Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Fjøra - Veitastrond 6-2

Fjøra vann kvar omgang med siffera 3-1 i Sognahallen i dag, og sikra seg dermed ein komfortabel 6-2 siger mot Veitastrond. Fjørene var stort sett hakket vassare i det meste som føregjekk ute på bana og det var lite å seia på at poenga vart att i Sogndal. Veitastrond på si side gjennomførte heiderleg innsats mot eit betre lag, og me føler at me tapar med stil og framleis kan gå med hovudet heva. I ein liten periode mot slutten av 1.omgang følte me at me hadde taket på heimelaget på stillinga 2-1, men diverre fekk me ein i fleisen rett før pause og etter det vart det aldri særleg spanande for den nøytrale tilskodar inne i Hallen.

Veitastrond hadde 15 mann tilgjengeleg i dag, og starta med følgande 11 i ein 4-5-1 formasjon;

                          Morten
Øyvind - Frank Robert - Kenneth - Glenn Thomas
  Kurt - Ole Petter - Richard - Severin - Åsmund
                             Ivan

Av desse så fekk Morten og Severin sine offisielle debutar.

Taktikken vår i dag var å ligga lågt og kompakt, og ikkje sleppa Fjøra for lett til. Når me fekk tak i ballen skulle me snarast få denne framover på bana, og satsa på hurtige overgangar anført av vingane våre.

1.omgang

Som venta så gjekk Fjøra i strupen på Veitastrond frå start og dei hadde nok som mål å punktera denne kampen så snygt det lot seg gjera. Dei hadde òg nokon store sjansar innleiingsvis, men VIL var både dyktige og heldige som haldt unna.

Etter ca eit kvarter av kampen så må Severin diverre forlata bana då han fekk ny føling med strekk. Gisle kom innpå for han.

20 minuttar er spelt når Fjøra omsider får hol på byllen. Eit langt oppspel på høgre vart slått inn i boksen der rikskjendis Stian Solberg står klar og tappar ballen i mål frå 2 meter.

Like etterpå får Veitastrond sin fyrste ordentlige sjanse når Ole Petter blir lagt i bakken like utanfor 16-meteren. Me får frispark som Kurt tek, men diverre går det rett på keeper.

25 minutt er spelt når Fjøra frå frispark. Dette vert slått ved sidan av muren og i det lengste hjørne og den går i mål og dermed 2-0.

No kunne ein frykta at Veitastrond hadde kollapsa heilt, men dette skjedde ikkje. Berre to minutt etter 2-0 scoringa så bryt Veitastrond på midten, og ballen sprett i Ivan som er litt heldig som får flikka den igjennom til Kurt. Han kjem åleine med keeper og scorar sikkert til redusering 2-1.

Veitastrond fekk no blod på tann, og hadde sin absolutte beste periode i kampen etter denne reduseringa. Me pressa Fjøra til å gjera feil og skapte og nokre store sjansar. Blant anna fekk me eit par frispark i god posisjon, som me ikkje tok godt nok vare på. I tillegg fekk Ivan ein god sjanse då han vart spelt igjennom av Kurt, men frå ca 16 meter gjekk skotet utanfor.

Rett før pause så får diverre Fjøra eit nytt mål. På ein corner så pressar dei alle mann innanfor 5-meteren og inne i boksen ragar Daniel Fylling høgast og han stangar inn 3-1. Synd å få den i mot rett før pause.

Laga gjekk dermed til pause på stillinga 3-1. Fortjent leiing til Fjøra sjølvsagt, men veldig synd at me ikkje utnyttar den gode peridoen vår betre og veldig synd med det siste målet. Veitastrond står på og jobbar, men det blir kanskje litt vel oppjaga når me får ballen.

2.omgang

Det vart kanskje ikkje fullt så innhaldsrikt i 2.omgang. Kampen bar preg av at Veitastrond sine spelarar vart slitne og at Fjøra ikkje satsa 100% framover.

60 min; Olai kjem inn for Ole Petter

75 min; Det vert stopp i spelet då Marius Hilleren spring inn på bana. Han vert snappa opp av Tom Wolff Navarsete som ber han utover sidelinja. 3 år gamle Maruis er ein del av Veitastrond sitt ungdomsakademi, men lyt nok venta nokre år til før han får spela med dei vaksne gutane ;)

Me måtte spela heilt til det 79. minutt før fyrste mål i 2.omgang kom. Ein corner vart skrudd inn i feltet der Vegard Fardal Nes raga høgast og han heada den så vidt over streken til 4-1.

85 min; Rune kjem inn for Øyvind. Frank Robert får æra av å vera kaptein nokre minutt.

Rett etter byttet vårt så scorar Fjøra igjen. Anders Helle skyt frå 20 meter og den snik seg i mål via fingertuppane til Morten. 5-1.

Kan vel seia at VIL-forsvaret opna seg mot slutten av kampen, og berre minuttar etter 5-1 så scorar dei på ny. Eit utkast frå Morten vart brote av Fjøra og dei spelar klikk klakk igjennom Veitastrond sitt bakre ledd, og scora 6-1.

Heilt på slutten så fekk Veitastrond ei ny redusering. Kurt kom åleine mot keeper, og snappa ballen rett før deira sisteskanse som svarte med å fella Kurt. Klar straffe, og denne satte Ivan sikkert inn og fastsatte sluttresultatet til 6-2.

Sluttord

Kampen i dag vart kanskje litt som forventa. Veitastrond stod godt defansivt og klarde til dels å kjempa Fjøra ut av stilen. Diverre så haldt det ikkje heilt inn, og me rakna litt mot slutten som gjorde at resultatet vart vela stygt. Uansett er det ikkje så mykje å skamma seg over, då me i dag møter eit lag som er mykje betre enn oss og har ei treningsmengde og seriøsitet som overgår oss på alle punkt.

Kampen i dag var mange hakk opp ifrå det me presterte mot Balestrand. I dag viste spelarane ein innsats som dei kan vera stolte av, og me trur at alle som var utpå der iført blått sprang så mykje dei orka og vel så det. Reint prestasjonsmessigt så var me kanskje ikkje heilt på topp, men dette skal kanskje eit godt og aggresivt Fjøra ta sin del av skulda for.

Neste helg opnar me Leikvoll for sesongen, og då vonar me at me skal klara å henta med oss poeng igjen.

Fjøra står no med 9 av 9 moglege poeng, og me er ganske så sikre på at dei kjem til å bli verande i toppen sesongen ut. Me blir ikkje særleg overraska om dei snyt Sogndal 2 for opprykket når me er komne til oktober månad. Me takkar dei for kampen, og ynskjer lukke til vidare på ferden.

VIL-STJERNA

I dag var det ein gammal stjerneutdelarslugger som fekk ansvaret. Arvid Heggestad var som vanleg på plass når Veitastrond spelar kamp, og han fekk denne byrden på seg i dag. Han meinte at følgande spelarar var VIL sine beste i dag;

óóó Kurt Hegegstad
óó Glenn Thomas Nilsen
ó

Øyvind Lien


Kampfakta;

06.05.12; Fjøra - Veitastrond 6-2 (3-1)

VIL; Morten - Øyvind (Rune), Frank Robert, Kenneth, Glenn Thomas - Kurt, Ole Petter (Olai), Richard, Severin (Gisle), Åsmund - Ivan

Ubenytta reservar; Runar.

1-0 Fjøra

2-0 Fjøra

2-1 Kurt (Ivan)

3-1 Fjøra

4-1 Fjøra

5-1 Fjøra

6-1 Fjøra

6-2 Ivan str.

Gule kort; Glenn Thomas og Kenneth på VIL, 2 på Fjøra.

Dommar; Per Oddvar Lien m/assistentar (ok)

Flerie bilder kan du sjå HER

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com