Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

     

Hafslo - Veitastrond 30.mai 2006

Det vart eit historisk tap for Veitastrond då dei for fyrste gong tapte mot Hafslo. Hafslo laga to billige mål på dødball etter dårleg markering av Strondi. Fyrste omgangen var svak for Strondi og laget fekk ikkje til sitt eige spel, og Hafslo fekk kampen inn i sitt spor med kontringar og lange ballar. Strondi pressa spelet opp på høgrekanten gong etter gong, og fekk ikkje med seg Bjarte og Jan Eirik på venstrekanten.

2.omgang var noko betre for Strondi sin del og dei kom inn i kampen igjen etter skåring av Jan Eirik, men ikkje lenge etter kontra Hafslo inn 3-1, og det hjalp lite at Geir skåra på straffe og reduserte til 3-2. Tor Olav Berge fekk og raudt kort på slutten etter å ha slått ein Hafslospelar. Isolert sett ei rett avgjerd, men situasjonen kunne ha vore avverga dersom dommar Holm hadde blese på grisetaklingen i forkant.

Totalt sett eit rettferdig utfall av kampen, der Hafslo si sentrallinje var god. Frykta for å tape var større enn viljen til å vinne for Strondi, og me må heve oss mange hakk til kampen mot Aurland tysdag, noko me er sikre på kjem til å skje.

Kampfakta:

Hafslo - Veitastrond 3-2 (2-0)

1-0 Eirik Skorpen

2-0 Lars Bruhaug

2-1 Jan Eirik Bertelsen

3-1 Tarjei Tveite

3-2 Geir Årdal (str)

Veitastrond(4-3-3)

Sigbjørn Haugen - Gaute Olstad(Tor Olav Berge i 20 min.), Ronny Sanden, Even Kvam, Bjarte Pedersen - Emil Heggestad(Tarjei Nordtveit i 45 min), Bjørn Molland, Roar Hustveit(Åge Hamrum i 25 min)- Geir Årdal, Jan Eirik Bertelsen, Richard Nes

Raudt kort: Tor Olav Berge

Gule kort: Tarjei Nordtveit og Geir Årdal, VIL

         

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com