Askvoll/Holmedal - Veitastrond 0-5

Det har etterkvart vorte ein tradisjon at sesongens siste kamp er avgjerande for opprykk eller nedrykk for Veitastrond Fotball. Likeeins har det vorte ein tradisjon at VIL har løyst dette på best mogleg vis og me har etterkvart vist oss å vera best når det gjeld. Slik vart det i år igjen, og denne gongen gjorde me det svært så overbevisande då me slo Askvoll/Holmedal 5-0 på bortebane. Ein imponerande siger av VIL, og me kan no smykka oss med bronsemedalje i 4.divisjon, og plass i det som til neste år vert Sogn og Fjordane sitt øverste nivå. Ein fantastisk bragd av eit fantastisk fotballag.
Veitastrond reiste oppover med ein stall som talde 15 mann. Fyrsteellevaren var slik me annonserte i forkant, men nokre forfall på benken vart det.
Kampen gjekk på ei nydeleg kunstgrasmatte i Askvoll i eit flott haustvær. Einaste minus var at sola stod så lågt at ho stort sett berre var til plage for spelarane ute på matta. Me hadde diverre ikkje noko referent på sidelinja, så me kan ikkje garantera at hendelsesforløpet vårt i dette referatet kjem heilt kronologisk med røynda...
Veitastrond hadde fyrste avslutning på mål då Bjørn testa skotfoten frå 18 meter, men diverre rett på keeper.
Heimelaget fekk sin fyrste sjanse etter 7 minutt når vår kaptein Øyvind rotar det til for seg, men til all lukke for både VIL og Øyvind så enda avslutninga til AHIL utanfor.
Veitastrond sleit litt innleiingsvis med å få til spelet sitt og etter ca 15 minutt la me om frå 4-4-2 til 4-3-3. Endå sleit me litt med å komma inn i den gode rytmen som me har hatt dei føregåande kampane mot Saga og Førde 2...
Ca 20 minutt er spelt når heimelaget sin beste spelar Benny Rivedal fossar fram. Han spelar vegg med ein medspelar som spelar Rivedal heilt igjennom åleine med keeper. Der ventar ein heiltent Even i vårt bur som kastar seg ned i beina på Rivedal med all si kraft (og sjølvsagt med hovudet fyrst), og han fangar ballen sikkert. Av ansiktsuttrykket til Benny Rivedal 2 sekund etterpå kunne ein tru han var påkøyrt av ein lastebil, men det var altså berre Even Kvam...
Etter ein noko slurvetet start så fekk me roa nervene våre etter 23 minutt. Kurt fossa ned langs venstresida, og la inn i boksen. Der stod Åsmund og Arne i kø for å scora, men i staden for å spenna i kvarandre så traff Åsmund ballen og satte den sikkert til side for keeper og i mål og dermed 1-0 til Veitastrond.
Utruleg viktig for Veitastrond å få den viktige 1-0 scoringa, og me fekk roa oss ned litt etter dette. Halvtimen er akkurat runda når Emil spelar igjennom Kurt, som kjem åleine med keeper frå skrått hald. Han dunkar ballen rett på keeper, som slår ballen i kneet til Kurt og via keeper går den i mål. Kanskje ikkje den mest stilfulle scoringa Kurt har scora, men mål og er mål og me tek sjølvsagt i mot med takk og 2-0 til Veitastrond.
Askvoll/Holmedal såg ikkje ut til å henga med nebbet sjølv om dei ikkje hadde noko å spela for og låg under med 0-2. Dei hadde vel så mykje av banespelet som Veitastrond, og hadde og sine sjansar. Diverre for dei så var dei anten for upresise i avslutningane, ellers så redda ein for dagen mesterleg Even det meste som kom.
40 minuttar er spelt og Veitastrond er for alvor byrja å slå i kistespikrar. Kurt fossar fram langs venstresida og legg inn i boksen til Frode. Frå 1 meter får han ein enkel jobb med å setta ballen i mål og dermed 3-0, og lukta av fornya kontrakt byrjar no å bli sterk.
Rett før pause prøver Kurt seg på ein volley frå 40 meter, men den gjekk over og ut.
Dommaren blas av til pause på stillinga 3-0 til Veitastrond.
Askvoll/Holmedal byrja 2.omgang best og dei fekk tidleg ein enorm sjanse. Fyrst dunkar dei ballen i tverren og ned på streken, før ei heading vert redda på streken av oss og til sist gjekk returen ein meter over. Når ikkje Askvoll/Holmedal scora på slike sjansar så skjønna me vel at dette var dagen vår...
Etter 56 minutt får Veitastrond frispark etter at Emil vart takla stygt bakfrå. Kurt tok frisparket, men dette gjekk ca ein halv meter utanfor.
60 minutt og Veitastrond har kanskje dagens beste angrep. Det er klikk klakk spel igjennom AHIL sitt forsvar og til sist vert Åsmund spelt åleine med keeper og scorar, men utruleg nok bles dommaren av for dommaren. Heilt klart ei feil avgjersle av dommaren, og dette fekk han så til dei grader høyra av Åsmund som lirte av seg kraftsalva; "e du heilt teit eller?"
65 minutt; Benny Rivedal får ballen på ope mål frå 1 meter, men ballen sklir av foten hass og den går utruleg nok utanfor.
Like etterpå hadde heimelaget ein ny sjanse, men denne gongen gjekk avslutninga i tverrliggaren og over. Eller i følge dommaren var den via fingertuppane til Even.
68 minutt; Ivan kjem inn for Richard.
70 minutt; Veitastrond får frispark ute på sida. Emil slår dette inn i boksen og der ragar Kenneth høgaste og headar ballen kontant i mål til 4-0.

Kurt hadde lyst på det spektakulære i denne kampen og etter 72 minutt prøvde han seg nok ein gong på skot frå over 40 meter. Denne gongen er den meir finsikta, men diverre kom keeper seg tilbake på streken og fekk redda forsøket frå Kurt.
Stygg situasjon etter 78 minutt. Samme mann som takla Emil tidlegare i omgangen går hovudlaust i duell med Kenneth inne i vår boks. Dommaren gjer han sitt 2.gule og dermed raudt kort, men han kunne utvilsamt trekt opp eit direkte raudt i denne situasjon. Kenneth vart liggande nede lenge, og han vart skifta ut med Øivind. På veg ut var Kenneth tydeleg prega, og han tok eit par feilsteg som meir minna om når han er på veg frå puben til SOHO ein sein laurdagskveld i Sogndalsfjøra.
Veitastrond gjord eit byte til i samme slengen då Olai kom inn for Arne.
83 minutt; Kurt kjem heilt åleine med keeper og har i tillegg med seg Frode. I staden for å sentra så prøver Kurt seg på ein slags lobb, som går til side for mål. Glad dette var på 5-0 og ikke 0-0.
Dagens prestasjon kom etter 86 minutt. Bjørn kjempa til seg ballen på midten og fossa framover i reina Maradonna stilen. På ca 16 meter vende han bort sistemann før han enkelt satte ballen i mål til 5-0.
87 minutt; Øystein kom inn for Frode.
Heilt på slutten hadde Askvoll/Holmedal si tredje avslutnign i treverket, men heller ikkje denne gongen ville det seg for heimelaget.
Dommaren blas av kampen i det det var spelt akkurat 90 minutt, og Veitastrond kunne jubla for 3 poeng, sikra plass i 4.divisjon og bronsemedalje rundt halsen.
Veitastrond gjorde jobben i dag på imponerande vis, og 5-0 på bortebane talar vel i grunn for seg sjølv. Dette er fyrste gonge me held nullen på bortebane i 4.divisjon, og den desidert største sigeren me har teke borte på dette nivået. Faktisk er dette våre fyrste poeng på bortebane sidan me slo Selje 6.juni.
Dagens kamp var noko merkeleg og 5-0 gjer nok ikkje noko rett bilde av kampen. Veitastrond skapte ikkje så mykje sjansar som ein kanskje skulle tru, og Askvoll/Holmedal hadde nokre feite som dei burde ha satt. Så er det ein gong slik at det viktigaste i fotball er å scora mål, og dette var Veitastrond eit par hakk vassare enn AHIL til i denne kampen, og dermed vinn me kampen både komfortabelt og fortent 5-0.
Ei flott avrunding på sesongen dette, og spelarane strålte etter kampen. I bussen heim frå Askvoll kunne Frode Kvam opplysa over høgtalaranlegget han skal bli pappa i april, og Veitastrond gratulerar vår superspiss. Han sa ikkje noko om noko navn, men dersom det vert gut ligg det vel litt i korta at det er ein ny Johannes som vert sett til verda ;)
Me avslutta dagen med pizza på Dolly i Sogndal, før me glade og fornøgde reiste heim kvar til vårt... og alle var samde om at dette hadde vore ein flott sesong.
VIL-STJERNA
Årets siste stjernedryss er det Hildegunn Heggestad som fekk dela ut. På ein dag der alle hadde fortent ein plass på stjernehimmelen så var det følgande som fekk ekstra heider og ære;
óóó |
Andreas Bjelde |
óó |
Frode Kvam |
ó |
Kenneth Mo |
Kampfakta;
Askvoll/Holmedal - Veitastrond 0-5
VIL (4-4-2); Even - Andreas, Kenneth (Øivind), Øyvind, Åsmund - Emil, Richard (Ivan), Kurt, Bjørn - Arne (Olai), Frode (Øystein)
0-1 Åsmund (Kurt)
0-2 Kurt (Emil)
0-3 Frode (Kurt)
0-4 Kenneth (Emil)
0-5 Bjørn
Gule kort; ingen på VIL, 1-2 på AHIL
Raudt kort; 1 på AHIL
Dommar; Karl Inge Wolff
|