Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Sogndal 2 3-6

Det vart diverre tap 3-6 for Veitastrond mot Sogndal 2 i dag. VIL byrja kampen bra og tok leiinga tidleg, men SIL2 slo hardt attende å scora dei 4 neste måla i kampen. Bortsett frå ein liten svikt midtveges i 1.omgang der me gjer dei alt for mange enkle mål så gjer me sogndølene god kamp i dag. Med litt meir marginar så hadde me fått med oss poeng i dag, men me vart for upresise framfor begge måla i dag og dette utnytta Sogndal 2 til det fulle. Me hadde håpa å fått besøk av eit stjernespekka lag i dag, men tippeligaspelarane glimra diverre med sitt fråvær på Leikvoll i dag.

Veitastrond stilte med følgande lag;

                          Even
Øyvind - Kenneth - Richard - Glenn Thomas
             Ole Petter - Emil - Bjørn
       Frode Kvam - Frode Kvåle - Kurt

Det var i dag perfekte speleforhold på Leikvoll Stadion. Ei nydeleg nyslegen grasmatte og lett duskregn ga oss eit flott utgangspunkt til denne haustkampen. Avspark vart framskunda til kl 17:45 då me var redde for at det skulle bli for mørkt om me byrja seinare.

Som sagt så var me spente på kva lag Sogndal 2 stilte opp med, men når spelarane gjekk av bussen så drog me berre kjensel på Joakim Rudolfsen og Eivind Daniel Røed av det som kan kallast fyrstelagsspelarar.

1.omgang

Sogndal 2 byrja best i opningsminutta utan at dei klarde å skapa nokon store sjansar i denne peridoen.

Veitastrond brukte litt tid før me kom inn i kampen, men etter 7 minutt får me ein stor sjanse når Kurt kjem åleine med keeper. Frå 15 meter avsluttar han diverre utanfor mål.

Det er spelt i ca 10 minutt når Veitastrond scorar kampens fyrste mål. Ole Petter spelar igjennom til Frode Kvam som rundar keeper og frå skrått hald set ballen i mål til 1-0.

Diverre så klarar me ikkje halda på leiinga så veldig lenge. Like etterpå så doblar Sogndal 2 på venstrekanten, og innlegget treff Rudolfsen som knear ballen forbi keeper og i mål.

På stillinga 1-1 får Veitastrond ein stor sjanse frå corner, men Richard klarar ikkje å styra ballen i mål med handa og den går i tverrliggaren og over.

I staden er det SIL2 som for alvor finn scoringsformen. Dei får frispark frå 18 meter, som Eirik Skaasheim skyt forbi muren og ned i lengste hjørne til 2-1.

3-1 kjem på corner når Eivind Daniel Røed får stå totalt umarkert på corner og enkelt headar ballen i mål på bakerste.

4-1 kjem rett etterpå når Even bommar på eit langskot og dempar ballen i mål med handflata.

I ein kamp der me føler at me på alle måtar er med på notane så er det veldig bittert å få 3 larkamål i mot på kort tid. På stillinga 1-4 er naturlegvis mykje av løpet køyrt for Veitastrond sin del.

I det me kunne ha klappa heilt i saman så får me ein opptur rett før pause. Frode Kvam slår inn på bakerste frå si høgre side, og finn Kurt som avlsuttar glimrande i det motsatte hjørnet til redusering 2-4. Eit nydeleg mål av Kurt.

Like etterpå blas dommaren av til pause.

Veitastrond er stort sett på høgde med SIL2 både spele- og sjansemessigt, men bortelaget viser meir kløkt i avslutningane sine og har dermed ei relativt komfortabel leiing.

2.omgang

Veitastrond hadde ingen planar om å kapitulera i denne kampen, og me gjekk utpå etter pause med mål om å stå høgt med laget og stressa Sogndal 2. Dette klarde me òg til ein viss grad, og me skapte bra med sjansar framover.

Me kom nærmast scoring når Richard heada ballen i tverren på ein corner, før han sekundar seinare avslutta i stolperota. Frode Kvåle hadde og eit par gode sjansar, men diverre så redda keeper forsøket hass.

Sogndal 2 var langt meir effektive når dei var i angrep og dei scora 2-5 når venstrevingen deira kom åleine med Even.

2-6 kom når dei satte eit innlegg i mål inne i boksen.

10 minutt før slutt fekk Bjørn Veitastrond sitt einaste gule kort i kampen for ei takling nede ved vårt eige cornerflagg. Han fekk dermed gult kort nummer 5 og går nå på si 2. karante for sesongen.

Veitastrond fekk æra av å både opna og avslutta scoringsballet i denne kampen. Rett før slutt så la Ole Petter ballen inn på bakerste der Richard heada den i mål til 3-6.

Nokre minuttar seinare så blas dagens gode dommar Inge Seglem av kampen på stillinga 3-6.

Sluttord

Sogndal 2 vann denne kampen med 3 mål, og sett utifrå spela og sjansar var det vel fortjent. Sjølv om me stort sett heng bra med er dei eit hakk vassare enn oss sjølve, og dei har i dag eigenskapen til å avgjera kampen - noko som me diverre mangla.

Veitastrond gjorde ein god figur, og laget skal ha skryt for at dei stod på i samtlege 90 minutt. Me er nøgde med gjennomføringa av kampen, men samstundes er me og litt skuffa over å stå tomhendte tilbake. Dersom det var ein gong me kunne ha slått Sogndal 2 så var det nettopp i dag, men den sjansen tok me altså ikkje.

No ventar 3 spanande kampar i årets sesong, der Veitastrond framleis må kjempa for å unngå å komma under streken. Neste episode kjem neste måndag når me dreg til Førde for å banka Førde 2 ned i støvlane ;)

Me takkar Sogndal 2 for kampen, og ynskjer dei lukke til vidare i kampen om opprykk. Sjølv om me lyt innrømma at me ikkje håpar at dei ikkje klarar det. Litt fordi me ikkje tykkjer dei har fortjent det like mykje som Vik, og sjølvsagt litt for at me ynskje flest moglege korte borteturar til neste sesong (om me då altså held plassen).

VIL-STJERNA

I dag var det Jens Heggestad som delte ut stjerner. Han tykte laget spelte ein god kamp i dag, og ville gje 1 stjerne til alle spelarane. Dette er diverre ikkje lov, og me tvinga ut av han følgande stjerner;

óóó Even Kvam
óó Øyvind Lien
ó

Richard Nes

 

Kampfakta;

19.09.11; Veitastrond - Sogndal2 3-6 (2-4)

VIL; Even - Øyvind, Kenneth, Richard, Glenn Thomas - Bjørn, Ole Petter, Emil (Øivind) - Frode Kvam (Karl Jomar), Frode Kvåle, Kurt.

Ubenytta reservar; Lars og Ådne

1-0 Frode Kvam (Ole Petter)

1-1

1-2

1-3

1-4

2-4 Kurt (Frode Kvam)

2-5

2-6

3-6 Richard (Ole Petter)

Gule kort; Bjørn på VIL, 1-2 på SIL2.

Dommar; Inge Seglem (Framifrå kamp. Seglem var òg etter rapportane godt nøgd når han forlot Leikvoll med ei pølse i potetkake i kvar hand. Iflg Rakel var dette samme potetkaker som bestemora hass laga til han når han var liten, så dette fall utvilsamt i smak hjå dagens dommar ;)

Sjå fleire bilder frå kampen HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com