Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Balestrand - Veitastrond 5-1

Dagens kamp for Veitastrond var omtrent like heilsvart som bortedraktene me nytta i dag. Ein særdeles trasig 1.omgang øydela dagen, og heimelaget leia fullt fortjent 4-0 til pause- Etter kvilen heva VIL seg, men ein jamnspelt 2.omgang hjelp lite når sluttresultatet vart 5-1. Heilt klart ein stor nedtur både poeng- og prestasjonsmessigt ifrå den flotte serieopninga me hadde mot Dale forrige helg. Kampen vart endå trasigare med tanke på at Øivind og Kurt måtte forlata bana tidleg i 1.omgang med skade, og det heile toppa seg då spelande trenar Emil vart utvist mot slutten av kampen. Heilt klart mykje å setta fingeren på og jobba vidare med etter dagens kamp - kanskje litt meir enn det me kunne ynskja.

Forutsetningane var imidlertid strålande på denne søndagen. Kanonvær på Kreklingen gav oss fine speleforhold på ei knallhard kunstgrasbane som strengt tatt byrjar å gå av moten. Veitastrond reiste til Balestrand med ein tropp på heile 16 mann, og me var langt betre rusta enn sist helg. Med tanke på at denne kampen på papiret skulle vera lettare enn mot Dale, så gjekk me heilt klart på bana for å ta med oss 3 poeng heim.

Veitastrond stilte med følgande lag i ein rein 4-4-2;
                          Gøran
Rune - Frank Robert - Øivind - Glenn Thomas
             Olai - Emil - Kurt - Åsmund
                     Frode - Ivan

1.omgang

Opningsminutta er jamnspelte på Kreklingen der begge lag har tillaup til sjansar. Veitastrond er nærmast når Frode nesten kjem seg fri åleine med keeper, men blir takla ut til corner. Deretter hadde Åsmund ein heading som gjekk hårfint over.

Balestrand hadde og sjansar, og det var dei som scora kampens fyrste mål etter 11 minutt. Eit langt oppspelt mot kanten av 16-meteren, og Gøran kjem ut. Han blir akkurat for sein, og deira spiss rundar keeper og set ballen i mål frå skrå vinkel og dermed 1-0.

Sekundar etter 1-0 får Veitastrond si største sjanse i 1.omgang. Frode blir spelt heilt igjennom, men han avsluttar rett på keeper og ballen går til utspel til mål. Veldig nære utlikning der, som kanskje kunne gitt eit anna kampbilete.

Balestrand spelar tøft, og av og til litt for tøft spør du oss. Etter ca 20 minutt så blir Kurt lagt i bakken for 2.gong, og denne gongen så hardt at vår viktigaste spelar lyt forlata bana med skade. Sjølvsagt utan at dagens dommar Ragnar Åmodt er i stand til å gje det gule kortet. Gisle kom inn for Kurt.

Veitastrond mista no totalt grepet på kampen, og Balestrand tok over det meste på Kreklingen. Dei produserte fleire store sjansar før dei la på til 2-0 etter 27 minutt. Etter litt klabb og babb etter ein corner så ser det fyrst ut som at Gøran gjorde ein fantastisk redning som hindra mål, men den hadde vore over streken og linjedommaren vinka for mål. Me såg ikkje dette, men antek at det var riktig sidan det ikkje kom store protestar frå Veitastrond sine spelarar.

Balestrand heldt fram med å spela røft, og på Øivind måtte dei òg ha to forsøk før dei klarde å få han av bana. Richard erstatta ein haltande "Bolt".

Etter 37 minutt får Balestrand 3-0. Ein framspel på høgre blir dunka på direkte volley, og går over hovudet på Gøran òg i mål. Ei flott scoring frå heimelaget.

Veitastrond går totalt i oppløysing i denne perioden, og etter 41 minutt går dei opp i 4-0. Balestrand glir igjennom forsvaret vårt, og dei får alt for enkelt setta inn sitt fjerde for dagen.

Laga går til pause på 4-0, som er fullt fortjent. Veitastrond opna greit, men fell i saman som eit korthus utover i 1.omgang. Mot slutten så blir me løpt i senk av eit godt heimelag, og dei er nok nærare 5-0 enn me er redusering.

Me blir einige om å ligga meir kompakt mellom ledda, og spela langt meir kynisk i 2.omgang.

2.omgang

Veitastrond er langt meir med etter kvilen, og me får ein jamnspelt omgang.

Det er imidlertid Balestrand som på ny får eit mål etter 51 minutt. Ein balestrending er tøffast inne i feltet på ein corner og headar kontant inn 5-0.

58 minutt; Øyvind kjem inn for Olai.

Etter 66 minutt får Veitastrond si einaste scoring for kvelden. Frode passa ballen inn til Gisle som drog av ein mann før han sette den utagbart i motsatt hjørne. Ei flott scoring av Gisle, som dermed opna målkontoen for VIL.

Like etterpå fekk me ein ny stor sjanse når Åsmund spelte nydeleg igjennom til Frode, men vår spydspiss avslutta utanfor frå god posisjon. I pausen lova Frode at han skulle spandera Pin Up is på heile gjengen om me vann 2.omgangen. Han hadde rekna litt på dette i byrjinga av omgangen, og fann ut at dette vart meir kostbart enn han fyrst anslo. Derav denne bommen altså...

Ein dramatisk situasjon etter 80 minutt. Tilsynelatande ut av det blå så snur vår spelande trenar Emil seg og slår til Balestrand sin spelande trenar Johannes Nilsson. Han går i bakken, og Emil får direkte raudt kort. Iflg Emil så kom Nilsson opp i ryggen på han, og han kjendte det som eit slag/kne. Emil reagerte då spontant med å slå mostandaren i magen. Uansett kva som skjedde i forkant her så er det ingen tvil om at denne typen hendingar er noko me i VIL-fotball ikkje ynskjer å identifisera oss med. Rullegardinga gjekk ned eit augneblink for Emil, og han la seg paddeflat både ovanfor Nilsson, Balestrand og eigne spelarar etter kampen. Det raude kortet var soleklart, og diverre blir me no utan vår midtbanestrateg ei stund framover.

Like etterpå fekk Balestrand ei scoring annulert for offside. Ellers skjedde det ikkje så myke i sluttminutta, anna enn at Øyvind vart den tredje spelaren som måtte ut med skade etter ei ny tøff takling frå heimelaget. Øivind fekk ståande applaus då han kom utpå bana og bar den skada og langhåra hippien ut på sidelinja.

Kampen ebba ut til 5-1 siger i favør Balestrand.

Sluttord

Heilt klart ein skikkeleg nedtur for Veitastrond dette. Resultatet seier sitt, og det er ein tankevekkar at me blir så til dei grader overspelt i store deler av 1.omgang. Me har ikkje fokus på det me skal gjera, og me mistar totalt grepet over det me driv med.

Laget skal ha honnør for å reisa seg etter kvilen, men det er kanskje ein mager trøst når ein tapar 5-1. Det er noko med dette å nytta ein solfylt søndag ute i Balestrand, som virkar så totalt meiningslaust når innsatsen er slik den var i dag.

Ekstra trasigt i dag at Emil vart utvist og blir ute nokre kampar. I tillegg fekk me skadar på Øyvind, Øivind og Kurt. I tillegg til at Gisle sleit med sin beinhinnbetennelse mot slutten. Forhåpentlegvis er desse klare til neste helg...

Neste helg ventar Fjøra òg då lyt nivået opp mange hakk for at det ikkje skal gå riktig ille.

Me takkar Balestrand for kampen, og dei imponerte oss heilt klart. Dei har eit hardtarbeidande og robust lag, med enkeltspelarar som set ein ekstra spiss på det heile. I dag vann dei fullt fortjent, og me gratulerar dei med sine fyrste 3 poeng i 4.divisjon. Kampen i dag var til tider tøff med mange harde taklingar, men tonen var likevel god etter kampen - nett slik det skal vera...

VIL-STJERNA

Det var eigentleg Geir Aardal som skulle dela ut stjerner i dag, men han var oppteken med barnepass og fekk ikkje med seg mykje av kampen. Me ga derfor ansvaret til Kurt Heggestad, som diverre måtte sjå det meste av kampen frå sidelinja grunna skade. Dagens stjerner går til;

óóó Richard Nes
óó Åsmund Øgar
ó

Ivan Jokic


 
Kampfakta;

29.04.12; Balestrand - Veitastrond 5-1 (4-0)

VIL; Gøran - Rune, Frank Robert, Øivind (Richard), Glenn Thomas - Olai (Øyvind), Emil, Kurt (Gisle), Åsmund - Frode, Ivan.

Ubenytta reservar; Severing og Morten. Begge vart spart då dei har slitt med skade.

1-0 x

2-0 x

3-0 x

4-0 x

5-0 x

5-1 Gisle (Frode)

Gule kort; Frank Robert og Gisle på VIL. Muligens nokon på Belehalli FC òg.

Raudt kort; Emil på VIL

Dommar; Ragnar Åmodt med assistentar (som vanleg full sirkus når Raggen dømmar)

Sjå fleire bilder frå kampen HER

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com