Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Skavøypoll - Veitastrond 4-0

Veitastrond hadde diverre lite å stilla opp med mot Skavøypoll i dag. Resultatet vart til slutt 4-0 i favør heimelaget etter at Skavøypoll vann kvar omgang med 2-0. Sjeldan har Veitastrond spelt ein kamp der me har produsert så få sjansar som i dag.

Etter eit av årets lengste turar så havna me midt i Måløydagane oppe i Polljen. Dette resulterte i ein stilfull innmarsj til kampen som innehaldt veteranbil, trekkspel og eit ungt og sjarmerande jonsokbrudepar. Det var ellers veldig varm og lummert ute ved havgapet i dag, og ein fin dag for fotball som det heiter seg.

Sidan sist me var på besøk her så hadde Skavøypoll fått på plass ei stilfull sittetribune, som ganske sikkert er den flottaste i 4.divisjon.

Som me nevnte før kampen så var det som vanleg tynt i rekkene når me reiste på lang bortetur. Det vil seia at defansivt var me godt rusta, medan det var litt dårlegare framover. Dette skulle vera med å prega dagens kamp...

Veitastrond starta med følgande lag i ein 4-4-2 formasjon;

                    Morten
Rune - Kenneth - Frank Robert - Øyvind
    Runar - Emil - Åsmund - Karl Jomar
              Richard - Gaute

Kurt som slit med ein strekkskade starta på benken saman med fetter Øystein...

1.omgang

Me tek kampforløpet enkelt og greit i dag...

Skavøypoll tok leiinga 1-0 på eit frispark etter ca 15 minutt. Dei scora på frekkast mogleg vis ved å slå kjapt medan vår keeper framleis stilte opp mur og stod ved eine stolpen. Eit triks som me sjølve har utført med hell fleire gonger tidlegare.

Heimelaget var best i det meste og etter 32 minutt auka dei til 2-0 på straffe.

Veitastrond hadde knapt nok ein avslutning i heile 1.omgang. Nærmast kom me då Richard skaut frå 20 meter, og ballen trilla utanfor ved cornerflagget...

2.omgang

Den siste omgangen fortona seg som den andre der heimelaget styrte kampen.

3-0 kom etter 52 minutt. Øyvind nikka tilbake til keeper, men ein Polljenspelar snappa ballen rett før Morten og scora enkelt.

4-0 kom etter 57 minutt. Ein spelar lobba ballen over keeper og i mål.

Veitastrond måtte venta til det 89.minutt før me fekk vår fyrste sjanse. Åsmund kom åleine med keeper, men hans forsøk på ein lobb vart slått til corner. På corneren så heada Kenneth like utanfor, noko som gjer at me i dag skapte 2 kvalifiserte målsjansar.

Sluttord

I dag hadde me diverre lite å stilla opp med mot Skavøypoll. Me stod godt defansivt, men mangla dei kontringsterke spelarane på topp til å klara å skapa farleghetar framover. Dette gjorde at me i dag tapte fullt fortjent 4-0.

Me takkar Skavøypoll for kampen, og ynskjer dei velkomne til Leikvoll til hausten. Då skal me garantert bita betre ifrå oss.

VIL-STJERNA

I dag var det ein skada spelande trenar Kurt Heggestad sin delte ut stjerner. Valget hass fall på;

óóó Frank Robert Værn
óó Øyvind Lien
ó

Kenneth Mo

 

Kampfakta;

23.06.12; Skavøypoll - Veitastrond 4-0 (2-0)

VIL; Morten - Rune, Kenneth, Frank Robert, Øyvind - Runar (Kurt), Emil, Åsmund, Karl Jomar - Richard, Gaute (Øystein)

1-0 x

2-0 x str.

3-0 x

4-0 x

Gule kort; Frank Robert og Runar på VIL. Hugsakje på STIL

Dommar; Rune Haugland med assistentar (gode)

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com