Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Lærdal - Veitastrond 1-1

Det vart poengdeling på Lærdal Stadion i det viktige oppgjøret mellom Lærdal og Veitastrond. Dermed fekk me med oss eit meget viktig poeng heim, og dette kan fort bli avgjerande for om VIL-fotball held seg i årets 4.divisjon. Dagens kamp var av det tamme slaget mellom to lag ikkje akkurat synte fram festfotball. Dagens prestasjon stod utvilsamt Kurt Heggestad for då han sendte Veitastrond i føringa etter 60 minutt med eit skot frå midtbana. Det haldt nesten heilt inn, men eit massivt press frå heimelaget førte til slutt til at dei fekk utlikninga 1 minutt før slutt og dermed vart det 1-1.

Veitastrond stilite med samme lag som me annonserte på nettet i går. På benken hadde me få reservar, ein fotograf, ein liten jentunge og ein barnevakt i form av ein suspendert Bjørn Molland.

Været var i utgangspunktet som skapt til å spela fotball i, men innimellom kom det nokre vindkuler så ein skulle tru det var dommedag som var på veg.

1.omgang

Begge lag virka noko resignerte når dei gjekk ut til kampen, og det var som om dei ville ta og føla på kvarandre. Det heilt store spelet uteblei, men nokre sjansar vart det til båe laga.

Veitastrond var farleg når me var i angrep, men det skorta litt når me nærma oss målet. Vår fyrste halvsjanse kom når Ivan spelte Kurt igjennom på venstrekanten, men han vart takla i avslutningsaugneblinken og ballen gjekk til corner.

Lærdal fekk sin fyrste store sjanse på eit skot frå 16 meter, som gjekk i tverren og over.

Ikkje lenge etterpå hadde dei ein ny stor sjanse då ei heading gjekk i tverren og ut på bana, men returen skufla dei vekk. Dei hadde og ein tredje store sjanse som me kjem på i farten, då Even var ute å avvera eit gjennomspel. Målet stod tomt då han var ute, men han rakk akkurat tilbake å fekk fista ballen ut til corner.

Det vart dramatisk på Lærdal Stadion etter ca 25 minutt. Eit innlegg frå Lærdal si høgre side vart forsøkt brassa i mål av ein spelar i boksen. Vedkommande traff ikkje ballen, men i staden traff han Emil med strak rist i hovudet. Etter å ligget nede ei stund kom han seg oppatt og prøvde å halda fram, men etter ca 20 sekund måtte han kapitulera og byttast ut med ein diger kul i skjelta.

Rett før pause fekk Veitastrond sin største sjanse i 1.omgang. Frode fekk tråkla med seg ballen og kom åleine med keeper. Han hadde berre att å runda deira sisteskanse før han fekk eit uheldig touch som gjorde at keeperen fekk fanga ballen.

Dermed gjekk laga til pause på stillinga 1-1, som etter spel og sjansar forsåvidt var greit nok.

2.omgang

Veitastrond opna bra etter kvilen og var det beste laget det fyrste kvarteret. Dette ga til slutt uttelling etter 60 minutt, og det lyt me seia var litt av ei scoring. Frode Kvam kom åleine med Lærdal sin keeper ute til venstre. Keeperen fekk avklara ballen fram til midtbana. Der fekk Kurt tak i ballen, og medan keeper var på bærtur banka han til ballen så den gjekk i himmelhøgt før den dala ned akkurat på streken og spratt i mål. Rett og slett eit fantastisk treff av Kurt, og hadde han prøvd på det så tippar me han hadde truffe på 1 av 100 slike. Heldigvis var den eine gongen i dag, og me jubla sjølvsagt hemningslaust for målet. Det skal seiast at tida nærast stod stille inne i Lærdal når ballen var i lufta, og det virka som ein liten evighet før den kom ned att.

Etter at me fekk 0-1 målet så pressa Lærdal alt framover. Veitastrond vart etterkvart slitne, og det var lite sprut offansivt.

Etterkvart kom og sjansane for Lærdal , og den fyrste etter 70 minutt. Eit frispark frå 20 meter hadde fin retning mot mål, og publikum på Lærdal Stadion jubla for mål, men diverre for dei så traff ballen innsida av stolpen og den gjekk til slutt ut til utspark. Stort nærmare kjem ein ikkje scoring...

Dei haldt fram med å sikta på treverket, og like etterpå enda ei avslutning inne i boksen i stolpen, før dei like etterpå hadde dagens 5.treff i treverket når ei heading gjekk i stolpen og ut.

Veitastrond såg ut til å klara å ri av stormen, men etter 89 minutt så brast det for Veitastrond. Eit innlegg frå venstre traff pannebrasken til Lærdal sin hærførar Øystein Lindested Rinde, og den gjekk imellom hanskane til Even og i mål. Me lyt vel seia at i dei fleste stunder så ville vår solide sisteskanse ha redda denne headinga lett, og veldig synd at den glapp for Even i dag. Dermed utlikning til 1-1.

Vel 4 minutter på overtid så blas dagens gode dommar av kampen på sluttresultat 1-1.

Sluttord

Veitastrond sitt største mål var i dag å unngå tap. Med 0 poeng ville Lærdal kommet heilt opp i ryggen på oss, og me hadde kommet farleg nær nedrykk. Med tanke på at me gjekk til denne kampen med ei dårleg treningsveke og mange forfall så er det ein god prestasjon at me i dag klarar å få med oss dette eine poenget heim.

På ein måte skal me vera sjeleglad for uavgjort, for kampen sett under eitt var Lærdal det beste laget og hadde flest sjansar. Spesielt siste halvtimen var dei det førande laget, og at dei ikkje scora før dei gjorde var som eit lite mirakel. Likevel er det sjølvsagt utruleg bittert at dei får utlikninga slik dei får den så seint i kampen. Me var så nær å få med oss alle 3 poenga heim, og difor føles det som 2 tapte poeng når Lærdal til slutt utliknar.

Dei spelarane som var med i dag skal ha all honnør for at me gjer full innsats, og spelar ein god kamp. Spesielt i bakre ledd er me gode, og me tykkjer at spesielt midtstopparane våre Lars og Øivind spelar ein kjempekamp.

Det var ei god tone mellom dei to laga på bana i dag, og me ynskjer Lærdal lukke til med resten av sesongen. Me takkar dei for kampen og håpar dei unngår nedrykk, så lenge det ikkje er på bekostning av oss sjølve...

VIL-STJERNA

I dag var det vår suspenderte spelar Bjørn Molland som ga stjerner. Han meinte at følgande var best i dag;

óóó Runar Hatlevoll
óó Kurt Heggestad
ó

Ivan Jokic

 

Kampfakta;

26.08.11; Lærdal - Veitastrond 1-1 (0-0)

VIL; Even - Olai, Lars, Øivind (Karl Jomar) Runar - Ivan, Emil, Åsmund - Frode Kvam, Richard, Kurt.

0-1 Kurt

1-1 Øystein Lindested Rinde

Gule kort; Øivind på Veitastrond. 2-3 på Lærdal.

Dommar; Dan Kåre Esp med linjemenn (meget gode)

Sjå fleire bilder frå kampen HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com