Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Førde 2 4-2

Det var ein flott dag for fotball på Leikvoll i dag med overskya og lett duskregn innimellom. Eit som vanleg folkerikt publikum fekk sjå ein kamp der heimelaget stort sett hadde kontroll på det unge Førde2 mannskapet, og me drog til slutt heim ein 4-2 siger. Trass i at laget ikkje har trent sidan me spelte ein heller middels kamp mot Høyang forrige helg, så virka spelarane mykje meir på tå i dag og gjennomførte ein god kamp. Veitastrond ligg no komfortabelt til på tabellen, og kan verkeleg senka skuldrane og kosa seg med fotballen no inn mot ferien.

Veitastrond hadde ein 15 mann stor tropp i dag, der me starta med følgande 11;

                          Morten
Runar - Frank Robert - Øyvind - Glenn Thomas
              Emil - Ole Petter - Åsmund
             Frode Kvåle - Richard - Kurt

Av innbyttara hadde me Espen som jobba seinvakt i Bergen i går kveld, men valgte likevel å ta turen for å sitta på benken på Leikvoll - det står det respekt av. Kenneth som kom rett før avspark, Øystein og ikkje minst Øivind som var attende på laget etter at han nyleg er vorten far for fyrste gong.

Med andre ord ein stor og god tropp tilgjengeleg i dag. Måtte det bli det samme neste helg når me skal til Poljen..

1.omgang

Veitastrond gjekk høgt ut i 1.omgang, og me klarde verkeleg å setta press på det unge laget til Førde 2 frå fyrste spark på ballen.

Etter knappe 6 minutt får me ein god sjanse når Frode tek med seg ballen ned til linja og slår inn. I feltet blir Richard litt for sein og Førde 2 får avklart til corner. Denne slår Emil innoverskrudd med høgra, og inne i boksen ragar Ole Petter høgast og han nikkar inn 1-0.

Ca 5 min etter så spelar Glenn Thomas ballen langt opp mot Richard. Han dempar og tek den med seg mot keeper og scorar enkelt til 2-0.

Ein framifrå start og me klarde å halda oppe trykket ei stund til og produserte fleire store sjansar.

Frank Robert hadde ei heading i tverrliggaren, og på returen stod spelarane i kø, men det enda med at Glenn Thomas setta ballen over mål.

Dagens comeback-kid Frode hadde òg nokre gode sjansar, men var litt uheldig i avslutningane sine, men var nære å få seg ei scoring.

Mot slutten av omgangen så fall naturleg nok Veitastrond litt nedpå, og Førde 2 overtok litt av banespelet og vann fleire duellar. Dei klarde likevel ikkje å produsera noko store sjansar, og laga gjekk til pause på 2-0.

Ein imponerande 1.omgang av Veitastrond der me klarar å pressa høgt og til tider dominera banespelet. Me er heldige som får to kjappe scoringar, og dermed kampen inn i vårt spor.

2.omgang

Førde 2 yppa seg litt i byrjinga av 2.omgang, men det tok ikkje lang tid før heimelaget fekk senka skuldrane på ny. På eit angrep så klarde ikkje Førde 2 å avklara skikkeleg, og ballen havna hjå Åsmund. Han vende bort det som var av spelarar før han lekkert skrudde ballen utagbart i hjørna til 3-0. Ein flott enkeltmannsprestasjon av Åsmund.

Etter dette så bølga spelet litt begge vegar, der begge laga hadde tillaup til gode sjansar.

Veitastrond gjorde fleire byter undervegs. Espen kom inn i mål for ein skada Morten, Øivind erstatta Glenn Thomas medan Øystein kom inn for ein sliten Frode.

Kvart av laga fekk eit gult kort, der Ole Petter var syndaren på vårt lag.

Mål vart det ikkje før klokka nærma seg 90 minutt, og då kom det til gangs.

Fyrst etter 89 minutt når Kurt trur ballen er ute, og tek den med hendene og skal kasta. Linjedommaren har ikkje markert og Førde 2 får frispark. Dette vert slått på bakerste der ein Førde 2 spelar står åleine og enkelt headar inn 3-1.

Veitastrond fekk ikkje tid til å skjelva, for laget gjekk rett i angrep. Kurt sentra til Åsmund som banka ballen i mål frå ca 16 meter og dermed 4-1.

Det kom ytterlegare eit mål til på overtid, då Frank Robert var uheldig og heada ballen i eige mål via tverren.

Sluttresultatet vart dermed 4-2 til Veitastrond.

Sluttord

Ein godt gjennomført kamp av Veitastrond, som stort sett har kontroll på kampen. Litt uvanleg at me faktisk klarar å stå høgt og pressa motstandaren så mykje som me gjorde innleiingsvis. Dette ga resultat i to kjappe scoringar, som var med på å prega heile kampen. Me burde strengt tatt å scora fleire i denne perioden, og det hadde ikkje vore mykje å sagt på om VIL hadde leia med endå nokre mål til pause.

Bakover har me god kontroll. At Førde 2 etterkvart klarar å skapa ein del sjansar og få seg nokre mål er vel kanskje naturleg nok. Sjølv om det hadde vore ekstra stas å haldt nullen når me var så nær som i dag.

Ekstra kred til Frode Kvåle som stilte opp for Veitastrond i dag, som eit slagt krisecomeback i fråværet til navnebror Kvam. Frode gjorde ein god kamp i dag til trass for at han ikkje har trent fotball på over eit halvt år. Med litt meir marginar så hadde han fått med seg eit mål i dag.

Veitastrond står no med 13 poeng etter 9 kampar. Vårsesongen har så langt vore veldig god, og me kan som sagt spela heilt utan nokon som helst press på oss resten av vårsesongen.

Me takkar det unge Førde 2 laget for kampen, og ynskjer dei lukke til vidare. Me reknar med at dei gjer oss sterkare motstand når me kjem opp til dei på hausten.

VIL-STJERNA

Ein skada Frode Kvam fekk endeleg masa seg til å gje stjerner i dag. Valet hass fall på;

óóó Åsmund Øgar
óó Frank Robert Værn
ó

Runar Hatlevoll


Kampfakta;

17.06.12; Veitastrond - Førde 2 4-2 (2-0)

VIL; Morten (Espen) - Runar, Frank Robert, Øyvind, Glenn Thomas (Øivind) - Emil, Ole Petter, Åsmund - Frode Kvåle (Øystein), Richard, Kurt.

1-0 Ole Petter (Emil)

2-0 Richard (Glenn Thomas)

3-0 Åsmund

3-1 x

4-1 Åsmund (Kurt)

4-2 sjølvmål Frank Robert...

Gule kort; Ole Petter på VIL, ein på Førde 2

Dommar; Asbjørn Kjetil Håre med assistentar (gode)

Sjå fleire bilder frå kampen HER

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com