Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Jølster - Veitastrond 7-0

Det vart etterkvart ein heilsvart kveld for VIL-fotball i Jølster. Etter ein brukbar 1.omgang der me forsvarte oss bra, men låg under med 1-0, så rakna det fullstendig i 2.omgang. Jølster køyrde over oss meir og meir etterkvart som kampen gjekk, og dei ga seg ikkje før det stod 7-0 på resultattavla. Utvilsamt eit skuffande resultat for vår del, men me lyt berre erkjenna at me møtte eit lag som denne kvelden var mykje betre enn oss sjølve. Dette er den type kampar som me legg pent og pynteleg i gløymeboka, og heller rettar blikket mot framtida.

Veitastrond stilte med følgande spelarar i ein 4-4-2 formasjon;

                         Even
Runar - Øivind - Richard - Glenn Thomas
       Bjørn - Emil - Ole Petter - Ivan
          Frode Kvam - Frode Kvåle

Det var ein fin haustkveld for fotball i Jølster. Me hadde aldri spelt på grasbana til Jølster før, og ved fyrste augnekast såg bana riktig så innbydande ut. Det skulle den imidlertid vise seg å ikkje vera. Makan til potetåker kan me ikkje hugsa å ha spelt på, og det var tydeleg at denne bana helst ser at det ikkje regnar...

1.omgang

Kampen byrja roleg, men etter 10 minutt så får Jølster kampens fyrste sjanse. Ein jølstring blir spelt åleine med Even som reddar meisterleg. Returen går i tverrliggaren og over mål.

Veitastrond fekk sin fyrste, og faktisk vår aller største sjanse i kampen etter 15 minutt. Frode Kvåle fekk ballen på 20 meter og skaut knallhardt mot nærmaste kryss, men diverre fekk Jølster sin keeper ei hand på ballen så den gjekk i tverren og ut.

25 minutt og Jølster får frispark på kanten av 16-meteren nesten heilt nede ved dølinja. Dette frisparket vert slått knallhardt inn på fyrstestolpe. På vegen sneiar den borti Runar i muren, før den snik seg inn mellom stolpen og Even til 1-0. I ein omgang der Jølster etterkvart skapte mange sjansar er det litt synd at dei får uttelling på eit slikt larkamål.

Resten av omgangen så satte Jølster opp dampen, og dei angreip oss gang på gang. Spesielt på deira høgreside hadde dei mange gode kombinasjonar, og at det ikkje vart mål på nokon av dei gongen dei kom seg ned til dølinja og la 45 tilbake i feltet var meir enn heldig for Veitastrond.

Heilt på tampen av 1.omgang fekk me vår andre gode sjanse før pause. Nok ein gong var det Frode Kvåle som var på farten, men skotet frå 18 meter var redda av Jølster sin keeper.

Laga gjekk til pause på stillinga 1-0. Utvilsamt ei fortent leiing til heimelaget som hadde fleire gode sjansar til å scora. Likevel så hang me brukbart med, og me forsvarte oss til tider godt. Med litt flaks så hadde me òg scora eit mål sjølve, men diverre så makta me ikkje det.

2.omgang

I pausen så kom Åsmund inn for Emil, og me la om til eit 4-5-1 system. Åsmund som braut eit bein i handa i forrige kamp, spelte i dag me gips.

Diverre så kan me ikkje seia så mykje positivt om 2.omgangen. I korte trekk så køyrde Jølster totalt over Veitastrond. Me hang ikkje saman i nokon ledd. Jølster fekk fritt spelerom på midtbana, medan forsvaret vårt vart noko hjelpaslause når Jølster kom i mot med mange menn.

Me kan prøva å oppsummera måla i den rekkefølga me hugsar dei...

2-0; eit innlegg inne i boksen vert fyrst avverga av VIL, men ballen går til ein jølstring som har så godt som ope mål frå 6 meter. I det han skal avslutta så sklir han og får dårleg treff, men diverre så sklir òg Even i det han skal kasta seg og ballen trillar i mål.

3-0; Jølster får straffe etter at Even spring ned ein forsvarsspelar. Me veit ikkje om det var korrekt, men har ein mistanke om at den var klar ;) Straffen vart satt sikkert i mål.

4-0; Oddne Årdal på Jølster får ballen på midtbana og driblar seg forbi 5-6 VIL-spelarar før han rundar keeper og scorar. Flott soloprestasjon, men noko tafatt forsvarsspel.

5-0; Litt usikker på denne, men trur det var når Jølster sin spiss vart spelte åleien med Even, runda han og satte den i mål.

6-0; Ein Jølster spelar kom åleine med Even og lobba den elegant over han og i mål.

7-0; Jølster har innkast ved vår 16-meter i det me gjer eit spelarbyte. Inn kjem debutant Ådne Nærheim i midtforsvaret. Innkastet blir kasta inn i 16-meteren, og der blir han sprungen ned av Ådne bakifrå og straffe til Jølster. Dermed klarte altså Ådne å laga straffespark, før han i det heile hadde vore borti ballen i sin Veitastrondkarriere.

Me kan vel knapt seia at Veitastrond hadde ein einaste sjanse i 2.omgang, men me registrerer likevel eit par forsøk frå Frode Kvåle på skot rett utanfor 16-meteren som keeper redda greit. Ellers var det dårleg både framme og bak, og når me prøvde å spela oss ut så kom me aldri særleg lengre enn til midtbana. Heilt framme så vart diverre Frode Kvåle sørgeleg så åleine.

Kan ta med at Runar Hatlveoll pådrog seg gult kort, og dermed må stå over neste kamp mot Sogndal 2. Han fekk kortet for ein takling rett utanfor 16-meteren, og klarare gult kort skal ein leite lenge etter.

Då dommaren blas av tykkte me det var på høg tid, og skunda oss heim etter ein heller trist fotballkveld for VIL-fotball.

Sluttord

Det er ikkje så mykje å oppsummera etter denne kampen.

Me registrerar ein brukbar 1.omgang der me gjer Jølster kamp, men i 2.omgang fell me totalt igjennom. Me tvilar på om Jølster har møtt eit dårlegare lag i år enn slik me framstod etter pause, og som sagt er dette berre å legga bak seg.

Det som er synd i dag er at me tapar så mykje som 7-0, og dermed øydelegg målskilnaden vår. Me vonar at den ikkje vert avgjerande for noko viktig i år.

Det var få spelarar som skilde seg spesielt ut, men me lyt gje Ole Petter ei ekstra fjør i hatten. Han var ein av dei få som verkeleg stod opp og prøvde å piska spelarane til innsats, sjølv om det ikkje akkurat lukkast 100%

Kan ta med at det alltid er kjekt å sjå at Johannes Nes er på plass på bortekampane og støttar laget. I dag hjalp han i tillegg til som ballgut undervegs, nett slik me er vandt å sjå han på Leikvoll ;)

Me takkar Jølster for kampen og ynskjer dei lukke til vidare med sesongen. Var ein fin tone mellom laga, som kanskje kom best til syne ved ein situasjon inne i vår 16-meter der Even, Øivind og Tom Erik Sandal på Jølster hadde ein vennleg gjørmebryting då dei prøvde å nå ballen.

VIL-STJERNA

I dag var det Gaute Olstad som delte ut stjerner. Han skulle eigentleg sitta på benken, men når han fekk sjansen til å dela ut stjernene så sa han ifrå seg benkeplassen. Han meinte at følgande fortener litt trøyst på ein ellers trist dag;

óóó Ole Petter Hatlevoll
óó Even Kvam
ó

Glenn Thomas Nilsen

 

Kampfakta;

10.09.11; Jølster - Veitastrond 7-0 (1-0)

VIL; Even - Runar, Øivind (Ådne), Richard, Glenn Thomas - Ivan, Ole Petter, Emil (Åsmund), Bjørn - Frode Kvam (Karl Jomar), Frode Kvåle.

Ubenytta reservar; Øystein og Jonas.

1,2,3,4,5,6,7 - 0 xxxxxxxx

Gule kort; Runar på VIL

Dommar; Ståle Sandal som hovuddomar med Magne Vårdal og Sureskumar Kathiravel (god innsats av alle mann ;)

Sjå fleire bilder frå kampen HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com