Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Bjørn - Veitastrond 3-4

Veitastrond synte i kveld kven som er storebror i kommunen, då Bjørn vart satt på plass med 4-3 inne i Gåpn. I ein relativt jamnspelt kamp så stakk Veitastrond av mot slutten, og dermed kunne me innkassera sesongen fyrste siger. Alltid godt å få ein siger i generalprøven og me går no inn til seriestarten på fredag med friskt mot og tru på eigne ferdigheter.

Det vart ein kald fornøyelse for tilskodarane og innbyttarane i Gaupne i kveld. Det såg ut til å bli ein riktig så fin kveld for fotball heilt til dommaren blas i gang kampen og det tok til å regna og blåsa kaldt frå fremst i Jostedalen.

Veitastrond starta med følgande lag i ein 3-5-2 formasjon;

Patrik

Øivind - Øyvind - Glenn Thomas

Runar - Ole Petter - Emil - Bjørn - Åsmund

Frode - Kurt

Det var heimelaget Bjørn som kom best i gang og styrte kampen dei fyrste 25 minutta. Dei fekk 1-0 etter ca 20 minutt då Daniel Tverrberg banka ballen utagbart bak Patrik i VIL-buret frå ca 18 meter.

Veitastrond kom meir med i kampen etterkvart, og etter 27 minutt utlikna me. Kurt fekk ballen på 20 meter, og chippa den elegant over keeper og i mål. Ei perlescoring av Kurtn der...

Resten av omgangen gjekk føre seg utan dei heilt store hendingane, men med eit lite overtak til Veitastrond.

VIL gjorde ingen byter i pausen, og gjekk ut i 2.omgang der me enda den fyrste. Me fekk lønn for strevet etter 55 minutt, då me leina opp eit nydeleg angrep som vart avslutta med at Frode la inn i feltet til Kurt som enkelt breidsida den i det lengste hjørne og dermed 2-1 til VIL.

Bjørn ga seg imidlertid ikkje, og dei utlikna etter 63 minutt. Veitastrond fekk avklart ein corner, men på 20 meter stod nok ein gong Daniel Tverrberg som banka til på direkten og satte den lekkert opp i hjørnet.

Etter som kampen sklei fram så såg Veitastrond ut til å ta motstandaren på kondisen (?!), og det var fortent når me nok ein gong tok leiinga etter 73 minutt. Denne gongen var det Frode som scora då han fekk ballen omtrent på blank goal, og fekk ein enkel jobb med å putta.

Veitastrond gjorde mange byter etterkvart, og det var to innbyttarar som stod for det 4. Veitastrondsmålet. Karl Jomar kom seg fint fri på høgrakant og la eit ferdigscora innlegg på pannebrasken til Richard som enkelt nikka inn 4-2 frå 1 meters hold.

Bjørn avslutta ballet etter 90 minutt då Frode Kvalsøren banka inn 4-3 frå 16 meter, etter at Veitastrond ikkje hang bra nok med defansivt.

Kampen enda altså 4-3 til Veitastrond.

Sjølv om det er mykje som kan rettast på så lyt me seia at dagens kamp var ein positiv oppleving for VIL. Bjørn var i fjor 1 mål frå å rykka opp til 4.divisjon, og blir garantert å finna i toppen av 5.divisjon. Slik sett var dette ein fin målestokk på kor me ligg i løypa, og konklusjon er at det ser bra ut. Me spelte i dag i ein 3-5-2 formasjon, som til tider fungerte bra. Trioen på midten spelte ein god kamp, og Runar og Åsmund imponerte begge med stor løpskraft både framover og bakover på vingane. Heitl framme har me Kurt og Frode som evnar å avgjera kampar på eigahand.

No gler me oss til å komma i gang med serien, og ser fram til å spela mot Sandane på fredag.

Dagens kamp gjekk føre seg i ein usedvanleg god tone og kampen vart myndig leia av dagens gode dommar Frank Heggestad. Me takkar Bjørn for kampen, og ynskjer dei lukke til med årets sesong.

 

Kampfakta;

Bjørn - Veitastrond 3-4 (1-1)

VIL; Patrik (Even) - Øyvind, Øivind (Ivan), Glenn Thomas - Runar (Karl Jomar), Bjørn (Richard), Emil, Ole Petter, Åsmund (Olai) - Kurt, Frode (Øystein)

1-0 Daniel Tverrberg

1-1 Kurt

1-2 Kurt (Frode)

2-2 Daniel Tverrberg

2-3 Frode

2-4 Richard (Karl Jomar)

3-4 Frode Kvålsøren

Ingen kort som me fekk med oss.

Dommar; Frank Heggestad (god)

Skal sjå om me ikkje får opp nokon bilder frå kampen etterkvart...

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com