Sesongen 2010
2010 vil på mange måtar bli hugsa som jubelsesongen framfor nokon andre. Dette året tok Veitastrond sine staute menn ein meget sterk 3.plass i 4.divisjon, og sjølv om me aldri skal avskriva noko som helst når det gjeld dette laget så er nok dette ein prestasjon det skal bli vanskeleg å slå. Sjølv om VIL vart nummer 3 av 12 lag så mangla det ikkje på dramatikk dette året heller. I 2011 så vert divisjonssystemet lagt om, slik at heile 6 lag rykka ned frå 4.divisjon, og Veitastrond var så til dei grader med i kampen om å unngå å ta steget ned ein divisjon. Laget låg stort sett heile sesongen mellom 3. og 8.plass, men takka vera ein sterk avslutning kunne me til slutt feira at me unngjekk nedrykk og fekk attpåtil ein bronsjemedalje som bonus.
Før sesongstart

Veitastrond byrja som vanleg med sine offisielle treningar tidleg i januar, og den fyrste månaden i året gjekk fram utan nokon andre hendingar enn det som skjedde på treninsfeltet. Fyrst når kalendaren viste februar så byrja det å skje ting rundt sesongen 2010 som er verdt å nevna. På eit styremøte 02.feburar vart beslutta at Kurt Heggestad overtok som sportsleg leiar etter Emil Heggestad, som hadde hatt denne stillinga sidan tidenes morgon. Kurt gjekk og inn som likestilt hovudtrenar med Emil Heggestad, og sistnevnte fekk i tillegg tittelen som styreformann - kan seia at dei to karane på toppen fekk det fint til. Richard Nes slutta som assistent trenar etter 3 suksessfulle år saman med Emil.
I tillegg så kom Kurt og Morten Rørstadbotten inn i styret til klubben, som no talte 7 personar; Kurt Heggestad, Emil Heggestad (formann), Richard Nes, Bjørn Molland, Frank Heggestad, Hildegunn Heggestad og Morten Rørstadbotten (ny oppmann).
Stallen som Veitastrond hadde i 2010 var stort sett den samme som me hadde i 2009. To nye spelarar var likevel på plass; Erlend Hagen Hylleseth meldte seg klar til vårsesongen, medan toppscoraren frå 2008 Frode Kvam var klar for comeback etter eit år i Fjøra. I tillegg gjorde me eit mislukka forsøk på å henta Even Hovland til klubben, då Sogndal avslo vårt tilbod på kr 1000,-
Dei spelarane som takka for seg etter sesongen 2009 var Vidar Vadseth, Morten Hagen, Jon Arne Fimreite og Jan Erik Bøyum.
Før sesongen spelte me 7 treningskampar mot variabel motstand og med variable resultat. Det mest positive var kanskje to kampar mot Fjøra som begge endte uavgjort, og der me spelte jamngodt med laget som låg ein divisjon høgare enn oss sjølve. Me tapte klart mot Jølste (2-5) og endå klarare mot Dale (1-8), medan me slo Årdal 2 4-3 etter hattrick av Kurt. Generalprøven gjekk som tidlagre år mot Hafslo, og som vanleg var den ikkje veldig imponerande, og det enda uavgjort 4-4.
Den treningskampen me hugsar best var likevel kampen mot Nord Hordaland jr 20.mars. Mot eit ungt lag vann me kampen komfortabelt 11-4, men det var siste målet vårt me hugsar best. Veitastrond fekk frispark rett utanfor 16-meteren. Dette tok Helge som ga ein kort pasning til Øystein Heggestad, som tok sats og banka ballen i krysset med venstreslegga. Ei kanonscoring av Øystein, og sjeldan har det vore slike jubelscener i Storhallen for ei scoring som i utgangspunktet var så uviktig.
Vårsesongen
Etter ein preseason som tidvis var prega av lite folk både på trening og kamp så var me spente på korleis laget lå an til seriestart. Den 19.april resite me til Sande for å spela mot nyopprykka Gaular i årets fyrste kamp. Denne byrja på verst mogleg vis, og til pause låg me under heile 3-0. Kva som vart sagt mellom dei to omgangen er ikkje godt å seia, for i 2.omgang så røyste Veitastrond seg meisterleg og vann til slutt kampen 4-3 etter at Helge Skjælaaen avgjorde kampen på overtid.
Sigeren mot Gaular ga laget ei solid vitamininnsprøyting og den vart fulgt opp med ein sterk 2-1 siger borte mot Skavøypoll. Nok ein gong avgjorde me i sluttminutta når Kurt Heggestad sprang frå forsvaret og banka inn sigersmålet. Me fullbyrda den gode sesongstarten med å kle av Syril i årets fyrste lokaloppgjer "heime" på treningsfeltet på Hafslo. 6 ulike målscorar og smultring bakover gjorde at laget svevde på ei sky, og draumen opp opprykk hadde plutseleg gjort seg gjeldande.
Etter at laget hadde avholdt diverse 9 poengarfestar, så kom me oss etterkvart ned på jorda igjen. Turen til Eikefjord enda med årets fyrste tap då me reiste heim med 1-2 i sekken. Diverre var dette starten på ei forferdeleg tapsrekka. Årets fyrste kamp på Leikvoll byrja bra mot Lærdal der me leia 2-0, men me mista etterkvart grepet og tapte til slutt kampen 3-2. To tap på rad vart raskt til 3 når me tapte 4-5 i ein thriller kamp borte mot Årdal 2, der det me denne gongen fekk eit mål i mot i sluttminutta. Den dårlege formen haldt fram då me nok ein gong tapte heime på Leikvoll, denne gongen med 0-2 mot Kaupanger. Dette var forøvrig fyrste gong i historia at Veitastrond gjekk av Leikvoll Stadion, utan å scora mål.

Med 4 tap på rad hadde me lagt opprykksdraumen på hylla, og me var ikkje akkurat proppfulle av sjølvtillit når turen gjekk til Selje 06.06.10. Likevel vart dette vendepunktet, då me gjorde ein taktisk god kamp og tok med oss ein sterk 3-1 heim frå havgapet. Denne trepoengaren vart fulgt opp med årets fyrste siger på Leikvoll. Serieleiaren Saga kom ubesigra til Veitastrond, men måtte reise heim med 3-0 tap etter ein av dei beste kampane til VIL-fotball i 2010.
Sjølv om Veitastrond var tilbake på vinnarsporet kunne me ikkje unngå å gå på ein storsmell borte mot Førde 2. Eit redusert VIL-lag tapte heile 8-0 mot eit Førde 2 lag som minna meir om eit 2.divisjonslag.
Vårsesongen vart avslutta med to kampar på Leikvoll. Eit Veitastrond som tydeleg var kommen i feriemodus leverte to kampar av variabel kvalitet, men me klarde likevel å karra til oss to knepne sigrar mot Askvoll/Holmedal (5-4) og Gaular (4-3).
Etter ein vårsesong der me hadde opplevd både solide oppturar og nedturar, så tok me ferie på ein sterk 3.plass.
Sommarferien
Vanlegvis er ikkje Veitastrond så aktive i sommarpausen, men denne sesongen var klubben særs flittige på overgangsmarkedet.
Patrik Fritzon vart henta inn frå Fjøra, tidlegare Kaupangerspelar Andreas Bjelde signerte og Frode Kvåle gjorde i år som i fjor sin inntreden på haustsesongen. I tillegg henta me inn to studentar, då Ivan Jokic og Olai Johnsgård signerte for klubben.
Diverre måtte me sjå at nokon spelarar forlot oss etter vårsesongen òg. Etter nesten 4 år i klubben takka Helge Skjælaaen for seg, og i likhet med Erlend Hagen Hylleseth flytta dei begge attende til Bergen etter å ha avslutta utdanninga si i Sogndal.
Haustsesongen
Veitastrond sparka i gang haustsesongen allereie 7.august, og det var tydeleg at laget framleis var i feriemodus. Grunna lite folk henta inn Tarjei Nordtveit til eit sensasjonelt comeback, og kanskje ein endå meir sensasjonell debut for Johan Olai Nes og om det ikkje var nok så stilte me med Frank Heggestad i mål. Trass i nye folk og store endringar så hadde Veitastrond ingen problem med å feia eit ungt Skavøypoll av Leikvoll, og me vann til slutt heile 7-1.
Ein fin start på hausten var etterfulgt av 4-1 tap borte mot Syril, som då fekk sin revansje etter at me slo dei 6-0 i vårkampen.
Deretter spelte me uavgjort for fyrste gong på nesten to år når Veitastrond og Eikefjord delte poenga på Leikvoll med 2-2.
Det vart nok eit surt tap mot Lærdal, då det som i vårkampen enda 3-2 til lærdølene inne i Lærdal.
1 poeng på 3 kampar var ikkje godt nok hverken for å halda følge me topp 3, eller å unngå nedrykkstriden og me hadde difor kniven på strupa når Årdal 2 gjesta Leikvoll. På ein flott haustdag gjorde me det som måtte til og vann til slutt 6-3. Den ustabile formen haldt fram med 2-5 tap borte mot Kaupanger, før me slo eit umotivert Seljelag som allereie var klare for nedrykk, med heile 8-3 på Leikvoll.
3 kampar før slutt byrja det å tetta seg til, og Veitastrond var 5-6 lag som kjempa ein innbitt kamp om å unngå den sure 7.plassen som ga nedrykk til 5.divisjon. Veitastrond hadde inga enkel oppgåve føre seg når me reiste til Førde for å spela serieleiar Saga som sikre KM-siger med siger mot oss. VIL ga førdianarane god kamp til døra, men me mangla det vesle ekstra og tapte til slutt 4-2.
Med to kampar igjen å spela var saka grei for Veitastrond. Me måtte truleg vinna begge dei to kampane for ikkje å rykka ned. To sigrar på rad hadde me ikkje klart sidan vårsesongen, og det virka som ei formidabel oppgåve. Fyrste test var heime mot Førde 2 på ein tung og regnfull Leikvoll. Det unge Førde 2 mannskapet ga Veitastrond god kamp, og i det som vart ein skikkeleg neglebitarkamp så vann til slutt Veitastrond 3-2. Kampen fekk og mykje oppmerksomhet då omtrent heile bygda stod rundt grytene før kampstart og lagde fårikål, som me hadde til sals i kiosken.
I årets siste kamp tok me den lange turen til Askvoll/Holmedal med visshet om at me måtte vinna for ikkje å rykka ned. Trass stort press på vår skuldrar så gjorde me ingen feil og vann til slutt heile 5-0 mot grøntrøyene.
I tillegg til at me vann så var dei andre resultata med oss, slik at me ikkje berre kom oss unna nedrykksspøkeslet ein gong for alle, men enda og til slutt på ein meget sterk 3.plass.
Eikefjord som stort sett låg på topp 3 heile sesongen gjekk på ein skikkeleg haustsmell, og dei enda som nummer 7 og rykka ned til 5.divisjon.

Oppsummering
Dette var ein ulideleg spanande sesong der me heile tida balanserte rundt den utsatte 7.plassen. Nok ein gong hadde me dei nødvendige marginane med oss i sesonginnspurten som gjorde at me klarde å halda hovudet over vatnet. At me til slutt enda som nummer 3 er ein fantastisk prestasjon av ein liten klubb som Veitastrond, og at laget no er klar for fylktet sin øverste divisjon i 2011 smakar godt.
Etter at me brukte 2009 på å vli vande med nivået i 4.divisjon, så synte me i 2010 at me kan hamla opp med kven som helst på dette nivået på ein god dag. Likeeins så synte me vel som vanleg at me og kan gå på ein smell kortid det måtte vera på dagar der me ikkje er heilt på nett.
På avslutningsfeste den 20.november vart Kurt Heggestad stemt fram som årets spelar for andre året på rad. Frode Kvam fekk pris som årets toppscorar med 20 mål, medan Bjørn Molland fekk merksamd som årets treningsfantom. Heile treningsstatistikken for 2010 kan du sjå HER
I tillegg vart Kurt årets assistkonge og årets VIL-stjerna, medan Kim Andre Navarsete og Bjørn Molland delte tittelen som årets raotass.
Kan i tillegg nevna at Åsmund Øgar var einaste spelar som spelte samtlege 22 kampar.
Fullstendig spelarstatistikk 2010;
Navn |
Kampar (22) |
Mål (72) |
Assist (48) |
VIL-stjerna (132) |
Gule kort (29) |
Raude kort (0) |
Åsmund Øgar |
22 |
8 |
4 |
16 |
1 |
|
Richard Nes |
20 |
2 |
1 |
4 |
|
|
Frode Kvam |
19 |
20 |
3 |
11 |
1 |
|
Kurt Heggestad |
19 |
17 |
19 |
22 |
3 |
|
Emil Heggestad |
19 |
3 |
8 |
8 |
3 |
|
Bjørn Molland |
19 |
2 |
6 |
6 |
4 |
|
Øyvind Lien |
19 |
1 |
|
7 |
|
|
Øivind Kristiansen |
18 |
|
|
3 |
3 |
|
Kim Andre Navarsete |
16 |
5 |
|
20 |
4 |
|
Even Kvam |
14 |
|
|
7 |
|
|
Kenneth Mo |
13 |
2 |
|
5 |
1 |
|
Arne Nes |
12 |
3 |
|
|
1 |
|
Gøran Fimreite |
10 |
|
1 |
1 |
|
|
Geir Aardal |
10 |
|
|
|
2 |
|
Frank Heggestad |
8 |
|
1 |
|
3 |
|
Andreas Bjelde |
7 |
|
|
5 |
1 |
|
Erlend Sando |
7 |
|
|
1 |
1 |
|
Helge Skjælaaen |
6 |
4 |
2 |
3 |
1 |
|
Frode Kvåle |
6 |
3 |
2 |
8 |
|
|
Gaute Olstad |
6 |
|
1 |
|
|
|
Øystein Heggestad |
6 |
|
|
|
|
|
Erlend Hagen |
5 |
|
|
1 |
|
|
Patrik Fritzon |
5 |
|
|
2 |
|
|
Ivan Jokic |
4 |
|
|
1 |
|
|
Olai Johnsgård |
4 |
|
|
|
|
|
Tarjei Nordtveit |
1 |
2 |
|
1 |
|
|
Johan Olai Nes |
1 |
|
|
|
|
|
SUM |
296 |
72 |
48 |
132 |
29 |
0 |
Tabell 2010
Tabell 2010 |
K |
Mål |
P |
1. |
Saga |
22 |
79-31 |
51 |
2. |
Kaupanger |
22 |
63-23 |
47 |
3. |
Veitastrond |
22 |
72-59 |
37 |
4. |
Syril |
22 |
57-57 |
37 |
5. |
Lærdal |
22 |
43-55 |
37 |
6. |
Førde 2 |
22 |
65-49 |
36 |
7. |
Eikefjord |
22 |
42-41 |
34 |
8. |
Årdal 2 |
22 |
68-71 |
28 |
9. |
Askvoll/Holmedal |
22 |
48-56 |
23 |
10. |
Skavøypoll |
22 |
39-77 |
21 |
11. |
Selje |
22 |
41-60 |
19 |
12. |
Gaular |
22 |
36-74 |
8 |
Kampar 2010
Dato |
Heimelag |
Bortelag |
Res |
Kamptype |
Referat |
13.02.2010 |
Veitastrond |
Jøster |
2-5 |
Treningskamp |
Referat |
22.02.2010 |
Fjøra |
Veitastrond |
3-3 |
Treningskamp |
Referat |
05.03.2010 |
Veitastrond |
Dale |
1-8 |
Treningskamp |
Referat |
10.03.2010 |
Årdal 2 |
Veitastrond |
3-4 |
Treningskamp |
Referat |
20.03.2010 |
Veitastrond |
Nord Hordaland |
11-4 |
Treningskamp |
Referat |
24.03.2010 |
Fjøra |
Veitastrond |
1-1 |
Treningskamp |
Referat |
11.04.2010 |
Veitastrond |
Hafslo |
4-4 |
Treningskamp |
Referat |
|
|
|
|
|
|
19.04.2010 |
Gaular |
Veitastrond |
3-4 |
Seriekamp |
Referat |
25.04.2010 |
Skavøypoll |
Veitastrond |
1-2 |
Seriekamp |
Referat |
29.04.2010 |
Veitastrond |
Syril |
6-0 |
Seriekamp |
Referat |
07.05.2010 |
Eikefjord |
Veitastrond |
2-1 |
Seriekamp |
Referat |
15.05.2010 |
Veitastrond |
Lærdal |
2-3 |
Seriekamp |
Referat |
24.05.2010 |
Årdal 2 |
Veitastrond |
5-4 |
Seriekamp |
Referat |
29.05.2010 |
Veitastrond |
Kaupanger |
0-2 |
Seriekamp |
Referat |
06.06.2010 |
Selje |
Veitastrond |
1-3 |
Seriekamp |
Referat |
09.06.2010 |
Veitastrond |
Saga |
3-0 |
Seriekamp |
Referat |
21.06.2010 |
Førde 2 |
Veitastrond |
8-0 |
Seriekamp |
Referat |
27.06.2010 |
Veitastrond |
Askvoll/Holmedal |
5-4 |
Seriekamp |
Referat |
|
|
|
|
|
|
01.07.2010 |
Veitastrond |
Gaular |
4-3 |
Seriekamp |
Referat |
07.08.2010 |
Veitastrond |
Skavøypoll |
7-1 |
Seriekamp |
Referat |
12.08.2010 |
Syril |
Veitastrond |
4-1 |
Seriekamp |
Referat |
22.08.2010 |
Veitastrond |
Eikefjord |
2-2 |
Seriekamp |
Referat |
27.08.2010 |
Lærdal |
Veitastrond |
3-2 |
Seriekamp |
Referat |
05.09.2010 |
Veitastrond |
Årdal 2 |
6-3 |
Seriekamp |
Referat |
11.09.2010 |
Kaupanger |
Veitastrond |
5-2 |
Seriekamp |
Referat |
19.09.2010 |
Veitastrond |
Selje |
8-3 |
Seriekamp |
Referat |
23.09.2010 |
Saga |
Veitastrond |
4-2 |
Seriekamp |
Referat |
02.10.2010 |
Veitastrond |
Førde 2 |
3-2 |
Seriekamp |
Referat |
10.10.2010 |
Askvoll/Holmedal |
Veitastrond |
0-5 |
Seriekamp |
Referat |
|
|
|
|
|
| |