Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Dale - Veitastrond 1-2

Veitastrond fekk i dag ein pangstart på årets sesong, då me slo Dale 2-1 på deira frykta heimebane Dingemoen. Etter ein tam fyrste omgang utan mål så opna det seg litt meir i 2.omgang. Etter at Dale fekk ein mann utvist etter ca ein times tid så scora VIL 2 kjappe mål ved Ivan Jokic og Frode Kvam. Heimelaget fekk ei redusering mot slutten, men VIL rei av stormen og kunne ta med seg 3 vel fortjente poeng heim til Veitastrond. Utvilsamt ein veldig imponerande serieopning av dei blåe, og no gler me oss til forsettinga.

Det vart fleire fråfall enn det me hadde håpa på, og me var berre 13 mann som reiste til Dale. Gisle (beinhinnbetennelse), Øyvind (kneskade), Ådne (ribbebein) og Severin (ikkje speleklar grunna amatørkontrakt med tidlegare klubb) var spelarar me hadde rekna med, men som iløpet av helga måtte melda avbud.

I tillegg var me altså utan keeper slik at Øivind tok på seg hanskane for fyrste gong i si karriere.

I staden fekk me ein bonus då Frank Robert Værn vart speleklar i siste minutt, og han gjekk rett inn på dagens lag.

VIL starta med følgande lag;

                            Øivind
Rune - Frank Robert - Kenneth - Glenn Thomas
                     Olai - Emil - Kurt
                          Åsmund
                      Frode - Ivan

1.omgang

Dei fyrste 45 minutta var ikkje all verda å skriva heim om.

Dale hadde ballen mest medan Veitastrond kom til dei farlegaste sjansane.

Vår største sjanse kom då Emil la eit innlegg inn i boksen, som traff Frank Robert inne i boksen, men headinga hass gjekk over mål. Frode fekk og ein god sjanse, men klarde ikkje å stokka beina framfor mål etter at Ivan gjorde eit flott forarbeid.

Dale fekk si største sjanse frå eit frispark ute på sida. Frisparket vart slått hardt inn i feltet, men utruleg nok gjekk den igjennom alt og alle og ut til ufarleg område.

Bortsett frå dette var det altså lite å melda. Dale hakket bedre reint spelemessigt, men Veitastrond var med på notane og forsvarte seg framifrå.

2.omgang

Etter pausen så opna Dale friskt. Vår reservekeeper Øivind fekk vist seg fram då han fekk fista eit skot frå 20 meter utanfor. Den hadde fin retning, men Øivind fekk kasta den lette og smidige kroppen sin etter ballen og avverga scoring.

Eit avgjerande augneblink i kampen etter 60 minutt. Frode vert spelt igjennom og er på veg åleine med keeper. Dale sin forsvarar feller Frode, og det er ingen protestar når dommaren dreg opp det raude kortet. Dermed spelar Veitastrond mot 10 mann den siste halve timen.

Reint umiddelbart etter utvisninga så virka ikkje det å hjelpa Veitastrond, for Dale hadde sin beste periode rett etter dette. Dei neste 10 minutta trykka dei VIL og det låg eit mål til heimelaget i lufta.

Veitastrond på si side klarde å forsvara seg, og etter 72 minutt så bryt me eit Daleangrep. Ballen vert spelt hurtig i lengderetningen, der Frode slår den avgjerande pasningen frå høgre side og over til motsatt. Der er Ivan som kjem åleine med keeper frå skrått hald, og han er iskald når han set inn 0-1 til vill jubel blant VIL-fansen. Ivan har spelt mange gode kampar for Veitastrond, men måla har uteblitt. I dag fekk Veitastrond sin mest eksotiske spelar endeleg hol på byllen og det unnar me han.

No var VIL i siget og berre 3 minutt etterpå kjem me igjen. Eit angrep vert avslutta frå Åsmund, keeper reddar og på returen er Frode på rett plass slik han har vore det så mange gonger før og han set sikkert inn 0-2. NJOTELIGT!

Etter dette kom ein stille periode før Dale får straffe etter 85 minutt. I ein duell inne i boksen får Frank Robert ein dytt i ryggen før ballen sprett opp i handa hass, og me får etter vår meining ein noko hardt idømt straffe i mot. Den set heimelaget i mål, og dermed ny spaning og 1-2.

Det vart litt hektisk mot slutten, men me haldt unna og kunne jubla for 3 særdeles herlige poeng i opningsrunden.

Sluttord

Det er berre lækkert å ta med seg 3 poeng i årets fyrste seriekamp. Spesielt herleg å ta med seg 3 poeng når reisa er så lang, og me fleire gonger før har reist tomhendte heim frå Dale trass god innsats. Det er òg imponerande når me ser på grunnlaget vårt til denne kampen. Ein elendig generalprøve før i veka, ikkje allverda med treningsgrunnlag og mange spelarar ute gjorde ingenting i dag, for me klarde likevel å nedkjempa eit heimelag med ambisjonar om øvre halvdel.

Spelarane våre vart slitne mot slutten, noko årets fyrste økt på gras må ta litt skulda for. Me spelte i dag ein veldig god kamp defansivt noko vårt eminente midtstopparpar Frank Robert og Kenneth skal ha mykje æra for. Spesielt Frank Robert kom inn på kort varsel og var banas beste spelar i dag. Framover utnyttar me det som er vår force, nemleg raske overgangar og dødeleg effektivitet framfor målet.

Trenar Emil Heggestad gjer òg Frank Robert ekstra skryt, men han er òg raskt frampå og rosar heile laget for ein herleg kamp.

No gler me oss alt til neste helg og forsettinga av årets sesong.

VIL-STJERNA

Ny sesong, og spelarane startar med blanke ark og null VIL-stjerner. Den fyrste som får dela ut stjerner er Nils Tore Heggestad. Han var på helgatur til hytta si i Askvoll, og kombinerte dette med Veitastrond kamp på Dingemoen. Årets fyrste stjerner går til;

óóó Frank Robert Værn
óó Øivind Kristiansen
ó

Rune Frækaland


Kampfakta;

22.04.12; Dale - Veitastrond 1-2 (0-0)

VIL; Øivind - Rune, Frank Robert, Kenneth, Glenn Thomas - Emil, Kurt, Olai (Karl Jomar) - Åsmund, Frode, Ivan (Øystein)

0-1 Ivan (Frode)

0-2 Frode

1-2 x str.

Gule kort; Kenneth og Kurt på VIL, eit par saman på Dale

Raude kort; Ein på Dale

Dommar; Tor Henning Mardal (god)

Sjå fleire bilder frå kampen HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com