Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  ARKIV; September 2011

  • Førde 2 - Veitastrond 5-0 (27.09.11)

Veitastrond ute på tur er sjeldan noko stor suksess, og ei heller denne gongen. Etter ein måndagskveld i Førde så kom me heim med utklassingsifra 0-5 i sekken. Det byrja imidlertid bra for Veitastrond då det var spelt i knappe 10 minutt og VIL vart tildelt straffespark, og i tillegg vart ein Førdespelar utivst. Diverre så bomma Emil på straffen, og i staden for at me tok initiativet i kampen så vart me regelerett overkøyrd av eit energisk og godt Førde 2 lag til trass for at dei var ein mann mindre. Spesielt 1.omgangen er horribel der me låg under 0-5...

Les meir HER

 

  • Før kampen; Førde 2 - Veitastrond (25.09.11)

Veitastrond spelar i morgon bortekamp mot Førde 2. Me tek ein kort "før kampen".

Me har ikkje noko lag klart, men me har følgnade tropp tilgjengeleg;
Even, Gaute, Geir, Glenn Thomas, Karl Jomar, Kenneth, Lars, Runar, Øivind, Øyvind, Ådne, Emil, Ivan, Jonas, Kurt, Ole Petter, Frode Kvam, Richard og Øystein,

Dei som står over er Patrik, Bjørn (suspendert), Åsmund (skade), Frode Kvåle (skade) og Olai.

Altså i utgangspunktet ein tropp på 19 mann, men me er villige til å vedda mykje på at me ikkje reiser opp med så mange. Vårt tips er 14-15 mann, noko som og må seiast å vera bra.

Kampen byrjar kl 19:00, og blir spelt på kunstgrasbana i Førde.

Me ynskjer lykke til!

 

  • Veitastrond - Sogndal 2 3-6 (19.09.11)

Det vart diverre tap 3-6 for Veitastrond mot Sogndal 2 i dag. VIL byrja kampen bra og tok leiinga tidleg, men SIL2 slo hardt attende å scora dei 4 neste måla i kampen. Bortsett frå ein liten svikt midtveges i 1.omgang der me gjer dei alt for mange enkle mål så gjer me sogndølene god kamp i dag. Med litt meir marginar så hadde me fått med oss poeng i dag, men me vart for upresise framfor begge måla i dag og dette utnytta Sogndal 2 til det fulle. Me hadde håpa å fått besøk av eit stjernespekka lag i dag, men tippeligaspelarane glimra diverre med sitt fråvær på Leikvoll i dag.

Les meir HER

Me har og oppdatert alle statistikkar og tabellar. Du kan sjå fleire bilder frå kampen HER

Medan Veitastrond tapte sjølv, då fekk me god hjelp frå Førde 2 i dag. Dei slo nemleg Høyang 2-3 på bortebane, og dermed er det framleis 6 poeng som skil oss frå Høyang i det 3 serierundar gjenstår.

 

  • Før kampen; Veitastrond - Sogndal 2  (18.09.11)

I morgon er det klart for ein av årets mest spanande kampar på Leikvoll Stadion. Då kjem nemleg Sogndal sine neste beste fram til Strondi for å måla krefter mot våre menn. SIL2 jagar opprykk til 3.divisjon, og held dei fram slik dei har gjort i det siste så kjem det mange tippeligaspelarar til Veitastrond i morgon. Det vil seia at dei som sat på benken på Viking Stadion i dag og skal til Lerkendal på torsdag, skal ein ein tur innom Leikvoll Stadion i mellomtida. Større kontrastar finn ein vel knapt i norsk fotball, og uansett resultat i denne kampen er me stolte over å berre vera i den posisjonen at me spelar på samme nivå som Sogndal 2. Endå stoltare blir me når me har sendt dei utatte i "Sonndal" med 0 poeng og brotne opprykksdraumar. 

Les meir HER

 

  • Bilder og statistikk frå Jølster kampen (11.09.11)

Me har då oppdatert spelarstatisikkane og tabellen etter kampen mot Jølster.

Me har og lagt ut bilder som du kan sjå HER

 

  • Jølster - Veitastrond 7-0 (09.09.11)

Det vart etterkvart ein heilsvart kveld for VIL-fotball i Jølster. Etter ein brukbar 1.omgang der me forsvarte oss bra, men låg under med 1-0, så rakna det fullstendig i 2.omgang. Jølster køyrde over oss meir og meir etterkvart som kampen gjekk, og dei ga seg ikkje før det stod 7-0 på resultattavla. Utvilsamt eit skuffande resultat for vår del, men me lyt berre erkjenna at me møtte eit lag som denne kvelden var mykje betre enn oss sjølve. Dette er den type kampar som me legg pent og pynteleg i gløymeboka, og heller rettar blikket mot framtida.

Les meir HER

 

  • Før kampen; Jølster - Veitastrond (08.09.11)

Då gjer me klart for serierunde nummer 18, og Veitastrond tek denne gongen turen til Skei for å spela mot Jølster. Med sigeren forrige helg mot Dale så fekk me oss ei fin luke til laga nedanfor på tabellen, men framleis lyt me ta poeng for å halda beina på skikkeleg trygg grunn. Dette har me tenkt å gjera noko med i morgon og sørga for at me ikkje kjem tomhendte heim.

Les meir HER

Me minnar og om at det framleis er nokon spelarar som ikkje har betalt treningsavgift. Me ber dykk om å gjera dette snarast mogleg!!!

 

  • To nye spelarar klare for VIL (07.09.11)

Rett før overgangsvindauget stengte 31.08.11 så signerte Veitastrond to nye spelarar. Me gjer dykk her ein kort presentasjon av dei nye tilskota til stallen vår.

Les meir HER

Me har lagt desse to nye spelarane til i spelarstallen under Spelarane i menyen ovanfor.
Her har me òg rydda opp slik at det berre er dei spelarane som er aktuelle pr dags dato som står oppført. Det vil seia at med tungt hjerte har me tatt bort gamle ringrevar som Arne Nes og Frank Heggestad. Dei vil bli oppførde på ny når dei gjer comeback.

Me har òg valgt å ta bort spelarprofilane på kvar enkelt. Fyrst og fremst fordi me berre hadde profilar på omlag halvparten av spelarane, men òg fordi dei profilane som låg der var byrja å gå ut på dato. Blant anna har Øyvind Lien bedt oss om å ta bort desse, då han sjølv meinar han har utvilkla seg mykje som person og medmenneske sidan profilen vart oppretta, og dette har me valgt å respektera.

 

  • Oppdaterte statistikkar (04.09.11)

Me har då oppdatert spelarstatistikkane etter kampen mot Dale i går. Desse finn du under Årets sesong i menyen ovanfor. Tabellen blir ikkje oppdatert før denne serierunden er ferdigspelt.

I tillegg har me og oppdatert treningsstatistikken. Denne kan du sjå HER

 

  • Veitastrond - Dale 4-1 (03.09.11)

Det vart ein etterlengta 3 poengar for Veitastrond, då me i dag vann 4-1 heime mot Dale. VIL kom godt i gang, tok ei tidleg leiing og hadde stort sett kontroll på kampen i dag. Med denne sigeren så tok me eit veldig viktig steg i retning mot trygg plass i årets 4.divisjon. I dag spelte me solid i alle ledd, heilt frå Patrik i mål til trioen vår på topp som var eit konstant uromoment mot Dale sitt forsvar. Dagens kamp ga oss attende trua på at me kan prestera på dette nivået, og no gler me oss til å ta fatt på siste del av sesongen.

Les meir HER

Oppdaterte statistikkar og tabeller kjem i morgon...

Det kjem ingen bilder frå denne kampen, men kanskje fotografen gjer oss nokon blinkskot frå konfirmasjonen i Oslo...

 

  • Før kampen; Veitastrond - Dale (02.09.11)

Då er det klart for ny serierunde, og denne gongen er det Dale som kjem på besøk. Det vil seia at det er to lag som ikkje har vore like gode etter ferien som dei var før, som no brakar saman. Veitastrond har rota seg ned i kampen om å unngå nedrykk, medan Dale har gått frå å jaga opprykk til å havna i eit vakum der dei kjem seg hverken opp eller ned. Dette er ein kamp der Veitastrond bør ha 3 poeng for å framleis halda ei god luke til laga nedanfor.

Les meir HER

* Då har me til og med fått lagt ut før kampen mot Dale anno 2011, og ikkje 2009 slik me kom til skade for å gjera ;)

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com