Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Høyang - Veitastrond 1-1

Veitastrond spelte uavgjort 1-1 borte mot Høyang. I ein heller keisam fotballkamp der heimelaget hadde mest av både spel og sjansar, så fekk VIL med seg 1 poeng etter utlikning på straffe 10 minutt før slutt. På ein dag der me har veldig lite spelarar å velja mellom og laget ikkje fungerar optimalt så er det godt å reisa heim med poeng i bagasjen.

Det vart diverre lite folk med på kampen i dag. Berre 12 mann var tilgjengeleg, og då måtte i tillegg vår reservekeeper Espen Borlaug tre inn som spiss.

Dei 11 som starta for Veitastrond var;

                        Morten
Olai - Frank Robert - Kenneth - Glenn Thomas
        Runar - Richard - Emil - Åsmund
                   Kurt - Espen

1.omgang

Det var Veitastrond som kom best i gang på Sletta i Høyanger. Etter knappe 10 minutt får me ein stor sjanse når Emil spelar igjennom til Kurt som er åleine med keeper, men han hass forsøk på ein lobb vert redda av deira sisteskanse.

Etter den gode starten så overtok etterkvart heimelaget banespelet. Deira unge og kvikke spelarar hadde initiativet mot eit noko tungt og stasjonært VIL-lag.

Heimelaget hadde fleire gode sjansar der dei ofte kom seg rundt på kant å fekk slått inn i boksen. Deira største sjanse i 1.omgang kom når dei fekk slått ballen forbi vår keeper og mot mål, men på streken stod Glenn Thomas å fekk avverga situasjon.

Veitastrond hadde tillaup til ein god sjanse til då Espen spelte igjennom Kurt, men frå skrått hald så chippa han ballen over frå ca 16 meter.

Laga gjekk til pause på stillinga 1-1. Etter ein god og oppløftande start av Veitastrond så fall etterkvart laget attende på bana, og lot heimelaget ta over banespelet.

2.omgang

Etter kvilen så haldt kampen fram slik den enda i 1.omgang. Veitastrond vart etterkvart veldig baktunge, og me lot Høyang få spele ball langt inn på vår banehalvdel.

Likevel var det me så fekk den fyrste store sjansen. Kurt vart nok ein gong spelt igjennom, og kom åleine med keeper, men diverre så spratt ballen slik at han ikkje fekk skikkeleg kontroll og den trilla diverre inn til keeper. Ein stor sjanse for VIL der...

Høyang hadde fleire store sjansar, og etter ca 60 minutt får dei lønn for strevet. Ein av deira spelarar driblar seg igjennom det som er av forsvarar, kjem seg heilt ned til dølinja og slår på bakerste der ein Høyangspelar står klar og stupar ballen i mål. Dermed 1-0 til heimelaget.

Etter scoringa til Høyang så fekk etterkvart Veitastrond flytta laget litt lengre opp, og me klarde å angripa med litt fleire folk og meir tyngde.

79 minutt; Kurt gjer ein kjempejobb då han spring opp ein Høyangovergang, og tek ballen på midten. Diverre oppfattar dommaren det som ei felling, og Høyang får frispark og Kurt gult kort.

80 minutt; dagens einaste innbyttar Øystein kjem inn for Espen. Veitastrond la då om til 4-3-3.

Det er spelt i 83 minutt når Kurt jagar eit langt oppspelt inne i boksen. Bak han kjem ein Høyangspelar som ikkje klarar å halda fylgje, og han set då to strake armar i ryggen på Kurt som går overende. Noko unødvendig av forsvarspelaren då Kurt var på veg ut av 16-meteren, men dommaren har ikkje noko anna val enn å blåse straffe. Straffen set dagens kaptein og fus i alt Åmsund Øgar. Han trillar ballen sikkert midt i mål, og dermed utlikning til 1-1.

Mot slutten har Veitastrond fleire tillaup til sjansar, men me blir litt for upresise i siste trekk til å få fleire mål.

Heilt på slutten så fekk me ein stygg situasjon der Runar sklir inn i ein liggande keeper med to strake bein. Høyang sin siste skanse må ta ein liten pust i bakken og turka blod frå nasen, medan Runar skal vera glad at dommaren berre trekte opp det gule kortet. (dersom ein ser på blikket til Runar på bilder under, så skjønar ein kanskje at denne mannen ikkje alltid har kontroll over eigne handlingar ;)

Meir har me ikkje å rapportera om, og kampen ebba ut til 1-1.

Sluttord

Veitastrond vart nok ein gong råka av bortebanesyndromet som inneber lite folk. Då er det godt at dei som faktisk er tilgjengeleg gjer ein god innsats, sjølv om ikkje alle spelar i posisjonar dei føler seg komfortable i.

I dag så virka Veitastrond sine spelarar likevel noko tunge og mot eit ungt og oppegåande Høyang så fungerte ikkje dette optimalt. Heimelaget hadde det meste av overtaket kampen sett under eitt, og dei skapar mange sjansar dei burde ha scora på i dag.

Det er difor ekstra herleg for oss å ta med seg eit poeng på ein slik dag, og ein lang fredagstur bli så mykje betre når me ikkje kjem tomhendt heim.

Me nyttar sjansen til å gje ein ekstra takk til Olai Johnsgård som i dag spelte sin siste kamp i VIL-trøya. Me takkar for innsatsen og ynskjer lukke til vidare.

Dagens kamp føregjekk i eit flott tone mellom dei to laga, og dagens dommartrio hadde ein enkelt jobb med å dømma. Me takkar for kampen, og ynskjer Høyang velkomne til Leikvoll for fyrste gong til hausten (fjorårets heimekamp mot Høyang gjekk i Sognahallen)

VIL-STJERNA

Me tok det me hadde tilgjengeleg, og då vart dagens VIL-stjerner delt ut av dei to som sat på banken. Det vil seia Øystein Heggestad og Hildegunn Heggestad. I ein kamp der kanskje ingen brilijerar openlyst så går stjernene til;

óóó Runar Hatlevoll
óó Åsmund Øgar
ó

Emil Heggestad


Kampfakta;

08.06.12; Høyang - Veitastrond 1-1 (0-0)

VIL; Morten - Olai, Frank Robert, Kenneth, Glenn Thomas - Runar, Richard, Emil, Åsmund - Kurt, Espen (Øystein)

1-0 x

1-1 Åsmund str.

Gule kort; Kurt og Runar på VIL, ingen på Høyang

Dommar; Jonny Skjerven med assistentar (gode)

Fleire bilder kan du sjå HER

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com