Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Kaupanger2 5-0

Årets fyrste treningskamp vart ei positiv oppleving, og ein god gjennomkøyring for VIL-fotball. Andre laget til Kaupanger vart slått overbevisande 5-0, og me synte såleis gode takter både offansivt og defansivt. Mange spelarar fekk kampkjensla i beina, og det var gledeleg å sjå at våre debutantar viste positive takter.

Veitastrond starta med følgande lag i ein 4-3-2-1 formasjon;

Sonde Dalaker (innlånt til 1.omg frå KIL2) - Gøran, Kenneth, Richard, Glenn Thomas - Ole Petter, Emil, Severin - Åsmund - Frode, Ivan.

Fyrste omgangen var godt gjennomført av VIL der me knapt slepp KIL2 til ein einaste sjanse. Me skapar ikkje all verda med sjansar sjølv, men presterer såpass at me scorar to mål. Debutant Severin viste fram fine takter og scora begge måla i 1.omgang. Diverre vart han skada etter ca 30 minutt, og måtte forlata bana.

I pausen gjorde me ein rekke byter. Olai, Kurt, Ådne, Frank (usikker på etternavn) og Øystein kom inn etterkvart. Richard stod 2.omgang i mål. Om forlating, dersom me har gløymt nokon... ;)

Veitastrond scora 3 mål i andre omgang. Fyrst så scora Frode årets fyrste, før Åsmund avslutta eit vakkert angrep til 4-0, medan Gøran avslutta scoringsballet med ei nydeleg scoring. Åleine med keeper frå skrått hald så banka han ballen i motsatt kryss.

Veitastrond vakla litt meir etter pause, og Kaupanger hadde fleire store sjansar, men VIL klarde å avverga alle desse og sørda for at grøntrøyene gjekk mållause av bana.

Dei spelarane som imponerte oss mest i dag var dagens debutantar Severing og Frank. Dei viste seg som to spelarar so vil heva nivået til laget, og det er nett slike spelarar me treng å få inn.

Årets fyrste treningskamp var ei vel gjennomført treningsøkt, og me tek med oss positive kjensler etter dagens kamp.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com