Sesongen 2005
_avslutningsfest/even.jpg)
Etter ein lærerik første sesong gjore strendingane seg klare for å ta nokre steg vidare både på og utanfor bana. Frå første sesongen hadde Emil og Frank skifta roller som gjorde Emil til hovudtrenar medan Frank var degradert til ass-man. På spelarfronten hadde brødrene Ole Petter- og Øyvind Heggestad takka for seg, det samme hadde Lars Arne- og Lars Magne Nes medan dansken Per Christensen hadde flytta heim til Kim-Larsen-land. Inn dørane på Leikvoll Stadion kom hafslobøgdingen Åge Hamrum og halvstrendingane Ronny Sanden og Even Kvam. Sistnevnte vart og utnemt til kaptein av ei samla spelargruppe og både Even og Ronny skulle visa seg å bli svært viktig for VIL både på og ikkje minst utanfor bana.
Til sesongen 2005 kunne Veitastrond IL og stilla med to dommarar foran sesongen. Ikkje overrasaknde var det nok ein gong Frank og Emil som tok ansvar og hadde denne gongen skaffa seg lisenar til å representera moderklubben i heilsvart.
I avdelinga til VIL hadde KIL2 rykka opp i 5., Syril2 og Norane trekt laget og Balestrand var flytta til ei anna avdeling. Inn kom Fjøra2, som bestod av avdanka (trudde me) Fjøra spelarar men fort skulle visa seg å vera avdelingens beste lag, og naborival Hafslo som dermed duka for mange nerverpirrande lokaloppgjer.
Første treningskamp gjekk i Årdal mot KIL2. Kampen enda 1-1 og var meget godt gjennomført av Strondi som dermed fekk trua på at store ting var i vente. Neste kamp gjekk og i Årdal, denne gong mot Nordre Land jr. Sidan kampen gjekk ein kald laurdagskveld var det ein slunken Strondi tropp som tapte fortent 2-6 mot juniorane. Siste tur til Årdal gjekk vesentleg bedre og enda med 4-3 mot Lærdal før VIL avslutta oppkøyringa med fredags- og laurdagskamp i Storhallen mot Hafslo og Hordabø. Hafslo vart nedsabla med 4-0 medan Hordabø vann med samme siffer på laurdagen i ein kamp der Frank Heggestad vart utvist etter å ha sparka ei drikkeflaske i retning sin dommarkollega Marius Slinde.
Med 4-0 siger i treningskampen mot Hafslo var Strondi stinne av sjølvtillit foran sesongstarten mot Hafslo i moane. Etter å ha leda 1-0 til pause knakk laget totalt saman i 2.omgang og var heldige som fekk med seg 1 poeng. Det gjekk ikkje stort bedre i neste kamp der berre ein god Odd Einar Molland i VIl buret hindra at Strondi ikkje tapte meir enn 1-2 mot Fjøra2. Mot Sogndal3 vart det heller ikkje full pott då det vart 2-2 etter at VIL rota vekk ei 2-0 leiing. Etter kun 2 poeng på dei tre første kampane var VIL revansjesugne når Lærdal kom på besøk siste dagen i mai. Strondi gjekk ut i eit forrykande tempo og leda 2-0 tidleg i kampen, men før 1.omg var ferdigspelt klarde Geir å pådra seg raudt kort medan Even følgde etter i 2.omg og Lærdal kunne spasera inn til ein 5-2 siger på Leikvoll. Kampen mot Lærdal vil nok likevel bli best hugsa for at dommar Kjetil Stautland valde å visa ut sin eigen linjedommar Arvid Heggestad. Arvid hadde ansvaret for å vinka når ballen var over linja, men som VIL-fan vart han litt for ivrig når han var uenig med hovuddommar i ein avgjerelse og ga klar beskjed om kva han meinte . Dette resulterte i at dommaren ga beskjed til Arvid om å legga vekk flagget. Episoden vart blussa voldsomt opp i media og vart teken med av både NRK-sporten og riksavisene.
Det måtte ein tur inn til Årdal for at det endeleg skulle bli ein 3 poengar. Eit VIL-lag som ikkje hadde alt for stor tru på siger nedsabla JÅFK3 og vann til slutt heile 7-2 på krøllgraset. Etter oppturen i Øvre vart det eit "oppskriftsmessigt" 6-0 tap mot Fjøra2 i Storhallen før VIL avslutta vårsesongen på best mogleg vis ved å setta storebror Hafslo på plass med 4-2 på Leikvoll Stadion der Berry Mållis vart den store helten med 3 scoringar.
Status etter vårsesongen var 2 vinn, 2 uavgjort og 3 tap. Langt i frå det som VIL hadde håpa på. I løpet av ferien henta VIL inn to forsterkningar i Tom Idar Kvam (bror til Even) og Per Alfred Holte. Ut gjekk Sigbjørn Haugen som ikkje orka å pendla Årdal-Strondi for å spela 6.div lenger.
Etter ferien reiste VIL over fjorden til Lærdal og fekk den verst tenkelege starten på haustsesongen med 6-0 tap, noko som vart fulgt opp med eit endå verre 3-7 tap heime mot JÅFK3. Etter desse to kampane sette Emil og Frank seg ned for å finna utkva dei skulle gjera. Resultatet var ein nykomponert 4-2-3-1 formasjon som vart testa ut i Storhallen mot SIL3. Det gjekk særdeles bra, og VIL gjennomførte ein meget god defensiv kamp og vann til slutt 3-1, blant anna etter ein fantastisk volleyscoring frå Arne Nes. Einaste skår i gleden etter sigeren mot Sogndal var at debutant Per Alfred måtte tidleg ut med ein skade som skulle visa seg å holda han ute for resten av sesongen. Trass i ny formasjon og opptur mot SIL3 vart det tap for tredje gong mot Fjøra2 då dei venta i neste kamp. Denne gongen enda det 4-7, men ein kunde likevel sjå framgang spelemessigt frå dei førre kampane mot fjørene.
_hil_vil/oppstilling.jpg)
31.august skulle Hafslo feira 50 års jubileum av Hafslo stadion med ei markering med inviterte gjester. Publikum møtte opp i hopetal med lokaloppgjer mot Strondi som rosina i pølsa. Kampen vart ein stor nedtur for eit feststemt heimepublikum som måtte sjå at Hafslo vart rundspelt etter alle kunstens reglar og til slutt tapte 8-0. Ein av dei mest minnerike kveldane i for VIL-fotball si historie.
Etter oppturen mot Hafslo dabba det av for VIL igjen der dei kun tok 1 poeng på dei siste 3 kampane med 2-2 mot SIL3, 4-6 mot Lærdal før dei avslutta med 1-2 tap i Årdal der Tarjei Nordtvedt fekk æra av å setta inn årets siste VIL-scoring.
Denne gongen vart sesongen avslutta med VIL-fest i Resalandkjellaren. Her vart sesongen oppsummert og ein var enig om at sporsleg sett hadde det vore ein nedtur. Bjørn Molland fekk prisen for årets spelar, Richard Nes vart toppscorar med 13 mål medan Arne Nes fekk prsien for årets mål etter scoringen mot SIL3 i Storhallen.
Dato |
Heimelag |
Bortelag |
Res |
Kamptype |
Referat |
28.02.2005 |
Veitastrond |
Kaupanger 2 |
1-1 |
Treningskamp |
Referat |
23.03.2005 |
Veitastrond |
Nordre Land jr |
2-6 |
Treningskamp |
Referat |
28.03.2005 |
Veitastrond |
Lærdal |
4-3 |
Treningskamp |
Referat |
08.04.2005 |
Veitastrond |
Hafslo |
4-0 |
Treningskamp |
Referat |
09.04.2005 |
Veitastrond |
Hordabø |
0-4 |
Treningskamp |
Referat |
10.05.2005 |
Hafslo |
Veitastrond |
1-1 |
Seriekamp |
Referat |
18.05.2005 |
Veitastrond |
Fjøra 2 |
1-2 |
Seriekamp |
Referat |
24.05.2005 |
Veitastrond |
Sogndal 3 |
2-2 |
Seriekamp |
Referat |
31.05.2005 |
Veitastrond |
Lærdal |
2-5 |
Seriekamp |
Referat |
07.06.2005 |
JÅFK 3 |
Veitastrond |
2-7 |
Seriekamp |
Referat |
14.06.2005 |
Fjøra 2 |
Veitastrond |
6-0 |
Seriekamp |
|
21.06.2005 |
Veitastrond |
Hafslo |
4-2 |
Seriekamp |
Referat |
09.08.2005 |
Lærdal |
Veitastrond |
6-0 |
Seriekamp |
Referat |
16.08.2005 |
Veitastrond |
JÅFK 3 |
3-7 |
Seriekamp |
Referat |
19.08.2005 |
Sogndal 3 |
Veitastrond |
1-3 |
Seriekamp |
Referat |
23.08.2005 |
Veitastrond |
Fjøra 2 |
4-7 |
Seriekamp |
Referat |
31.08.2005 |
Hafslo |
Veitastrond |
0-8 |
Seriekamp |
Referat |
06.09.2005 |
Veitastrond |
Sogndal 3 |
2-2 |
Seriekamp |
Referat |
14.09.2005 |
Veitastrond |
Lærdal |
4-6 |
Seriekamp |
Referat |
20.09.2005 |
JÅFK 3 |
Veitastrond |
2-1 |
Seriekamp |
Referat |
Tabell 2005 |
K |
V |
U |
T |
Mål |
P |
1. |
Fjøra 2 |
15 |
13 |
0 |
2 |
76 - 26 |
39 |
2. |
Lærdal |
15 |
9 |
2 |
4 |
51 - 25 |
29 |
3. |
Sogndal 3 |
15 |
6 |
4 |
4 |
47 - 28 |
25 |
4. |
Veitastrond |
15 |
4 |
3 |
8 |
42 - 51 |
15 |
5. |
Jåfk 3 |
15 |
4 |
2 |
9 |
24 - 53 |
14 |
6. |
Hafslo |
15 |
2 |
1 |
12 |
15 - 72 |
7 | |