Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Dale - Veitastrond 2-1

Veitastrond leverte ein heroisk innsats borte mot Dale i dag. VIL tok leiinga midtveges i 2.omgang, men diverre så haldt det ikkje heilt inn og Dale snudde kampen til sin fordel på det siste kvarteret. I dag var det ein slunken spelarstall som trenar Kurt Heggestad hadde å velja i, men til gjengjeld så ga dei som var med 110% innsats og laget hadde fortent å få med seg poeng heim.

VIL stilte med følgande lag;

                         Gøran
       Øivind - Øyvind - Kenneth - Olai
Gaute - Kurt - Ivan - Åsmund - Karl Jomar
                    Frode Kvam

Verdt å merka seg at Gøran Fimreite, som la opp etter forrige sesong, gjorde comeback til denne kampen for å hjelpa sin gamle klubb. Ein flott gest av Gøran, som dermed nytta heile fredagskvelden sin i Dale.

Kampen

Veitastrond.com fulgte denne kampen live, og me tek derfor ikkje noko veldig grundig referat av sjølve kampen. Du kan sjå kva som hendte undervegs HER

Veitastrond var det beste laget i ein relativt jamnspelt og sjansefattig 1.omgang. Veitastrond sin største sjanse kom rett før pause, då Frode Kvam avslutta rett på keeper frå god posisjon.

Ellers var omgangen prega av eit forferdeleg vær, som gjorde at kampen vart stoppa for ein liten periode då det byrja å hagle på stadion.

2.omgang haldt fram som den fyrste til Veitastrond tok leiinga 1-0 etter 65 minutt. Ei fantastisk scoring av Kurt på eit frispark frå 35 meter sikre leiinga.

Etter at VIL tok leiinga så tok Dale meir over, og dei fekk altså 2 mål etter 76 og 83 minutt som sikra dei siger 2-1.

Sluttord

Veitastrond hadde så absolutt fortent å ta med seg poeng heim i dag. Dei som reiste oppover brydde seg ikkje om dei som ikkje kunne vera med og la ned ein kjempeinnsats, og det var så nær så nær at me reiste heim med poeng. Diverre rakna det litt på slutten, og Dale fekk inn dei nødvendige måla som sikre dei 3 poeng.

Veitastrond står dermed med 9 poeng på 6 kampar, og er framleis godt nøgde med byrjinga av årets sesong. Likevel er det surt på dagar som i dag at me ikkje klarar å ta poeng. Er fort at slike kampar skil oss frå ein plassering heilt i toppsjiktet, og heller gjer at me havnar midt på treet. Dale er å rekna som ein av favorittane i 4.divisjon i år, og uansett godt å sjå at me er fullt på høgde med dei.

Me takkar Dale for kampen og ynskjer dei lukke til vidare med årets sesong.

VIL-STJERNA

I dag var det Hildegunn Heggestad som delte ut VIL-stjerner. Ho var vår einaste representant i Dale utan fotballsko på beina. Valet fall i dag på;

óóó Gøran Fimreite
óó Åsmund Øgar
ó

Kurt Heggestad

 

Kampfakta;

20.05.11; Dale - Veitastrond 2-1 (0-0)

VIL (4-5-1); Gøran - Øivind, Øyvind, Kenneth, Olai - Gaute, Kurt, Ivan, Åsmund, Karl Jomar (Øystein) - Frode Kvam

0-1 Kurt

1-1 x

2-1 x

Gule kort; Øivind på VIL, uvisst om nokon på Dale fekk

Dommar; Robert Endestad med ass.dommarar

Ingen bilder frå kampen i dag...

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com