Sesongen 2009

2009 vart den hittil lengste og truleg mest innhaldsrike sesongen som VIL-fotball nokon gong har hatt. Det vart ein sesong med mange oppturar og kanskje vel så mange nedturar. Etter to sesongar med opprykk frå henholdsvis 6. og 5.divisjon vart det denne gongen eit år i konstant nedrykksstrid. Sesongen vart innleia med ein katastrofal vårsesong og etterfulgt av ein langt betre haustsesong, innimellom dette opplevde me stor dramatikk som blant anna innehaldt siger mot serievinnar Dale, ei rekke stortap og ikkje minst 3 minus i poengstraff. Etter ein spanande sesong enda det til slutt godt og Veitastrond behaldt plassen etter ein flott avslutning på eit langt år.
Som vanleg byrja forberedelsane til sesongen allereie i januar månad. Etter eit par knappe månadar med ferie så møtte laget til treningsstart tysdag 6.januar. Samstundes var naturlegvis det sportslege apparatet i full sving med å få på plass blant anna sponsorar, treningskampar og ikkje minst spelarstall. I 2008 vart Veitastrond den store overgangsvinnaren då me henta inn Hagen, Kvam og Heggestad, men denne gongen fekk me ein langt tøffare start på overgangsmarkedet. I midten av januar ba fjorårets toppscorar og årets spelar Frode Kvam om eit møte med trenarduoen og beskjeden var nedslåande for oss. Frode hadde hatt det så bra på VIL at lysta til å satse var attende og han valgte difor å gå tilbake til Fjøra FK for å spela 3.divisjon. I tillegg til Frode så takka Ole Kristian Vikheim for seg etter 2 fine år i klubben.
Med to spelarar ut og opprykk til 4.divisjon var klubben nøydd til å henta inn nokre spelarar, både for å auka kvaliteten og kvantiteten på troppen. Fyrste mann inn vart forsvarspelar Kenneth Mo og i løpet av vinteren slutta etterkvart Erlend Sando og Åsmund Øgar seg til klubben òg. Alle tre vart verdifulle spelarar som VIL ikkje hadde klart seg utan i 2009.
Før sesongstart spelte Veitastrond 6 treningskampar mot lag av ulik kvalitet og med vekslande suksess. Best gjekk det då me slo 3.divisjonslaget Jølster med overbevisande 4-1 medan deira divisjonskollegaer Sogndal 2 og Fjøra slo oss med henholdsvis 7-0 og 7-1. Generalprøven vart heller ikkje heilt det store å skriva heim om då me tapte med småpinlege 5-1 mot 6.divisjonslaget Hafslo.
Som året før hadde me òg dette året ei trening i veka. Dette er utvilsamt i minste laget for eit lag i 4.divisjon, men det er eit faktum at me ikkje har kapasitet til å trena noko meir enn dette. For det fyrste ville truleg ikkje spelarane vore interessert i det, me hadde fått det tungt økonomisk og det er heller ikkje sikkert at me hadde fått meir treningstider i Sognahallen. Uansett prøvde me å kompensera eventuell lite trening med fleire treningskampar og gjerne mot betre lag.
Etter forutseningane var klubben godt nøgd med forberedelsane til sesongen og på spelarmøte før seriestart vart det enighet om å setta årets ambisjonsnivå til topp 6, dvs øvre halvdel av tabellen.
Vårsesongen
Det var eit meget spent og ikkje minst heiltent VIL lag som reiste til Lærdal 17.april for å sparka i gang 4.divisjon. Dette var ein meget bra kamp av Veitastrond og me vann 3-2 etter at Vidar Vadseth avgjorde kampen midtveges ut i 2.omgang. Ein pangstart som ga oss håp og tru på at store ting var i vente.
Diverre så skulle det visa seg at VIL etterkvart skulle få merka at laget hadde teke eit steg oppover i divisjonssystemet. Den neste kampen vart eit antiklimaks frå sesongstarten då me tapte 5-3 borte mot Førde 2 i ein kamp der me aldri var i nærleiken av å ta med oss poeng heim. Stort betre vart det ikkje når turen gjekk til Selje der me vart til tider rundspelt og tapte 5-1.
Etter to dårlege kampar hadde laget håp om å snu trenden mot Eid 2 som var rekna som det kanskje svakaste laget i divisjon. Diverre så vart det eit tamt VIL lag som framstod som det dårlegaste laget og ein kunne tru at enkelte av spelarane framleis var på nachspiel i det kampen vart blesen i gang. Kampen enda til slutt 6-5 til eidarane og me byrja no å ana at dette kunne bli ein sesong der me måtte kjempa i feil ende av tabellen.
Det som skulle ha vorte årets fyrste kamp på Leikvoll og ein fotballfest mot naborival Syril vart i staden ein tam affære på Sogndal Stadion der VIL tapte 3-4. Diverre så var ikkje Leikvoll klar til kamp etter utbygginga og me måtte dermed spela heimekampen vår på utebane. Det samme gjaldt i neste kamp der me tok i mot Saga på kunstgrasbana på Kaupanger. Denne gongen var det eit heilt anna Veitastrond lag som entra bana, og etter ein heroisk innsats tok me 3 verdifulle poeng mot dei rutinerte førdianarane.
Opptur mot Saga vart diverre berre eit lite glimt av opptur då VIL i den resterande delen av vårsesongen gjekk på den verste tapsrekka i klubbens historie med 5 smultringar på rappen;
- det vart eit ufortjent 1-3 tap borte mot serieleiar Dale-

- inne på Tangen leia me 2-1 til pause mot Årdal 2, men tapte til slutt 7-2 etter at årdølene scora 5 mål på fyrste 10 mintta av 2.omgang
- deretter var me sjanselause i årets fyrste kamp på Leikvoll der Sandane vann 4-1
Då det gjenstod 2 kampar av vårsesongen sleit VIL med lite spelarar og me henta difor inn Patrik Fritzon på lån frå Fjøra i ein månad. Den 16 år gamle keeperen vokta buret i dei to neste kampane
- borte mot Skavøypoll vart det dramatisk då me kom tilbake frå 0-3 til 3-3, men tapte likevel 4-3 etter ei scoring i mot på slutten. Kampen vart og meget dramatisk då VIL følte seg dårleg behandla i fleire dommaravgjersler. Det var òg denne kampen at Kurt Heggestad fekk det gule kortet som seinare skulle bli heftig diskutert.
- i siste kamp før sommarferien tapte me 6-5 mot Askvoll/Holmedal. I denne kampen kom me òg attende frå 3 mål under, men nok ein gong fekk me eit mål i mot på tampen og tapte til slutt
Veitastrond tok dermed ferie på nest siste plass med berre Eid 2 under oss på tabellen. Heilt klart ikkje den vårsesongen me hadde håpa på og me fekk merka at nivået vart nokre hakk høgare i 4.divisjon. Dessutan lyt me seia at marginane ikkje alltid spelte på lag med dei heilblåe, og trua på at dette kunne snu var så absolutt til stades.
Sommarpausen
Som vanleg var det stilt og roleg i den månaden me hadde fotballferie. Likevel var klubben aktive på transferfronten og me fekk henta inn 2 solide forsterkingar til klubben.
Fyrst henta me den gamle Fjøraveteranen Frode Kvåle som utilvsamt vart ein umiddelbar forsterkning til Veitastond. Deretter signerte Ole Christian Løvik for klubben etter at han hadde flytta attende til Sogndal etter nokre år på austlandet.
Haustsesongen
Etter ein vårsesong med berre 2 sigrar og solid forankra i botn av tabellen var det soleklart korleis Veitastrond måtte gjera det på hausten. Laget var truleg avhengig av å vinna 5-6 av i alt 11 kampar for å sikra plassen i 4.divisjon. Ei formidabel oppgåve, men som vanleg hadde VIL stor tru på eigne ferdigheter og det var ingen i klubben som hadde gitt opp dette.
Haustsesongen byrja med 4 heimekampar der Lærdal var fyrste lag ut. Som i vårkampen gjorde VIL ein god kamp og sendte lærdølene heim med 0 poeng og 1-3 i sekken etter at Kurt scora 2 og nyeervelsen Frode Kvåle presenterte seg med eit mål.

Etter 3 poeng i fyrste haustkamp venta Førde 2 ei veke etter i det som var ein rein nedrykkskamp. Førde 2 låg på dette tidspunktet på 10.plass, 1 poeng føre Veitastrond. Med siger ville VIL altså gå over streken, medan me ville havna bakpå med tap. Kampen mot førdianarane vart ein spanande affære der VIL leia 2-1 til pause etter at Førde i tillegg hadde fått ein mann utvist. Ein skulle tru at VIL skulle få det lett i 2.omgang, men dette skjedde ikkje og det var Førde som var det beste laget med ein mann mindre og dei vann til slutt 4-3 på Leikvoll etter ein dramatisk sluttspurt. Dermed hadde Veitastrond eit dårleg utgangspunkt 9 kampar før slutt.
Meir dramatikk skulle det bli i neste kamp då Selja kom på besøk. Veitastrond vann denne kampen 3-2, men det skulle bli eit etterspel me aldri har sett makan til. Veitastrond hadde nemleg nytta Kurt Heggestad sjølv om han hadde 3 gule kort og skulle ha stått over. Grunnen til at VIL likevel hadde benytta Kurt i denne kampen var at det eine gule kortet som han fekk borte mot Skavøypoll ikkje var registrert på kretsen sine heimesider. Selje oppdaga dette og protesterte og det heile enda med at Veitastrond fekk kr 2000,- i bot og kampen vart satt frå 3-2 til 0-3. Det hjalp heller ikkje at Veitastrond anka dommen då NFF ikkje gjorde om straffa som SFFK fyrst hadde satt. Meget nedslåande for Veitastrond som strengt tatt hadde det tøft nok frå før.
Veitastrond summa seg etter denne kalddusjen og vann 7-4 heime mot Eid 2 etter at VIL scora 5 mål dei siste 10 minutta av kampen. Deretter gjekk laget på eit ufortent 3-2 borte mot Syril før Årdal 2 vart slått 6-4 heime på Leikvoll.
Saga hadde ingen planar om å gjenta tapet mot Veitastrond i vårsesongen og dei vann relativt greitt 5-1 heime mot oss i Førde.
Årets prestasjon frå VIL kom den 18.september då allereie opprykksklare Dale kom på besøk. Eit heltemodigt Veitastrond lag kjempe Dalingane i senk og vann til slutt 3-0. Dermed vart Dale det fyrste laget nokon gong som har gått mållause av Leikvoll.
Ein fin prestasjon mot Dale, men VIL kom seg snygt ned på jorda då me tapte 7-1 mot Sandane i neste kamp. Midt opp i all elendighet så vart det endå verra då spelande trenar Emil Heggestad fekk marsjordre frå dommaren, og dermed måtte han stå over neste kamp.
Med to kampar igjen å spela så måtte Veitastrond vinna begge to for å kunne komma seg over nedrykksstreken. I tillegg var me avhengige av at Førde 2 som låg over oss avga poeng. Det heile byrja bra då Veitastrond vann 4-3 heime mot Skavøypoll i ein kamp som vart spelt i Sognahallen, då Leikvoll var snødekt. Førde 2 ga i frå seg poeng og i det ein kamp gjenstod så låg laga likt, men VIL hadde 2 mål å gå på.
Spaninga var derfor til å ta og føla på når turen gjekk for å spela borte mot Askvoll/Holmedal. Det byrja ikkje særleg bra då Førde 2 tok leiinga i sin kamp og samstundes så scora Emil Heggestad sjølvmål slik at me låg under 2-0. Heldigvis snudde ting seg på begge arenaene og Førde 2 tapte sin kamp i Lærdal, medan Veitastrond til slutt vann sin kamp 4-3 i Askvoll. Dermed kunne VIL-fotball jubla for fornya kontrakt i 4.divisjon etter ein spanande sesong som nådde klimaks i siste serierunde.
I etterkant så rykka Førde opp frå 3.divisjon noko som gjorde at Førde 2 òg haldt plassen til trass for at dei kom på den utsette 11.plassen.
Oppsummering

Dette var året då Veitastrond for fyrste gong var oppe og spelte i det øvre sjiktet av fotballen i Sogn og Fjordane. For ein klubb frå ein så liten plass var det uansett ei stor bragd, og endå meir imponerande at VIL klarde å halda plassen. Me såg heilt klart at laga me møtte i 4.divisjon var mykje meir seriøse enn det me er vandt med og mange av motspelarane var unge og ambisiøse med håp om å bli riktig gode (sjølv om ingen av dei sikkert blir det...)
Etter ein lang og tøff sesong smakte det derfor utruleg godt å kunne feira at plassen vart sikra og håpet om ein sesong med endå høgare plassering neste år var heilt klart til stades.
Avslutningsfesten vart denne gongen halden på Lægreid Hotel, og her vart ikkje overraskande Kurt Heggestad kåra til årets spelar. Han fekk og prisen som årets toppscorar med 26 mål på 22 kampar. Bjørn Molland fekk prisen som vinnar av årets treningsstatisikk. Heile denne statistikken kan du sjå HER
I tillegg vart Kurt Heggestad årets VIL-Stjerna og assistkonge, medan Emil Heggestad var årets raotass.
Fullstendig spelarstatistikk for sesongen 2009;
Navn |
Kampar |
Mål |
Assist |
VIL-stjerna |
Gule kort |
Raude kort |
Kurt Heggestad |
22 |
26 |
14 |
38 |
4 |
|
Richard Nes |
22 |
6 |
2 |
3 |
|
|
Åsmund Øgar |
21 |
1 |
2 |
9 |
4 |
|
Bjørn Molland |
19 |
2 |
3 |
8 |
3 |
|
Øyvind Lien |
17 |
|
1 |
7 |
|
|
Helge Skjælaaen |
16 |
8 |
7 |
8 |
2 |
|
Arne Nes |
16 |
6 |
3 |
7 |
|
1 |
Even Kvam |
16 |
|
|
14 |
2 |
|
Erlend Sando |
15 |
1 |
|
10 |
1 |
|
Emil Heggestad |
14 |
4 |
6 |
7 |
1 |
1 |
Geir Aardal |
14 |
|
|
5 |
2 |
|
Kenneth Mo |
13 |
1 |
1 |
3 |
2 |
|
Frank Heggestad |
13 |
|
1 |
1 |
1 |
|
Øivind Kristiansen |
13 |
|
|
|
1 |
|
Kim Andre Navarsete |
11 |
2 |
2 |
5 |
2 |
|
Vidar Vadseth |
10 |
5 |
1 |
3 |
|
|
Gøran Fimreite |
9 |
|
|
|
|
|
Frode Kvåle |
8 |
3 |
6 |
1 |
|
|
Morten Hagen |
7 |
1 |
3 |
3 |
1 |
|
Gaute Olstad |
5 |
|
|
|
|
|
Øystein Heggestad |
4 |
|
|
|
|
|
Ole Christian Løvik |
4 |
|
|
|
|
|
Patrik Fritzon |
2 |
|
|
|
|
|
Jan Erik Bøyum |
0 |
|
|
|
|
|
Jon Arne Fimreite |
0 |
|
|
|
|
|
Sjølvmål |
|
1 |
|
|
|
|
TABELL 2009 |
K |
V |
U |
T |
+ |
- |
= |
P |
1 |
Dale |
22 |
18 |
2 |
2 |
67 |
29 |
38 |
56 |
2 |
Sandane |
22 |
14 |
3 |
5 |
86 |
37 |
49 |
45 |
3 |
Selje |
22 |
13 |
5 |
4 |
57 |
32 |
25 |
44 |
4 |
Saga |
22 |
11 |
4 |
7 |
58 |
39 |
19 |
37 |
5 |
Syril |
22 |
10 |
4 |
8 |
57 |
73 |
-16 |
34 |
6 |
Skavøypoll |
22 |
8 |
5 |
9 |
50 |
46 |
4 |
29 |
7 |
Lærdal |
22 |
9 |
1 |
12 |
46 |
52 |
-6 |
28 |
8 |
Årdal 2 |
22 |
8 |
3 |
11 |
66 |
67 |
-1 |
27 |
9 |
Askvoll/Holmedal |
22 |
8 |
0 |
14 |
52 |
65 |
-13 |
24 |
10 |
Veitastrond |
22 |
8 |
0 |
14 |
64 |
84 |
-20 |
24 |
11 |
Førde 2 |
22 |
6 |
3 |
13 |
44 |
67 |
-23 |
21 |
12 |
Eid 2 |
22 |
3 |
2 |
17 |
35 |
91 |
-56 |
11 |
Kampar 2009
Dato |
Heimelag |
Bortelag |
Res |
Kamptype |
Referat |
14.02.2009 |
Sogndal 2 |
Veitastrond |
7-0 |
Treningskamp |
Referat |
05.03.2009 |
Kaupanger |
Veitastrond |
4-0 |
Treningskamp |
Referat |
14.03.2009 |
Veitastrond |
Vang |
2-2 |
Treningskamp |
Referat |
21.03.2009 |
Veitastrond |
Jølster |
4-1 |
Treningskamp |
Referat |
25.03.2009 |
Balestrand |
Veitastrond |
x-x |
Treningskamp |
Avlyst |
28.03.2009 |
Veitastrond |
Fjøra |
1-7 |
Treningskamp |
Referat |
14.04.2009 |
Veitastrond |
Hafslo |
1-5 |
Treningskamp |
Referat |
|
|
|
|
|
|
17.04.2009 |
Lærdal |
Veitastrond |
2-3 |
Seriekamp |
Referat |
26.04.2009 |
Førde 2 |
Veitastrond |
5-3 |
Seriekamp |
Referat |
01.05.2009 |
Selje |
Veitastrond |
5-1 |
Seriekamp |
Referat |
10.05.2009 |
Eid 2 |
Veitastrond |
5-4 |
Seriekamp |
Referat |
15.05.2009 |
Veitastrond |
Syril |
3-4 |
Seriekamp |
Referat |
26.05.2009 |
Veitastrond |
Saga |
4-2 |
Seriekamp |
Referat |
05.06.2009 |
Dale |
Veitastrond |
3-1 |
Seriekamp |
Referat |
08.06.2009 |
Årdal 2 |
Veitastrond |
7-2 |
Seriekamp |
Referat |
14.06.2009 |
Veitastrond |
Sandane |
1-4 |
Seriekamp |
Referat |
20.06.2009 |
Skavøypoll |
Veitastrond |
4-3 |
Seriekamp |
Referat |
28.06.2009 |
Veitastrond |
Askvoll/Holmedal |
5-6 |
Seriekamp |
Referat |
|
|
|
|
|
|
01.08.2009 |
Veitastrond |
Lærdal |
3-1 |
Seriekamp |
Referat |
09.08.2009 |
Veitastrond |
Førde 2 |
3-4 |
Seriekamp |
Referat |
16.08.2009 |
Veitastrond |
Selje |
3-2** |
Seriekamp |
Referat |
23.08.2009 |
Veitastrond |
Eid 2 |
7-4 |
Seriekamp |
Referat |
26.08.2009 |
Syril |
Veitastrond |
3-2 |
Seriekamp |
Referat |
07.09.2009 |
Veitastrond |
Årdal 2 |
6-4 |
Seriekamp |
Referat |
10.09.2009 |
Saga |
Veitastrond |
5-1 |
Seriekamp |
Referat |
18.09.2009 |
Veitastrond |
Dale |
3-0 |
Seriekamp |
Referat |
25.09.2009 |
Sandane |
Veitastrond |
7-1 |
Seriekamp |
Referat |
04.10.2009 |
Veitastrond |
Skavøypoll |
4-3 |
Seriekamp |
Referat |
11.10.2009 |
Askvoll/Holmedal |
Veitastrond |
3-4 |
Seriekamp |
Referat |
|
|
|
|
|
|
|
|
** Resultat endra til 0-3 og alle poenga til Selje |
|
|
|