Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Dale 4-1

Det vart ein etterlengta 3 poengar for Veitastrond, då me i dag vann 4-1 heime mot Dale. VIL kom godt i gang, tok ei tidleg leiing og hadde stort sett kontroll på kampen i dag. Med denne sigeren så tok me eit veldig viktig steg i retning mot trygg plass i årets 4.divisjon. I dag spelte me solid i alle ledd, heilt frå Patrik i mål til trioen vår på topp som var eit konstant uromoment mot Dale sitt forsvar. Dagens kamp ga oss attende trua på at me kan prestera på dette nivået, og no gler me oss til å ta fatt på siste del av sesongen.

Veitastrond stilte i dag med følgande lag;

                    Patrik
Runar - Richard - Lars - Glenn Thomas
        Bjørn - Ole Petter - Åsmund
     Frode Kvam - Frode Kvåle - Kurt

Me hadde ein god bank som romma 5-6 mann.

Mykje nedbør førte sjølvsagt til at det var vått på Leikvoll i dag, men me lyt seia at bana framstod i usedvanleg bra stand når me tenker på korleis været har vore det siste døgnet.

1.omgang

Det var Dale som var hissigaste på grauten i opningsminutta, men det var likevel Veitastrond som for alvor opna ballet. Me har spelt i berre 4 minutt når Åsmund spelar ballen igjennom til Frode Kvåle. Frå ca 20 meter lobbar han ballen elegant over ein keeper på halvdistanse, og den dalar inn i mål til 1-0 i favør heimelaget.

Kampen haldt fram i samme spor som i opninga, der Dale hadde mykje av spelet utan å skapa alt for mange sjansar. Dei hadde veldig mange cornera og innkast i god posisjon, men Veitastrond forsvarte seg veldig bra på dødball i mot i dag.

Medan Dale ikkje klarde å scora så utnytta VIL sjansane sine godt. Spelt i 20 minutt når Frode Kvåle snurrar rundt på høgresida. Han kjem ned på dølinja og legg inn i feltet til Kurt som får ein enkel jobb med å setta ballen i mål til 2-0.

30 minutt er spelt når dagens 3. mål kjem. Nok ein gong er det Frode Kvåle som er arkitekten. Denne gongen er det på venstresida han herjar, før han slår ballen inn i feltet der det denne gongen er Frode Kvam som står klar til å banka den i mål til 3-0.

Dale hadde og sine sjansar, men heilt bakerst hadde me ein Patrik i storform som rydda unna det som kom.

Mot slutten av omgangen hadde me fleire store sjansar til å få 4-0, men avslutninga til Frodane våre på topp var ikkje heilt på topp ;)

Laga gjekk til pause på stillinga 3-0.

Ein veldig god omgang av Veitastrond der me tør å spela ball, og me tør å stå høgt med laget og pressa Dale. Veldig godt å få tidleg uttelling, og me har bra kontroll på kampen sjølv om Dale så absolutt var med på notane. VIL skal heilt klart vera godt nøgd med at me hadde ei sopass komfortabel leiing.

2.omgang

Som vanleg opna Veitastrond dårleg etter pause. Dale pressa oss veldig i innleiinga, og me er heldige som ikkje får mål i mot i denne perioden.

Veitastrond kom seg etterkvart, og medan Dale hadde mykje ballen, så var me veldig farlege på overgangar der trioen vår på topp som me allereie har nevnt var alltid farlege når me var i angrep.

60 minutt er spelt når Dale får sitt fyrste mål for kvelden. Eit innlegg frå venstre finn ein ein umarkert daling i boksen, som enkelt skyt inn reduseringa til 3-1. Heilt klart eit veldig dårleg tidspunkt å få mål i mot på. Dersom bortelaget skulle få eit mål til så kunne dette blir riktig så spanande.

62 minutt; Ivan kjem inn for Lars i midtforsvaret.

Dei var og veldig nær å få 3-2 etter 65 minutt. Stian Neset som entra bana tidleg i 2.omgang fekk gå heilt åleine opp i feltet, men headinga hass gjekk i stolpen og ut.

Veldig nær for Dale å verkeleg komma inn i kampen, men etter 70 minutt så tek me eit siste farvel med dei gulblåe. Kurt spelar igjennom Frode Kvam som er åleine igjennom. Han rundar keeper, og frå skrått hald får han satt ballen i mål til 4-1. Ei herleg scoring av dagens kaptein.

80 minutt er spelt når Bjørn blir sparka ned på 18 meter. I fallet kjem han til å toucha Dalespelaren sine edlare deler med handa, noko som vedkommande tydlegvis ikkje satte veldig stor pris på. "Har du lyst på pikken min eller", utbryt han i raseri til ein noko overraska Bjørn. No er jo dette ein laurdag, og Bjørn vart nok litt frista av å få eit kjønsleg tilbod såpass tidleg på kvelden, men han klarte likevel å motstå freistinga og takka nei på tilbodet. Etter litt knuffing vart begge belønna med gule kort av dagens dommar Tommy Skjerven...

82 minutt; Jonas kjem inn for Åsmund. Jonas får dermed sin debut i VIL drakta.

85 minutt; Øivind kjem inn for Frode Kvåle, og han får dermed endeleg sjansen til å prøva seg som spiss.

Hugsar ikkje meir av det som skjedde, og dommaren blas av kampen på stillinga 4-1 til Veitastrond.

Sluttord

Å herre min gud for ein herleg siger dette var for Veitastrond. Endeleg fekk me vår fyrste 3 poengar etter ferien, og den kom akkurat då me trenge den som mest. Me tok eit langt steg mot å unngå nedrykk i dag, og no kan me senka skuldrane våre litt i mot dei kampane som kjem framover.

Dagens siger var ein lagsiger der me verkeleg kjempa bra alle mann. Patrik stod ein kanonkamp i mål, og kven skulle tru at han ikkje har spelt fotball sidan forrige kamp han spelte for VIL i byrjinga av august. På midtbana framstår Ole Petter som motoren i laget og heilt fremst har me ei gullrekke som avgjer slike kampar som me har i dag på eigen hand.

Me nyttar anledninga til å takka Dale for kampen, og me ynskjer dei lukke til vidare med årets sesong.

VIL-STJERNA

I dag var det Geir Aardal som delte ut stjerner. Han var å sjå i sivil bekledning og barnevakt i dag. Han meinte at følgande utmerka seg i dag;

óóó Patrik Fritzon
óó Ole Petter Hatlevoll
ó

Frode Kvam

 

Kampfakta;

03.09.11; Veitastrond - Dale 4-1 (3-0)

VIL; Patrik - Glenn Thomas, Richard, Lars (Ivan), Runar - Bjørn, Ole Petter, Åsmund (Jonas) - Frode Kvam, Frode Kvåle (Øivind), Kurt.

Ubenytta reservar; Emil, Even og Karl Jomar.

1-0 Frode Kvåle (Åsmund)

2-0 Kurt (Frode Kvåle)

3-0 Frode Kvam (Frode Kvåle)

3-1 x

4-1 Frode Kvam (Kurt)

Gule kort; Bjørn på VIL, 1 på Dale...

Dommar; Tommy Skjerven med Muhamet Barlla og Sureskumar Kathiravel på linjene. (Det er kanskje ikkje bryet verdt, men me tek oss likevel tid til å uttrykka litt frustrasjon over dagens dommarar;

Skjerven som hovuddomar gjer ein god jobb, og det er ingen tvil om at det ville ha vorte endå betre om han hadde fått dømt utan linjemennene som har ein heller dårleg dag på jobben. Mot slutten så lyt Skjerven overstyra linjemennene når dei vinkar offside, og det seier vel sitt.
Desse to linjemennene kjem i dag frå Eid, og me betalar til saman nesten 4000 kr for dommarane. Hadde Skjerven dømt åleine hadde me kommet unna med 600 kr. Med tanke på at dette er ein haustkamp med dårleg vær så er det å tjena innatt dette på billett og kiosksal heilt umogleg. Det føles litt meiningslaust når me i dag organiserar eit veldig godt tilbod i kiosken der me har sysselsett 4 personar som gjer ein kjempeinnsats, også ser me at all omsetninga og vel så det går med til å betala dommarar. Me veit at me skal vera glade for at me har nokon som gidd å dømma kampane våre, og me prøver konsekvent å ikkje vera for kritiske til dommarane på heimeisdene våre, men me lyt få lov til å stilla spørsmål på dette oppsettet når det går utover økonomien til den vesle klubben vår!)

Det kjem ingen bilder frå dagens kamp...

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com