Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Kaupanger 2-1

Veitastrond drog i land ein usedvanleg herleg 2-1 siger då me i dag sendte Kaupanger utatte på Skogen med 0 poeng. Kampen vart akkurat så tett og jamn som me hadde sett føre oss med masse duellar og lite finspel. Kampbilete var jamt fyrste 60-70 minuttane, men på slutten satte Kaupanger inn ein skikkeleg sluttspurt og at dei ikkje scora fleire mål i dag var godt gjort. Slik sett ikkje desto mindre herleg for oss at me til slutt sit att som sigerherrar, og no passerar Kaupanger på tabellen. Eit skår i gleda i dag at vår toppscorar og dagens matchvinnar Frode Kvam gjekk av med ein skade, og det vert frykta eit avrive leddbånd.

Bortsett frå ein kald vind så låg det meste til rette for ein flott fotballdag på Leikvoll i dag. Veitastrond - Kaupanger er eit skikkeleg lokaloppgjer, som dei siste åra har samla mykje tilskodarar, og sjølvsagt vart det servert rømmagraut i kiosken.

Begge lag hadde bortimot fulltallige mannskap tilgjengeleg til denne kampen, så her skulle me verkeleg få sjansen til å måla krefter om kven som var best. Veitastrond sine 11 utvalgte var;

                       Morten
Øyvind - Kenneth - Richard - Glenn Thomas
          Emil - Ole Petter - Åsmund
             Frode - Ivan - Kurt

1.omgang

Det er ikkje spelt mange minuttane før Kaupanger får kampens fyrste scoring. Ein kommuniksjonsvikt i bakre ledd gjer at Kenneth headar ballen inne i boksen rett framfor eigen keeper. Ballen går til ein KIL-spelar som får ein enkel jobb med å setta ballen i ope mål, og dermed 0-1.

Ikkje noko ynskjestart akkurat, men Veitastrond kom etterkvart meir med i kampen. Etter 20 minutt får me ein stor sjanse når Ole Petter avsluttar frå 10 meter, men den går i stolpen. På returen så får Frode til ein blanding av skot og innlegg som går like utanfor.

Kaupanger hadde òg sine sjansar, og fekk ein parade med avslutningar etter ein corner, men VIL spelarane ofra seg og redda meir eller mindre på streken 3-4 gonger på rappen.

Det såg ut som at 1.omgang skulle ebba ut med det eine målet ettersom at ingen av laga skapte alt for mykje mot slutten. Men så nesten utifrå ingenting så vaknar Veitastrond. Glenn Thomas får etter 40 minutt ballen på eigen halvdel, tek den med seg fram og slår ein perfekt stikkar til Frode. Han slår innatt i feltet til Emil, som dunkar ballen i nærmaste hjørne frå 10 meter, og dermed balanse i rekneskapen og 1-1.

Minuttar etterpå får Veitastrond corner. Denne blir slått på bakerste der Åsmund får til ein slags avslutning på volley som går i bakken og inn på bakerste. Der ragar Frode høgaste og headar ballen enkelt i mål frå 1 meters hald. På nokre få minutt hadde altså Veitastrond snudd kampen og leia 2-1.

Like etterpå blas dommaren til pause. I ein jamn fotballkamp så leia VIL 2-1. Ingen av laga skapar allverda, men me er dødeleg effektive når me får sjansen og greit nok at me har kampen i vår hule hand etter halvspelt kamp.

2.omgang

Kaupanger gjekk som i 1.omgang ut etter pause i 100 i håp om å overrumpla heimelaget. Dette klarde dei ikkje heilt i innleiinga, og det fyrste kvarteret gjekk føre seg utan dei heilt store sjansane.

Etterkvart så opna kampen seg litt meir, og Veitastrond sine spelarar byrja å bli slitne. Kaupanger satte inn eit ekstra trøkk, og at dei ikkje scorar mål i siste 20-25 minutta lyt me berre prisa oss lukkeleg for.

Me hugsar ikkje heilt rekkefølge, men kan ta med nokre av sjansane KIL skapte;

- Jarle Ims hadde 3 veldig gode frispark, som alle vart meisterleg redda av Morten. Skikkeleg Ronaldo dupp i skota, og veldig bra av vår keeper å ta desse.

- Geir Erik Røysi hadde ein susar frå 16-meter som small i tverrliggaren.

- Kaupanger sin spiss vart spelt igjennom, tok seg til dølinja og la inn, ballen gjekk forbi keeper, men inne i feltet var Kenneth fyrst på og den spratt ut til corner. Tilfeldighetar at ikkje Kenneth set den i eige mål.

- På eit innlegg frå venstre er ein KIL-spelar høgaste inne i feltet, men han headar utanfor frå god posisjon på 5-meter.

I tillegg hadde dei fleire frispark i innleggsposisjon, og mange lange innkast som skapte fleire gode avslutningar og farlege situasjonar inne i feltet vårt. Til liks med dei alle var at vår keeper eller forsvar fekk avverga, eller at avslutningane vart for dårlege.

På ein corner 10 minutt før slutt så landar Kenneth oppå foten til Frode. Storscoraren vår må gå av med skade, og diverre så fryktar me eit avrive leddbånd og då blir det lang tid på sidelinja for Frode. Me kryssar fingrane for at det ikkje er så alvorleg, og at han snart er attende på bana.

Veitastrond hadde òg nokre sjansar på overgangar. Nærmast kom Kurt då han dunka ballen frå 16-meter, men keeper redda det gode skotet.

Heilt på slutten så vart Kurt spelt igjennom, men han vart halden av ein KIL-spelar heile vegen før han til slutt vart dregen ned. VIL fekk frispark, og KIL spelaren gult kort, men her meinar me at han skulle fått det raude. Kurt er åleine igjennom om han ikkje blir hindra, og kunne då ha avgjort kampen ein gong for alle.

Det lukkast ikkje bortelaget å få hol på byllen i 2.omgang, og Veitastrond kunne til slutt dra i land 3 herlege poeng.

Sluttord

I dag lyt me innrømma at me hadde marginane på vår side, for kampen sett under eit var nok Kaupanger det beste laget og hadde desidert flest sjansar. Den fyrste timen er det jamnspelt, men mot slutten set dei altså inn ein skikkeleg sluttspurt der me ikkje heng heilt med. Me får prisa oss lukkeleg for at dei ikkje klarar å putta den i mål etter pause, men det er ikkje ulovleg å vera heldige så dette tek me sjølvsagt med oss.

Skal seiast at Veitastrond legg ned full innsats i dag, og me føler at me gjer publikum valuta for pengane. Me var bra med i duellspelet i dag, og stilte opp i krigen mot Kaupanger. Framover er me som vanleg dødeleg effektive, og me scorar to flotte mål på tampen av 1.omgang.

Me står no med 9 poeng etter 7 seriekampar, og lyt oss seia godt nøgde med det. Det har vore kampar der me tykkjer me skulle hatt poeng, og difor godt å få 3 poeng i ein kamp som denne då kanskje motstandaren sat att med ei kjensle at dei ikkje fekk godt nok betalt for innsatsen sin.

Flott å sjå at så mange møter opp til kamp på Leikvoll på ein vindfull søndag som dette. Det var 150 betalande, og med ungar, hundar, spelarar og dommarar så antek me at det var godt over 250 personar på Leikvoll i dag. Det lyt vera bra i ei bygd med kring 100 fastbuande. Dette gjer òg sjølvsagt klingande mynt i kassen, og me takkar alle frammøte og ynskjer dykk velkommen attende ;)

Me takkar Kaupanger for ein flott fotballkamp, og vonar me får oppleva fleire slike kampar på Leikvoll. Me ynskjer dei lukke til vidare med årets sesong.

VIL-STJERNA

Even Kvam står framleis oppført som Veitastrond sin kaptein, til tross for at han ikkje er fullt så aktiv lengre. I dag var han tilskodar, og hadde attpåtil bursdag. Sjølv om han sikkert trur han er 22 sjølv så vart i dag krudlehedna oppe på Leite 35 år om me har rekna rett. I bursdagspakke frå oss fekk han dela ut dagens VIL-stjerner, som gjekk til følgande;

óóó Emil Heggestad
óó Richard Nes
ó

Morten Nes


Kampfakta;

03.06.12; Veitastrond - Kaupanger 2-1 (2-1)

VIL; Morten - Øyvind, Kenneth, Richard, Glenn Thomas - Emil (Gisle), Ole Petter, Åsmund - Frode (Runar), Ivan, Kurt.

Ubenytta reservar; Rune, Øystein, Espen, Karl Jomar.

0-1 x

1-1 Emil (Frode)

2-1 Frode (Åsmund)

Gule kort; Ole Petter på VIL, 1 på VIL

Dommar; Tor Henning Mardal med assistenrar (gode)

Sjå fleire bilder frå kampen HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com