Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Saga 0-4

Veitastrond tapte i dag årets fyrste treningskamp med 0-4 mot Saga i Sognahallen. Ikkje uventa hadde me lite folk tilgjengeleg, og berre 11 mann var klare når kampen vart blesen i gang. Slik sett var ikkje dagens resultat så aller verst, og me set dette på kontoen for grei gjennomkøyring.

Trenar Emil Heggestad hadde altså lite å rutta med på spelarfronten, så det var berre å plassera dei 11 han hadde til rådighet inn i eit system. Veitastrond starta i dag i ein 4-2-3-1 formasjon. Skal seiast at utover i kampen kom det til to leigesoldatar som kunne avlasta dei som starta kampen.

Veitastrond.com var ikkje tilstades i Hallen i dag, så referatet er basert på ein 5 minuttars telefonsamtale med Emil. Dvs kort og upresist...

Før pause så hang Veitastrond bra med og var slik nokonlunde på høgde med Saga i fyrste halvdel av omgangen. Veitastrond hadde sjølv nokre gode sjansar som kunne resultert i mål, men diverre gjekk me mållause av bana i dag.

Saga opna kontoen etter ca 25 minutt, før dei auka til 2-0 etter 31 minutt og 3-0 då det var spelt i 37 minutt (minutta er då me fekk melding frå Hildegunn Heggestad undervegs, og stemmer heilt sikkert ikkje akkurat...)

Kan nevna at 3-0 scoringa var av det kontroversielle slaget, då Saga fyrst avslutta i hjulet på sida av målet før den spratt attende i bana og Saga scora på returen. Diverre så hadde tydlegvis ikkje dagens dommar Frank Heggestad hugsa å pussa linsene, slik at scoringa vart godkjent.

3-0 haldt seg til pause.

I 2.omgang scora Saga 4-0 relativt kjapt.

Etter 4-0 var det mykje stillingskrig, der Saga hadde det meste av spelet utan å skapa alt for mange sjansar.

Emil melder at kampen etterkvart ikkje vart av den beste for den nøytrale tilskodar, og at spelarane til Veitastrond var prega av å ikkje vera trente til å spela i 90 minutt.

Kampen enda altså til slutt 4-0.

Utifrå forutsetningane føre denne kampen var me bra nøgde med dagens innsats. Lite folk tilgjengeleg og med ein dårleg oppkøyring så langt kan ein ikkje venta så mykje meir mot eit Sagalag som strengt tatt er og skal vera noko hakk vassare enn oss. Likevel meinar Emil at med alle folk klare og på ein god dag kunne me ha vore på høgde med Saga.

Av enkeltspelarar trekker han fram Kenneth Mo som vår beste spelar. Han gjer og skryt til Kenneth sin midtstopparkollega Øyvind Lien som gjorde sine saker bra som kaptein i fotspora til Kim Andre. Ole Petter Hatlevoll som har trent med VIL heile vinteren gjorde og ein god kamp sentralt på midten, truleg ein av dei få på dagens VIL som held ein heil kamp.

 

Kampfakta;

Veitastrond - Saga 0-4 (0-3)

VIL;

Even - Olai, Kenneth, Øyvind, Øivind - Ole Petter, Emil - Gøran, Bjørn, Åsmund - Frode

På benken og kom inn etterkvart; Erik Skorpen og Mathias xx

0-1,2,3,4 xxxx

Dommar; Frank Heggestad (Generelt ein meget god kamp av Frank, sjølv om han får kraftig trekk i karakter for ikkje å annulera 3-0 målet. Kunne fort blitt ein anna kamp dersom dei ikkje hadde fått godkjent den...)

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com