Sesongen 2008
Å skriva historia om Veitastrond Fotball frå 2008 sesongen blir på mange måtar som å skulle skriva eit eventyr. Dette var jubiluemsåret då me feira at klubben var 5 år, og det vart i tillegg ein sesong der me kunne feira ein stor sportsleg opptur som til slutt enda med opprykk til 4.divisjon og fekk og avklara ein gong for alle kven som er best i eigen kommune. I tillegg naut me og stor suksess på transfermarkedet, me lukkast med å finna ei god løysing med utviding av Leikvoll Stadion, me hadde eit snitt på godt over 100 tilskodarar pr kamp og me fekk mykje god PR-dekning der me toppa det heile med at NRK laga reportasje om oss i Sportsrevyen.
Spelarstall og ambisjonar

2007 var og ein god sesong for VIL-fotball der me som kjendt rykka opp frå 6.divisjon saman med Hafslo. Då me avslutta denne sesongen med avslutningsfest i Resalandskjellaren i oktober 2007 byrja og på mange måtar sesongen 2008 då me presenterte vår fyrste "signering" for dei andre spelarane denne kvelden. Etter massivt press frå heimesupportarane, som blant anna innebar eigen underskriftskampanje, så takka til slutt Frank Heggestad ja til å gjera comeback for klubben i sitt hjarta. Ein spelar som gjer alt på bana, men som og er utruleg vitkig utanfor bana og med tanke på at han er ektefødd strending var det som ei massiv signering å rekna for Veitastrond.
Etter denne festen så annonserte Erlend Siem og Per Helge Hågvar at dei ikkje vart med oss meir. Desse 2 var dei einaste spelarane som ikkje vart med oss dette året som hadde vore med i 2007.
Like etter at Frank ga beskjed om at han gjorde comeback gjorde og ein annan gammal kjenning beskjed om det samme. Etter eit års pause så valgte Gaute Olstad til glede for alle i klubben å ta skodna ned frå hylla og igjen ta på seg den blåe trøya.
Veitastrond ga seg ikkje her og etter å fått tilbake to gamle ringrevar så byrja etterkvart dei store stjernene å gjera sin entrè på Veitastrond Fotball. Den største signeringa i klubben si historie vart gjort når Kurt Heggestad i ein alder av 25 år valgte å trappa ned toppfotballen med Sogndal og flytta heim til Strondi. Dette gjorde at han og meldte overgang til moderklubben sin. Berre 1 månad etter at han hadde vore Sogndal sin beste spelar på hausten 2007 i Adeccoligaen var han altså no klar for å spela for Veitastrond i 5.divisjon.
I kjølevatnet av Kurt sin overgang var det snygt fleire som melde sin ankomst. Fyrst så signerte me vossingen Sindre Mørkve. Han var eit ubeskrevet blad for dei fleste, men han dukka opp på trening i januar og visste snygt at han var ein forsvarspelar med kvalitetar som me heilt klart hadde savna. I midten av februar kom nok ein spelar inn då Morten Hagen slo på tråden til Emil Heggestad for å høyra om han kunne vera med Veitastrond i 2008. Morten er ein erfaren spelar med bort i 300 kampar for Fjøra i 2. og 3. divisjon, og sjølvsagt ville me ha han med oss på laget. Samme kveld som Morten ringde var trenarduoen på vitjing til den nye spelaren og ynskte han velkommen til klubben.
Om ikkje dette var nok så hente med endå ein profilert spelar til klubben. Denne gongen forsterka me angrepsrekka vår når Frode Kvam takka nei til tilbod frå Fjøra, Lærdal og Hafslo for å spela for Veitastrond Fotball. Med så mange spelarar inn så skapte me stor entusiasme rundt laget, samstundes som me og satte eit stort press på oss sjølve og fleire av våre motstandarar haldt oss no som favoritt til å rykka opp til 4.divisjon til trass for at me var nyopprykka i 5.divisjon. For vår eigen del så satta me ned ambisjonane nokre hakk, og på spelarmøte satte me oss som mål å komma på øvre halvdel, dvs blant topp 4.
Pre-season

Grunna litt rot i eigne rekker måtte me ta til takke med dårlegare og mindre treningstider enn me hadde hatt i dei to føregåane åra. Sjølv om me rykka opp ein divisjon gjekk me frå å trena 2 gonger i veka til 1 gong. Dette skulle me prøva å kompensera med meir eigentrening og felles joggeøkter, men dette vart det sjølvsagt aldri noko av. I staden klarte me å få på plass fleire treningskampar enn tidlegare år, og fekk i tillegg på plass god motstand i alle kampane.
Fyrste test gjekk mot Syril, som haldt til eit hakk over oss i 4.divisjon. I denne kampen fekk både Sindre, Kurt og Frode sine debyar i VIL-drakta og me fekk vist at me så absolutt hadde noko å fara med denne sesongen då me slo systrendingane med 3-2 etter at Kurt avgjorde kampen med eit nydeleg frispark mål på slutten.
Me haldt fram med ny kamp mot eit 4.divisjonslag, men denne gongen tapte me knepent 2-4 mot Leiv Inge Fimreite og Jølster. Deretter tapte me heile 6-1 på grusen i Vik mot det laget som seinare skulle visa seg å verta suveren vinnar av 4.divisjon. Ei knapp veke etterpå tok me fyrste stikk mot vår argaste konkurrent Hafslo då me slo dei heile 6-2 på grusbana i Moane.
Etter opptur mot Hafslo fekk me ein nedtur ei veke etterpå når ein ytterst slonken VIL-tropp tapte 3-2 mot Balestrand som førebudde seg til ein ny sesong i 6.divisjon. Me avslutta treningskampane med å spela 2-2 borte mot vår divisjonskollega Kaupanger 2 på deira nye kunstgrasbane ute på Skogen.
Resultatsmessig lyt ein nok seia at treningskampane gjekk litt opp og ned, men som vanleg valde me å fokusera på det positive og tok med oss flotte sigrar mot Syril og Hafslo, og i tillegg til dels god innsats i kampane mot Jølster, Vik og Kil2. Eit lite arbeidsuhell på Kreklingen var trass alt ikkje rare greiene å fokusera på inn mot den nye sesongen.
Vårsesongen
Etter 4 sesongar i 6.divisjon der me stort sett hadde spelt mot dei samma laga var det sjølvsagt spanande å ta steget opp til 5.divisjon. Her venta 7 andre lag, og fleire av desse var lag me ikkje kjende til i det heile. Av dei lokale laga i avdelinga kjende me sjølvsagt godt til KIL2, Hafslo og Bjørn - det at det var 3 lag frå Luster Kommune ga sjølvsagt litt ekstra prestisje i avdelinga for desse laga. I tillegg venta oss spanande motstandarar i Breimsbygda, Gaular, Vadheim/Høyang 2 og Jølster 2.
2.mai satte VIL spelarane seg i bussen for å spela klubben sin fyrste kamp utanfor 6.divisjon. Turen gjekk til Byrkjelo og på motsatt side venta Breimsbygda. I likhet med oss så var og dei nyopprykka og var nok like spente som oss. Eit imponerande stort publikum på Byrjelo Stadion fekk sjå at heimelaget til slutt vann kampen 3-2 etter at blant anna Øivind Kristiansen fekk raudt kort for oss tidleg i 2.omgang. Ikkje heilt det me hadde håpa på sjølvsagt, men spelemessigt fekk me likevel bekrefta at 5.divisjon trass alt ikkje hverka å vera veldig avskrekkande.
Etter tap i fyrste seriekamp så heva me oss betrakteleg, og etter dette fulgte ei rekke kampar med sigrar som tangerte vår klubbrekord. Fyrst reiste me til Høyang og feia Vadheim/Høyang 2 av bana med 4-1 etter til tider å ha spelt ut motstandaren. Deretter tok me ein meget viktig siger når me slo ein av opprykksfavorittane Kaupanger 2 på deira gras etter at Arne Nes vart helten med si 3-2 scoring midtvegs i 2.omgang. Fyrste heimekamp for sesongen var mot Gaular, og denne vann me 4-2 utan problem etter å putta alle våre mål frå dødball.
3.juni braka me saman mot Hafslo i vårt fyrste lustraderby for sesongen. I ein nervepirrande kamp drog me til slutt det heile i land og vann knepent 1-0. Jølster 2 vart ingen målestokk for oss då dei måtte reisa heim med 1-7 tap frå Leikvoll.

Siste kamp på hausten var borte mot Bjørn i ein kamp som i tillegg til å vera lokalderby og var ein rein toppkamp der vinnaren ville ta sommarferie som serieleiar. Kampen vart eit fyrverkeri av dei sjeldne og etter at VIL leia 3-1 ut i 2.omgang så snudde Bjørn kampen og leia heile 6-4 5 min før slutt. Då satte VIL inn ein sluttspurt og fekk fyrst 5-6 før Arne Nes nok ein gong vart den store helten når han banka inn 6-6 eit par minuttar på overtid.
Med desse resultata så kunne Veitastrond avslutta vårsesongen som serieleiar i 5.divisjon avd 1, og lukta av 4.divisjon var plutseleg nådd Veitastrond.
Sommarpause med spelarutskiftingar og utvding av Leikvoll Stadion
Etter vårsesongen så takka trioen Ivar Melby, Petter Fagerlig og Sindre Mørkve for seg som Veitastrond spelarar. Dei 3 var alle ferdige med sine studiar i Sogndal og dei flytta frå distriktet. Eit stort tap for klubben, og alle desse 3 representerte den defansive delan av spelet vårt og me skulle nok få merka deira bortgang meir enn me hadde trudd på førehand.
Me henta ikkje inn nokon nye spelarar, men ynskte Helge Skjælaaen tilbake i laget etter at han hadde vore borte heile vårsesongen grunna praksis i sin skulegang.

Grunna vår sportslege suksess i 5.divisjon så dukka det opp eit nytt problem for klubben vår. Dersom me no skulle gå heile vegen å rykka opp til 4.divisjon så ville ikkje Leikvoll Stadion bli godkjent som vår heimebane grunna at den vart for lita. Dette gjorde at me hadde 3 alternativ om me faktisk skulle rykka opp; 1.skaffa oss ei nye bane, eller utvida den me allerei hadde, 2.spela heimekampane våre utanbygds, 3.trekka laget.
Dei 2 siste alternativa var i utgangspunktet ikkje aktuelle, og me fann fort ut at å finna eit nytt område å laga ny bane på Veitastrond vart vanskeleg. Løysing vart til slutt å utvida Leikvoll Stadion ved at me fekk jord på begge langsidene av våre naboar, og at me i tillegg bygde ut elva på nedsida av bana og fekk dermed og auka lenga. I denne prosessen er klubben evig takknemlege for den innsatsen som Johannes Nes la ned med sinde idear og arbeidsinnast i ombygginga og sjølvsagt og Johan Hilleren sin innsats bak spakane i gravemaskina. Utan desse to ville ei utbygging vorte umogleg.
Haustsesongen
Me tok fatt på den spanande haustsesongen med å ta imot Breimsbygda på Leikvoll. Etter at dei slo oss i fyrste seriekamp hadde laga tatt kvar si retning og medan VIL leia tabellen så låg Breimsbygda på motsatt side i botnen. Dette skulle ein kanskje ikkje tru når ein såg kampen, for etter 30 min spel så hadde breimingane sjokkert Veitastrond og leia 3-0. Etterkvart vakna strendingane litt og kom tilbake og fekk til slutt med seg 1 poeng i ein kamp som enda 4-4. Ikkje heilt den starten på hausten me hadde håpa på.
Neste kamp gjekk mot Vadheim/Høyang 2, også dei befann seg i botnen av tabellen. Nok eing gong fekk me store problem, og 5 min før slutt låg me under 4-3. Heldigvis klarde VIL å samla troppane sine og takka vera scoringar av Kurt Heggestad og Richard Nes på slutten så vann me kampen 5-4 og fekk med oss 3 verdifulle poeng. Noko skjedde med VIL-fotball på hausten og måla rann inn i begge endar i samtlege kampar på slutten av denne sesongen. Det vart ikkje noko unntak i neste kamp mot Kaupanger 2, som me til slutt vann 7-5 mot heime på Leikvoll etter at me leia 6-1 tidleg i 2.omg.
Hafslo stod på motsatt side på Leikvoll 1.september. Dette vart siste kamp på gamle Leikvoll Stadion før den varsla utbygginga skulle ta til. I tillegg vart det ein folkefest av dei sjeldna når NRK med Arve Uglum i spissen vitja oss for å laga reportasje om VIL-fotball og stemninga rundt lokaloppgjera mot Hafslo. Dette resulterte i ein alldeles strålande reportasje som verkeleg satte klubben og bygda i eit flott lys. Sjølve kampen ga som regel både publikum og kamerateamet god underhaldning og det enda til slutt med 4-4 og poengdeling.
Etter mange målrike kampar denne hausten så toppa me det heile i bortekampen mo Gaular. Eit noko redusert VIL lag måtte til slutt sjå at heimelaget vann ufatteleg 9-6 etter 90 minuttar. Det var heller ikkje optimalt for vår del når me spelte borte mot botnlaget Jølster 2. Eit jølstralag som var betydeleg forsterka sidan vårkampen vann til slutt 6-5 etter at blant anna Geir Aardal og Even Kvam fekk sjå det raude kortet i 2.omgang.
Med ei rekke dårlege resultat så tapte me litt terreng i toppen, og måtte sjå at Bjørn passerte oss på tabellen. Før siste kamp så leia gopninane med 2 poeng, og alt låg til rette for ein reinspikka seriefinale mellom desse to laga. Sidan Leikvoll var under ombygging så gjekk denne kampen på Hafslo Stadion og heile 300 tilskodarar møtte opp og dei var alle med på å samla inn nesten kr. 20 000,- som gjekk til Katrin Lerum sitt minnefond. Sjølve kampen vart på mange måtar avgjort etter eit kvarter når Bjørn fekk ein mann utvist. Etter dette kontrollerte Veitastrond kampen og vann til slutt 5-3, og me sikra oss dermed det historiske opprykket til 4.divisjon.
Veitastrond vart vinnar av 5.div avd 1 og opprykket var allereie sikra, men det måtte og avgjerast kven som skulle bli Kretsmeistar i 5.divisjon. Denne kampen gjekk mot Førde 3 som var vinnar av 5.div avd 2. I denne kampen viste Veitastrond seg frå si aller beste side og me vann til slutt kampen 5-3, og vår kaptein Even Kvam kunne dermed etter kampslutt ta i mot pokalen som det synlege beviset på kven som var det beste i laget i Sogn og Fjordane sin 5.divisjon 2008.

Oppsummering
Etter at Bjørn var beseira i siste kamp og opprykket var i boks så samla omtrent samtlege spelarar seg på Lægreids Puben samme kveld. Til trass for at det var på ein søndag så festa dei og sang seg hese til langt ut på natta. Ein utruleg minnerik og flott dag for alle som er involverte i Veitastrond Fotball.
Avslutningsfesten vart nok ein gong arrangert i Resalandskjellaren og her mottok Frode Kvam eit prisdryss då han fekk prisen som årets spelar stemt fram av dei andre spelarane og i tillegg mottok han og prisen for årets toppscorar etter å ha scora heile 25 mål på 15 kampar. Even Kvam mottok pris som vinnar av årets treningsstatistikk. Heile denne statisitkken for denne sesongen kan du sjå HER
Kan og ta med at Kurt Heggestad vart årets assistkongen då han var nest sist 14 gongar, medan Even Kvam vart årets råtass med 4 gule- og 1 raudt kort.
Det vart og laga til VIL-filmen 2008 som du kan sjå HER
Fullstendig spelarstatistikk frå sesongen 2008;
|
Kampar (15) |
Mål (68) |
Assist (54) |
VIL-Stjerna (90) |
Gule kort (31) |
Raude kort (3) |
Frode Kvam |
15 |
25 |
6 |
20 |
|
|
Richard Nes |
15 |
15 |
4 |
4 |
1 |
|
Gøran Fimreite |
15 |
|
|
6 |
|
|
Emil Heggestad |
14 |
4 |
13 |
8 |
3 |
|
Kim Andre Navarsete |
14 |
1 |
3 |
8 |
4 |
|
Bjørn Molland |
13 |
3 |
2 |
|
2 |
|
Even Kvam |
13 |
1 |
1 |
8 |
4 |
1 |
Øyvind Lien |
13 |
|
3 |
2 |
|
|
Kurt Heggestad |
12 |
8 |
14 |
15 |
3 |
|
Frank Heggestad |
12 |
|
|
2 |
5 |
|
Geir Aardal |
10 |
1 |
2 |
6 |
3 |
1 |
Morten Hagen |
10 |
1 |
|
6 |
2 |
|
Øivind Kristiansen |
9 |
|
|
|
2 |
1 |
Arne Nes |
8 |
2 |
|
|
2 |
|
Petter Fagerli |
6 |
|
|
|
|
|
Vidar Vadseth |
5 |
5 |
2 |
1 |
|
|
Sindre Mørkve |
5 |
|
1 |
2 |
|
|
Jan Erik Bøyum |
4 |
1 |
|
|
|
|
Helge Skjælaaen |
4 |
|
2 |
2 |
|
|
Ivar Melby |
4 |
|
|
|
|
|
Ole Kristian Vikheim |
3 |
|
|
|
|
|
Øystein Heggestad |
2 |
|
|
|
|
|
Gaute Olstad |
1 |
|
1 |
|
|
|
Jon Arne Fimreite |
0 |
|
|
|
|
|
Arvid Heggestad |
0 |
|
|
|
|
|
Sjølvmål |
|
1 |
|
|
|
|
Tabell 2008 |
K |
V |
U |
T |
Mål |
P |
1 |
Veitastrond |
14 |
8 |
3 |
3 |
63-50 |
27 |
2 |
Bjørn |
14 |
7 |
5 |
2 |
41-26 |
26 |
3 |
Gaular |
14 |
8 |
1 |
5 |
49-32 |
25 |
4 |
Kaupanger 2 |
14 |
6 |
4 |
4 |
30-33 |
22 |
5 |
Breimsbygda |
14 |
5 |
3 |
6 |
32-39 |
18 |
6 |
Jølster 2 |
14 |
4 |
2 |
8 |
25-54 |
14 |
7 |
Vadheim/Høyang 2 |
14 |
4 |
1 |
9 |
35-39 |
13 |
8 |
Hafslo |
14 |
3 |
3 |
8 |
26-28 |
12 |
Kampar 2008
Dato |
Heimelag |
Bortelag |
Res |
Kamptype |
Referat |
16.02.2008 |
Veitastrond |
Syril |
3-2 |
Treningskamp |
Referat |
22.02.2008 |
Lærdal |
Veitastrond |
x-x |
Treningskamp |
Avlyst |
01.03.2008 |
Veitastrond |
Jølster |
2-4 |
Treningskamp |
Referat |
29.03.2008 |
Veitastrond |
Erdal |
x-x |
Treningskamp |
Avlyst |
05.04.2008 |
Vik |
Veitastrond |
6-1 |
Treningskamp |
Referat |
08.04.2008 |
Hafslo |
Veitastrond |
2-6 |
Treningskamp |
Referat |
15.04.2008 |
Balestrand |
Veitastrond |
3-2 |
Treningskamp |
Referat |
26.04.2008 |
Kaupanger 2 |
Veitastrond |
2-2 |
Treningskamp |
Referat |
|
|
|
|
|
|
02.05.2008 |
Breimsbygda |
Veitastrond |
3-2 |
Seriekamp |
Referat |
14.05.2008 |
Vaheim/Høyang 2 |
Veitastrond |
1-4 |
Seriekamp |
Referat |
22.05.2008 |
Kaupanger 2 |
Veitastrond |
2-3 |
Seriekamp |
Referat |
29.05.2008 |
Veitastrond |
Gaular |
4-2 |
Seriekamp |
Referat |
03.06.2008 |
Hafslo |
Veitastrond |
0-1 |
Seriekamp |
Referat |
15.06.2008 |
Veitastrond |
Jølster 2 |
7-1 |
Seriekamp |
Referat |
19.06.2008 |
Bjørn |
Veitastrond |
6-6 |
Seriekamp |
Referat |
|
|
|
|
|
|
08.08.2008 |
Veitastrond |
Breimsbygda |
4-4 |
Seriekamp |
Referat |
20.08.2008 |
Veitastrond |
Vadheim/Høyang 2 |
5-4 |
Seriekamp |
Referat |
24.08.2008 |
Veitastrond |
Kaupanger 2 |
7-5 |
Seriekamp |
Referat |
01.09.2008 |
Veitastrond |
Hafslo |
4-4 |
Seriekamp |
Referat |
04.09.2008 |
Gaular |
Veitastrond |
9-6 |
Seriekamp |
Referat |
19.09.2008 |
Jølster 2 |
Veitastrond |
6-5 |
Seriekamp |
Referat |
28.09.2008 |
Veitastrond |
Bjørn |
5-3 |
Seriekamp |
Referat |
|
|
|
|
|
|
19.10.2008 |
Veitastrond |
Førde 3 |
5-3 |
KM-finale |
Referat |
|