Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

       

Veitastrond - Hafslo: 28.mars 2006.

Veitastrond og Hafslo spelte i kveld 4-4 i ein underhaldande kamp på Ylvisåker. Strondi starta kampen klart best, og det var heilt fortjent då Richard Nes sette inn 1-0 etter fint spel frå Strondi, og pasning frå Jan Eirik Bertelsen. Men Strondi stod høgt i bana og Hafslo var giftige på kontringar. Og det var og det som skulle føre til utlikning. Strondi misser ballen i midtbaneleddet, og Hafslo kontrar inn 1-1. Og dette var stort sett melodien i resten av omgangen. Stondi hadde det meste av banespelet, men misser ballen i farlege situasjonar, samtidig som Hafslo spelte glimrande overgangsfotball, skåra nokre flotte mål og leda fortjent 4-1 til pause.

2.omgang starta slik som første med eit klart overtak til Strondi, og dei fekk betalt ganske kjapt. Frank Heggestad vart felt innanfor sekstemeteren, og domar Jarle Andersen hadde ikkje anna val enn å peike på straffemerket. Frank tok straffen sjølv, sende keeperen til ei side og ballen til den andre, 4-2. Og no var Strondi verkeleg på gang, fortsatte med presset mot Hafsloforsvaret, og fekk nok ei redusering då Geir Årdal fekk ballen på høgre sida inne i straffefeltet og sette den flott bort i lengste hjørnet. 4-3. Det var no det eigentleg berre spørmål om når utlikninga skulle kome. Og den kom etter eit flott frispark av Emil Heggestad som Gaute Olstad fekk hovudet på.

Kampen ebba ut med fire mål til kvar, noko som Hafslo kanskje må vere mest nøgd med etter spel og sjansar, spesielt i andre omgang var det klasseskilnad. Det positive med kampen er at me nok ein gong kjem tilbake etter å ligge under 4-1. Negativt må det seiast at me slepp inn alt for enkle mål, og misser ballen for ofte på veg framover på bana.

Kampfakta:

Hafslo - Veitastrond 4-4 (4-1)

0-1 Richard Nes

1-1 Torbjørn?

2-1 Torbjørn?

3-1 Torbjørn?

4-1 Runar Hatlevoll

4-2 Frank Heggestad (straffe)

4-3 Geir Årdal

4-4 Gaute Olstad

Veitastrond (4-3-3)

Gøran Fimreite - Johnny Ølnes(Åge Hamrum i 45 min), Ronny Sanden, Even Kvam, Bjarte Pedersen - Emil Heggestad, Frank Heggestad, Bjørn Molland - Geir Årdal(Gaute Olstad i 20 min), Richard Nes, Jan Eirik Bertelsen

Hafslo (4-4-2)

Øyvind Øien(Aleksander Knutsen i 45 min)- Marius Sviggum, Lars Bruhaug, Erik Skorpen(Erling Linde i 25 min), Kristoffer Sterri
- Runar Hatlevoll, Tormod Sætre, Thor K Sortevik, Torstein Fardal - Arve Bø, Torbjørn(Hans P. Fardal i 20 min.)

Dommar: Jarle Andersen, Syril

Gule kort: Emil Heggestad, Strondi og Runar Hatlevoll Hafslo

       

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com