Sesongen 2011
Dette var fyrste sesongen at Veitastrond spelte i fylket sin øverste divisjon. Etter divisjonssamanslåinga der 3.divisjon i Sogn og Fjordane og Hordaland slo seg i saman, så vart 4.divisjon den øverste serien med berre lag frå vårt fylke. Dette gjorde til at nivået i 4.divisjon auka, og fleire lag satsar mykje og har forhåpningar om opprykk. For Veitastrond sin del så var aldri opprykk på tale, og me hadde som mål å unngå nedrykk. Etter ein framifrå vårsesong så låg me trygt plassert midt på tabellen, men ein total kollaps etter sommareferien som blant anna resulterte i at me tapte dei 5 siste kampane så vart det litt spaning mot slutten likevel. Heldigvis så klarde laget å styra skuta inn til sikker plass, og me enda til slutt som nummer 9.
Før sesongstart

Sesongen 2011 byrja med at Veitastrond nok ein gong måtte gjennom ein kamp for å få godkjent Leikvoll Stadion. Fotballkretsen krevde at bana vart utvida med 10 meter i lengda, noko som i praksis ikkje var mogleg for oss. Ei utviding av bana ville føra til at elveleiet bak bana måtte leggast om, og kostnaden ville bli på over ein million kr. Etter mange rundar fram og tilbake så fekk me til slutt godkjent bana på visse villkår, og me måtte søka kommune om midlar til ei eventuell utviding i framtida. Det vart og stilit langt strengare krav rundt arrangementa til årets sesong, og til fyrste kamp hadde me fått på plass innbyttarbenk til bortelaget, varmestova til dommarane (campingavogna til Johannes ;), flaggstenger og speakeranlegg.
På spelarfronten måtte me diverre sjå at kaptein og ein av våre aller beste spelarar Kim Andre Navarsete forlot klubben til fordel for Fjøra og spel i 3.divisjon. I tillegg så la Frank Heggestad opp for andre gong, men han har blitt verande i klubben og representerar oss no som dommar. Erlend Sando flytta frå distriktet og takka dermed og for seg, og rett før sesongen byrja så ga Gøran Fimreite beskjed om at også han hadde fått nok etter 58 kampar for klubben.
Med ein del spelarar ut så måtte me òg få inn nokre nye. Me signerte brødreparet Runar og Ole Petter Hatlevoll frå Ornes, Glenn Thomas Nilsen frå Larvik men med tilhaldsstad på Hafslo vart klar, det samme vart Lars Bruhaug frå Hafslo og kanskje spesielt gledeleg var det at ungguten Karl Jomar Bruheim signerte. Han vart dermed den fyrste unge strendingen på lang tid som slutta seg til klubben.
Det vart ikkje gjort nokre endringar i trenarstaben til denne sesongen, og Emil og Kurt Heggestad haldt dermed fram som hovudtrenarar.
Reint treningmessigt var vinteren 2011 ein veldig dårleg periode for Veitastrond. I frå januar til mars så hadde me treningar som vanleg i Sognahallen, men det var veldig varierande kvalitet og oppmøte. Me var oppi treningar med over 30 mann, der me ikkje kjende til halvparten som var med og me var nede i treningar med 10 mann. Ved månadsskifte februar/mars satte me ned foten for at at prøvespelarar kunne komma å gå som dei ville, og etter dette så tok kvaliteten seg opp nokre hakk.
Me spelte 4 treningskampar før sesongen 2011. Dette enda med 0-4 tap mot Saga, 2-4 tap mot Jølster, 0-6 tap mot Sogndal 2 før me avslutta med å slå Bjørn 4-3 i generalprøven.

Vårsesongen
Etter ein ikkje alt for imponerande oppkøyring til denne sesongen så var me naturleg nok veldig spente på korleis årets sesong skulle bli. På kampprogrammet stod blant anna 6 kampar mot lag som hadde rykka ned frå fjorårets 3.divisjon, og det var mot eit av desse laga me byrja. 15.april tok me turen til Sandane. Her gjennomførte me ein veldig bra kamp, men diverre så utnytta me ikkje dei sjansane me fekk og me måtte til slutt sjå at me tapte 1-4 i sesongpremieren. Trass tap så var me nøgde med innsatsen vår og dette ga oss trua på vegen vidare.
Denne trua var med god grunn, for i neste kamp så slo me Høyang med overbevisande 5-1 "heime" i Sognahallen. Denne sigeren vart fulgt opp med ein slitesiger i lokaloppgjeret borte mot Syril der me til slutt vann 5-3.
Me kom oss snygt ned på jorda når me vart utspelt og tapte heile 0-7 borte mot Vik, som skulle visa seg å vera divisjon sitt beste lag. Årets største tap vart fulgt opp med årets største siger då me innvia Leikvoll Stadion for sesongen. Lærdal kom på besøk, men ein oppvisning i effektivt angrepsspel ga Veitastrond ein komfortabele 6-0 siger.
I neste kamp vart me råka av bortekampsyndromet når me reiste til Dale. Me klarde akkurat å skrapa i saman 12 mann, og desse gjorde ein kanoninnsats, men to baklengsmål på slutten gjorde at me diverre tapte 1-2. Denne kampen var forøvrig den fyrste som VIL-guru Emil Heggestad ikkje var med på anten bana eller på benken.
Me haldt fram vår jojo sesong i neste kamp då me tok skalpen på eit av laga med opprykksambisjonar. Jølster kom til Leikvoll, men tapte 0-1 i ein nervepirrande kamp som fyrst og fremst hugsast for ein fenomenal redning av VIL sin keeper Patrik Fritzon mot slutten. I neste kamp vart som venta Sogndal 2 for sterke i Sognahallen og me tapte 0-3.

Det vart dramatikk føre den neste kampen heime mot Førde 2. Grunnar flaum på Leikvoll Stadion måtte me flytta kampen frå ei solfylt grasmatte til under tak i Sognahallen, og her vart kampen like traurig som rammene rundt og det enda med poengdeling og 0-0.
Me hadde forhåpningar om å ta vår andre bortesiger når me tok turen til Eid for å spela mot botnlaget Eid 2. Det gjekk ikkje heilt som me hadde planlagt, og etter ein totalt håplaus 1.omgang der me låg under 0-6 så tapte me til slutt med heile 3-8.
Etter denne kollapsen var det ikkje mange som hadde trua på Veitastrond når topplaget Kaupanger vitja Veitastrond i kampen etter. Nok ein gong så viste Veitastrond styrke og karakter og me tok årets herligaste siger då me sendte dei utatte på Kaupanger med 0-2 tap i sekken.
Me spelte og den fyrste haustkampen på våren, og denne gongen fekk me revansje mot Sandane då me slo dei 4-2 på Leikvoll. Dermed tok me 6 veldig viktige poeng før me tok sommarferie, og me låg på ein solid 5.plass etter fyrste halvdel av sesongen.
Sommarferie
I løpet av sommarpausen signerte me Ådne Nærheim og Jonas Dahl Hansen. Begge to studentar i Sogndal. Sistnevnte skulle visa seg å berre spela ein kamp for Veitastrond, før han flytta frå Sogndal igjen.
Ellers skjedde det veldig lite i sommarpausen, før me hadde oss ei trening i forkant av fyrste kamp.
Haustsesongen
Det var eit Veitastrondslag som framleis var i feriemodus som tok til på haustsesongen. Turen til Høyang vart lite å skriva heim om, og me tapte kampen 2-6. Me hadde trua på å reisa kjerringa når Syril vitja Leikvoll i neste kamp. Dei stod med eit stakkarsleg poeng før dei kom til Leikvoll, men diverre så klarde dei å dobla dette etter kampen mot oss. Nok ein dårleg kamp frå Veitastrond gjorde til at Syril fekk utlikna heilt mot slutten slik at sluttresultatet vart 3-3.
Det vart ikkje noko betre når serieleiar Vik kom til Leikvoll. Dei vann 4-1, og dermed enda dei Veitastrond sin imponerande heimestatistikk med 15 kampar på rad utan tap på Leikvoll Stadion.
Neste kamp enda 1-1 borte mot Lærdal. Kurt Heggestad sendte VIL i føringa med ei forrykande scoring frå midtbana, men etter massivt press frå heimelaget fekk inn utlikninga heilt mot slutten etter det som må betegnast som ein sjeldan keepertabbe av Even Kvam.
Den dårlege starten på haustsesongen gjorde at Veitastrond kom faretruande langt ned på tabellen. Det var difor gull verdt at me slo Dale med 4-1 på Leikvoll i neste kamp. Dette var 3 viktige poeng, og det skulle visa seg at det skulle bli dei 3 siste poenga me tok denne sesongen.
Resten av kampane vart diverre eit sorgens kapittel. Borte mot Jølster låg me under 0-1 til pause, men ein total kollaps etter kvilen gjorde til at me tapte heile 0-7.
Draumen om å tukta Sogndal 2 heime på Leikvoll brast då me tapte 3-6 mot eit ikkje altfor imponerande "Sogndals sine neste beste lag".

Borte mot Førde 2 såg det veldig lyst ut tidleg i kampen då heimelaget fekk keeperen sin utvist etter 10 minutt og me fekk straffespark. Diverre så bomma me på straffen, og Førde 2 køyrde over oss etterpå og vann utruleg nok 5-0 med ein mann mindre på bana.
Då me ikkje trudde det kunne bli stort verre så stod me for årets desidert mest pinlege resultat når Eid 2 vitja Leikvoll. Eit purungt Eid 2 lag som allereie var klare for nedrykk kjempa oss ut av stilen og vann fullt fortjent 3-0. Til alt hell så gjekk dei andre resultat i vår favør, og etter denne runden så kunne me jubla for at me ikkje rykka ned.
Me avslutta sesongen i snøslaps på Kaupanger. I ein kamp der ingen av laga hadde noko å spela for så tapte me 4-1, etter at Veitastrond leia kampen 1-0.
Veitastrond enda dermed på 9.plass i 4.divisjon sesongen 2011. Vik rykka opp, medan Syril og Eid 2 rykka ned. Høyang stod i fare for å rykka ned, men sidan nedrykk frå 3.divisjon gjekk i deira favør så behaldt dei plassen.
Oppsummering
Dette vart ein veldig variabel sesong for Veitastrond. Laget imponerte stort på vårsesongen, og låg då trygt plassert på øvre halvdel av tabellen. Etter ferien spelte laget utan den gløden og innsatsen me til tider viste på våren, og med berre 5 poeng på dei siste 10 kampane kunne me ha risikert å rykka ned om ikkje marginane var på vår side.
Vanskeleg å seia akkurat kvifor det vart så dårleg på hausten, men engasjementet rundt klubben vart litt dårlegare og det var lite folk både på trening og kamp. Kanskje hadde det òg litt å seia at me ikkje hadde så mykje å spela for på haustsesongen, og litt av spaninga rundt klubben dermed forsvann.
Uansett skal ein ikkje gløyme den gode vårsesongen me hadde, og dersom Veitastrond viser fram att dei taktene me viste her så går me nok ei lys framtid i møte. Me skal heller ikkje gløyma at årets 4.divisjon var langt tøffare i år enn i fjor, og det er ein prestasjon av oss berre at me er på dette nivået. Til neste år vert nivået endå nokre hakk høgare, og me satsar på at me nok ein gong klarar å ta dette steget slik me har tatt nye steg tidlegare.
Årets spelar vart vart delt mellom Kurt- og Emil Heggestad. Kurt Heggestad og Frode Kvam delte toppscorartittelen i år med 10 mål kvar, medan Runar Hatlevoll vart årets treningsfantom. Fullstendig treningsstatistikk for sesongen 2011 kan du sjå HER
I tillegg vart Emil Heggestad årets VIL-stjerne med 22 stjerner, Kurt Heggestad årets assistkonge med 7 målgivande og Bjørn Molland var årets raotass med sine 5 gule kort.
Fullstendig spelarstatistikk 2011;
Navn |
Kampar |
Mål |
Assist |
Stjerner |
Gule |
Raude |
Kurt Heggestad |
20 |
10 |
7 |
14 |
2 |
|
Emil Heggestad |
19 |
6 |
2 |
22 |
2 |
|
Richard Nes |
19 |
3 |
2 |
5 |
1 |
|
Ole Petter Hatlevoll |
19 |
2 |
3 |
10 |
3 |
|
Bjørn Molland |
19 |
1 |
1 |
6 |
5 |
|
Frode Kvam |
18 |
10 |
5 |
6 |
3 |
|
Runar Hatlevoll |
18 |
|
1 |
15 |
3 |
|
Åsmund Øgar |
17 |
1 |
2 |
5 |
|
|
Glenn Thomas Nilsen |
17 |
|
|
5 |
2 |
|
Øyvind Lien |
16 |
2 |
1 |
5 |
2 |
|
Even Kvam |
14 |
|
|
16 |
|
|
Kenneth Mo |
14 |
|
|
8 |
1 |
|
Karl Jomar Bruheim |
13 |
1 |
2 |
2 |
|
|
Øivind Kristiansen |
13 |
|
|
|
3 |
|
Frode Kvåle |
12 |
6 |
3 |
3 |
|
|
Ivan Jokic |
11 |
|
|
1 |
|
|
Olai Johnsgård |
10 |
|
|
|
|
|
Patrik Fritzon |
9 |
|
|
6 |
|
|
Øystein Heggestad |
9 |
|
|
|
|
|
Lars Bruhaug |
6 |
|
|
|
|
|
Gaute Olstad |
5 |
|
|
|
1 |
|
Ådne Nærheim |
3 |
|
|
|
|
|
Gøran Fimreite |
1 |
|
|
3 |
|
|
Geir Aardal |
1 |
|
|
|
|
|
Jonas Dahl Hansen |
1 |
|
|
|
|
|
Sjølvmål |
|
1 |
|
|
|
|
|
|
43 |
29 |
132 |
28 |
0 |
Tabell 2011;
Tabell 2011 |
K |
Mål |
P |
1. |
Vik |
22 |
106-23 |
57 |
2. |
Sogndal 2 |
22 |
90-35 |
48 |
3. |
Kaupanger |
22 |
60-31 |
47 |
4. |
Førde 2 |
22 |
53-51 |
38 |
5. |
Jølster |
22 |
60-29 |
37 |
6. |
Sandane |
22 |
57-39 |
35 |
7. |
Dale |
22 |
50-54 |
32 |
8. |
Lærdal |
22 |
35-52 |
26 |
9. |
Veitastrond |
22 |
43-70 |
24 |
10. |
Høyang |
22 |
45-75 |
18 |
11. |
Eid 2 |
22 |
34.80 |
16 |
12. |
Syril |
22 |
29-123 |
3 |
Kampar 2011;
Dato |
Heimelag |
Bortelag |
Res |
Kamptype |
Referat |
26.02.2011 |
Veitastrond |
Saga |
0-4 |
Treningskamp |
Referat |
12.03.2011 |
Veitastrond |
Jølster |
2-4 |
Treningskamp |
Referat |
23.03.2011 |
Veitastrond |
Sogndal 2 |
0-6 |
Treningskamp |
Referat |
11.04.2011 |
Bjørn |
Veitastrond |
3-4 |
Treningskamp |
Referat |
|
|
|
|
|
|
15.04.2011 |
Sandane |
Veitastrond |
4-1 |
Seriekamp |
Referat |
25.04.2011 |
Veitastrond |
Høyang |
5-1 |
Seriekamp |
Referat |
29.04.2011 |
Syril |
Veitastrond |
3-5 |
Seriekamp |
Referat |
06.05.2011 |
Vik |
Veitastrond |
7-0 |
Seriekamp |
Referat |
16.05.2011 |
Veitastrond |
Lærdal |
6-0 |
Seriekamp |
Referat |
20.05.2011 |
Dale |
Veitastrond |
2-1 |
Seriekamp |
Referat |
27.05.2011 |
Veitastrond |
Jølster |
1-0 |
Seriekamp |
Referat |
04.06.2011 |
Sogndal 2 |
Veitastrond |
3-0 |
Seriekamp |
Referat |
13.06.2011 |
Veitastrond |
Førde 2 |
0-0 |
Seriekamp |
Referat |
19.06.2011 |
Eid 2 |
Veitastrond |
8-3 |
Seriekamp |
Referat |
25.06.2011 |
Veitastrond |
Kaupanger |
2-0 |
Seriekamp |
Referat |
|
|
|
|
|
|
03.07.2011 |
Veitastrond |
Sandane |
4-2 |
Seriekamp |
Referat |
06.08.2011 |
Høyang |
Veitastrond |
6-2 |
Seriekamp |
Referat |
13.08.2011 |
Veitastrond |
Syril |
3-3 |
Seriekamp |
Referat |
19.08.2011 |
Veitastrond |
Vik |
1-4 |
Seriekamp |
Referat |
26.08.2011 |
Lærdal |
Veitastrond |
1-1 |
Seriekamp |
Referat |
03.09.2011 |
Veitastrond |
Dale |
4-1 |
Seriekamp |
Referat |
09.09.2011 |
Jølster |
Veitastrond |
7-0 |
Seriekamp |
Referat |
19.09.2011 |
Veitastrond |
Sogndal 2 |
3-6 |
Seriekamp |
Referat |
26.09.2011 |
Førde 2 |
Veitastrond |
5-0 |
Seriekamp |
Referat |
02.10.2011 |
Veitastrond |
Eid 2 |
0-3 |
Seriekamp |
Referat |
09.10.2011 |
Kaupanger |
Veitastrond |
4-1 |
Seriekamp |
Referat | |