Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Høyang - Veitastrond 6-2

Det vart ein dårleg start på hausten for Veitastrond, då laget tapte 2-6 borte mot Høyang i den fyrste kampen etter ferien. Heimelaget leia 2-0 til pause, og til tross for to reduseringar frå Emil Heggestad så vart leiinga deira aldri særleg trua av VIL.

Sidan vevansvarleg ikkje var til stades i Høyanger på kampdage så vert det eit kort referat frå denne kampen.

Høyang fekk ein god start på kampen då dei fekk 1-0 etter 10 minutt, og 2-0 etter ca ein halvtime. Derifrå og ut vart det mykje kav og jag frå Veitastrond i eit forsøk på å henta att leiinga, men eit for dagen litt tungt og sliten mannskap klarde aldri dette.

Høyang scora fyrst i 2.omgang òg, men deretter reduserte på straffe ved Emil Heggestad.

Høyang scora så 4-1 før dei fekk ein mann utvist, og Veitastrond reduserte til 4-2 på ny straffe av Emil. På det tidspunket så fekk Veitastrond eit lite håp om poeng, men diverre så klarde me ikkje å skapa noko trykk på heimelaget og i staden var det dei som fekk to nye scoringar på slutten.

Kampen endar dermed altså 6-2.

Ein jamnt over dårleg kamp av Veitastrond der me blir liggande etter tidleg i kampen. Kan ikkje seia at Høyang var så mykje betre og kampen kunne ha vippa begge vegar, men det er heimelaget som klarar å scora måla, og all ære til dei for det.

Kan og ta med at Høyang var betydeleg forsterka til denne kampen, og dei har blant anna signert tidlegare Førde og Sagaspelar "Kelly" Nygård. Dette var med og gjorde til at dei fekk sin revansje etter 1-5 tapet mot oss på vårsesongen. Me tek med oss det positive, at me slår dei over to kampar i år, på fleire scora bortemål...

Veitastrond var òg prega av at me nok ein gong hadde lite folk tilgjengeleg på ein bortekamp, og laget var og preg av at me framleis var i feriemodus.

No lyt me heim å samla troppane og trena skikkeleg den kommande veka, slik at me kan hamla opp med Syril til neste helg.

VIL-STJERNA

Øystein Heggestad var einaste mann på benken, og han får den store ære av å dela ut dagens stjerner.

óóó Emil Heggestad
óó Frode Kvam
ó

Ole Petter Hatlevoll

 

Kampfakta;

06.08.11; Høyang - Veitastrond 6-2 (2-0)

VIL; Patrik - Olai, Glenn Thomas, Even, Runar - Bjørn, Emil, Ole Petter, Kurt - Frode Kvam, Frode Kvåle (Øystein)

1-0 x

2-0 x

3-0 x

3-1 Emil str.

4-1 x

4-2 Emil str.

5-2 x

6-2 x

Gule kort; ingen på VIL, muligens nokon til Høyang...

Raudt kort; eit på Høyang

Dommar; Raggen Åmodt (solid...tippar me utan at me såg kampen ;)

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com