Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Sandane - Veitastrond 5-4

Det vart ein forrykande fotballkamp på Idrettsplassen i Sandane i dag. Heimelaget sjokkopna òg tok leiinga etter berre 20 sekundar av kampen, og etter ca 20 minutt leia dei alt 3-0. På det tidspunktet frykta me det verste, men Veitastrond si mølle byrja etterkvart å kverne og til pause hadde me tatt innatt leiinga til Sandane og gekk i garderoben med 3-3. I 2.omgang scora Sandane to nye mål, men denne gongen klarde diverre VIL berre å redusera ein gong og me måtte reisa heim med eit surt og knepet 5-4 tap. At me skulle reisa skuffa heim frå Sandane kom kanskje ikkje som noko overrasking, men me hadde vel kanskje trudd at det var i form av eit 0-5 tap og ikkje 4-5 slik som me opplevde i dag. Alt i alt ein veldig god kamp av VIL borte mot eit av dei beste laga i divisjon, men som sagt surt å reisa heim poenglause.

Veitastrond reiste opp med 14 mann, der me starta i ein 4-3-3 som såg slik ut;

                         Morten
Rune - Kenneth - Frank Robert - Glenn Thomas
             Severin - Emil - Åsmund
               Frode - Ivan - Kurt

I Sandane venta det oss ei flott grasmatte, som me vitja for fyrste gong då me har spelt på kunstgras på våre forrige besøk her oppe. Sola skein, og det meste låg til rette for ein framifrå fotballkveld - noko det òg skulle visa seg å bli!

1.omgang

Veitastrond tok avspark i denne kampen, men å seia at me holdt ballen innad i laget særleg lenge er ei sanning med modifikasjonar. Sandane snappa ballen, spelte den igjennom til Ruben Wie som enkelt satte den i mål. 1-0 etter 17 spelte sekundar på Sandane.

Ein kalddusj for VIL, som klarde å flytta laget litt oppover i bana etter scoringa utan å skapa dei heilt store sjansane. I staden var det Sandane som dura på og det er spelt i 9 minutt når dei går opp til 2-0. På ein corner får dei etterkvart avslutta, og den går i mål.

Etter 2-0 scoringa tok Veitastrond over litt av spelet i kampen og me hadde fleire tillaup til sjansar. Kurt hadde eit par forsøk, og i tillegg hadde Ivan og Severin avslutningar på mål.

Det var difor synd at heimelaget nok ein gong scora, og denne gongen altså i ein god VIL-periode. Eit flott Sandane-angrep blir avslutta nydeleg frå 10 meter og i mål til 3-0.

3-0 etter 21 minutt borte mot Sandane lova ikkje bra. Liten tvil om at me på dette tidspunktet frykta det verste.

22 minutt; Severin må nok ein gong forlata bana med strekkskade. Innpå kjem Gisle.

Ut av det blå så starta Veitastrond ei opphenting som me knapt har sett makan til i vår vesle historie.

24 minutt; Frode snappar ballen på Sandane si banehalvdel. Tek den med seg og scorar enkelt til redusering 3-1.

3 minutt seinare så kjem VIL igjen. Kurt tek med seg ballen ned til venstresida. Legg den inn i midten til Frode som scorar sitt andre på 3 minutt, og dermed 3-2 og ny spaning i kampen.

Etter 3-2 kom ein periode der spelet bølga fram og tilbake utan at nokon klarde å omsetta sjansar til mål.

Så etter 39 minutt får VIL corner. Denne blir slått presist frå Emil, og inne i boksen ventar Frank Robert som kontant stangar ballen i mål til 3-3. Eit utruleg comeback, og me trur knapt det me ser.

Heilt på slutten av 1.omgang fekk Frank Robert ein ny sjanse på corner, men denne gongen fekk Sandane avverga. Nesten 3-4 der.

Laga gjekk til pause på 3-3 etter ein forrykande 1.omgang. Sandane var det beste laget i fyrste halvdel og spelemessigt var dei kanskje hakket betre enn oss jamt over. Likevel visste Veitastrond kva kvalitetar som bur i laget offansivt, og me var dødeleg effektive framover. Litt synd at me gjer dei nokre mål som i våre auge var i kategorien billigsalg.

I pausa var forøvrig Odd-Bjørn Hjelmeseth ute på bana og delte ut noko prisar. Dette var truleg eit påskot for verdsmeistaren for å få sjansen til å sjå VIL-fotball i levande livet

2.omgang

Kunne Veitastrond halda unna etter pause, og kunne laga gje publikum ein like underhaldane 2.omgang? Svara på begge spørsmåla skulle visa seg å bli njaa skråstrek tja...

2.omgang er berre nokre minuttar gammal når Sandane sitt forsvar feilar, og gjer ballen til Ivan. Han fossar mot mål, men blir diverre stoppa i siste liten.

Så er det klart for yngste mann Wie på Sandane. Etter 50 minutt så spelar dei seg enkelt igjennom VIL sitt forsvar, og Mads Wie ventar inne i boksen og scorar til 4-3.

Berre to minutt etterpå er samme mann på farten igjen (eller "on the fart" som dei seier borte i statane) Denne gongen kjempar han til seg ballen ute på kanten før han bankar den i mål frå skrått hald, og dermed 5-3.

Ein ny kalddusj for VIL, og jakta på eit nytt comeback starta.

58 minutt; Kurt vinn til seg ballen i boksen til Sandane. Han tek med seg ballen og scorar sikkert. Ein flott prestasjon av Kurtn og dermed 5-4, og nok ein gong ny spaning i kampen.

Med 30 minutt att av kampen ville nok dei fleste vore villige til å satsa pengar på fleire scoringar i denne kampen, men utruleg nok så kom det ikkje fleire mål.

Dette til tross for at begge lag hadde fleire gode sjansar. Veitastrond sitt angrep med Kurt Heggestad i spissen skapte mykje hovudbry for heimelaget, men det lukkast oss ikkje å få den siste forløysande scoringa som hadde vore så utruleg smakfull å ta med seg heim.

Skal òg nevnast at Morten var nede med skade i ca 3 minutt då han etter ein duell byrja å blø naseblod. Han kom set etterkvart attende i målet.

Til trass for langt skadeavbrekk så la ikkje dommaren til meir enn ca 4 minutt, og Veitastrond måtte bita i det usedvanleg sure eplet og ta til takke med 4-5 tap.

Sluttord

Borte mot eit av 4.divsjon sine beste lag var dette truleg års beste av Veitastrond. Me viste i dag kva som bur i laget både i form av kvalitet og moral. Å komma attende frå 0-3 er ein prestasjon uansett motstandar, og særleg borte mot Sandane.

Veitastrond torde i dag å stola på eigne ferdigheter og dette ga utspel i ein flott gjennomført kamp, der me har mykje å by på offansivt. Dei tre spissane våre synte i dag prov på klasse, og anført av ein glitrande Kurt så var me konstant farlege når me var i angrep.

Synd at me ikkje får med oss fortjente poeng i dag, men mest synd for Kaupanger som må lida neste helg når dei møter eit Veitastrond proppfullt av sjølvtillit og revansjelyst etter dagens prestasjon. Då skal Fort Leikvoll takast att!

Me takkar det gode og sympatiske Sandane laget for kampen. I dag leverte dei to laga ein fotballkamp som inneheld det meste ein kan ynskja seg av ein lokal fotballkamp med masse mål, sjansar og spaning til siste slutt. Det var ikkje antydning til stygt spel, og dagens dommar hadde ein enkel jobb med å leia kampen. Me takkar for kampen, og ynskjer lukke til vidare ;)

VIL-STJERNA

I dag var det ein av Veitastrond sine mest trufaste støttespelarar Hildegunn Heggestad som delte ut stjerner. Hennas blinkskot fall på;

óóó Kurt Heggestad
óó Frode Kvam
ó

Ivan Jokic


Kampfakta;

25.05.12; Sandane - Veitastrond 5-4 (3-3)

VIL; Morten - Rune (Øivind), Frank Robert, Kenneth, Glenn Thomas - Severin (Gisle), Emil, Åsmund - Frode, Ivan, Kurt

Ubenytta reservar; Karl Jomar

1-0 x

2-0 x

3-0 x

3-1 Frode

3-2 Frode (Kurt)

3-3 Frank Robert (Emil)

4-3 x

5-3 x

5-4 Kurt

Gule kort; Frank Robert på VIL

Dommar; Kai Inge Fløde med linjemenn (gode)

Fleire bilder frå kampen kan du sjå HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com