Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

     

Hafslo - Veitastrond 12 september 2006

Kampen starta bra for Strondi som gjekk ut i ein 4-5-1 formasjon. Geir Årdal førde Strondi i leiing etter ein kårner frå Emil. Men ikkje lenge etter sette Hafslo inn superspissen Torbjørn, som skulle visa seg å vera eit lukkeleg val for dei gule. Han lurde offsidefella til Strondi, slo Gøran Fimreite i ein duell og nikka inn 1-1. Men Strondi fortsatte å kontrollera kampen, og Arne pressa fram ein feil frå ein Hafslostoppar som måtte felle Arne på 18 meter. Det påfølgjande frisparket sette Frank forbi muren og nede i venstre hjørnet for ein dårleg plassert Hafslokeeper, og dermed 1-2. Når det såg ut til at Strondi skulle gå til pause med leiing, stoppa forsvarsrekka til Strondi opp, og ville ha offside på Erling Linde, det var det ikkje, Linde vart felt av keeper Gøran, og ein soleklar straffe til HIL. Straffen var dårleg, Gøran gjekk rett, men klarde ikkje å ta ballen. Pause og 2-2.

2.omgangen starta med eit lite Hafsloovertak, og dei gjekk i leiing på ein nydeleg utført kontring. Men Strondi ville ikkje tape denne kampen, og hadde fleire store sjansar etter dette. Først vart Arne spelt nydeleg gjennom av Erlend og heilt åleine med keeper sette han ballen utanfor. Ikkje lenge etter vart Geir felt på 16-meterstreken. Han tok frisparket sjølv, men istaden for å plassere den forbi keeper, brende han ballen langt over og utanfor mål. Men Strondi skulle få utlikninga si. Frank la eit frispark som såg ufarleg ut, men Hafslokeeperen mista ballen og Richard knea den opp i nettaket.

Sjølv om Strondi pressa på for seier på slutten, ebba kampen ut med 3-3, og Hafslo som vinnarar av 6.div. avd. 1, og dei skal med det ut i to kvalikkampar. Med gratulerer Hafslo som vinnarar og ynskjer dei lukke til i kvalikk. Men det er nesten litt synd dersom dei rykker opp, for det er alltid flott ramme og spenning rund desse lokaloppgjera.

Dagens dommar Torstein Kvam greidde seg godt i lag med assistentane, men var også denne gongen litt ivrig med korta.

Kampfakta:

Hafslo - Veitastrond 3-3 (2-2)

0-1 Geir Årdal

1-1 Torbjørn

1-2 Frank Heggestad

2-2 Fredrik Skjeldestad (str)

3-2 Torstein Fardal

3-3 Richard Nes

Veitastrond(4-3-3)

Gøran Fimreite - Gaute Olstad(Jonny Ølnes)( Ronny Sanden), Tor Olav Berge, Even Kvam, Bjarte Pedersen - Emil Heggestad(Erlend Siem i 70 min), Bjørn Molland, Frank Heggestad, Geir Årdal, Richard Nes - Arne Nes

Gule kort: Even Kvam, Ronny Sanden, Arne Nes, Tor Olav Berge

         

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com