Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Sogndal 2 - Veitastrond 4-2

Til tross for tap så gjorde Veitastrond ein god kamp i dag, då Sogndal sine nest beste vann 4-2 inne i Sognahallen.

Veitastrond hadde ein 15 mann store tropp, og stilte til start med følgande 11;

                      Morten
Gisle - Øyvind - Kenneth - Glenn Thomas
            Gøran - Emil - Severin
                     Åsmund
                  Frode - Ivan

Me hadde to debutantar frå start i dag i Morten Nes og Gisle Selseng. I tillegg sat Rune Frækaland på benken.

Veitastrond stod godt i mot eit ungt og løpssterkt SIL2 den fyrste halve timen. Mot slutten av 1.omgang så svikta det litt for VIL, og SIL2 scora to mål og gjekk til pause på stillinga 2-0.

I pausen kom Rune inn for Gisle, Ådne inn for Kenneth og Ole Petter inn for Gøran.

SIL2 heldt fram å vera best i innleiinga og fekk 3-0 tidleg.

Så la VIL om til 4-5-1 med Frode og Åsmund på kvar sin kant, og Ivan åleine på topp. Dette fungerte betre og VIL tok over banespelet i ein periode. Veitastrond fekk uttelling då Frode Kvam scora 3-1 på straffe.

Samme mann satte òg inn 3-2 reduseringa. Diverre så svarte SIL2 raskt og gjekk opp til 4-2. Dettte gjorde til at lufta gjekk litt ut av VIL-ballongen, og det heile ebba ut til sluttresultat 4-2.

Utover i 2.omgang kom òg Øystein inn for Veitastrond. Veitastrond.com var ikkje i hallen sjølv i dag, så dersom det er faktafeil eller nokon spelarar er gløymte så beklagar me det.

Det meldast om ein god kamp og ei nyttig treningsøkt for VIL. Alle våre tre debutantar Morten, Gisle og Rune får skryt av høvdingen sjølv, så dette går no berre ein veg - det går bra.

Dagens dommar var Frank Heggestad. Han hadde sikkert alt under kontroll.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com