Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Vik 1-4

Som venta fekk Veitastrond det tøft mot serieleiar Vik. Til trass for at heimelaget stod opp og kjempa godt så var det ikkje nok til å ta poeng, og vikjene vann til slutt kampen med komfortable 4-1. Ikkje berre sat me slukøyrde attende med 0 poeng, men me sat og att me ein broten heimestatistikk. 15 kampar på rad klarde me utan tap på Leikvoll før Vik i går kom fram på Strondi og viste ingen nåde. Så då er det berre å byrja på nytt og laga nye statistikkar...

Veitastrond stilte med følgande lag i ein 4-3-1-2 formasjon;

                        Even
Glenn Thomas - Richard - Lars - Øyvind
          Bjørn - Emil - Ole Petter
                    Åsmund
             Kurt - Frode Kvåle

På benken hadde me ein 5-6 mann. Det regna før på dagen, men under sjølve kampen var det opphald og glimrande speleforhold på Leikvoll.

1.omgang

Som i bortekampen mot Vik så forventa me at dei ville gå ut i hundre i opningsminutta, og det gjorde dei og. Diverre så fekk hol på byllen alt for tidleg, og på mange måtar øylagde det litt av kampen for vår del. Det er berre spelt godt og vel 1 minutt når dei får frispark ute på si høgre side. Dette blir slått inn på bakerste der me tapar duellen, og ein vikje headar ballen mellom hanskane til Even via tverrliggaren og i mål. Ein skikkele dårleg start for å sei det mildt.

Vik haldt oppe presset og var dominerande dei fyrste 15 minutta. Etter godt og vel 10 spelte minutt fekk dei ei ny scoring. Tarjei Vevle på Vik fekk ballen på 18 meter, og dunka den utagbart opp i krysset. Ei flott scoring som det er lite å gjera med. Dermed 0-2 på Leikvoll.

Ein kunne då frykta at Veitastrond ville ha falt i saman som eit korthus, men det gjorde me ikkje. Me kjempa godt i mot Vik, og var til tider på høgde spelemessigt. Utover i omgangen fekk me òg våre sjansar. Den største fekk me når Kurt vart spelt igjennom, men pasningen var litt for lang slik at han måtte avslutta skliande og ballen gjekk utanfor mål.

Glenn Thomas fekk og ein sjanse åleine med keeper, men han vart litt for sein og Vik sin sisteskanse var fyrst på ballen. Glenn Thomas ville ha straffe i denne situasjonen, men det var det vel kanskje ikkje...

Vik hadde og sjølvsagt fleire gode sjansar til å scora. Den aller største fekk dei heilt på tampen av omgangen når eit skot frå skrått hald gjekk mellom beina på Even og i stolperota.

Laga gjekk til pause på stillinga 0-2. Ein dårleg start av Veitastrond, som likevel skal ha ros for at me kjempa oss bra inn i kampen. Hadde me fått eit mål kunne me fort ha fått kampen inn i vårt spor.

2.omgang

Etter 6 minutt med kvile så blas dommaren kampen i gang igjen. Som i 1.omgang så opna Vik aggresivt, og som i 1.omgang fekk dei tidleg uttelling. Etter 55 minutt rulla dei opp på høgresida, og fekk slå ballen ut på 16 meter. Der dukka Tarjei Vevle opp og dunka ballen i mål til 0-3.

Etter dette så fall kvaliteten på spelet ein del. Utover i 2.omgang vart det mykje kriging på midtbana, og høveleg med tøffe duellar. Me stussar kanskje litt over at Vik fekk det føre seg at Veitastrond spelte veldig stygt, for det gjorde me ikkje. Riktignok var det nokre taklingar som var i tøffaste laget, men ikkje meir enn det eit robust vikjalag bør tåla. Heldigvis var alt dette gløymt etter kampen, og laga hadde ein framifrå tone med kvarandre både før og etter kampen - nett slik det skal vera!

Veitastrond skapte ikkje så veldig mange store sjansar i 2.omgang. Me var nær eit par gonger når Kurt vart spelt igjennom, men han vart to gonger avblesen tvilsomt for offside.

Det er spelt i 80 minutt når heimepublikumet omsider fekk noko å jubla for. Etter nokre duellar inne i boksen så blir til slutt Kurt overfalt bakifrå og Veitastrond får straffe. Sjølve straffesituasjon er klar, men det skal seiast at Vik skulde hatt frispark i duellen før så litt heldige er me nok.

Sidan Emil vart gått ut så gjekk Øyvind fram å tok straffen. Han sendte keeper til høgre og banka ballen opp i venstrekryss. Stort betre kan det ikkje gjerast frå 11-meteren, og redusering til 1-3 på Leikvoll.

Scoringa ga oss eit ørlite håp om eit mirakel, men det vesle me hadde av krut gjekk fort tomt.

Etter 87 minutt kom kveldens siste scoring når ungguten Kenneth Skjerven vart spelt igjennom. Han runda keeper elegant og satte ballen i mål til 1-4.

Heilt på slutten hadde Øystein Myrkaskog eit stolpeskot, men toppscoraren i 4.divisjon måtte gå mållaus av bana denne kvelden.

Like etter på var eventyret slutt, og Vik vann kampen fortent 4-1.

Sluttord

Reint spele- og innsatsmessigt var dette ein mykje betre kamp av Veitastrond enn det me hadde mot Syril forrige helg. I dag tok spelarane ansvar og kjempa godt mot det som utvilsamt er eit mykje betre lag enn oss sjølve. Det er veldig synd at Vik leiar kampen 2-0 etter berre 10 minutt, og i praksis er kampen på mange måtar avgjort då.

Skulle me ha hatt sjanse til poeng så burde me nok ha scora fyrst, og fått Vik frustrerte, men det klarde me altså ikkje.

No er det viktig at Veitastrond byrjar å sankar poeng snarast, ellers så byrjar nedrykkspøkelset å komma farleg nær. Neste helg er det Lærdal som ventar, og her blir det viktig å få med seg poeng. Gjer me samme innsats som mot Vik, så burde dette vera mogleg å få til.

Vik vann denne kampen fortent. Dei framstår som ein divisjon betre enn oss sjølve, og me trur dei stikk av med opprykket i år. Me heiar i allefall på Vik, og me takkar dei for kampen og ynskjer dei lukke til vidare i kampen om spel i neste års 3.divisjon.

VIL-STJERNA

I dag var det ein av Veitastrond sine største fotballekspertar som delte ut stjerner, nemleg sjølvaste Per Alfred Heggestad. Han meinte at følgande spelarar fortente ekstra ros etter denne kampen;

óóó Even Kvam
óó Øyvind Lien
ó

Emil Heggestad

 

Kampfakta;

19.08.11; Veitastrond - Vik 1-4 (0-2)

VIL; Even - Glenn Thomas, Lars (Øivind), Richard, Øyvind - Bjørn, Emil (Ivan), Ole Petter - Åsmund - Frode Kvåle, Kurt

Ubenytta reservar; Geir, Øystein og Karl Jomar.

0-1 Marius Valsvik

0-2 Tarjei Vevle

0-3 Tarjei Vevle

1-3 Øyvind str.

1-4 Kenneth Skjerven

Gule kort; Ole Petter, Bjørn og Øyvind på VIL, muligens eit par saman på Vik.

Dommar; Ragnar Åmodt med Jarle Andersen og Per Olav Erikstad på linjene (so som so)

Sjå fleire bilder frå kampen HER

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com