Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Lærdal 6-0

Woppeti, woop, woop, og gud kor deiligt det er å tilhøyra Veitastrond Fotball på ein slik dag. Årets fyrste kamp på Leikvoll vart ein større fest enn det me hadde vågå å håpa på. På ei flott grasmatte tatt i betraktning av at her låg snø for under ei veke sidan, så valsa Veitastrond over Lærdal og vann begge omgangane med 3-0. Det gjer som kjent sluttresultat på 6-0, og ein av dei mest overbevisande heimesigrane på mange år. I dag var heile laget med å bidra og me viste breidde i troppen ved å ha seks ulike målscorar. Mest gledeleg i dag at Leikvolldebutant Karl Jomar Bruheim kom innpå mot slutten og noterte seg med målgivande pasning, før han krona verket med å fastsetta sluttresultatet til 6-0.

Veitastrond stilte i dag med følgande lag i ein 4-3-3 formasjon;

                    Even
Runar - Kenneth - Øyvind - Åsmund
         Bjørn - Ole Petter - Emil
   Frode Kvam - Frode Kvåle - Kurt

På benken i dag hadde me fullt opp med 7 mann, og dermed ein tropp på heile 18 spelarar.

Mykje nytt på Leikvoll i dag, og særleg gjorde det seg med speakaranlegg på stadion. DJ Jimmy hadde full kontroll med mikrofon, og me ser fram til mykje moro frå den kanten framover.

I tillegg tok me i bruk vår rykande ferske innbyttarbenk, og til neste heimekamp vonar me å ha på plass ein til som Veitastrond kan nytta.

1.omgang

Veitastrond tok initiativet frå start av, og Lærdal kom tidleg bakpå. VIL var best i duellspelet og me hadde dei største sjansane.

Ole Petter var den fyrste som prøvde seg då han etter 5 minutt skaut over frå ca 15 meter, og samme mann burde muligens ha scora 5 minutt etterpå då han nok ein gong skaut over denne gongen frå ca 5 meter.

14 minutt; Veitastrond får corner som Emil slår inn på fyrste stolpe. Der er Frode Kvam fyrst på, og han stangar inn 1-0 til heimelaget.

Det tok ca 20 minutt før Lærdal fekk sin fyrste sjanse. Spissen deira dribla seg forbi ein 2-3 mann inne i boksen, men etter litt møljespel framfor keeper fekk til slutt Veitastrond avklara ballen.

To minutt etterpå spelar Kurt igjennom til Frode Kvåle. Åleine med keeper så klarar han fyrst ikkje å scora, men på returen viser han ingen nåde og bankar ballen i motsatt hjørne til 2-0.

Heimelaget var no for alvor i støtet, og berre 3 minutt kjem me igjen. Kurt tar med seg ballen inn i boksen, og blir felt bakifrå. Dommaren har ikkje noko anna val enn å dømma straffe, og endeleg fekk Emil prøva seg frå krittmerke i 2011. Han far sjøl er sikker som banken, og sender keeper til venstre og ballen til høgre og dermed 3-0.

Litt over halvspelt 1.omgang, og Veitastrond har langt på veg avgjort kampen.

Etter 33 minutt får VIL ein ny stor sjanse. Frode Kvam når ballen før keeper på eit oppspel og rundar han, men frå skrått hald så klarar han ikkje å setta ballen i mål og inne i boksen er Kurt eit sekund for seint ute.

36 minutt og Kurt blir stempla av Lærdal sin spelande trenar Øystein Lindested Rinde. Veitastrond får fyrst fordel, men når ballen er ute av spel får Rinde sitt velfortente gule kort etter at dommaren til slutt fann ut kven som var syndaren.

Veitastrond var stort sett det beste laget i heile 1.omgang, men mot slutten så vakna for alvor Lærdal. Dei hadde fyrst eit frispark som gjekk i tverren, før Veitastrond redda på streken og på den påfølgande corneren vart det og redda på streken. Store sjansar, men når dei ikkje klarde å scora på slike på ein ellers dårleg dag, kunne dei ikkje venta å få med seg noko poeng heim.

Laga gjekk til pause på stillinga 3-0, og me lyt seia at det var vel fortent. Utan å brilijera på noko vis så var me solide defansivt, og skapte bra med sjansar framover.

2.omgang

5 minutt etter pause er Frode Kvam farleg frampå, men skotet hass mot det lengste hjørnet gjekk hårfint utanfor.

60 minutt; Veitastrond gjer eit dobbelt byte når Richard og Karl Jomar kom innpå for 2x Frode. Dermed får Karl Jomar sin debutant

66 minutt er spelt når Kurt legg inn frå venstre. Inne i boksen er både Richard og Ole Petter på ballen, men sistnevnte har siste touchen og dermed er det Ole P sitt mål. Richard vart kreditert denne på stadion, men det var feil.

70 minutt; Ivan kjem inn for Bjørn.

Spelt i ca 80 minutt når Karl Jomar blir spelt fram på høgrekanten. Ungguten snurrar rundt med nokre lærdøler før han legg inn på bakerste der Kurt får ein enkel jobb med å skli inn ballen til 5-0.

84 minutt; Olai kjem inn for Runar på høgrebacken.

88 minutt; Karl Jomar avsluttar ein flott dag for VIL-fotball når han blir spelt igjennom av Richard. Åleine med keeper er han iskald og lobbar ballen elegant over deira sisteskanse og i mål til 6-0. Richard og Karl Jomar har etterkvart fått ein unik connection seg i mellom, og etter at Karl Jomar har fora Richard med målgivande pasningar før i sesongen så var i dag rollane bytte om.

Etter eit par minutt med overtid så blas etterkvart dommaren av kampen på stillinga 6-0.

Sluttord

Dersom me skal beskriva Veitastrond sin innsats i dag med eit ord, så nyttar me oss av SOLID. For det var verkeleg ei solid førestillings som VIL ga heimepublikumet på Leikvoll i dag. Bakover var me pottetette, og Lærdal skapte få sjansar igjennom kampen. Forsvaret haldt stort sett fortet, og når dei ein sjeldan gang ikkje strakk til så var Even som vanleg sikker i mål.

Me viste i dag styrke ved at me klarde å halda løpet heilt ut, og der me tidlegare har hatt ein vane med å rota bort klare leiingar så har me så langt i årets sesong virka mykje meir solide. Viktigaste årsaka til dette er truleg at me rett og slett er eit betre lag enn i fjor. Det at Frode Kvåle i år er med frå starten av gjer laget ein ekstra dimensjon på topp, og 2 x Hatlevoll er for alvor i ferd med å spela seg varme i VIL-trøya.

Sjølvsagt er det og bra at me kan stilla med nesten den samme fyrsteellevaren kvar kamp. I tillegg har me mykje gode folk på benken som kan komma inn å gjera ein skilnad. Faktisk har me så mykje folk at me kan kalla det eit luksusproblem, og det er sjølvsagt synd at me ikkje kan gje meir speletid til alle. Men slik er no ein gong dette spelet, og me vil tru at når sesongen er over så har alle mann fått sin del av speletid.

Me lyt og gje honnør til banmannskapet vårt, for Leikvoll haldt meget bra i samtlege 90 minutt i dag. Det hadde me ikkje trudd for nokre dagar sidan (...ja bortsett frao han Emil dao)

Veitastrond har no fått ein glimrande start på sesongen med 9 poeng på 5 kampar. Me ligg delikat til på øvre halvdel av tabellen, og med god margin til botnstriden. Me vonar at det held fram, og i dag seier me som byrja dette referatet med WOOP, WOOP, WOPPETI, WOOP!!

Me takkar Lærdal for kampen, og ynskjer dei lukke til vidare med årets sesong.

VIL-STJERNA

Dagens stjerner vart delt ut av Asbjørn Aardal. Han er far til VIL-spelar Geir Aardal, og det ein kan kalla ein lifelong supportar av Veitastrond. I dag meinte han at følgande spelarar utmerka seg mest;

óóó Runar Hatlevoll
óó Karl Jomar Bruheim
ó

Kurt Heggestad

 

Kampfakta;

16.05.11; Veitastrond - Lærdal 6-0 (3-0)

VIL (4-3-3); Even - Runar (Olai), Kenneth, Øyvind, Åsmund - Bjørn (Ivan), Ole Petter, Emil - Frode Kvam (Karl Jomar), Frode Kvåle (Richard), Kurt.

Ubenytta reservar; Glenn Thomas, Geir, Øivind og Gaute.

1-0 Frode Kvam (Emil)

2-0 Frode Kvåle (Kurt)

3-0 Emil (str.)

4-0 Ole Petter (Richard)

5-0 Kurt (Karl Jomar)

6-0 Karl Jomar (Richard)

Gule kort; 1-2 på Lærdal. Ingen på Veitastrond sine snille gutar.

Dommarar; Yngve Håkonsen med Jarle Andersen og Sindre Myrvang på linjene (Gode. Håkonsen har dømt VIL i tre av fem kampar i år og kurva er stigande ;)

Sjå fleire bilder HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com