Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

Sesongen 2006

 

Etter to sesonger der VIL følte dei ikkje hadde fått ut sitt fulle potensial var det på tide å tenka nytt framfor sesongen 2006. Svaret låg i å henta inn ein ekstern trenar. Det var fleire aktuelle navn på blokka, men det lukkast likevel å skaffa seg han som stod øverst på ønskelista, nemleg Leiv Inge Fimreite. Leiv Inge hadde tidlegare trena Norane med stor suksess, og etter det vore 2 år i Fjøra. På det første møtet som styret i VIL-fotball hadde med Leiv Inge vart ambisjonane til begge partar lagt fram og det var einighet om at målet for sesongen var opprykk til 5.divisjon. VIL hadde på dette tidspunktet ein spelarstall som synte ca 20 mann. Diverre skulle det etterkvart visa seg at ein del fall frå av ulike årsaker slik at stallen egentleg var vesentleg mindre, dette vart eit stort problem for VIL gjennom heile sesongen. Blant anna vart laget hemma av at Tom Idar Kvam var ute heile sesongen grunna eit dårleg kne, det samme med Per Alfred Holte som sleit med ryggen, medan Arne Nes var ute heile vårsesongen med ein skade i mageregionen.

Frå forrgie sesong hadde Odd Einar Molland, Rune Molland, Jimmy Hilleren og Sigbjørn Haugen takka for seg. Stavangergutta Roger Nyborg og Tarjei Nordtveit stod oppført i spelarstallen, men var stort sett ute med skadar eller opptekna av andre ting. Inn kom målmann Gøran Fimreite, nøren Jon Arne Fimreite, Jan Eirik Bertelsen, Roar Andre Hustveit og Bjarte Pedersen.

I 6.divisjon avdelinga til VIL hadde Lærdal rykka opp medan Fjøra2 og JÅFK3 hadde trekt laget. Inn kom Balestrand og det nystarta laget Aurland/Lærdal2. Avdelinga talde 5 lag og det var lagt opp til trippel serie.

VIL byrja sesongoppkøyringa på samme vis som året før med treningskamp mot KIL2, denne gongen enda det og uavgjort då VIL kom tilbake frå 4-1 og klarde til slutt 4-4 etter ein imponerande avslutning. I neste kamp gjekk det sameleis mot Hafslo på Ylvisåker. HIL leda 4-1 til pause, men i 2.omgang kom VIL tilbake og det enda til slutt 4-4. Denne kampen ga og ein klar indikasjon på at Hafslo hadde eit mykje bedre lag en året før og det skulle visa seg at dei for alvor ville vera med å kjempa om avdelingseieren. Dei to siste treningskampane enda med imponerande 3-1 siger mot Balestrand og 4-1 mot Bjørn. Det var såleis stor tru i VIL leiren på at Leiv Inge sin inntreden ville tilføra laget heider og æra i den kommande sesongen.

Første seriekamp gjekk borte mot Balestrand. Det var berre 12 mann som var disponible til denne kampen, ein stor skuffelse både for Leiv Inge og resten av dei oppmøte. Likevel gjekk VIL knallhardt ut og leda meget fortjent 2-1 til pause. I 2. omg fekk VIL merka at dei hadde lite folk på benken og vart sterkt pressa, eit hardtkjempande VIL lag klarde likevel å ri av stormen og kontra i staden inn 2 mål på slutten og ein imponerande start med 4-1 siger. I neste kamp vart SIL3 regelrett rundspelt på Leikvoll og måtte reisa heim med 1-7 i bagasjen. Det var difor ein stor skuffelse når VIL reiste til Hafslo i 3 runde og presterte ein av sine dårlegaste kampar nokonsinne og tapte fortjent 2-3. Ein herleg revansje for HIL etter at dei tapte 8-0 i samme oppgjer sesongen før, og ein tilsvarande nedtur for VIL. Nedturen forsatte på mange måtar då VIL skulle prøva å revansjera seg heima mot Aurland/Lærdal 2. I ein fartsfylt kampa enda det utruleg nok 6-6 i ein kamp som gjekk den 06.06.06 i 6.div. Blant anna hadde Jonny Turhus i denne kampen ein scoring frå midtbana direkte frå avspark. For VIL sin del fekk Jan Eirik Bertelsen verkeleg vist seg fram for heimepublikumet med 3 goalar.

Samme Jan Eirik forsatte sitt storspel når Balestrand kom til Leikvoll. VIl feide dei av bana i samtlege 90 minutt og Jan Eirik scora heile 6 mål i kampen som til slutt enda 13-3. Årdølen Torstein Kvam som dømde denne kampen vart så imponert av storscoraren at han seriøst vurderte å henta han inn til Årdal for 2.divisjonsspel. Etter denne oppturen avslutta VIL vårsesongen med å slå SIL3 2-0 i moane og kunne dermed ta ferie på tabelltopp.

I ferien valde Roar A Hustveit å gje seg på VIL, medan Åge Hamrum meldte overgang til moderklubb og erkefiende Hafslo. Verst var det likevel at VIL sin klart beste spelar i vårsesongen Jan Eirik Bertelsen valde å flytta heim og dermed enda sin VIL karriere så alt for tidleg.

Inn kom Erlend Siem og Christian Tormodsen, medan Arne Nes var klar igjen frå skade. Per Helge Hågvar melde og sin ankomst tilbake til VIL skuta etter å ha vore 1 år i Kina. Verre var det for VIL at Gaute Olstad skada seg på trening og måtte sitta på sidelinja resten av sesongen. 

Tabelleiaren VIL starta haustsesongen med bortekamp mot A/L 2. Ein slunken VIL stall var noko heldige som klarde 1-1 etter at aurlendigane stort sett var det beste laget gjennom store deler av kampen. Likevel vart det ein bitter dag, spesielt for Richard Nes som bomma på åpent mål to gonger i 2.omgang. Etter den famlande starten av haustsesongen var det eit spent VIL-lag som tok i mot naboane frå Hafslo til seriefinale på Leikvoll to dagar etter. I ein kamp som vippa fram og tilbake fekk Richard til slutt sin revansje etter forrige kamp og avgjorde kampen heilt på slutten med sin 4-3 scoring. Ein utruleg kamp for eit massivt publikum og ein endå bedre dag for VIL fotball sin historie!

Etter triumfen mot Hafslo slokna diverre dei heiltblåe litt og spelde 4-4 borte mot Balestrand og tapte utruleg nok 2-3 heima mot tabelljumbo SIL3 i det ein trygt kan kalla årsverste frå strendingane. I nest siste kamp for sesongen var no VIL avhengig av ein ny siger mot Hafslo for å halda liv i opprykksdraumen. Det vart ein ny triller mellom dei to laga som denne gongen enda 3-3 og fordel til Hafslo som dermed sikra seg sigeren i avdelinga. Anført av banens beste spelar; Bjørn Molland så  avslutta VIL sesongen med overbevisande 9-3 heima mot eit ungt A/L 2 lag på ei regntug bane. I denne kampen hadde Emil sin debut som målmann, medan Richard til slutt klarde å tukta Jan Eirik i å bli toppscorar med 14 mål på 12 kampar.

Sesongen 2006 var på mange måtar ein sporstleg opptur, men likevel ville det nok godt endå betre om ein hadde hatt ein større stall. Med alt for få spelarar både på kamp og trening fekk VIL aldri utnytta den ressursen som Leiv Inge er fullt ut og enda altså til slutt på 2.plass bak Hafslo som heller ikkje klarde opprykk då dei tapte i kvalifiseringen mot Eid2.

Avslutninga denne gongen var som året før halden i resalandkjellaren. Her fekk Bjarte Pedersen prisen som årets spelar stemt fram av spelarane sjølve.

Dato Heimelag Bortelag Res Kamptype Referat
03.03.2006 Veitastrond Kaupanger 2 4-4 Treningskamp Referat
28.03.2006 Hafslo Veitastrond 4-4 Treningskamp Referat
18.04.2006 Balestrand Veitastrond 1-3 Treningskamp Referat
25.04.2006 Bjørn Veitastrond 1-4 Treningskamp Referat
02.05.2006 Balestrand Veitastrond 1-4 Seriekamp Referat
09.05.2006 Veitastrond Sogndal 3 7-1 Seriekamp Referat
30.05.2006 Hafslo Veitastrond 3-2 Seriekamp Referat
06.06.2006 Veitastrond Aurl/Lær 2 6-6 Seriekamp Referat
13.06.2006 Veitastrond Balestrand 13-3 Seriekamp Referat
20.06.2006 Sogndal 3 Veitastrond 0-2 Seriekamp Referat
17.08.2006 Veitastrond Hafslo 4-3 Seriekamp Referat
15.08.2006 Aur/Lær 2 Veitastrond 1-1 Seriekamp Referat
22.08.2006 Balestrand Veitastrond 4-4 Seriekamp Referat
29.08.2006 Veitastrond Sogndal 3 2-3 Seriekamp Referat
12.09.2006 Hafslo Veitastrond 3-3 Seriekamp Referat
19.09.2006 Veitastrond Aur/Lær 2 9-3 Seriekamp Referat

 

Tabell 2006 K V U T Mål P
1. Hafslo 12 8 2 2 30-19 26
2. Veitastrond 12 6 4 2 57-31 22
3. Aurland/Lærdal 2 12 4 3 5 38-36 15
4. Balestrand 12 3 2 7 28-46 11
5. Sogndal 3 12 3 1 8 18-39 10

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com