommande søndag spelar Veitastrond sin siste heimekamp for sesongen. Dette ynskjer me å markera med å innvitera våre trufaste tilskodarar til festmiddag på Leikvoll. På menyen denne gongen har me nemleg Fårikål til salgs i kiosken, me vonar at dette er noko som vil freista både nye og gamle supportarar.

Med tanke på at dette i tillegg er årets mest spanande kamp mot Førde 2, så kan me ikkje tenka oss noko betre enn å sjå denne kampen samstundes som ein slurpar i seg deilig fårikål.

Det vil seia at på søndag så fiksar VIL-fotball både middag og underhaldning. Det einaste du sjølv må passa på er at du møter opp i god tid før kampen startar kl 14:00.

Vel møtt til fotballkampen du ikkje kan gå glipp av!!!

 

  • Dårleg helg for VIL-fotball (27.09.10)

Resultat frå den 20.serierunden i 4.divisjon; Saga - Veitastrond 4-2, Askvoll/Holmedal - Kaupanger 1-2, Skavøypoll - Lærdal 2-5, Eikefjord - Syril 2-3, Selje - Førde 2 6-1, Årdal 2 - Gaular 4-0.

Oppsummering i det to rundar gjenstår;

- Så godt som alle resultat gjekk i mot Veitastrond denne helga. I tillegg til at me sjølve tapte så vann Syril og gjekk forbi oss på tabellen, Lærdal vann og det er no berre målskilnaden som gjer at me held hovudet over nedrykkstreken.

- Førde 2 hadde teke eit langt steg mot sikker plass, men tapte overraskande heile 1-6 mot Selje. Det vil seia at helgas kamp mellom Veitastrond og Førde vert ein rysare av dei heilt sjeldne.

- Årdal 2 er berre 3 poeng bak Veitastrond og Lærdal. Med tanke på at dei har to nøkkelkampar mot Syril og Lærdal igjen kan dei faktisk behalda plassen. Sidan 1.laget deira ikkje har noko å spela for kan det vera at dei forsterkar 2.laget til sesongavslutninga...

- Eikefjord som stort sett har vore på 2.plass denne sesongen har gått på ein aldri så liten haustsmell. Dei har to vanskelege bortekampar mot Lærdal og Kaupanger, og dei er på langt nær sikra ny kontrakt slik me trudde før denne runden.

- Veitastrond.com var sikre på at nedrykksdramaet stod mellom 3 lag før denne runden, men i det to kampar gjenstår lyt me nok utvida dette synspunktet. 6 lag; Eikefjord, Førde 2, Syril, Veitastrond, Lærdal og Årdal 2 kjempar no om 4 billettar til 4.divisjon 2011.

- Me er komne så langt at det no er marginar, dommaravgjerslar og andre tilfeldighetar som kan komma til å avgjera årets sesong.

...dette vert ulideleg spanande, og sørg for at du får med deg avslutninga på thrilleren; 4.divisjon 2010!!!

 

  • Saga - Veitastrond 4-2 (24.09.10)

Det vart diverre tap for Veitastrond då dei i går spelte borte mot serieleiaren Saga. I ein kamp der me ga førdianarane god kamp så trakk me til slutt det kortaste strået, og Saga kunne dermed jubla både for 3 poeng og at dei no har sikra seg opprykk og KM-tittel. For Veitastrond sin del så er ingenting avgjort, og me lyt framleis ta fleire poeng for å unngå nedrykk. Det var vel kanskje ikkje borte mot Saga at me hadde kalkulert med så veldig høg poengfangst, men slik kampen utivkla seg så føler me absolutt at me kunne reist heim med litt meir i sekken enn det me gjorde.

Les meir HER

 

  • Tap mot Saga (23.09.10)

Veitastrond tapte i dag 4-2 borte mot Saga. Til pause var stillinga 3-1. Frode Kvåle og Emil Heggestad scora måla til VIL.

Referat frå kampen kjem i morgon...

 

  • Spanande sesongavslutning i 4.divijson (23.09.10)

Det gjenstår berre 3 serierundar av årets sesong og for Veitastrond sin del så går me nokre spanande veker i møte. Medan bortimot 9 lag i divisjon allereie kan byrja å forbereda seg på anten 3., 4., eller 5.divisjonsspel neste sesong, så kjempar Veitastrond ein hard kamp om å unngå nedrykk. Etter forrige runde så ser det ut som at me fyrst og fremst kjempar med Lærdal og Syril om dei to siste plassane i divisjon, men me går inn til avslutninga eit lite hestehovud framfor dei to andre. Veitastrond ligg 3 poeng over trygg plass, og det er dermed opp til oss sjølve korleis dette skal gå. Me ser litt på sesongavslutninga, og vurderar korleis me trur dette vil gå (skal sjå om me ikkje klarar å mikke det til slik at VIL unngår nedrykk...)

Les meir HER

 

  • Før kampen; Saga - Veitastrond (23.09.10)

Nok ein gong kjem det er ein sein og kort før kampen. Veitastrond resier i dag til Førde for å spela mot Saga. Det har diverre ikkje lukkast oss å få noko informasjon om dagens spelartropp, men utifrå det me fekk vita på trening før i veka så reiser me oppover med følgande;

Even, Patrik, Andreas, Gaute, Kenneth, Øivind, Øyvind, Bjørn, Emil, Ivan, Olai, Åsmund, Arne, Frode Kvam, Frode Kvåle, Gøran, Richard og Øystein.

Dei me veit som ikkje vert med er Erlend (skada), Kim Andre (skada), Geir (jobb), Frank (familie) og Kurt (suspendert). I tillegg kan me garantera at me ikkje reiser opp med 18 mann, slik at troppen du ser ovanfor kjem heilt sikkert til å bli adskilligt mindre.

Veitastrond kjempar framleis om å unngå nedrykk og me er avhengige av å ta fleire poeng på dei 3 siste kampane. Truleg lyt me ha ein stad mellom 4 og 9 poeng for å vera sikra plass i 4.divisjon 2011.

Saga på si side leiar tabellen slik som dei har gjort det heile sesongen. Vinn dei i dag så vert dei kretsmesterar, og dei vil heilt sikkert gje alt dei har slik at dei kan spretta champagnekorkane etter kampen.

I vår vann Veitastrond 3-0 heime mot Saga, og me påførte dei då eit av sine to tap i år.

Kampen går på Førde Stadion og byrjar kl 18:00. Kan ta med at Veitastrond har spelt 3 kampar tidlegare på Førde Stadion der alle har enda med tap, og me står med ein målskilnad på 4-18. Ikkje det beste utgangspunktet, men me ser fram til å pynta på denne statistikken i dag.

 

  • Veitastrond - Selje 8-3 ... WAKA WAKA HE HEEY (18.09.10)

Veitastrond vann i dag overbevisande 8-3 heime mot Selje, i ein kamp som gjekk føre seg i praktfull hausstemning. Eit heimelag som hadde kniven på strupen og måtte ha 3 poeng i kampen om å unngå nedrykk gjorde jobben, og er framleis på trygg grunn i 4.divisjon. Selje holdt følge i ca 1 time i dag, men derifrå og ut så var det berre eit lag på bana og måla rann inn bak bortelaget sin keeper. Dette var ein framifrå dag for fotball på Veitastrond, og me er no optimistike i det 3 rundar gjenstår av årets sesong.

Les meir HER

Dei andre kampane i 4.divisjon i dag gjekk som følgjer; Syril - Skavøypoll 4-1, Lærdal - Askvoll/Holmedal 3-2.

 

  • Før kampen; Veitastrond - Selje (18.09.10)

Det vert ikkje den heilt store avhandlinga me presenterer for dykk denne gongen. Me har ikkje fått bekrefta noko lag, men våre kilder opplyser at dette muligens vert startoppstillinga i morgon;

Even

Øyvind - Kenneth - Kim Andre - Åsmund

Ivan - Bjørn - Emil

Frode Kvåle - Frode Kvam - Kurt

Som sagt så er ikkje dette 100% sikkert.

Så vidt me veit er det ingen forfall til denne kampen, men då skal det seiast at me ikkje veit så veldig mykje.

Kampen byrjar kl 14:00, og me ynskjer VEL MØTT!

 

 

  • Treningsavgift (13.09.10)

Me vil minna enkelte av våre spelarar om at det framleis manglar ein del på treningsavgifta. Ca 10 spelarar har ikkje betalt alt dei skal ennå, og desse fekk ei påminning på dette i forrige veke. Ein av dei som fekk denne påminninga betalte for seg.

Dette kan difor sjåast på som ei vennleg påminning på påminninga de fekk i forrige veke.

Oppdaterte statistikkar;

Ellers kan me opplysa om at alle våre tabellar og spelarstatistikkar er oppdaterte under Årets sesong etter helgas kamp mot Kaupanger...

 

 

  • Kaupanger - Veitastrond 5-2 (12.09.10)

Det vart diverre tap 2-5 då Veitastrond i går spelte borte mot Kaupanger. Etter ein god 1.omgang der me var fullt på høgde med KIL, men låg under 1-2, så vart me slitne utover i 2.omgang og tapte til slutt 2-5. Trass i skuffelsen over tap så trøystar me oss sjølve med at det ikkje var i denne kampen me skulle ta dei nødvendige poenga for å berga plassen i 4.divisjon. Dei poenga skal me ta no når me tek til på sluttspurten av årets sesong...

Les meir HER

Andre resultat i 4.divisjon denne runden;

Askvoll/Holmedal - Syril 3-3, Eikefjord - Førde2 1-2, Skavøypoll - Gaular 1-1, Saga - Lærdal 8-2, Årdal2 - Selje 6-1

 

  • Tap for Veitastrond (11.09.10)

Veitastrond tapte i dag 5-2 borte mot Kaupanger. I ein kamp der me stort sett var på høgde med motstanderen så trakk heimelaget det lengste strået i dei avgjerande duellane.

Kurt scora begge måla til VIL.

Referat kjem anten i kveld, eller i morgon. Får sjå kor langt ned i sofaen me kjem i kveld....

 

  • Før kampen; Kaupanger - Veitastrond (10.09.10)

Då er det klart for det som me kan kalla årets bortekamp for Veitastrond Fotball. I morgon tek me den korte turen ut på Kaupanger og me gjer oss dermed klare for eit skikkeleg lokaloppgjer. Me tapte vårkampen 2-0 på Leikvoll og det burde vera eit revansjesugent Veitastrondlag som entrar bana, og som vil gjera sitt ytterste for å trenga igjennom det solide Kaupangerlaget. Etter nokre viktige kampar der me følte me hadde kniven litt på strupen i kampen om poenga, så er kanskje denne bortekampen av det kaliberet at me ikkje må vinna. Forhåpentlegvis gjer dette utslag i senka skuldrar, fin fotball og poeng med att i sekken til Strondi.

Les meir HER

 

  • Skryt til Veitastrond og Leikvoll (09.09.10)

Veitastrond har den siste tida fått mykje skryt for våre arrangement i forbindelse med heimekampane på Leikvoll. Dette set me pris på, og ekstra kjekt er det at dette kjem ifrå våre motstandarar.

Les meir HER

 

  • Bjørn Molland med kamp nummer 100 (09.09.10)

Då me spelte mot Årdal 2 i helga runda Veitastrond sin midtbaneterrier Bjørn Molland 100 spelte kampar for klubben. Bjørn som har vore med sidan starten i 2004 blir den andre spelaren som rundar denne magiske grensa, etter at Richard Nes vart den fyrste tidlegare i sesongen.

På sine 100 kampar har Bjørn scora 31 mål, noko som gjer ein 5.plass på hall of fame lista. Han har og pådrege seg 18 gule kort og er heilt der oppe å kjempar med Geir Aardal, Frank Heggestad og Even Kvam om tittelen tidenes raotass.

Av merittar kan me nevna at Bjørn vart kåra til årets spelar i 2005, han scora klubben sitt mål nummer 200 og han har alltid vore blant dei ivrigaste på trening og han vann treningsstatistikken i 2007, 2009 og han leiar i 2010. I 2010 har han så langt våre på samtlege treningar for klubben.

Me gratulerar Bjørn med sitt store jubileum.

Neste mann ut til å passera 100 kampar vert mest truleg Emil Heggestad, men han kan maksimalt nå 99 i år så han lyt venta til neste sesong før han kan feira sitt jubileum.

 

  • Veitastrond - Årdal2 6-3 (05.09.10)

Det vart ein klassisk Leikvollthriller då Veitastrond i dag vann 6-3 heime mot Årdal 2. Etter ein noko keimsam 1.omgang der VIL leia 2-0 så opna kampen seg opp etter pause og publikumet fekk sjå heile 7 scoringa etter sidebyttet. Dagens helt var Frode Kvam som netta 3 gonger, men helten var godt hjulpen av servitør Kurt Heggestad som var nest sist på 3 av måla i tillegg til å scora 1 sjølv. Dette var ein utruleg viktig siger for Veitastrond som no går opp på 4.plass på tabellen og me har no skaffa oss eit lite pusterom til laga under oss.

Les meir HER

Andre resultar i 4.divisjon i dag;

Selje - Eikefjord 3-0, Førde 2 - Skavøypoll 8-0.

 

  • Før kampen; Veitastrond - Årdal 2 (04.09.10)

Ny helg og nye utfordringar står for tur. Denne gongen er det Årdal 2 som gjestar Leikvoll i det som nok ein gong vert ein viktig kamp. Me skreiv før forrige kamp mot Lærdal at det var årets viktigaste kamp, men den lyt nok gå ned på rangstigen føre denne kampen. Laga rundt oss på tabellen tapte sine kampar denne runden, og dette gjer oss ein fin sjanse til å få eit lite pusterom frå våre konkurrentar. Men då lyt me fyrst vinna kampen mot Årdal 2, og ingen forventar at eit Veitastrond lag ute av form skal få det lett i morgon.

Les meir HER

 

  • Før; Før kampen; Veitastrond - Årdal 2 (04.09.10)

Me har ikkje noko informasjon om laget som startar eller kampen ennå, men me vil opplysa vårt publikum om kva dei kan forventa seg i kiosken på Leikvoll i morgon.

Me reknar med at du møter opp svolten til kamp og kva passar vel då betre enn at Åshild har rykande ferske rømmagraut å by på. Skulle du ikkje vera så begeistra for graut så tippar me at du gladeleg set tenna i Rakel sine pølser surra inn i heimelaga potetkaker. Etter middags høver det seg med ein liten kaffiskvett, og kvifor ikkje nyta denne med eplekaka frå Rakel sitt konditori.

Ein fotballkamp på Veitastrond er ikkje berre ein fotballkamp på Veitastrond. Det er òg ei kulinarisk oppleving du ikkje finn maken til.

Me snakkast på Leikvoll Stadion søndag kl 15:00.

 

  • Treningsstatistikken (03.09.10)

Har lagt ut ein oppdatert treningsstatistikk.

Denne finn du HER

 

  • Ny spelar; Ivan Jokic (02.09.10)

Som ellers i fotballeuropa så stengte og overgangsvindauget for Veitastrond den 1.september. Det vil seia at etter denne datoen så lyt me klara oss me dei spelarane som allereie stod oppført i klubben. Veitastrond hadde ein hektisk dag før vindauget stengte, og dette resulterte i ein ny signering. Vår nye spelar heiter Ivan Jokic, og det har neppe ramla inn ein like eksotisk spelar til VIL-fotball nokon gong som det me kan presentera no.

Les meir HER

 

  • Treningsavgift og lisens (01.09.10)

Nok ein gong lyt me minna enkelte av våre spelarar på at de må betala det som de skuldar klubben i lisens og treningsavgift.

10-12 spelarar har ennå ikkje betalt alt som dei skal, og det manglar ca kr 12 000.

Desse pengane skal inn uansett, og me byrjar no å bli alvorleg leie av å måtte masa om dette gong på gong. Det har vore sendt ut uttallige purringar, og me hadde satt pris på om alle som framleis ikkje har gjort opp for seg gjer dette snarast. Dette er stort sett einaste forpliktelsen ein spelar på Veitastrond har i løpet av ein sesong, og me tykkjer ikkje det er så mykje å forlanga...

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com