Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

       

Balestrand - Veitastrond: 18.april 2006.

Det var eit redusert mannskap som tok turen ut til Balestrand tysdag kveld, berre 12 stk var med ferja frå Hella (Det var fleire, men berre 12 som spelar på Strondi)

Og i starten av kampen såg det ut til at dei som starta kampen også var reduserte. Balestrand var det beste laget i første omgang, og VIL klarde aldri å ta inn ballen å spele på det glatte og litt uvande underlaget, men sende stort sett lange ballar fram på spissane utan at dette førde til dei store moglegheitene. Balestrand produserte fleire store sjansar i første omgang, utan at dei klarde å overliste banas beste, keeper Even Kvam i VIL-målet som hadde fleire gode redningar, men som og var heldig som slapp det raude kortet når han brukte handa utanfor straffefeltet. Strondi var betre med utover i kampen, og laga kunne gå til pause med 0-0.

Betre 2.omgang

Som i dei to føregåande kampane vakna Veitastrond til liv i 2.omgang. No byrja me å spele ballen langs bakken, og det første målet kom etter corner som Emil Heggestad serverte på hovudet til Geir Årdal, som stanga ballen utagbart bak Balestrandkeeperen, som og var lagets beste spelar. Veitastrond fortsatte å spele god fotball utover i omgangen, og det andre målet var lekkert. Jan Eirik Bertelsen snurra rundt med eit par Balestrandforsvarar og slo eit perfekt innlegg til Richard Nes som banka ballen i mål. Både Jan Eirik og Richard hadde etter dette store moglegheiter, Jan Eirik skaut først i nettveggen, og hadde eit vakkert volleyskot som vart redda meistarleg av Balestrandkeeperen, medan Richard skaut i tverrliggaren og ut frå skrå vinkel.

Men Balestrand var heller ikkje heilt ufarlege i 2.omgang, og Even måtte dra fram ein kjemperedning på eit skot frå Eirik Thue. Og heimelaget skulle få reduseringa si litt seinare. Ronny Sanden tok med seg ballen pa eit raid framover på bana, men han mista kontrollen på ballen, og Eirik Thue kunne trille ballen i ope mål etter at Even Kvam var utspelt. Kampen såg ut til å ebbe ut med 2-1 siger til Strondi, men Frank Heggestad kom seg ned på dødlinja 3 minutt på overtid og slo ballen 45 grader ut til Richard Nes som enkelt kunne setje spikaren i Balestrandkista, og fastsette sluttresultatet til 1-3

Kampen sett under eitt var Strondi det beste laget, og vann fortjent, men Balestrand viste at dei skal bli vanskelege å slå på Kreklingen.

Kampfakta:

Balestrand - Veitastrond 1-3 (0-0)

0-1 Geir Årdal

0-2 Richard Nes

1-2 Eirk Thue

1-3 Richard Nes

Veitastrond (4-3-3)

Even Kvam - Jonny Ølnes(Øystein Heggestadi 10 min), Ronny Sanden, Per Alfred Holte, Åge Hamrum - Emil Heggestad, Frank Heggestad, Bjørn Molland - Jan Eirk Bertelsen, Geir Årdal, Richard Nes

Gult kort: Even Kvam

Dommar: Jarle Andersen, Syril (God)

       

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com