Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

Sesongen 2004          

Ideen om eige seniorlag på Veitastrond hadde vore til stades i fleire år, men det vart aldri gjort noko konkret med planane før Emil- og Frank Heggestad tok opp temaet i ein kaffipause under bygging av huset til sistnevnte. Etter det tok dei to ein kjapp telefonrunde til aktuelle spelarar, og dei fann fort ut at draumen faktisk kunne realiserast. Dei fekk samla saman ein stall som i hovedsak bestod av spelarar frå Veitastrond. Dei som ikkje var strendingar hadde stort sett ein eller annan tilknytting til bygda ved slektskap eller at deira bedre halvdel var strending.

Spelarstallen såg omtrent slik ut den første sesongen; Odd Einar Molland, Sigbjørn Haugen, Ole Petter Heggestad, Øyvind Heggestad, Rune Molland, Gaute Olstad, Arvid Heggestad, Frank Heggestad, Emil Heggestad, Bjørn Molland, Geir Aardal, Steffen Hilleren, Lars Magne Nes, Per Helge Hågvar, Jimmy Hilleren, Per Christensen, Tarjei Nordtvedt, Jonny Ølnes, Richard Nes, Lars Arne Nes, Arne Nes, Øystein Heggestad ++ dvs ein skokk med Heggestadar, Nesar, dei tre mollandsbrørne, eit par utanbygdingar og ein skjeggete danske ved navn Per Christensen som det mest kulturelle innslaget.

Dei to grunnleggarane tok sjølv på seg trenaransvaret, med Frank som hovudtrenar og Emil som ass man. Det vart oppretta eit styre med dei to karane + Richard Nes og Bjørn Molland, medan Hildegunn Heggestad vart utnevnt som oppdama. Det vart lagt ned ein drøss med dugnadstimar denne sesongen som innebar innkjøp av nødvendig utstyr, planlegging av treningar, kampar, oppmerking av bana etc. I tillegg tok laget på seg å måla Veitastrond kapell noko som gav klingande mynt i kassa til VIL-fotball. Det vart og lagt ned ein stor jobb med å få heimebana Leikvoll Stadion klar for spel i 6.divisjon. Bana var i utgangspunktet for lita, men takka vera at krinsen sin banesjef Olav Kjos Wenjum ivra for å få godkjenna bana fann me ut korleis me skulle gjera det. Bana måtte utvidast og dette var sjølvsagt ikkje noko problem for verdas beste gravemaskinkøyrar Johan Hilleren å fixa. Utvidinga gjorde til at VIL spelde alle vårkampane på framand gras.

Etter å ha trena i ca 2 månader spelde Veitastrond sin historiske første kamp den 7.februar i Sognahallen mot kommunekollega Bjørn. Kampen enda 0-0, og står den dag i dag tilbake som ein av dei best gjennomførte kampane VIL har spelt, det er og einaste gongen laget har spela 0-0 i ein kamp. Den første sigeren kom i neste treningskamp, då dei nedsabla JÅFK 3 5-3, blant anna etter 3 straffemål av Emil Heggestad. Resten av treningskampane gjekk litt opp og ned med eit pinleg 2-8 tap mot Bjørn på grusen i Gaupne som den dårlegaste kampen.

Avdelinga til VIL den første sesongen bestod av i alt 8 lag; Veitastrond, Kaupanger2, Syril2, Sogndal3, Balestrand, Lærdal, Norane og Jotun/Årdalstangen3. Målsettinga før sesongen var topp 3, med ambisjonar om å vera med å kjempa om opprykk, men laget skulle snøgt få erfera at ting ikkje skulle bli så bra som ein hadde håpa på. 

Det heile vart sparka i gang den 4.mai 2004 når eit spent VIL lag reiste over fjorden til Balestrand for å spela sin første seriekamp nokonsinne. Det vart ein tøff batalje som VIL til slutt tapte 1-3. Gaute Olstad vart historisk ved å scora historiens første seriemål for VIL. Neste kamp gjekk heller ikkje bedre med 0-3 på ei steinhard grusbane mot KIL2, sannsynlegvis den dårlegaste kampen i VIL sin historie. Etter ein elendig start smakte det difor godt med den første sigeren med 4-3 mot Syril2. Dette var ein knalltøff kamp med mange kort og skadar. Blant anna hadde Arne Nes ein grufull takling på ein Syril spelar som gjorde at Syril sin oppmann, kvamsingen Norvald Kvam (møbel-Norvald) måtte køyra direkte til legevakten med vedkommande, men Kvam hadde ikkje komme langt då han vart oppringt av Syril benken om å snu for å ta med seg endå ein spelar til doktor. Til trass for Norvald sin forargelse mot VIL laget så var dette dagen som VIL tok sine første tre poeng i seriesystemet. Etter oppturen mot Syril kom den verste tapsrekka i hisorien som byrja mot Kaupanger i Firda cupen (4-9) og forsatte i serien mot SIL3 (1-5), Lærdal (1-7) og JÅFK3 (3-8). Etter denne grufulle rekka avslutta VIL vårsesongen med å slå Norane 4-2 i botnoppgjeret på Ylvisåker.

2-0-5 og 6 poeng var status for VIL når dei avslutta vårsesongen. Det var definitivt ikkje noko VIL var happy, og ein såg fram til å revansjera seg på hausten når Leikvoll stod klar til bruk. Sommaren vart ikkje brukt til anna enn eit sosialtarrangenment på Matkroken og ein treningskamp i Moane mot Åheim som enda 4-4.

Alt låg til rette for ein festkveld når Strondi starta haustsesongen med åpning av "nye Leikvoll Stadion. Med strålande sol og fulle tribunar var det kun sjølve kampen som vart nedturen denne kvelden - 1-5, og utspelt av avdelingen sitt klart beste lag Kaupanger2 var kanskje ikkje anna enn forventa.Denne gong var det Arne Nes sin tur til å bli historisk ved å scora det første målet for VIL på heimebana. I neste kamp vart det kun eit poeng i botnkampen mot Syril2, og ein måtte venta til den 22.august før strendingane kunne innkassera sin første heimesiger med 4-2 mot SIL3. I neste kamp vart det tap igjen då Lærdal vann 4-5 i ein nervepirrande og underhaldande kamp på Leikvoll. Det vart 1-1 når Balestrand kom på besøk, medan JÅFK3 vart sendt innatte til hallane med 3-6 i kofforten, blant anna takka vera 4 mål av Richard Nes. Sesongen vart avslutta med eit gjørmebad mot Norane. Bortelaget hadde kun tatt 1 poeng før i sesongen. Likevel måtte VIL slita for å dra heim ein knepen 6-5 siger i ein kamp der Frank Heggestad vikarierte som keeper i 2.omgang med blant anna ein fantom redning på eit skot frå Even Kvam - ei historie som Frank forsatt dreg fram i passande anledningar.

Veitastrond enda til slutt som nummer 6 av 8 lag i avdelinga si. Sporstleg sett vart det ikkje slik som ein hadde håpa på før sesongen då ambisjonane heilt klart var å vera med i opprykkskampen. Årsaka til at det gjekk som det gjorde var nok at det var for lite trening, kun 1 trening i veka var nok ikkje tilstrekkeleg for eit lag som bestod av spelarar med lite erfaring på seniornivå. Likevel må det sjåast på som ein bragd å ha gjennomført ein sesong med Veitastrond i seriesystemet, og laget var særs gode til å halda saman utanfor bana med mange sosiale arrangement som toppa seg med ein heidundrandes avslutningstur til Gol. Her vart Emil Heggestad utnevnt til årets spelar stemt fram av spelarane sjølve medan Richard Nes fekk prisen for årets toppscorar med 13 mål.

Les referatet som trenar Frank skreiv etter sesongen HER.

 

   
Dato Heimelag Bortelag Res Kamptype Referat
07.02.2004 Veitastrond Bjørn 0-0 Treningskamp Referat
29.02.2004 Jotun/Årdalstangen 3 Veitastrond 3-5 Treningskamp Referat
14.03.2004 Veitastrond Sør Aurdal/Fagernes jr 4-3 Treningskamp Referat
21.03.2004 Jotun/Årdalstangen 3 Veitastrond 3-1 Treningskamp Referat
12.04.2004 Bjørn Veitastrond 8-2 Treningskamp Referat
20.04.2004 Kaupanger 2 Veitastrond 3-1 Treningskamp Referat
04.05.2004 Balestrand Veitastrond 3-1 Seriekamp Referat
12.05.2004 Kaupanger 2 Veitastrond 3-0 Seriekamp Referat
25.05.2004 Syril 2 Veitastrond 3-4 Seriekamp Referat
02.06.2004 Veitastrond Kaupanger 4-9 Cupkamp Referat
06.06.2004 Sogndal 3 Veitastrond 5-1 Seriekamp Referat
08.06.2004 Lærdal Veitastrond 7-1 Seriekamp Referat
15.06.2004 Jotun/Årdalstangen 3 Veitastrond 8-3 Seriekamp Referat
22.06.2004 Noradn Veitastrond 2-4 Seriekamp Referat
10.08.2004 Veitastrond Åheim 4-4 Treningskamp Referat
12.08.2004 Veitastrond Kaupanger 2 1-5 Seriekamp Referat
18.08.2004 Veitastrond Syril 2 3-3 Seriekamp Referat
22.08.2004 Veitastrond Sogndal 3 4-2 Seriekamp Referat
02.09.2004 Veitastrond Lærdal 4-5 Seriekamp Referat
05.09.2004 Veitastrond Balestrand 1-1 Seriekamp Referat
08.09.2004 Veitastrond Jotun/Årdalstangen 3 6-3 Seriekamp Referat
12.09.2004 Veitastrond Noradn 6-5 Seriekamp Referat

 

Tabell 2004 K V U T Mål P
1. Kaupanger 2 14 11 2 1 63-17 35
2. Sogndal 3 14 8 3 3 40-35 27
3. Lærdal 14 8 2 4 60-25 26
4. Balestrand 14 7 2 5 38-37 23
5. Jåfk 3 14 6 2 6 42-39 20
6. Veitastrond 14 5 2 7 39-56 17
7. Syril 2 14 3 2 9 28-42 11
8. Norane 14 0 1 13 20-79 1

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com