Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Eid 2 - Veitastrond 8-3

Veitastrond gjekk på ein historisk pinleg smell då laget tapte heile 8-3 borte mot Eid 2. Eit Veitastrondlag som stilte mannsterke opp til kamp, og som var innstilte på å reisa kjerringa etter nokon litt svake kampar offansivt, kom bakpå frå starten. Eid 2 leia 3-0 etter 12 minutt, og til pause var stillinga heile 6-0. I 2.omgang kom det seg litt, men det hjalp så lite med det utgangspunktet me hadde etter dei fyrste 45 minutta. Dermed måtte me ta den lange turen heim med halen mellom beina og 8-3 i sekken.

Veitastrond stilte med følgande lag;

                  Patrik
Runar - Øyvind - Kenneth - Øivind
      Ole Petter - Emil - Bjørn
 Frode Kvam - Richard - Åsmund

Kurt sleit med ein skade som gjorde at han starta på benken. I hass fråvær kom Øivind inn på backen, og Åsmund tok plass på venstreving.

Kampen gjekk på kunstgraset i Eid, været var lett overskya og alt låg til rette for ein fin dag for fotball.

1.omgang

Kampen byrja jamnspelt, der Veitastrond har den fyrste sjansen. Ole Petter spelar til Richard inne i boksen, men avslutninga hass gjekk over mål.

Etter ei opning der laga hadde tatt og følt litt på kvarandre, så slo Eid 2 til frå ingenting. 8 minutt er spelt når dei slår ut på kant frå midtbana, kanten forserar forbi backen vår, slår inn i boksen der ein eidar er fyrst på og set inn 1-0.

Denne oppskrifta fungerte bra for heimelaget, og me kunne ha skreve omtrent det samma for dei resterande 5 måla til Eid 2 i 1.omgang. Gang på gang fekk midtbana deira slått ut på kant, og kvar gong fekk dei ballen inn i boksen der det vart mål.

Dei scora 2-0 og 3-0 etter henholdsvis 10 og 12 minutt, og på dette tidspunktet var kampen meir eller mindre avgjort. Veitastrond hadde sine sjansar i 1.omgang, men me klarde ikkje å setta nokon i mål. I staden så scora Eid 2 på det dei hadde av sjansar, og dei leia utruleg nok 6-0 etter halvspelt fyrsteomgang.

Sjølve banespelet var forsåvidt jamnspelt, og korleis me klarar å ligga så mykje under er berre heilt utruleg.

Mange tunge hovud i pausen, og vanskeleg å motivera seg til dei siste 45 minutta. VIL gjorde eit byte då Olai kom inn for Bjørn, som sleit med gnagsår.

2.omgang

Veitastrond var litt betre etter pausen, og me klarde å demma opp for vingspelet til Eid 2. Etterkvart tok me over banespelet, og byrja å skapa litt framfor Eid 2 buret.

Etter 58 minutt blir Frode Kvam felt inne i boksen, og me får straffe. Denne set Emil sikkert i mål til 6-1.

Berre 2 minutt etterpå blir det ny redusering. Frode Kvam jaga eit tilbakespel til keeper, og med ei lang tå klarde han å skli ballen inn til 6-2.

Med tok kjappe mål fekk me blod på tann, og når me fekk ny straffe 2 minuttar etterpå fekk me endå meir trua. Emil var nok ein gong sikker, og dermed 6-3. Tre mål på 6 minutt, og endå ein halvtime igjen å spela, kunne det verkeleg vera muleg?

Svaret er nei. Veitastrond hadde nokon store sjansar rett etter 6-3, men me makta ikkje å få desse i mål. I staden så svara Eid 2 og fekk det viktige 7-3 målet som avgjorde kampen ein gong for alle. Lufta gjekk då ut av ballongen vår, og dei siste 20 minutta let me få forbi i stillhet. På slutten scora dei 8-3, berre for å gjera dagen komplett miserabel for VIL-fotball.

Sluttord

Dette var ein forferdeleg kamp av Veitastrond. Me framstår som eit lilleputlag utan struktur på formasjon hverken offansivt eller defansivt. Me våger å påstå at dei fyrste 45 minutta er det dårlegaste Veitastrond nokon gong har prestert.

Etter kvilen klarar me å løfta oss, og visa at me er fullt på høgde med Eid 2 når me skjerpar oss. Likevel er det ei fattig trøyst når 1.omgangen viste 0-6 på resultattavla.

Etter ein god periode der me slo Lærdal 6-0, tapte knepet 1-2 mot Dale og slo Jølster 1-0 har me no kommet inn på feil spor. 1 poeng på dei tre siste kampane, som forhåpentlegvis vart toppa med gårsdagens miserable førestilling, gjer at me no står på nippet til å rota oss ned i botnstriden. Veldig synd, for me siger mot Eid 2 hadde me fått ei luke som var så stor at me truleg aldri hadde havna nede i sumpen.

Me får håpa at spelarane no går i seg sjølve, og at me reiser kjerringa heime mto Kaupanger på fredag.

Heilt til slutt er det på sin plass å skryta litt av Eid 2. For riktignok er me misnøgde med eigen innsats, men dette skal ikkje ta glansen frå den prestasjon som Eid 2 gjorde. Dei hadde ein plan på korleis dei skulle spela, og lukkast fullt ut med dette. Ei god sentralmidtbane, med kjappe vingar og ein 15 årig debutant på topp var det som felte oss i denne kampen. Me ynskjer Eid 2 lukke til vidare med sesongen sin.

VIL-STJERNA

Kanskej ikkje så mange som fortente stjerner etter denne kampen, men Øystein Heggestad valgte likevel ut følgande trekløver;

óóó Emil Heggestad
óó Åsmund Øgar
ó

Frode Kvam

 

Kampfakta;

19.06.11; Eid 2 - Veitastrond 8-3 (6-0)

VIL; Patrik - Runar, Øyvind, Kenneth, Øivind (Kurt) - Ole Petter (Øystein), Emil, Bjørn (Olai) - Frode Kvam, Richard (Karl Jomar), Åsmund.

1-0 x

2-0 x

3-0 x

4-0 x

5-0 x

6-0 x

6-1 Emil (str.)

6-2 Frode Kvam

6-3 Emil (str.)

7-3 x

8-3 x

Gule kort; Runar, Kenneth, Bjørn og Emil på VIL, 3 spelar på Eid 2.

Dommar; Jeikishan Jegatheesan med assistentar (ok, men litt i overkant å gje 8 gule kort i ein fairspelande fotballkamp!)

Ingen bilder frå denne kampen, men me anbefalar å vitja Haugen Fotball sine sider og sjå kva dei skriv om kampen HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com