Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Lærdal - Veitastrond 0-4

Det vart eit herleg vorspiel før nasjonaldagen for Veitastrond Fotball, då me i dag vann heile 4-0 borte mot Lærdal. Dermed røyste me kjeringa etter 3 strake tap, og me er glade for å sjå at me i det minste har klart å overvinna dei to botnlaga så langt i årets sesong. Etter ein keisam og mållaus 2.omgang så tok VIL totalt over etter pause og laget ga seg ikkje før det stod 0-4 på resultattavla. Ein flott opptur for Veitastrond, som me så absolutt trengte no.

Veitastrond gjekk ut i ein 4-5-1 formasjon, som såg slik ut;

                         Morten
  Rune - Øyvind - Richard - Glenn Thomas
Frode - Runar - Ole Petter - Åsmund - Kurt
                           Ivan

Det vil seia at Øyvind og Richard dekte opp midtstopparplassane ettersom at Frank Robert og Kenneth var ute. På midtbana gjorde Runar comeback for VIL der han spelte saman med blant anna storebror Ole Petter.

Det vert snakka mykje om 16.mai fest i fotballfylket Sogn og Fjordane. Denne festen såg me ikkje mykje til inne i Lærdal i dag. Veitastrond hadde 5 tilreisande tilskodarar, og då matcha me omtrent antall heimesupportarar på stadion. Lite vits i å ha fokus på lokal 16.mai runde når flesteparten føretrekk å fylgja tippeligaen frå sofaen. Så spør du oss kan dei gjerne kutta ut denne tradisjonen, men erfaringsmessig er det sikkert ingen som høyrer med oss ;)

Kampen i dag gjekk på kunstgraset i Lærdal - ei bane me forøvrig aldri har tapt på. Skarp sol og vind var det som værgudane hadde å by på.

1.omgang

Litt som i kampen mot Jølster forrige helg så vart det ein keisam omgang før pause der ingen av laga kom til alt for mange sjansar.

Me talte ein sjanse til Lærdal då Veitastrond glipp i markeringa på eit innkast, men heimelaget sin sterke spiss avslutta heldigvis utanfor.

Veitastrond var kanskje hakket betre enn Lærdal i fyrste omgang, men det vart mykje nesten for dei blåe. Vår klart største sjanse var det Frode som fekk, men headinga hass frå 7 meter gjekk hårfint over.

Ein lite innhaldsrik omgang der me trass alt føler at dette er ein kamp me skal vinna. Viktig å gå utpå i 2.omgang å få fyrste målet i kampen. Me valgte å flytta opp laget litt til 2.omgang, og me gjekk frå ein 4-5-1 formasjon til ein som linka meir på rein 4-3-3.

2.omgang

Det var Lærdal som fekk den fyrste store sjansen etter kvilen. På ein corner fekk dei avslutta to gonger, men Morten redda meisterleg begge forsøka.

Dette var berre eit blaff frå heimelaget for det var Veitastrond som etterkvart tok over banespelet, og våre offansive spelarar med Ole Petter Hatlevoll sentralt på midtebane i spissen, fekk etterkvart verkeleg vist seg fram.

Etter 51 minutt kjem kampens fyrste scoring. Frode vinn ballen inne i boksen, og kranglar den med seg på vanleg Frodevis, rundar keeper og set ballen i mål til 0-1.

Berre to minutt etterpå er me på farten igjen. Ole Petter slår eit innlegg frå høgre inn i boksen. Der ventar Kurt som får to sjansar før han enkelt set inn 0-2.

Etter denne pangopninga på 2.omgang så kontrollerte Veitastrond kampen. Me skapte fleire store sjansar, medan heimelaget som regel slo ballen til fånyttes langt oppover i bana.

Etter 74 minutt så scorar VIL igjen. Eit vidunderleg angrep som byrjar på høgre, blir slått i klikk klakk før den endar hjå Kurt ute på venstre. Han tek med seg ballen ned til dølinja, slår 45 inn i feltet til Ivan. Han får allverda tid inne i boksen, og set ballen sikkert heilt nede til venstre for keeper.

Nokre minutt seinare så kjem ein nesten identisk scoring. Kurt blir spelt fri på venstre, slår inn til Ivan som set ballen på nøyaktig samme plass som sist og dermed 0-4.

Mot slutten gjorde VIL fleire byter, og me avslutta med Øivind og Ådne som spissar. Trass god innsats, så lukkast det ikkje dei to å få nettkjenning.

Kampen ebba ut til ein komfortabel 0-4 siger til Veitastrond.

Sluttord

Dette var ein veldig viktig kamp for begge laga, og me er særdeles glade for at Veitastrond sto opp, var det beste laget og tok ein knusande 4-0 siger. I det som var ein botnkamp så tykkjer me at me har mykje meir kvalitet innad i laget enn Lærdal har, og det føles veldig godt å vinna fotballkampar igjen.

Etter ein peridoe der me har satsa på defansiv tryggleik og kjappe overgangar, så var det godt å få den 2.omgangen me får i dag. Der me spelar ut Lærdal, og viser til tider herleg offansive takter. Våre sterkaste offansive våpen kom til sin rett då, og me har mange matchvinnarar innad i laget. Når me no etterkvart får attende alle som ikkje var med i dag så skal nok trenarduoen få plenty med såkalla luksusproblem når laget skal takast ut.

Med dagens 3 poengar så fekk me eit pusterom til laga bak oss, og me trur nok at VIL-spelarane no kan gå rakrygga i morgondagens 17.maitog.

Årets Lærdallag er ei mykje yngre utgåve enn det me har møtt, og me trur nok diverre at dei skal få slita i årets 4.divisjon. Me håpar likevel at dei klarar å røysa seg og kjem sterkare utover i sesongen. Me takkar dei for kampen, og ynskjer lykke til vidare.

VIL-STJERNA

Trenar Emil Heggestad sona sin siste kamp i dag, og fekk i den anledning æra av å dela ut dagens VIL-stjerner. På ein dag der heile laget spelte bra så trekk sjefen fram følgande;

óóó Ole Petter Hatlevoll
óó Kurt Heggestad
ó

Rune Frækaland


Kampfakta;

16.05.12; Lærdal - Veitastrond 0-4 (0-0)

VIL; Morten - Rune, Richard, Øyvind, Glenn Thomas - Frode (Karl Jomar), Runar (Olai), Ole Petter, Åsmund, Kurt (Ådne) - Ivan (Øivind)

0-1 Frode

0-2 Kurt (Ole Petter)

0-3 Ivan (Kurt)

0-4 Ivan (Kurt)

Gule kort; Ingen på VIL trur me??? 1-2 på Lærdal

Dommar; Per Oddvar Lien med ass.men (ok)

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com