Sesongen 2007
Med Leiv Inge Fimreite bak roret var sesongen 2006 ein sportsleg opptur for VIL-fotball. Til trass for at målsettinga om opprykk til 5.divisjon ikkje vart nådd, så var 2.plassen ein fin prestasjon av strendingane. Likevel var ikkje alt som det burde vera i VIL-fotball den sesongen. Gjennom heile sesongen sleit klubben med lite folk både på treningar og kampar, og dette førde til at me ikkje fekk utnytta Leiv Inge sine ferdigheter som trenar fullt ut. Så gale var det at det etter sesongen gjekk ein del rykter om at VIL-fotball kom til å leggast ned etter sesongen. Heldigvis var dette berre synsing ifrå publikum si side, og det var aldri noko reelt alternativ for leiinga i klubben. VIL-guru Emil Heggestad satte sjølv ein stoppar for alle rykter på avslutningsfesten, då han med si rungande røyst fortale at VIL-fotball i aller høgaste grad ville halda fram med å eksistera._styremote/tffarestyreskaleinleitalengeetter.jpg)
Med dette som utgangspunkt så byrja styret i klubben forberedingane til sesongen 2007 med styremøte hjå Frank Heggestad den 20.november 2006. Her vart alt det praktiske rundt arrangeringa av kampane og treningane gjort klart. Dei fleste som hadde vore med før ville halda fram her - Hildegunn som oppdame, Rakel og Ingrid i kiosken, John som altmulegmann og sjølvsagt Johannes som banemann. Nye rollar som vart fordelt var at Rune fekk ansvaret for baneoppmerking, Bjørn vart materialforvaltar og Richard tok over som vevansvarleg etter Frank. Det siste gjorde og til at klubben fekk nye heimesider i www.veitastrond.com, eit tiltak me i nettredaksjon tør kalla ein suksess...
Det som ennå ik kje var klart var dei to største spørsmåla, kven vert trenar og kven vert spelarane?
Trenar; Me hadde lenge god tru på at Leiv Inge ville halda fram som trenar for oss. Han ga sjølv signal om at han ikkje såg heilt bort ifrå dette, men tett opp mot jul ga han klubben beskjed om at han ikkje vart med vidare. Leiv Inge hadde blitt tilbydd trenaransvaret i Jølster, og han såg på sjansen til å trena eit 4.divisjonslag for god til å takka nei til. Me hadde sjølvsagt stor respekt for at han ville dette, og takka for innsatsen og ønska lukke til på ferda.
Med Leiv Inge ute av bildet var plutseleg alternativa få. Ei ekstern løysing såg ut til å verta vanskeleg å få til, og ikkje overraskande så var det Emil Heggestad som sjølv tok på seg ansvaret som hovudtrenar. Han hadde tidlegare vore trenar i 2005, assistent i 2004 og 2006 og ingen var i tvil om at Emil nok var det beste alternativet når situasjoen vart som den vart. Med seg som assistent fekk han Richard Nes. Det vil seia at 2 av 4 styremedlemmar no og var trenarar, og dei sat soleis usedvanleg trygt i trenarstolane sine.
Spelarar; Den allereie så slukne stallen frå 2006 vart ikkje mykje betre av at viktige bærebjelkar som Ronny Sanden, Gaute Olstad og Bjarte Pedersen ikkje vart med vidare. Det samme gjaldt for Tarjei Nordtveit og Roger Nyborg var ferdigutdanna i Sogndal, og reiste dermed ifrå både bygda og klubben i sitt hjerte. Verst var det likevel at ein av grunnleggarane av VIL-fotball, Frank Heggestad valde å trappa ned som spelar. Grunna den berømte tidsklemma valde han å prioritera dømming i staden for spelar denne sesongen. Heilt klart eit stort sakn for klubben både på og utanfor bana dette.
Med så mange fråfall måtte klubben ut på transfermarkedet for å finna erstattarar. Lukka var t å sjå seg etter studentar i Sogndalsfjøra. Før jul hadde me ei rekke av denne typen på prøvespel, og av dei som til slutt lukkast med å få seg kontrakt hadde me bergensaren Helge Skjælaaen og austlendingane Ivar Melby og Petter Fagerli. På eit litt seinare tidspunkt så trygla og Øivind Kristiansen frå Askvoll om kontrakt, og han fekk til slutt dette. Med 4 studentar inn så kom sjølvsagt og kritikken mot klubben på at det ikkje var satsa lokalt, og at det ikkje var strendingar att også vidare. Sanninga her er sjølvsagt at desse spelarane i bunn og grunn vart redninga for klubben, og det skulle visa seg at kombinasjon av strendingar, lokale sogningar og studentar utgjorde eit suksessfullt mannskap både både sporstleg og ikkje minst sosialt.
Ytterligare 3 spelarar vart og henta inn. Desse var sogndølene Ole Kristian Vikheim, Jan Erik Bøyum og Vidar Vadseth. Vidar var ein gong i tida eit stort fotballtalent, men grunna at han fann like stor glede av å sitta på puben og sjå fotball som å spela sjølv så ga han seg etterkvart med fotballen. For oss i VIL høyrdes dette ut som ein bra mann, og etter litt fram og tilbake takka han ja til å spela for VIL-fotball. Med alle desse innhentingane talde stallen godt over 20 mann, og plutseleg var me betre skodd enn nokon gong tidlegare til å ta fatt på ein ny sesong.
Heilt ifrå starten av så var treningane meget bra dette året, både når det gjaldt oppmøte og kvalitet. Treningsstatistikken ifrå 2004 var gjenopptatt, og lagt regelmessigt ut på nettet. Denne vart ei vitamininnsprøyting for spelarane, og vinnarinnstinktet på treningane var på topp. Me spelte 5 treningskampar før sesongen, og me byrja 3.mars mot 5.divisjonslaget Syril. Her fekk me klart svar på at det ennå gjenstod mykje då systrendingane sende oss heim med 1-5 i sekken. Betre vart det ikkje helga etter utepå Kaupangerskogen. Kaupanger 2 som me tidlegare hadde god erfaring med framstod denne gongen som betre enn før, og med Geir Erik Røysi i spissen som spelande trenar ga dei seg ikkje før det sto 8-2 på tavla. Kritikarane stod sjølvsagt i kø, og ein spurde seg om det nye trenarteamet visste heilt kva dei dreiv på med._nordreLandjr_vil/NordreLandjrVeitastrond/richardmedbrotennase.jpg)
Neste kamp var inne i Øvre Årdal mot juniorane frå Nordre Land. Her klarde VIL å heva seg betrakteleg, og til trass for eit 0-1 tap var me godt nøgde med innsatsen. Kampen vil nok likevel best bli hugsa for at Richard Nes braut nasen då han gjekk i ein duell midt i 1.omgang. Etter fin innsats i Årdal var det tilbake til tidlegare takter mot Bjørn den 20.april. Ein slonken VIL-stall tapte 1-7 i det som må ha vore den mest uinspirerte kampen VIL-fotball nokon gong har spelt. Derfor var det gledeleg at laget avslutta forberedinga til sesongen med storspel og 4-3 siger borte mot divisjonkollega Balestrand ei god veke før det heile braka laust. Denne kampen gav laget tru på eigne ferdigheter, og at den nye trenarduoen kanskje hadde noko å fara med lell.
Etter at seriopninga først vart utsett ei veke grunna snø på Leikoll Stadon var det klart for årets fyrste kamp den 15.mai. Inne i Sognahallen venta unge sogndøler på SIL3, og dei var villige til å gje oss kamp heilt til the bitter end. SIL3 leia tidleg 2-0, og hadde lenge sigeren i lomma, men med ein glimrande sluttspurt så snudde VIL kampen, og sjefen sjølv Emil Heggestad satte inn sigersmålet på slutten slik at me byrja sesongen med 4-3 siger og 3 poeng rett i lomma. Etter denne slitesigeren gjekk det betre i borteoppgjeret mot Aurland i neste kamp. Anført av ein glitrande Helge Skjælaaen valsa VIL over aurledningane og vann til slutt 6-1. Helge stod for 1 mål og 5 assist, Richard Nes for ekte hat-trick i 1.omg, og i 2.omgang opna Vidar Vadseth kontoen med 2 flotte mål. Med 6 poeng av 6 mulege var det synd på Norane som var årets fyrste lag som kom på besøk til Leikvoll Stadion i slutten av mai. Strendingane visste absolutt ingen nåde mot unge nører og me fekk vår største siger nokon gong med heile 19-2. Kampen fekk og ein del mediaoppmerksomhet takka vera at FIFA-dommar Tommy Skjerven tok på seg ansvaret som pipeblåsar i kampen, då den som var oppsatt ikkje fekk anledning til å møta. Som tabellleiar reiste no VIL til Balestrand i sin 4.kamp, og suksessen haldt fram her då dei visste styrke og satte heimelaget på plass med 3-0.
Med full pott på dei 4 fyrste kampane så var spenninga sto r framfor årets fyrste lokalederby borte mot Hafslo. Dei hadde i likehet med oss starta sesongen bra, og dette var eit reint toppoppgjer. Kampen bar og preg av at det var avdelinga sine to beste lag som spelde, då det var ei heilt spesiell nerve i kampen. Utruleg nok klarde ingen av laga og scora i løpet av 90 min, og framleis kunne ein ikkje finna ut kven av dei to som var det beste laget.
Stinne av sjølvtillit var me no komne rundt i serien, og det var klart for eit nytt oppgjer mot Sogndal 3 heime på Leikvoll. Denne gongen var det eit forsterka SIL lag me møtte, og kampen vart mykje tøffare enn me hadde venta. Etter 2-3 til pause scora SIL to kjappe mål til 2-5 tidelg i 2.omgang. Etter dette mista laga totalt kontrollen, og mot slutten var kampen meir som ein fest på lokalet enn ein fotballkamp. Utruleg nok vart det ikkje utdelt nokon raude kort i kampen som til slutt enda med skrekkelege 4-10 til dei unge sogndølene. Betre vart det ikkje i siste kamp før ferien då VIL rota bort ei 2-0 leiing heime mot Aurland, og tapte til slutt 2-3.
Med to tap på rappen vart det plutseleg usikkerhet innad i klubben, og me lot vår argaste konkurrent Hafslo få ei luke på tabellen. Tor Olav Berge var einaste spelar som forlot oss i sommarpausen, medan me henta inn sogndølen Kim Andre Navarsete og bergensaren Øyvind Lien som nye menn. Begge to skulle visa seg å bli fine tilvekstar til spelarstallen.
Trenar Emil Heggestad var slettes ikkje nøgd med måten VIL hadde avslutta vårsesongen på. Han fann ut at noko måtte gjerast, og løysinga vart å legga om frå tradisjonelle 4-4-2 til ein nykomponert 3-4-1-2 formasjon. Med berre 3 mann bak såg dette noko tunt ut bakover, men framover såg det utvilsamt bra ut. Spesielt Bjørn Molland skulle få visa seg fram frå si beste side i denne formasjonene då han fekk rolla som bindeleddet mellom midtbane og angrep.
Haustsesongen byrja meget bedageleg for VIL. Først og fremst grunna finvær og latskap vart det ikkje halde ei einaste trening før det braka laust mot Norane på Ylvisåker den 14.august. Heldigvis var ikkje nørene blitt noko betre enn sist, og i ein kamp prega av lågt tempo og lite finspel vann strendingane til slutt med småpene 13-0. Langt tøffare vart det heime mot Balestrand. Kampen var mykje lik heimeoppgjeret mot Aurland, og me leia og her 2-0 tidleg. Balingane kom imidlertid tilbake til 2-2, og kampen stod og vippa då kapteinen sjølv Even Kvam satte inn vinnarmålet til 3-2 heilt på slutten. Ei av årets herlegaste scoringar.
Etter ei fin start på hausten og nye formasjonen venta no Hafslo på Leikvoll Stadion. Nok ein gong vart det målfattig og jamt mellom rivalane. VIL tok leiinga i 2.omgang, men klarde berre å halda denne i ca 1 min då Hafslo utlikna på straffe. Dermed vart det nok ein gong poengdeling i lokalderbyet.
Årbeste gjorde VIL borte mot SIL3 den 3.september. VIL var best i absolutt alt, og me viste til tider finspel me aldri har vist fram før. Det enda til slutt med 4-0 siger etter at Bjørn og Vidar scora kvar sine 2 mål. Bortekampen mot Aurland veka etterpå skulle visa seg å bli ein skikkeleg thriller. Etter at kampen svinga mykje var det til slutt ein Bjørn i storform som avgjorde kampen med si 4-3 scoring mot slutten.
Med denne flotte formkurva skulle tabellen avgjerast ein regntung fredagskveld på Veitastrond midt i september. For tredje gong braka Veitastrond og Hafslo saman, men denne gongen vart det gangske langt ifrå jamnspeld. Det vil seia at jamt var det til det var spelt 50 minutt av kampen. Hafslo leia kampen 1-0 i det Even Kvam fekk sitt andre gule kort og marsjordre frå dommar Torstein Kvam. Hafslo scora på det påfølgande frisparket, og resten av kampen er den største parodien i VIL-fotball si historie. Hafslobøgdingane sprang eit tafatt VIL lag sønder og saman og ga seg ikkje før det sto 1-9, og det største nederlaget i VIL-fotball si korte soge. Einaste opptur på ein trist kveld var at Øysein Heggestad fekk gleda av å redusera på straffe. Ein herleg prestasjon, og ein stor opptur for Øystein personleg som me alle unnar han fullt ut.
Etter denne nasestyvaren mot Hafslo gjekk mykje av spenninga av sesongen ut, og VIL avslutta dei to siste kampane med 11-2 siger heime mot Norane og tap 4-7 borte mot Balestrand i siste serieomgang.
Med desse resultata enda Veitastrond som nummer 2 på tabellen, og takka vera at kretsen skulle legga om seriesystemet til 2 avdelingar i 5.divisjon ville dette seia at me var klare for opprykk. Ein stor prestasjon av ein liten fotballklubb.
Etter sesongen var og Veitastrond for fyrste gong med på innandørs KM. Her stilte me med to lag, som begge gjorde sine saker bra, men diverre kom ingen av laga vidare ifrå innleiande gruppespel.
For tredje året på rad vart avslutningsfesten halden i Reslandskjellaren i Sogndal. Oppmøte og steming var betre enn nokon gong tidlegare, og det var denne gongen ein kombinert opprykks og avslutningsfest. På festen fekk Emil Heggestad fullt fortent prisen som årets spelar stemt fram av spelarane sjølve. Han var i tillegg årets VIL-stjerne som var stjerner som publikum hadde delt ut etter kvar kamp. Richard Nes vann dragkampen mot Vidar Vadseth og Bjørn Molland i kampen om årets toppscorar med 12 mål, dette var 4 året på rad at Richard fekk med seg denne tittelen. Ellers kan det nevnast at Emil og var årets assistkonge med 11 målgivande, medan Even Kvam var åres råtass med 3 gule- og 1 raudt kort.
Bjørn Molland vart vinnar av treningsstatistikken då han vann 2 poeng framfor Gøran Fimreite og Even Kvam. Heile statistikken ifrå sesongen kan du sjå HER
Fullstendnig spelarstatistikk frå sesongen 2007;
|
Kamper (15) |
Mål (79) |
Assist (65) |
Stjerner (90) |
Gule (19) |
Raud (1) |
Richard Nes |
15 |
12 |
9 |
2 |
|
|
Gøran Fimreite |
14 |
3 |
|
7 |
|
|
Emil Heggestad |
14 |
5 |
11 |
19 |
2 |
|
Bjørn Molland |
14 |
11 |
5 |
14 |
2 |
|
Øivind Kristiansen |
13 |
|
|
3 |
2 |
|
Ivar Melby |
13 |
|
5 |
1 |
|
|
Even Kvam |
12 |
1 |
5 |
5 |
3 |
1 |
Erlend Siem |
11 |
4 |
2 |
7 |
2 |
|
Arne Nes |
11 |
7 |
6 |
4 |
2 |
|
Vidar Vadseth |
11 |
9 |
|
2 |
|
|
Jan Erik Bøyum |
11 |
3 |
3 |
|
|
|
Geir Aardal |
10 |
3 |
|
|
3 |
|
Pette Fagerli |
10 |
6 |
5 |
2 |
1 |
|
Helge Skjælaaen |
9 |
7 |
9 |
10 |
1 |
|
Øyvind Lien |
9 |
|
2 |
4 |
|
|
Ole Kristian Vikheim |
8 |
|
|
|
|
|
Frank Robert Værn |
7 |
3 |
|
9 |
1 |
|
Øystein Heggestad |
6 |
1 |
|
1 |
|
|
Jonny Ølnes |
6 |
1 |
|
|
|
|
Tor Olav Berge |
5 |
2 |
2 |
|
|
|
Kim Andre Navarsete |
4 |
|
|
|
|
|
Frank Heggestad |
4 |
1 |
|
|
|
|
Jon Arne Fimreite |
4 |
|
1 |
|
|
|
Per Helge Hågvar |
1 |
Dato |
Heimelag |
Bortelag |
Res |
Kamptype |
Referat |
03.03.2007 |
Veitastrond |
Syril |
1-5 |
Treningskamp |
Referat |
10.03.2007 |
Kaupanger 2 |
Veitastrond |
8-2 |
Treningskamp |
Referat |
24.03.2007 |
Nordre Land jr. |
Veitastrond |
1-0 |
Treningskamp |
Referat |
20.04.2007 |
Bjørn |
Veitastrond |
7-1 |
Treningskamp |
Referat |
03.05.2007 |
Balestrand |
Veitastrond |
3-4 |
Treningskamp |
Referat |
|
|
|
|
|
|
15.05.2007 |
Sogndal 3 |
Veitastrond |
3-4 |
Seriekamp |
Referat |
22.05.2007 |
Aurland |
Veitastrond |
1-6 |
Seriekamp |
Referat |
29.05.2007 |
Veitastrond |
Norane |
19-2 |
Seriekamp |
Referat |
05.06.2007 |
Balestrand |
Veitastrond |
0-3 |
Seriekamp |
Referat |
12.06.2007 |
Hafslo |
Veitastrond |
0-0 |
Seriekamp |
Referat |
19.06.2007 |
Veitastrond |
Sogndal 3 |
4-10 |
Seriekamp |
Referat |
26.06.2007 |
Veitastrond |
Aurland |
2-3 |
Seriekamp |
Referat |
|
|
|
|
|
|
14.08.2007 |
Norane |
Veitastrond |
0-13 |
Seriekamp |
Referat |
21.08.2007 |
Veitastrond |
Balestrand |
3-2 |
Seriekamp |
Referat |
28.08.2007 |
Veitastrond |
Hafslo |
1-1 |
Seriekamp |
Referat |
04.09.2007 |
Sogndal 3 |
Veitastrond |
0-4 |
Seriekamp |
Referat |
11.09.2007 |
Aurland |
Veitastrond |
3-4 |
Seriekamp |
Referat |
14.09.2007 |
Veitastrond |
Hafslo |
1-9 |
Seriekamp |
Referat |
18.09.2007 |
Veitastrond |
Norane |
11-2 |
Seriekamp |
Referat |
24.09.2007 |
Balestrand |
Veitastrond |
7-4 |
Seriekamp |
Referat |
|
|
|
|
|
|
Tabell 2007 |
K |
V |
U |
T |
Mål |
P |
1 |
Hafslo |
15 |
11 |
4 |
0 |
70-14 |
37 |
2 |
Veitastrond |
15 |
9 |
2 |
4 |
79-43 |
29 |
3 |
Aurland/Lærdal 2 |
15 |
6 |
3 |
6 |
42-44 |
21 |
4 |
Sogndal 3 |
15 |
6 |
2 |
7 |
55-31 |
20 |
5 |
Balestrand |
15 |
6 |
1 |
8 |
43-43 |
19 |
6 |
Norane |
15 |
1 |
0 |
14 |
21-135 |
3 |
|