Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Sesongen 2012

Dette var året då Veitastrond for fyrste gong i si 9 år gamle historie måtte innsjå at dei ved sesongslutt måtte gå ned eit nivå. 10.plassen som VIL enda på kunne ha holdt til sikker plass, men me var avhengige av at Saga berga plassen i 3.divisjon. Då førdianarane ikkje klarte dette så var nedrykket eit faktum for VIL-fotball. Dette var berre enden på ein sesong som jamt over var av det litt skuffande slaget for VIL. Ein grei vårsesong vart etterfulgt av ein dårleg haust med dårlege resultat, lite trening og få folk. Alt i alt var denne sesongen ein liten nedtur som nesten gjorde at VIL mista siste piffen og haldt på legga ned klubben etter sesongen.

Før sesongstart

Etter 2011 så mista Veitastrond Lars Bruhaug, Geir Aardal og Bjørn Molland. Medan Lars berre hadde vore med ein sesong og Geir knapt nok spelte noko i 2011 så var det utvilsamt tapet av Bjørn som var størst for klubben. Mannen som hadde vore med i samtlege 8 sesongar og bokført med 124 kampar for moderklubben vart naturlegvis eit stort sakn både på og utanfor bana.

Av nye spelarar så henta me inn den unge hafslobøgdingen med sterke aner frå Veitastrond; Rune Frækaland. Inn kom òg tidlegare Selje- og Kaupangerspelar Severin Rokne, tidlegare Fjøra og Hafslokeeper Morten Nes og eit meir ubeskrevet blad i Gisle Selseng. Alle desse var med å bidra i større eller mindre grad både på trening og i kampar for Veitastrond i sesongen 2013.

Dagen før seriestart så drog klubbleiinga opp eit overraskande og gledeleg kort, då Frank Robert Værn sitt comeback vart presentert. Sjølv om han bur i Førde så var han med på dei fleste kampane denne sesongen, og me kan trygt seia at han vart ein nøkkelspelar utover i sesongen.

På treningskampfronten spelte Veitastrond 5 kampar. Kaupanger 2 vart slått 5-0 i Sognahallen, mot Sogndal 2 vart det 2-4 tap, i Lærdal reiste me inn å vann 3-1, det enda 1-1 mot Jølster i ein kamp som gjekk over 3x 20 min. Medan generalprøven enda med 2-3 tap vs Bjørn inne i Gopn...

Vårsesongen

Sesongen vart sparka i gang 22.april med ein lang og vanskeleg bortekamp mot Dale. Med berre 13 spelarar tilgjengelege så var nok laget berre moderate optimistar, men dei som reiste spelte ein kanon kamp og vann overbevisande 2-1 på Dingemoen. Eit knallstart på sesongen og vår fyrste siger i Dale nokon gong.

Med friskt mot og mange spelarar attende så hadde me tru på poeng mot nyopprykka Balestrand. Dette skjedde ikkje, og heimelaget feidde oss av bana og me reiste heim med heile 1-5 i sekken. I denne kampen vart spelande trenar Emil Heggestad utvist i 1.omgang etter at han prøvde å slå knock out på ein av motstandarane sine spelarar.

Neste kamp var mot eit av opprykksfavorittane Fjøra i Sognahallen. Veitastrond kjempa og spelte ein brukbra kamp, men det vart likevel tap mot overmakta. Kampen enda til slutt med 2-6.

11.mai var det klart for årets fyrste kamp på Leikvoll. Som regel er det her me lyt gjera meste av jobben for å få ein god sesong, men diverre så fekk me ingen pangstart. I ein dårleg fotballkamp så tapte Veitastrond kampen 0-3, etter at blant anna Frode Kvam bomma på straffe på 0-0 i 1.omgang.

3 poeng på 4 kampar var ikkje meir enn det måtte vera og det var difor ein skjebnekamp som venta oss borte mot Lærdal. Raudtrøyene skulle visa seg å vera det desidert dårlegaste laget i divisjonen, og Veitastrond hadde ingen problem med å ta seg av heimelaget. Etter ein mållause 1.omgang så skrudde VIL opp tempoet etter kvilen og vann til slutt 4-0.

Årets kamp vart kanskje spelt borte mot Sandane. Heimelaget tok oppskriftsmessigt leiinga 3-0 tidleg i 1.omgang og ein undra seg då over kor stor sigeren ville bli. Veitastrond kom imidlertid attende og scora 3 mål like kjapt som heimelaget og det stod dermed 3-3 til pause. Etter kvilen var diverre heimelaget stråe vassare, og vann kampen til slutt 5-4 etter heroisk innsast av VIL.

Kaupanger har for vane å tapa på Leikvoll og 2012 var ikkje noko annleis. Eit Kaupangerlag med opprykksambisjonar vart satt på plass med 2-1, og Veitastrond jubla for årets herlegaste derbysiger.

Deretter gjekk turen til Høyang. I ein dårleg kamp så sikra Veitastrond eit poeng mot slutten etter ei straffescoring av Åsmund Øgar. Me haldt fram med poengfangsten i neste kamp mot Førde 2 då dei vart slått 4-2 heime på Leikvoll. Ein vel gjennomført kamp av Veitastrond der blant anna Frode Kvåle gjorde comeback for klubben, då Frode Kvam i denne perioden var ute med ein kneskade.

Avslutninga på vårsesongen vart ikkje allverda då me fyrst reiste til Skavøypoll med lite folk, og brukte ein laurdag på å tapa 0-4. Siste kampen på vårsesongen gjekk på Leikvoll 1.juli mot sjølvaste Sogndal 2. Dei stilte med 6-7 A-lagsspelarar som inkluderte Stephan Badji, som berre nokre veker seinare representerte heimelandet Senegal i OL i London. Det gjekk som det måtte gå og SIL2 vann kampen med 10-0, og tidenes største tap for Veitastrond Fotball.

Ein vårsesong prega av mykje berg og dalbane. Frå det geniale til det fatale, men dette skuldast nok òg at kvaliteten på motstandarane var veldig variabel.

I løpet av sommaren så forsvann klubbkaptein Øyvind Lien, og i tillegg så takka Gisle Selseng for seg etter berre ein halv sesong medan Frode Kvåle la skoda på hylla etter 0-10 tapet mot Sogndal 2.

Haustsesongen

Veitastrond byrja haustsesongen allereie 31.juli når nedrykksdømte Dale kom på besøk. Ei overkommeleg oppgåve trudde me, men eit heimelag som framleis var i sommarmodus tapte fortjent 2-3.

Det var betring i sikte då Veitastrond fekk revansje mot Balestrand helga etterpå då VIL vann 5-2. Ekstra imponerande då halve laget til VIL var på flakadans kvelden i førvegen...

Ei av årets største utfordringar og den kampen me ville vinna mest heime mot Fjøra enda diverre 0-3. Nok ein gong spelte og kjempa VIL bra, men Fjøra viste seg for sterke likevel og vann kampen komfortabelt.

Neste kamp enda med 1-2 tap borte mot Jølster etter ein god kamp av Veitastrond. Her var det ufortjent at me måtte reisa heim med 0 poeng.

Rett før transfervinduet stengte 1.september så henta Veitastrond inn 4 spelarar. Halvor Storvik, Alexander Korneliussen og Dag Are Relling signerte alle, medan Kim Andre Navarsete gjorde eit gledeleg comeback. Desse 4 var med å bidra i siste del av sesongen.

Som sagt så var Lærdal det dårlegaste laget i 4.divisjon dette året, og på Leikvoll måtte dei reisa heim med heile 0-7 i sekken. Det hjalp ikkje lærdølene at dei fekk to mann utvist heller.

Etter denne sigeren så vart det nok ein gong ein kjempematch mellom Veitastrond og Sandane. I ein kamp som bølga fram og tilbake enda det til slutt 4-4, der begge laga leia to gonger kvar.

Deretter gjekk Veitastrond på 3 stygge tap mot henholdsvis Kaupanger (1-6), Høyang (4-5) og Førde 2 (1-6).

Med 3 tap på rappen så stod me i fare for å få ein av dei dirkete nedrykksplassane, og det vart difor ein skjebnekamp heime mot Skavøypoll. I ein skikkeleg haustkamp på Leikvoll så vann til slutt Veitastrond kampen 3-1. Nok eing gong viste me at me er best når det gjeld.

Sesongen vart avslutta på staseleg vis på sjølaste Fosshaugane Campus. Spelarane til Veitastrond storkosa seg denne kvelden på fylket sitt flottaste idrettsanlegg, og det var ingen sure miner over at me tapte kampen 2-7.

Med dette enda Veitastrond på 10.plass og om me beholdt plassen avheng av om Saga berga sin plass i 3.divisjon. 2 veker seinare så fekk me klarhet i at det gjorde dei ikkje, og dermed skubba dei oss ned i 5.divisjon. Dermed var 4 minnerike år i 4.divisjon over for denne gong.

Oppsummering

Til likhet med året før vart dette ein veldig variabel sesong. Det svinga ifrå det veldig bra til det veldig dårlege. Spesielt så gjekk nok laget litt i oppløysing på hausten der me knapt gjennomførte ei einaste trening og berre spelte kampar. Når ein då skal ut mot ambisiøse motstandarlag som gjerne trenar 3-5 gonger i veka så blir det for tynt grunnlag.

Likevel så sanka laget ganske jamt med poeng og det var trass alt berre marginar som gjorde at me ikkje beholdt plassen.

Etter sesongen så var det eit stort spørsmålsteikn om laget i det heile skulle stilla lag i 2013. Klubbleiinga var fyrst innstilt på at dei ikkje ville dette, men etter 3-4 månadar pause så drog me på med ny giv. Skal òg seiast at sidan Saga trekte laget etter sesongen så fekk Veitastrond tilbod om plass i 4.divisjon att, men me valgte å takka nei til dette. Så teknisk sett har Veitastrond aldri rykka ned ;)

Det vart ingen avslutningsfest dette året då det rett og slett var for få påmeldte. I ei kåring i 2013 vart Frank Robert Værn kåra til årets spelar 2012, stemt fram av sine medspelarar. Dette til tross for at han kun var på ei trening med laget heile sesongen ;) Frank Robert fekk òg flest VIL-stjerner med 24 på dei 17 kampane han spelte.

Årets toppscorartittel vart delt mellom Kurt Heggestad og Frode Kvam som scora 11 mål kvar. Emil Heggestad hadde flest målgivande med 7, medan Even Kvam vart årets raotass med 1 raudt- og 3 gule kort. Årets treningsfantom vart Frode Kvam, og fullstending treningsstatistikk for 2013 kan du sjå HER

Fullstending spelarstatistikk 2012;

NAVN

Kampar

Mål

Assist

Stjerne

Gule

Raude

Kurt Heggestad

20

11

4

20

4

 

Åsmund Øgar

20

4

5

10

1

 

Glenn Thomas Nilsen

19

1

1

3

3

 

Rune Frækaland

18

 

 

2

 

 

Richard Nes

17

4

1

7

1

 

Frank Robert Værn

17

3

 

24

6

 

Emil Heggestad

17

2

7

9

 

1

Frode Kvam

14

11

6

3

 

 

Ole Petter Hatlevoll

14

3

2

9

5

 

Kenneth Mo

14

1

1

7

5

 

Runar Hatlevoll

14

 

1

7

3

 

Ivan Jokic

13

7

1

2

 

 

Morten Nes

12

 

 

3

 

 

Øivind Kristiansen

12

 

 

2

2

 

Severin Rokne

10

2

 

11

 

 

Espen Borlaug

10

 

 

3

 

 

Øystein Heggestad

10

 

 

 

 

 

Even Kvam

9

 

 

3

3

1

Karl Jomar Bruheim

8

 

1

 

 

 

Øyvind Lien

7

 

 

3

 

 

Olai Johnsgård

6

 

 

 

 

 

Gisle Selseng

5

1

 

 

1

 

Halvor Storvik

4

 

 

 

 

 

Dag Are Relling

3

 

 

 

 

 

Alexander Korneliussen

2

 

 

 

 

 

Andreas Bjelde

2

 

 

 

 

 

Frode Kvåle

2

 

 

 

 

 

Kim Andre Navarsete

1

 

 

3

 

 

Frank Heggestad

1

 

 

 

 

 

Gaute Olstad

1

 

 

 

 

 

Gøran Fimreite

1

 

 

 

 

 

Ådne Nærheim

1

         

Tabell 2012;

Tabell 2012

K

Mål

P

1.

Sogndal 2

22

120-18

59

2.

Fjøra

22

67-28

48

3.

Sandane

22

67-45

43

4.

Skavøypoll

22

50-28

37

5.

Jølster

22

43-36

30

6.

Førde 2

22

47-49

29

7.

Høyang

22

42-46

29

8.

Balestrand

22

40-80

25

9.

Kaupanger

22

42-51

24

10.

Veitastrond

22

50-77

23

11.

Dale

22

34-49

22

12.

Lærdal

22

17-112

4

Kampar 2012;

Dato Heimelag Bortelag Res Kamptype Referat
03.03.2012 Veitastrond Kaupanger 2 5-0 Treningskamp Referat
10.03.2012 Sogndal 2 Veitastrond 4-2 Treningskamp Referat
22.03.2012 Lærdal Veitastrond 1-3 Treningskamp Referat
25.03.2012 Veitastrond  Jølster  1-1  Treningskamp Referat
17.04.2012 Bjørn Veitastrond 3-2 Treningskamp Referat
22.04.2012 Dale Veitastrond 1-2 Seriekamp Referat
29.04.2012 Balestrand Veitastrond 5-1 Seriekamp Referat
06.05.2012 Fjøra Veitastrond 6-2 Seriekamp Referat
11.05.2012 Veitastrond Jølster 0-3  Seriekamp Referat
16.05.2012 Lærdal Veitastrond 0-4  Seriekamp Referat
25.05.2012 Sandane Veitastrond 5-4 Seriekamp Referat
03.06.2012 Veitastrond Kaupanger 2-1 Seriekamp Referat
08.06.2012 Høyang Veitastrond 1-1 Seriekamp Referat
17.06.2012 Veitastrond Førde 2 4-2  Seriekamp Referat

23.06.2012

Skavøypoll Veitastrond 4-0 Seriekamp Referat
01.07.2012 Veitastrond Sogndal 2 0-10 Seriekamp Referat
31.07.2012 Veitastrond Dale 2-3  Seriekamp Referat
05.08.2012 Veitastrond Balestrand 5-2 Seriekamp Referat
12.08.2012 Veitastrond Fjøra 0-3 Seriekamp Referat
21.08.2012 Jølster Veitastrond 2-1 Seriekamp Referat
26.08.2012 Veitastrond Lærdal 7-0 Seriekamp Referat
02.09.2012 Veitastrond Sandane 4-4 Seriekamp Referat
10.09.2012 Kaupanger Veitastrond 6-1  Seriekamp Referat
17.09.2012 Veitastrond Høyang 4-5 Seriekamp Referat
25.09.2012 Førde 2 Veitastrond 6-1 Seriekamp Referat
30.09.2012 Veitastrond Skavøypoll 3-1 Seriekamp Referat
07.10.2012 Sogndal 2 Veitastrond 7-2 Seriekamp Referat

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com