Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Jølster 0-3

Dagens kamp på Leikvoll vart akkurat så tett og jamn som me spådde i går, men diverre så var det bortelaget Jølster som til slutt trakk det lengste strået. Etter ein mållaus 1.omgang der VIL var nærmast då me bomma på straffespark, så scora Jølster på sine sjansar etter kvilen og tok etterkvart ein komfortabel siger. Dette var ein slitekamp der det lenge såg ut som at det laget som scora fyrst ville vinna. Slik vart det òg, men berre så forterande for dei heilblåe at det ikkje var oss.

Veitastrond gjekk ut i ein 4-3-3 formasjon, som såg slik ut;

                           Morten
Rune - Frank Robert - Kenneth - Glenn Thomas
            Ole Petter - Richard - Åsmund
                 Frode - Ivan - Kurt

Fyrste kamp på Leikvoll for sesongen er alltid ein højdare. Grasmatta var grøn, og matta holdt godt gjennom samtlege 90 minuttar. Ikkje det beste vårværet på Veitastrond i dag, og utvoer kampen så tok det til å blåsa og det vart retteleg utriveleg på stadion etterkvart.

1.omgang

Ikkje rare greiene å melda frå ein særdeles sjansefattig omgang. Her snakkar me stillingskrig der det var slått mange lange ballar som gjekk heilt inn til keeper. Det vart mykje nesten sjansar, men sjeldan det vart direkte farleg.

Etter 28 minutt så måtte Ivan forlata bana med føling på beinhinnbetennelse. Gisle kom då inn for han.

Det desidert mest dramatiske som skjedde før kvilen kom etter 42 minutt. Frode blir hekta inne i feltet, og dommaren dømmer straffe. Frode tek sjølv straffen, men keeperen gjettar på riktig hjørne og reddar meisterleg forsøket frå Frode.

Like etterpå bles dommaren av til pause. Veitastrond er nesten der me skal vera, men me manglar det vesle ekstra. Noko av det samme sa sikker Jølster sin trenar til sine spelarar, for dette var ein keisam og jamnspelt 1.omgang.

2.omgang

Det skjedde betydeleg meir etter kvilen, og det er berre spelt 3 minutt når me får ein gedigen sjanse. Kurt blir spelt åleine igjennom mot keeper, men Jølster sin sisteskanse får ei hand på ballen og den går ut til corner. Den såg i allefall underteinka i mål.

53 minutt og Jølster slår ein lang ball inn i VIL sin 16-metern. Det ser ut som me har full kontroll, men når Kenneth skal heada ballen tilbake til keeper så blir den for svak. Jølster sitt fyrtårn Arvid Bakke snappar ballen og set den enkelt i mål til 0-1.

Etter ca 60 minutt skrik Veitastrond på straffe etter ein hands inne i feltet, og rett etterpå er det Jølster som vil ha straffe då dei meinar ein spelar blir felt inne i boksen. Begge tilfella er i grenseland, men dommaren avviser begge så då får det vera greit.

68 minutt; Rune går ut, og inn kjem Olai.

Veitastrond får ein ny stor sjanse etter 72 minutt. Gisle skyt frå ca 16 meter, og ballen trillar mot mål men diverre går den i stolpen og opp i nevane på keeper. Utruleg synd at den ikkje går i mål, og dermed hadde me 3 store sjansar i kampen utan mål.

Etter 79 minutt så er det Jølster som kjem framover. Dei er langt meir effektive enn heimelaget. Ballen blir spelt inn i boksen, og etter litt klabb og babb får dei avslutta og ballen går i mål til 0-2.

Berre minuttar etterpå blir ein Jølster spelar spelt igjennom. Han rundar keeper og set den i tomt bur til 0-3.

Med 0-3 i sekken kan me vel sei at lufta gjekk ut av VIL-ballongen, og Jølster kontrollerte inn til 3 poeng i sluttminutta.

Heilt på slutten så kom Karl Jomar og Øystein inn for Richard og Glenn Thomas.

Dommaren blas like etterpå av kampen, og Jølster kunne jubla for 3 poeng og 3-0 siger.

Sluttord

Me har vel nevnt i heile referatet at dette var ein jamn og tett kamp, med mykje stillingskrig. Reint sjansemessigt så er vel laga omtrent like, men skilnaden i dag er at der Veitastrond er veldig nær scoring så set Jølster sine og vinn dermed 0-3.

Veitastrond er nok ikkje heilt på topp i dag, og det var noko tamt og til tider halvhjarta innsats i duellspelet. Dersom me skal plukka poeng i denne divisjonen så lyt me nok gira opp nokon hakk, ellers kan det bli smalahans i tiden framover.

Fyrste kamp på Leikvoll er alltid spesielt, og på ei tung grasmatte vart det etterkvart tøft for både trente og utrente spelarar. Når det er sagt så nyttar me anledninga til å skryta hemingslaust av banemannskapet, som har gjort ein kjempejobb med å få bana så god som den var i dag. Me er nok òg litt uheldige med vindretninga i dag, då det tok til å blåse veldig i 2.omgang. Noko som medførte at Jølster fekk medvind, og me fekk den rett i fleisen. Utan at me skal skylda vinden for at poenga uteblei...

Dersom me skal trekka fram noko som var positivt i dag, så må det vera at potetkakene til Rakel smakte akkurat så godt som dei har smakt åra før. Trur faktisk dei attpåtil blir hakket betre for kvart år som går ;)

Me takkar Jølster for kampen, og ynskjer dei lukke til vidare med årets sesong.

VIL-STJERNA

I dag var det Stig Anders Hauge frå Voss som delte ut stjerner. Han er ein gammal kjenning for mange innad i VIL, og har òg spelt for Jølster, så han hadde i dag ein fot begge leirar. Stig Anders sitt valg falt på følgande;

óóó Åsmund Øgar
óó Frank Robert Værn
ó

Richard Nes


Kampfakta;

11.05.12; Veitastrond - Jølster 0-3 (0-0)

VIL; Morten - Rune (Olai), Kenneth, Frank Robert, Glenn Thomas (Karl Jomar) - Ole Petter, Richard (Øystein), Åsmund - Frode, Ivan (Gisle), Kurt

Ubenytta reservar; Ådne

0-1 Arvid Bakke

0-2 x

0-3 x

Gule kort; Richard og Kenneth på VIL. Par saman på Jølster

Dommar; Jarle Andersen med ass. (gode og fornuftige dommarar ;)

Sjå fleire bilder av kampe HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com