Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Sogndal 2 0-10

Veitastrond vart i dag påført sitt største tap nokonsinne på våre 9 år som fotballklubb. Me tør vel òg å påstå at me aldri har møtt eit betre og meir stjernespekka lag enn det som Sogndal 2 stilte med i dag. På midtbana spelte blant anna Stephane Diarra Badji, som er landslagsspelar for Senegal og skal til OL i London om nokre veker. Veitastrond spelte ein brukbar 1.omgang, og til tross for at me var under med 0-4 etter fyrste halvdel så skapte laget fleire store sjansar som dei burde ha scora på. No tek laget ein velfortjent sommarferie etter ein velblåst vårsesong.

Regnet som var meldt møtte ikkje opp på Leikvoll i dag, og dette gjorde at det vart ein riktig så fin dag til å utføra ein aktivitet som fotball på Veitastrond.

VIL-fotball kom berre slik nokonlunde godt førebudd til denne kampen, då laget ikkje har trent sidan 6.juni. Kanskje ikkje den beste oppladinga mot Sogndal 2 som stilte med 6 spelarar i A-lagsstallen frå start.

Veitastrond stilte med følgande lag;

                    Morten
Rune - Kenneth - Øyvind - Glenn Thomas
        Runar - Ole Petter - Emil
        Frode - Richard - Kurt

Dette var siste kamp for Øyvind for Veitastrond. Samstundes var det eit aldri så lite comeback på Even, som sat på benken.

1.omgang

Veitastrond hang bra med i starten, og me hadde nokre brukbare sjansar innleiingsvis. Frode drog seg i fin posisjon rett innanfor 16-meteren, men skotet vart for laust. Rett etterpå la Kurt eit frispark inn på bakerste som Richard vart eit hallsekund for sein på.

Diverre så haldt me ikkje nullen så veldig lenge. Det er spelt omlag eit kvarter når kapteinen deira banka ballen i krysset frå spissvinkel til 0-1.

21.minutt er spelt når dei scora 0-2. Fekk ei tå på ballen rett framfor keeper.

Berre 3 minutt etterpå fekk dei straffe etter ein hands på Ole Petter. Denne vart satt sikkert i mål.

Veitastrond på si side hadde fleire store sjansar, men me klarde ikkje å omsetta desse til mål. Glenn Thomas fekk to store sjansar på corner, men diverre så gjekk begge avslutningane utanfor. Vår største sjanse i kampen fekk Richard, då han bomma på ballen frå 3 meter på omtrent ope mål. Dette var tre forsøk som går under betegnelsen 100% sjansar, og skal ein ha den minste sjanse mot eit lag som SIL2 så må slike settast.

I staden så haldt Sogndal 2 fram, og dei fekk 0-4 rett før pause.

2.omgang

Etter pause så fall intensiteten på Veitastrond, og me makta ikkje å skapa all verda framover sjølv.

Sogndal 2 gjorde til tider som dei ville, og dei scora 6 mål etter kvilen. Dei scora blant anna 2 mål på dei fyrste 4 minutta etter pausen, og dette tok piffen ut av VIL.

Noko meir enn det trur me at me let vera å nevna om 2.omgangen.

Sluttord

Ikkje så mykje å seia eigentleg. Me møter eit lag som er mykje betre enn oss, og tapar såleis klokkeklart.

Litt synd at me ikkje klarar å få oss eit mål eller to sjølve, og sjølvsagt synd at måla renn inn etter pause. 0-10 er eit stygt resultat uansett motstandar. Altså vart dette ny klubbrekord i kategorien største tap.

No tek Veitastrond ferie, og me tippar at neste samling blir 31.juli når Dale kjem på besøk til Leikvoll.

Me takkar Sogndal 2 for kampen, og ynskjer dei lukke til vidare med årets sesong. Me håpar at me får spela returkampen mot dei på sjølvaste Fosshaugane Campus.

VIL-STJERNA

I dag var det Frode Kvam som delte ut stjerner til følgande;

óóó Kenneth Mo
óó Runar Hatlevoll
ó

Øystein Heggestad


Kampfakta;

01.07.12; Veitastrond - Sogndal 2 0-10 (0-4)

VIL; Morten - Rune, Kenneth (Øivind), Øyvind, Glenn Thomas - Runar, Ole Petter, Emil - Frode Kvåle (Karl Jomar), Richard (Øystein), Kurt (Even)

0-1,2,3,4,5,6,7,8,9,10 xxxxxxxxxxx

Gule kort; Ole Petter på VIL

Dommar; Inge Seglem & co (kan vel ikkje skulda tapet på dei i dag ;)

Sjå fleire bilder frå kampen HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com