Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

     

Balestrand - Veitastrond: 22.august 2006.

Kampen starta svært dårleg for Strondi. Balestrand var først i alle duellar og var klart best i banespelet, og det var fortjent at Balestrand tok leiinga 1-0 på straffe. Ballen spratt opp i armen på Per Helge, og dommar Andersen valde å gje Balestrand straffe, noko tvilsamt. Menes sette straffen sikkert i mål. Ikkje lenge etter gjekk Balestrand opp i 2-0 etter ein kårner, greit nok etter spel og sjangsar. Det tok altså ein halv time før Strondi vakna, og ein frisk Arne Nes sette fart i angrepet og Strondi reduserte rett før pause etter at Arne fekk ballen i mål etter ein kårner.

Me var fast bestemt på å gjera ein mykje betre 2.omgang, men omgangen fekk ein svært dårleg start då Balestrand gjekk opp i 3-1 etter 2 min. Etter dette tok Strondi meir og meir over, og reduserte fortjent til 3-2 etter at Emil sette ballen sikkert ned i høgre hjørna til keeper. Og ikkje lenge etter knalla Ronny Sanden inn utlikninga på ein herleg volley frå 16 meteren.

Men så tenkte dommar Jarle Andersen, "haha, denne kampen kan Strondi berre gløyme å vinne." Som tenkt så gjort. Spiss Menes lena seg bak i Ronny Sanden, samstundes som han heldt Ronny unda med begge hendene, dette gjorde Menes heile kampen. Men istaden for å gje Menes gult kort for stadig holding, vel Andersen å dømma straffe til Balestrand. Heilt utruleg!! Men dommar Andersen ville ikkje gje seg med dette. Strondi har to klare, og to tvilsomme straffesituasjonar etter dette. Først blir Richard sparka ned inne i feltet, så blir Arne dytta over ende, Ronny blir sparka ned av keeper og Frank blir dytta over ende. Resultat; gult kort til Frank for skodespel. Dette er svært skuffande oppførsel av ein dommar, og særleg når det får klare konsekvensar for resultatet, og i vår situasjon kan det og få konsekvensar for plasseringa til slutt på tabellen.

Men Strondi klarde å skåre eit mål til utan dommaren sin hjelp. Sigbjørn krangla inn eit flott frispark frå Emil og kampen enda 4-4. Hafslo vann sin kamp mot Sogndal 3, og er to poeng bak oss med ein kamp mindre spelt.

Kampfakta:

Balestrand - Veitastrond 4-4 (2-1)

0-1 Menes (str)
0-2
1-2 Arne Nes
1-3
2-3 Emil Heggestad
3-3 Ronny Sanden
3-4 Menes (str)
4-4 Sigbjørn Haugen

Veitastrond (4-3-3)

Gøran Fimreite - Pelle Hågvar(Arne Nes i 60 min)(Jonny Ølnes i 5 min), Ronny Sanden, Tor Olav Berge, Bjarte Pedersen - Bjørn Molland, Emil Heggestad, Frank Heggestad- Christian Tormodsen, Richard Nes, Sigbjørn Haugen

Gule kort: Frank Heggestad og Ronny Sanden VIL. Eit til Balestrand

Dommar: Jarle Andersen (Syril) Dårle.

         

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com