Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

     

Aurland/Lærdal 2 - Veitastrond: 15.august 2006.

Det var eit svekka lag som reiste over frå Mannheller i kveld, då eit par spelarar ikkje dukka opp til avreise... Men Strondi starta bra, og hadde stort sett kontroll i første omgang, og det var fullt fortjent då Richard sette inn 0-1 etter skot frå Emil. Strondi hadde eit par halvsjansar til i 1.omgang, utan å få utteljing. Bjørn hadde og eit mål tvilsomt anulert for hands av dagens elendige dommar Rømmen frå Syril.

2.omgang vart ei tøff affære for Strondi. Laget vart pressa bakpå, og klarde ikkje å etablere spel på den store og flotte bana i Aurland. Det var såleis fullt fortjent då Aurland utlikna etter vel halvspelt omgang. Dei hadde og fleire sjansar i omgangen, men Gøran stod godt i målet til VIL, og redda flott ved fleire høve. Men og Strondi, og ikkje minst Richard Nes hadde nokre feite sjansar i 2.omgang. Fyrst hedda han over frå to meter på eit legg frå Even, og to minutt før slutt breidsida han ballen høgt over for ope mål frå tre meter etter retur på eit skot frå Emil.

Men kampen sett under eit skal me vera nøgde med at me trass alt får med oss eit poeng på bortebane på ein dårleg dag. Neste kamp er allereie førstkommande torsdag mot Hafslo, og det blir heilt sikkert ikkje enklare.

Kampfakta:

Aurland/Lærdal 2 - Veitastrond 1-1 (0-1)

0-1 Richard Nes 20 min

1-1 Aurland 70 min


Veitastrond (4-3-3)

Gøran Fimreite - Bjarte Pedersen, Ronny Sanden, Even Kvam, Pelle Hågvar - Frank Heggestad, Emil Heggestad, Geir Årdal - Bjørn Molland, Richard Nes, Jonny Ølnes (Jon Arne Fimreite)(Arvid Heggestad)

Gule Kort: Geir Årdal, To på Aurland

Dommar: Jan Arild Rømmen (elendig)

         

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com